Kategoriarkiv: Ymse

Rally Sørland

Denne helga er det Rally Sørland i Mandal. Eg veit ikkje kor mange bilar som er med i sjølve rallyet, men at det er folksomt i Mandal, er det ikkje tvil om. Til og med her ute mot Tregde er det trafikk som ein sommardag, men lyden av bilane er ikkje så stille som den pleier å vere. Det brummar og putrar opp bakken utanfor huset vårt.

I byen nytta handelsstanden kvelden i går til å gå ut med nattope og mange tilbodsvarer. Dei vona å trekke tilskodarar inn i butikkane når dei først er i Mandal. Resultatet kjem i avisa mandag. Eg tok ikkje turen ned for å sjå på rallyet, men kunne sitje heime og nyte ein datamaskin som fungerer att.

Det minner meg om songen om Påskerally på Riksveg 9 som var så populær i Valle Radio. Eg, som køyrer denne vegen kvar veke, har sjeldan opplevd rallytendensar, stort sett går trafikken fint både oppover og nedover. Her er lenka til artikkelen om riksveg 9 på Wikipedia
http://no.wikipedia.org/wiki/Riksvei_9

Då helsar eg god helg til alle som les bloggen og vonar at de får ein fin sundag.

Gode hjelparar

I dag opplevde eg noko underleg. Då eg kom til Mandal, fungerte datamaskina på det meste, men ikkje på wikipedia. Eg hadde jo gledd meg til å skrive på wikipedia i helga, så eg fortalde om situasjonen på irc-kanalen som wikipediaskribentar nyttar. I tillegg tok eg ein telefon til Helge. Og no sit to personar og prøver å finne ut kva som feiler maskina mi, ein i Oslo og ein i Sandnes.

Gode hjelparar fortener stor takk. Det gjeld i Valle radio og. Eg ser i avisa at Theis har ei rekke gode hjelparar med seg i det siste programmet han har i Valle radio. Dei fortener takk, og han fortener takk. Du kan takke ved å kome på årsmøtet tysdag kveld klokka 19 på Valle Motell.

Meir enn det vil eg ikkje seie i kveld.

Årsmøte

Så har det endeleg blitt funne tid til årsmøte. I avisa i går stod det denne annonsen:

**ÅRS**
**-MØTE**
**i Valle Radio**
Tysdag 8. mai kl. 19.00
på Valle Motell
Vanlege årsmøtesaker
Enkel servering
Styret

Eg vonar at det kjem ein del folk, for det er eit viktig møte. Vi har eit godt grunnlag når det gjeld å drive radioen, men dei organisatoriske sidene må også takast vare på. Etter at Hallvard døydde i haust, rykka nestformann Theis opp som styreleiar. No reiser han til Tveit i sommar, og dermed må vi ha ny styreleiar og ny nestleiar.

Når det gjeld aktivitet og økonomi, står radioen godt. Eg trur difor at det skal vere råd å ha god drift også i åra som ligg framom.

Sett av dagen og kom på motellet tysdag klokka 19.

Dette fører til at det neste veke ikkje vert tysdagssending. I og med at det var 1. mai sist tysdag, var det heller ikkje sending den tysdagen. Men i morgon fredag vert det sending. Då er det heile dalen og Theis har ansvaret. 9. mai har Bjørgulv T. ansvaret, og 16. mai er det Ørnulf som har onsdagssending.

Inga sending i kveld

Eg vart nokså overraska då eg i kveld skrudde på radioen klokka 18 for å høyre kva Theis hadde funne av nyhende til den aktuelle timen i Valle radio i kveld. Men der var det bare P4. Eg tok då turen ned i radioen for å finne ut om dei hadde problem med oppkopling, men eg kom til stengd dør.

Etter kvart fekk eg tale med folk som hadde fått nyss om at det skulle vere sending for heile dalen til fredag og at Theis skulle stå for den. Difor hadde han droppa sendinga i kveld. Så langt eg kan sjå er det ikkje kome melding om det på Internett, framleis er einaste informasjonen i dag det som står på Sendingar om du søkjer i oversikta her på bloggen.

Jaja, eg er av dei som saknar det når ei sending fell ut.

Det er nokre som meiner at det er for fint å ha sending i Valle radio når kveldane er lyse og varme. I kveld skulle vel då vere ein slik kveld, det var 22 grader i dag og strålande sol frå morgon til kveld. Då eg kom oppover frå Mandal i dag til morgonen, møtte eg Helge Homme i snøfresen på veg til Suleskarvegen. Han starta på brøytinga i dag, og kunne berette om at vatnet rann bort i solsteiken. Då dei var inne på fjellet for tre veker sidan for å vurdere snøen, kunne dei ikkje sjå stikker. Men no var kanten på vegen godt synleg, kunne han fortelje. I morgon vil ha brøyte vegen inn til Everdalen.

