Kategoriarkiv: Ymse

Vatn i Valle

På lista til VAFA er det om lag 60 vatn som ein kan kjøpe fiskekort til eller som snart vert med i fiskekortsalet. Det opplyste Torjus Uppstad om i sendinga i kveld, der vatn var tema.

Bakgrunnen for at eg prøver å dra i gang ein slik programserie er at Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland er blitt vannregion Sør-Vest og miljøverndirektør Tom Egerhei hos fylkesmannen i Vest-Agder er leiar for arbeidet. Eg hadde eit intervju med han i radioen sist onsdag, og det gav meg inspirasjon til å prøve å lage program med denne tematikken.

Det er altså nok stoff å ta av. I dag stod det i avisa at Småkraft har fått konsesjon på å byggje ut Kveasåne, så no forsvinn eit vakkert syn på Riksveg 9, særleg når ein køyrer sørover.

Torjus meinte at det nok var investert 10 millionar i kalking av vatn i dei 20 åra VAFA hadde eksistert. Det har og bore frukt, kvaliteten i vatna er mykje betre no enn det var den gongen. Men han peika på eit problem som gjeld parasittar i Flåne. Ein meiner no at det skuldast at temperaturen er blitt høgare, og ettersom det er eit grunt basseng med liten gjennomstrøyming på grunn av regulering, vert vatnet varmare og gjev betre villkår for parasittar.

Eit anna problem vi var innom er det vi har snakka om mange gonger i ulike program: Tilgroinga i elva. Torjus fortalde, ikke i programmet, men før vi gjekk på lufta om læraren han hadde hatt, Torgrim Dåsnes, som hadde gjort han interessert i vatn alt som ung gut. Læraren har stor verknad på engasjement i mange år etter at ein elev har slutta skulen.

I programet las eg litt frå ein kronikk som stod i Dagbladet 18. april om Norsk vannmiljø skal bli enda bedre
http://www.vannportalen.no/fmt_fagomrade.asp?tgid=31134&gid=31769&amid=1387107&g31138=x&g31134

På http://www.vannportalen.no finn du mykje stoff om dette.
Har du synspunkt du vil dele med meg, er det bare å sende ein mail eller ta kontakt når du ser meg i Valle sentrum.

Eg vonar å finne folk som kan tenke seg å vere med i denne programserien og fortelje om kva vatn betyr for dei, kva dei veit om vatn i Valle og andre emne som kan vere med på å gjere dette stoffet aktuelt.

Programma denne veka (veke 17)

Tysdag 24. april
18:00 Kvarteret. Kåseri om Stille stunder på veien hjem.
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Gospelkonsert i Valle kyrkje laurdag. Sissa Ringstad fortel.
19:50 Vatn i Valle. Ein prat med Torjus Uppstad om vatn.
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer musikk av Johann Sebastian Bach i sitt program nr. 200
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. april
18:00 Kommunestyremøte

Tysdag kveld held Niklos sitt program nr. 200. Etter kvart tek det til å bli høge tal på program i Valle radio.

Programmet måtte endrast noko i høve til det opprinnelege. Dette er det som vart sendt.

EU sitt direktiv om vatn

I sendinga onsdag hadde eg ein prat med Frode Egerhei hos Fylkesmannen i Vest-Agder. Han er miljødirektør der, det må vere ei interessant stilling i vår tid. Grunnen til at eg bad han om eit intervju i Valle radio, var EU sitt direktiv om vatn, EUs vanndirektiv på bokmål.

Direktivet gjeld alle vassressursar i heile EU. Fordi Noreg har EØS-avtalen, gjeld det her og. Ein omtale av saka finn du på vannportalen.no, sjå denne lenka:
http://www.vannportalen.no

Han kunne fortelje at Noreg er delt inn i 9 regionar som følgjer vasskilja. Vi høyrer til Region Sør-Vest, som gjeld Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder. Vidare kunne han fortelje at det gjeld alle ressursane, også grunnvatnet og det gjeld nære kyststrok også. Det skal gjerast ei kartlegging, og Otra og Figgjo er dei to første nedbørsområda som skal kartleggjast. (Eg tykte jo det var litt interessant for meg personleg, sidan eg vaks opp ved Figgjo og no bur ved Otra).

Arbeidet som VAFA gjer vert etter dette endå meir aktuelt. Dei skal ha årsmøte til torsdag, Valle Motell klokka 19, ope møte klokka 21.

Intervjuet med Egerhei synte at vi er midt i eit svært aktuelt område, og Valle radio bør halde fram med å peike på saker knytt til vatnet i Otra sitt nedslagsfelt. Gode innspel frå lesarar av bloggen vert tekne imot med takk.