Eg er sikker på at eit innslag med han hadde vore kjærkome i kveldens sending, og truleg var det anna ein og kunne ta fatt i. Det får kome til fredag då.

Statistikk

April vart den nestbeste månaden nokonsinne når det gjeld besøk på bloggen min. Bare jolemånaden var betre. 1076 besøk på ein månad gjev eit snitt på om lag 35 kvar dag, og det er eg takksam for. Bloggen min er jo ikkje akkurat laga for å vere populær, då hadde eg truleg valt eit andre tema og anna språk. Men i høve til Valle radio var ikkje det aktuelt, eg skriv om tema som ligg opp til det vi steller med i radioen, i alle fall i dei fleste innlegga eg skriv her.

Vi har hatt langhelg i høve 1. mai, difor var det ikkje radio i kveld, sjølv om det var tysdag. Eg kom meg ikkje av garde frå Mandal så tidleg, som regel reiser eg om morgonen den første virkedagen, og det valde eg denne gongen og etter ei triveleg helg heime.

Men i morgon onsdag 2. mai er det etter lista Theis som er ansvarleg for radioen. Eg veit ikkje om det kjem avis onsdag, i så fall finn ein programmet han har sett opp der.

Då april starta, hadde eg hatt 60.000 sidevisningar på bloggen. Det vil seie at dei som var innom og las, hadde lese på mange sider. I løpet av denne månaden har de som les her, ført til at den statistikken er auka med mellom to og tre tusen sidevisningar.

I samband med at eg planlegg fleire program om vatn i Valle vil eg nemne to ulike elvar i andre land som eg nyleg har skrive om på Wikipedia. Sjå på lenkene nedanfor:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kongo_(elv)
http://no.wikipedia.org/wiki/Ångermanälven

Eg vart noko overraska då eg såg kor stor del av Afrika Kongoelva sitt nedslagsfelt er. Artikkeln er ikkje detaljert på same vis som Ångermanälven, men der er det utruleg mange elvar som renn saman før elva når havet. Brua på biletet har eg køyrt over for mange år sidan, ikkje visste eg då at eg skulle kome til å skrive noko om elva under.

Slik er det med mange ting. Ein veit ikkje kva dei kan føre til. Espen Askeladd samla på mangt og mykje, og det kom til nytte ein eller annan gong og var hjelp for han til å vinne prinsessa og kongeriket.

Ha ein fin mai-månad!

Sakkeus

Sakkeus var ein liten mann, syng vi i songen. I dag skreiv eg om han på Wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Sakkeus
Grunnen til at eg skulle skrive om han, var at eg kom over ei opplysning om at den siste av hundedagane vart kalla Zakhæus, noko eg då skreiv inn på 23. august.

Det vart ikkje nokon stor artikkel, men eg leita meg fram til eit bilete av morbærtreet og la inn i artikkelen. Eg visste ikkje korleis det såg ut, men det er etter biletet klart at det var lett for han å stikke seg vekk mellom greinene der.

Medan eg skreiv, oppdaga eg at Jeriko endå ikkje har ein artikkel på Wikipedia, så nokon må nok ta seg på tak og skrive den artikkelen. Om det vert meg eller ein annan, veit eg ikkje no.

Det er interessant korleis ein kan bruke kunnskap ein har frå ulike samanhengar og fylle ut i Wikipedia, som i kveld eller i morgon tidleg rundar 110.000 artiklar.

Eit anna perspektiv som kom til meg, det er rart korleis det kjem koplingar i tankane, var mannen som sat under eit tre, eg trur det var ein gyvelbusk, du veit dei som står gule og fine no om våren. Det står om han i Det gamle testamentet, han var trøytt og mismodig etter å ha opplevd store ting. Truleg kunne ein seie han var utbrend om ein skulle bruke moderne språk. Sjå http://bibelen.no/chapter.aspx?book=1KI&chapter=19 og les og kapittel 17 og 18.

Slik kan nok nokon og ein kvar ha det. Her var det tale om ein langvarig periode utan regn. Det kunne gjere folk meir bekymra enn vi er som lever i eit land med nok av vatn og ei bygd med det meste av sin rikdom grunna på vatn. Rart at eg ikkje har kome på å lage program om Vatn i Valle før, truleg har det vore for sjølvsagt.