Tankar frå Bibelen

Dei siste dagane har eg skrive om andakt og andaktsbøker på wikipedia. Det har slått meg at dette er mykje meir utbreidd enn eg hadde trudd. I går skreiv eg om ei av desse bøkene på bloggen: Stille stunder på veien hjem av H.E. Wisløff. I dag skreiv eg om andakt og andaktsbøker:
http://no.wikipedia.org/wiki/Andakt
http://no.wikipedia.org/wiki/Andaktsbok

Då oppdaga eg at 420.000 høyrer radioandakten kvar dag. Det er ingen liten kyrkjelyd. Andaktsboka Til lys og kraft på livsveien av Aurore Tisell hadde blitt seld i 285.000 eksemplarar frå 1911 til 1969 i Sverige, Noreg, Danmark og Finland. Klanen Wisløff har seld andaktsbøker i eit opplag på over ein halv million.

Framleis kjem det ut slike bøker, dette er ikkje noko som bare høyrer til i historia. Knut Grønvik, som i mange år har arbeidd i Vårt Land med stoff rundt søndagsteksten, gav i 2004 ut ei ny andaktsbok, og Egil Sjaastad har gjeve ut andaktsbøker for unge heilt nyleg.

Også i Valle radio har vi andaktar. Håvard Viki, Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg stiller opp kvar sin onsdag og har Tankar frå Bibelen. Tysdagskveldane har vi Over ein open Bibel fra Norea Mediemisjon. Sjølv om vi ikkje har så mange lydarar som NRK, vonar eg at det er til trøyst og oppmuntring at vi har desse stundene til ettertanke og meditasjon i Valle radio.

Stille stunder på veien hjem

Dette er ei andaktsbok av H.E. Wisløff. Me fekk den i bryllaupsgåve i 1970, i dag skreiv eg om den på Wikipedia. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Stille_stunder_på_veien_hjem

Då eg hadde utvida artikkelen om H.E.Wisløff, fekk eg ei melding frå ein som hadde lese artikkelen. Han var glad for at eg hadde utvida det som han hadde starta på. Eg svara at eg lurte på å skrive om Stille stunder på veien hjem også, for boka har blitt seld i 130.000 eksemplarar. Då kom det ganske raskt ei melding tilbake. Han ba meg sjekke oppslagsordet for 20. april, og då eg hadde lese det, sa eg til han at eg trur eg må opprette artikkelen med det same. Så gjorde eg det.

Eg siterte litt frå andakten denne dagen, for bibelordet for i dag passar på wikipedia: **Den ene hjelper den andre og til sin bror sier han: Vær frimodig!**

Slik er det i radioen og. Den eine hjelper den andre. Det opplevde eg på ein spesiell måte onsdag. Då eg i totida gjekk innom kommunehuset, hadde eg ikkje særleg mykje stoff på blokka mi. Eg tenkte difor at eg ville sjå i postjournalen til kommunen om det var noko aktuelt der.

Jorunn Tveiten og dei andre på Velkomstsenteret er så hjelpsame, den eine hjelper den andre, og plutseleg så har eg idear å byggje vidare på.

Sist onsdag var rektor Astrid Knudsen i radioen og fortalde frå Hylestad skule. Ho skulle vore denne onsdagen, men det passa ikkje for henne då. Men då eg var på kommunehuset, møtte eg rådmann Arne Tronsen og spurde om han kunne kome. Eg fekk ja med ein gong, og i samtalen vår denne kvelden snakka han ein del om at kommunen har eit prinsipp om å vere open og gje rett til innsyn, også i brev som kommunen får, og at folk som skriv brev til kommunen må vere merksame på det.

Så gjekk eg i radioen og tok til å ringe til aktuelle folk som eg ville ha ein prat med i den aktuelle timen. Rektor Leif Kvinlog stiller alltid opp når han vert beden, og han kom og fortalde om Kjetil og Kjartan-showet som skulle vere onsdagskvelden og at dei to skulle ha eit program på Valle skule dagen etter. Før eg kom lenger, ringte Helge Homme og sa han gjerne ville snakke litt om basaren i påska, for no var breva med rekningar sendt ut til alle som hadde kjøpt lodd. Då hadde eg to innslag til den aktuelle timen.

Så tok eg ein telefon til Tom Egerhei, miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Vest-Agder. Han svara ja med det same til å snakke om Vannregion Sør-Vest. Endeleg fekk eg tak i fylkesskogmeisteren i Aust-Agder. Han var positiv til å fortelje om skogbruksplan for Setesdal.

Siste brikke i kabalen var spørsmål til Ørnulf Hasla om reportasjen frå brenninga av Valhall. Han svara at dei rakk ikkje å verte ferdige med den, men han kunne godt kome i studio og vere saman med meg i den timen frå 20 til 21 der vi prata om mange ting og bladde i avisa.

Når det eine hjelper den andre på wikipedia, kan vi lage ein god encyklopedi. Når den eine hjelper den andre i Valle Radio, kan vi lage ein god radio.

Takk til alle gode hjelparar.

Festen for Theis

Eg har ikkje tidlegare skrive om konserten i Bykle kyrkje sundag, den som eg sende tysdagskvelden. Eg vil jo gjerne gjere det, for den var ei stor oppleving endåtil om eg ikkje var til stades, men bare høyrde gjennom opptaket.

Takk til alle som deltok, kvar på sin måte. Mange burde vore nemnde, men eg vil trekkje fram tre kvinner og ein konfirmant som på kvar sin måte rørte meg den kvelden.