Mange songar tek opp dette. Ein av dei moderne heiter **Herren skal stride for dere** det er i grunnen eit bibelvers som er sangteksten. Vi har så lett for å bekymre oss. Eit par lenker frå Taize kan også gje litt liv til det eg skriv, her er dei http://www.taize.fr/en_article483.html som har notene til Nada te turbe og http://www.taize.fr/ext/sound/mp3/Nada_Te_Turbe.mp3 som har sangen.

Vi har sut for mange ting. Erfaring seier oss at dei aller fleste tinga vi tenkjer kan gå ille, aldri vil hende. Vår himmelske far ser oss, akkurat som Menneskesonen såg Sakkeus i treet. Om vi kunne kvile i det, ville mange ting verte omskapte i vårt daglege liv.

Språk og grammatikk

I dag vil eg slå eit lite slag for grammatikken. Mange lukkar øyro når dei høyrer ordet grammatikk, men det burde vi ikkje gjere, for grammatikk er eigentleg eit språk om språket. Om vi skal kunne diskutere noko, må vi ha eit felles språk og ei felles forståing av kva det betyr. Om vi skal kunne seie noko om språket, må vi lære oss språket som beskriv språk. Ein del av det er grammatikken.

Når vi arbeider med å lære norsk språk i klasseromet, får eg mange spørsmål om kvifor vi brukar den og ikkje den formuleringa. Ikkje alt er like lett å forklare. Noko av det vanskelegaste å forklare er preposisjonsuttrykka på norsk. Dei må elevane stort sett lære, for vi brukar dei sjeldan logisk.

Lettare er det å lære rekkefølge på ledda i det norske språket. Her får elevane ganske fort inn i hovudet at verbalet skal vere nr. to i ein forteljande norsk setning og at norske spørsmål kan starte med verbal: Hugsar du det? Etter kvart lærer dei og at andre setningsledd kan stå framom verbalet. Noko anna er det å hugse det når ein skal prøve å snakke, då gløymer ein det ofte. Men etter kvart vert det ein del av språket til eleven.

Det hender ofte at ein som skal skrive norsk også syndar mot reglane. Når eg gjorde det, sette læraren min krøllstrek under teksten og skreiv dårleg språk i margen. Som regel var grunnen at eg hadde brote reglane for rekkefølge i norske setningar, læraren merka det, men hadde ikkje språk til å fortelje meg kva som var feil.

Dårleg språk er eit problem for mange som produserer tekst. Ein språkkonsulent kunne gjort seg mang ein gong før noko skal sendast. Det er ei god oppleving å sjå ein tekst vekse fram på papiret.

I desse dagar førebur mange seg til eksamen att. Eg ynskjer alle som skal ha eksamen i vår at dei må lukkast i å formulere seg godt, gjerne som det heitte i gamle dagar: Tydeleg, nydeleg og prydeleg, eit uttrykk som rådmann Arne Tronsen minna meg på nyleg.

Nye flyktningar til Valle

I dag vil eg helse nye flyktningar velkomne til Valle. Åtte personar frå Burma kom til Valle i dag etter ei lang og strevsam reise frå Thailand, der dei har budd i flyktningleir i mange år. Reisa til Noreg vart kanskje ekstra strevsam fordi det var streik på Kastrup og turen derifrå til Kjevik vart difor forlenga. Men no er dei komne. Då eg var på veg til Mandal i dag, møtte eg dei nord i Bygland.

Her er lenke til landet dei kom frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Burma

Dette landet har over 100 etniske grupper. Ei av dei er karen-folket, som også er ei av dei største minoritetsgruppene. Familien som no kjem til Valle, høyrer til denne folkegruppa.

Dei siste åra har det kome mange frå Burma også til Agder. UD kallar forresten landet Myanmar, men i vanleg daglegtale er Burma mest brukt. Myanmar er namnet som noverande militærjunta nyttar om landet, dei har også døypt om mange byar i landet.

Familien som i dag kom til Valle, skal bu i Leitet i Valle. Det vil nok ikkje gå så mange dagane før dei er synlege i bygda. Eit par av dei kan litt engelsk, elles er språket vel helst karen og thai, tenkjer eg. Vi som driv med norskopplæring, vil dermed få nye oppgåver når vi skal gje innføring til nye sambygdingar om bygda og språket og samfunnet her.

Eg vonar at dei vil kjenne seg velkomne til Valle og at dei kan finne seg til rette i bygda vår.