Det var Kristen Bråten Berg som framførte Vitae lux med Tonhild Kråkenes som akkompagnerte på orgel. Kirsten fortalde at video til verket hadde vorte laga i Bykle der mange barn hadde laga englar i snøen utanfor den gamle kyrkja, og så kom sangen. Det vart ei nydeleg stund.

Det andre innslaget var Rønnaug Torvik som song Langt inn på ville heii medan Tor Hoslemo spela til. -Vi må vere to, sa ho, å syngje og spele samstundes var noko dei gamle kunne. Det var betagande. Det er noko med å leve seg inn i stoffet, ikkje bare framføre det. Folketonar ligg til rette for det, dei er i slekt med negro spirituals på den måten. Noko av det som gjorde til dømes Mahalia Jackson så unik, var at ho levde seg inn i songane. Difor vart aldri ei framføring lik den andre. Slik opplevde eg det då Rønnaug song den kvelden.

Alt det andre var inspirerande å høyre på. Så mykje kvalitet ein heil lang kveld kunne inspirere og å få det på Valle radio og dermed la dei som hadde vore til stades få det i reprise og dei som ikkje hadde hatt høve til å vere til stades få eit gløtt av ei stor kulturoppleving, det er eg glad for at eg kunne få formidla gjennom programmet i radioen den kvelden.

Onsdag i mål

Eg følte at eg plundra ganske lenge før eg fekk orden på denne kvelden med dette programmet:

18:00 Helge Homme om lodd og premiar og radiobasaren og Brokke-Suleskarvegen
18:15 Leif Kvinlog om kveldens humorprogram Kjartan og Kjetil
18:30 Tom Egerhei om Vannregion Sør-Vest
18:50 Petter Utklev om Skogbruksplan for Setesdal

19:00 Arne Tronsen Valle kommune om ope innsyn i journalar
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Haralds time med gjester i studio: Ørnulf er gjest i kveld. Tema: Frå det nære til det fjerne og attende
21:00 Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike. Tema: Aktuelle ting om våren.

Brannøving på Valhall

På veg heim frå kurs i Kristiansand ringer telefonen:

-Kan vi lage eit innslag til i kveld med ein direkte rapport frå brannøvinga der dei brenn Valhall? spør Ørnulf
-Klart det, eg kan ringe til deg klokka 18.
-OK

Klokka 18:

-Er det Ørnulf?
-Eg tenkte det var du.
-Korleis går det?
-Når har dei hatt tre-fire røykdykkarøvingar her. Folk har gått inn og sløkt, øvd på røykdykking. Åsmund Åmli har vore og gjort opptak til ein musikkvideo, men han vil ikkje seie kva for ein sang som skal få denne filmen.
-Brenn det godt?
-Ja, no er huset snart overtent?
-Kor lang tid tek det før det brenn ned?
-Tre-fire timar, seier dei. Det er lafta bygg, så det brenn tyngre enn huset ditt på Nomeland som dei hadde øving på i fjor.
-Er det mange menneske der?
-Alt som kan krype og gå i Valle, verkar det som.
-Er det nokon som vil snakke i radioen?
-Eg skal prøve å finne nokon.

Og så fann han fleire folk som kom til mikrofonen og fortalde litt. Lokalradio på sitt beste. Takk til alle som var med.

Ørnulf Hasla og Helge Dahle vil prøve å få stoff klart til sendinga onsdag. Om dei ikkje klarar det til i morgon, vert det neste onsdag. Truleg stoff til opp mot ein time.

Program for veke 16

Tysdag 17. april
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Frå Farvel til Theis-konserten i Bykle kyrkje
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken
Om opptaket frå konserten i Bykle er langt, går det i staden for Postludium

Onsdag 18. april
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Haralds time med gjester
21:00 Open sending med Jorunn Lund Harstad

Telefon 379 37577

Hebban olle vogalla

I dag las eg ein artikkel på wikipedia av den norske brukaren som bur i Nederland og som var med som innringar i Open sending tidlegare i år. Ho har skrive ein artikkel med denne tittelen, det er det eldste skriftlege nederlandsk ein har hatt. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Hebban_olla_vogala

Om ein skal omsette til norsk blir det Alle fuglane har… Utgangspunktet er ein latinsk tekst, truleg skrive av ein munk (det var helst bare dei som kunne skrive) og det har blitt tolka som starten på eit kjærleiksdikt som er kjent frå latin, då tyder det: Alle fuglane har begynt å byggje reir, bare ikkje du og eg. Kva ventar vi på?

I Valle radio har vi hatt mange program om fuglar, og no har dei kome attende og er i full gang med å byggje reir. Det er ein trong i dei til å kome saman og føre slekta vidare denne våren og.

Onsdag vert det fuglar som vert tema i Open sending. Vi får lage nokre rebusar med fuglar til den sendinga og få med nokre fuglelydar og høyre om de kjenner dei att. Miljøproblema syner seg mellom anna ved at fuglar som tidlegare hadde fast tilhald ein stad, vert borte. Om det er slik i Valle, veit ikkje eg, men vi kan jo snakke om det og i sendinga.