UDI har meir informasjon om Myanmar her: http://www.udi.no/templates/Page.aspx?id=6070
Landinfo kan også gje litt informasjon: http://www.landinfo.no/index.gan?id=725&subid=0

Gjestfri for nye tankar

I kveld var det årsmøte i Valle Fiskeadministrasjon. Eg var invitert til å kome og gjekk dit gjerne, samarbeidet mellom VAFA og meg i Valle radio har vore interessant og gjeve mange program og ein del innlegg på bloggen.

Kvelden gjekk etter vanleg låm med alle vanlege årsmøtesaker handsama og vedtekne. Til slutt denne kvelden var det framsyning av lysbilete med kommentarar frå Hugo Homme, Tom Arild Homme og Olav Holen. Bileta til Olav Holen fekk meg til å tenkje at det hadde vore flott å kunne hatt dei på Valle radio i dei programma eg hadde med han for nokre år sidan, det hadde gitt eit betre grunnlag for samtalane og truleg også betre program om lyttarane kunne sett bileta.

Dei faglege bileta til Tom Arild var interessante. Dei frammøtte fekk sjå fiskebiologen i arbeid med ulike problemstillingar, og naturgleda var så visst ikkje borte. Det var også interessant å høyre han fortelje, og Hugo sine bilete var grunnlag for refleksjon om rekreasjon og den type verdi av natur og landskap.

Det undrar ein observatør at Valle Fiskeadministrasjon så samrøystes gav uttrykk for at dei ikkje var nøgde med Valle kommune sitt engasjement på sektoren dei er opptekne av. Ein av deltakarane siterte mottoet for kommunen, slik det kom til uttrykk i ein omtale i Fædrelandsvennen for ei tid tilbake: **Eg skal vere gjestfri for nye tankar**, og meinte at om det var noko kommunen ikkje var, så var det gjestfri for nye tankar i høve til bruk av landskap og utmark i kommunen. Her har kommunen etter mi meining ein stor jobb framfor seg for å byggje bru til ein organisasjon som gjer eit stort arbeid for natur og friluftslivsressursane i kommunen.

Eg fekk høve til å halde eit innlegg på møtet, og der takka eg for samarbeidet eg har fått ha med leiar og dagleg leiar, som stiller opp når eg har ting eg undrar meg over. Samstundes minna eg om at etablering av Vannregion Sør-Vest, der Otra blir det første prosjektet som skal kartleggjast, nok vil få verknad for arbeidet også i VAFA etter kvart. Eg fortalde også om den planlagde programserien Vatn i Valle og vona å få hjelp av dei som var på møtet til å finne stoff som kunne brukast i serien.

Meir stoff om VAFA finn du her: http://www.vafa.no/

kommunestyremøte

I dag var det kommunestyremøte. Eg skulle vere teknikar og syte for at gullkorna kom på lufta. Det vart ein enkel jobb. Møtet vart sett klokka 18.00, og alt ein halv time etter var det slutt.

Då hadde dei vore gjennom det vanlege ritualet, ingen spørsmål i offentleg spørjetime. Ein førespurnad frå representantane, Bjørgulv Sverdrup Lund ville vite om noko kunne gjerast for å unngå kollisjon med kino og idrottshall, noko som neppe er lett om ein tenkjer at idrotten skal vike for kinoen. Det var tre på filmframsyning tysdagskvelden i Valle.

Så kom vi til sakene. Dei var samrøystes, alle utan ein, der Saave Nomeland markerte at han var usamd i at det skulle opprettast eit kontaktforum for Sørlandet Sykehus HF og kommunane som sjukehuset skal dekke.

Halv sju var møtet over. Eg fekk meg nokre gode vaflar og ein kopp kaffe før eg gjekk tilbake til radioen. Deretter hadde eg lokal musikkradio til klokka 21 før eg kopla ned. Radioen var med vekt på å minne folk om at det skal vere ein presentasjon av Stev for dagen på Setesdalsmuseet i morgon kveld klokka 20, altså torsdag klokka 20. Der vil ein få høyre om korleis boka vart til og truleg vert det kveding og anna gama. Så skal dei servere flôtmølje, enkelt og greitt.

Eg spelte ymse av steva frå boka, og la til med anna musikk. Halv åtte hadde eg Over ein open Bibel, så vart det andakt i kveld og, sjølv om det ikkje var ein lokal andaktshaldar.

Eg fekk spørsmål på Internett om kvifor systemet ikkje verka, men det kunne eg ikkje svare på. Så det sender eg vidare til Jørund Georg Jore.

Her finn du Valle kommune på Internett:
http://www.valle.kommune.no/

Om du går til politiske saker, skal du finne det som gjeld kommunestyremøtet i kveld. Du finn det på menyen til venstre på kommunesida.