Kategoriarkiv: Ymse

Mimring

Å tenke på gamle dagar blir ofte kalla mimiring. Av og til er det hyggeleg å mimre litt, ikkje minst om ein er saman med folk ein har opplevd noko saman med i gamle dagar.

Ei slik stund fekk vi i ettermiddag då Aud og Arne Wilhelm Haugland stakk innom. Dei likar å ta på tur når veret er lagleg, og det var det jo så visst i dag, med sol frå skyfri himmel og nesten ikkje vinddrag i lufta.

Vi hadde vore i Mandal ein tur, Reidun skulle til tannlegen og eg var sjåfør. Men det var varmt, best var det i grunnen i bilden sin aircondition-luft. Likevel var eg innom Tilbudsenteret og hanla litt, mellom anna ei flaske Pepsi Max, kald og god. Men heilt uråd å få av korken, så der vart eg lurt, heime hadde eg ei tang eg kunne bruke, men i bilen var det ikkje noko.

Det vart ei hyggeleg stund på terrassen. Mange minne frå tida i Den indre Sjømannsmisjon, der Aud var husmor på Elieser 4, Arne Wilhelm var velferdssekretær i arbeid for fiskarar ut frå ulike fiskarheimar. Sjølv var eg jo redaktør av Fiskerens Venn i den tida, det er 50 år sidan no, så det kvalifiserer til mimring. Arne Wilhelm var seinare ansvarleg for drift av butikken på Justøy bibelcamp, så tankane gjekk til tida der også.

Mange av dei vi møtte har hatt sin siste seilas og har latt ankret falle, jeg er i havn, i ly fra brenningens vover, som det heiter i Indre sjø sin faste salme. Gode minne å sjå tilbake på, nokre ikkje fullt så gode var det vel også, men dei har bleikna med tida.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

 

Orgelspeilet

I dag kom Orgelspeilet nr. 2, 2021 i postkassa. Det er eit fagtidsskrift om orgel og orgelbygging og eg har halde det i ganske mange år sjølv om eg ikkje er organist eller orgelbyggjar.

Dette nummeret hadde fleire interesante artiklar, mellom anna om Tournemire og Widors memoarer, Walcker-orgelet i Gamle Fiskum kirke, om den eksentriske orgelbyggjaren Robert Nope-Jones og orgelet hans.

Der var det også omtale av eit nytt hefte med komposisjonar av Bernard Emmelkamp, han fekk høveleg positiv omtale for dei tre verka som er med i den utgjevinga.

Av og til har eg tenkt at Orgelspeilet kunne oversikt over artiklane på Setesdalswiki, då hadde dei vore søkbare. No ligg det siste som bilde på heimesida www.orgelselskapet.no, der framsida og baksida av nr. 1, 2021 låg ute i kveld.

NRK Rogaland

I dag var eg med i lokalsendinga til NRK Rogaland. Dei ville høyre litt om Wikipedia, og eg står som pressekontakt, så dei ringte meg for ei veke sidan og ville ha meg med. Eg svarte jo ja på det.

Men i dag hadde eg gløymt alt saman, så eg la meg for ein middagskvil, sette telefonen på lydlaus og sovna. Då eg vakna var klokka 1540 og eg såg at eg hadde hatt fleire anrop, og då kom eg på heile greia.

Eg ringte tilbake og fekk gå rett på lufta. Eg trur ikkje nokon merka at det hadde vore kaos før eg kom på lufta, og snart snakka vi om kven som skriv på Wikipedia, korleis ein kan kontrollere at det som står der er rett, om vandalisme og kamp mot vandalisme.

Dei fleste som vert intervjua på radio synest at det går fort. Det gjorde eg også. Plutseleg var tida ute og eg hadde bare fått seie litt av alt eg hadde på hjarta.

Etterpå fann vi intervjuet på nettet og høyrde på det. Det var heilt greitt, og søster Solvor på Varhaug var snart på tråden for å seie at ho plutseleg hadde høyrt storebror sin på Lokalen, som dei seier i Rogaland.

Her er lenka til innslaget:

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-rogaland/DKRO02011521

Setesdal og setesdølar 2021

I går fekk eg årets utgåve av Setesdal sogelag sitt tidsskrift. Der var det mykje interessant å lese, så det blei så som så med skrivinga i dag.

Litt måtte eg jo også få med meg av NM på sykkel, men det var tungt regn og slett ikkje noko glede å sjå på korleis dei sykla forsiktig der vatnet rann i strie straumar i Vennesla både i og utanfor Otra. Det var jo eit høveleg namn på dagens vinnar, Tobias Foss vann i fossregnet.

Men eg las om Thor Lande, og der er det nok stoff til ein artikkel på Setesdalswiki, truleg er det fleire artiklar eg kan nytte som kjelder for mine meir leksikalske oppslag.

Denne gongen starta lesinga bakanfrå. Artikkelen om Thor Lande av Erik Kjebekk var interessant, og det same var Margit Løyland sin om Jon Løyland. Bjarne Nordgarden sin artikkel om Åraksbø meieri trekte fram eit tema som ikkje eg kjente til i det heile.

Kristian F. Olsen sin artikkel om faksane og Hallvard T. Bjørgum sin artikkel om rammeslåttane var tema eg hadde vore borti, men her fekk vi grundig og interessant utdjuping av tema.

Olav M. Holen sin artikkel Johans ladde og Gunnar skaut om pinsepredikantane Johannes Bakken, han som skreiv Langt inn på ville heii og Gunnar Lofthus syner saman med fleire av dei andre artiklane noko av kor djupe røter kristentru og kristenliv har i Setesdal.

Bladet har noko for den som likar å få litt grundigare stoff enn det som flyg forbi. Takk til dei som har gjort jobben med å lage bladet.

 

Milde og gode augo

I artikkelen som Erik Kjebekk skreiv i Setesdal og Setesdølar om Thor Lande, siterer han Olav Skeie som skreiv om dei milde gode augo Lande hadde. Det har også Reidun, kona mi, sjølv om det eine auget akkurat no for tida har litt problem, det skal eg ikkje skrive om no, det fortalde eg om tidlegare.

Av og til lurer eg på om det er grunnen til at naboen helst vil ha henne på besøk kvar dag. Slik var det også i dag, då Torbjørn Greipsland kom innom ein liten tur, gjekk Reidun på nabobesøk. Vi sat ei stund og løyste verdsproblem, eller i det minste snakka om artikkelen på Setesdalswiki som eg nettopp hadde lagt ut. Den fekk eg frå Torbjørn og den handla om mannen som hadde den første bilen i Mandal.

Seinare i dag delte Thor Gunnar Hansen eit bilde av det som kanskje var den femte bilen i Facebook-gruppa Du vet du er fra Mandal når

Eg tenkte eg skulle gjere han oppmerksam på Torbjørn sin artikkel på Setesdalswiki, men har ikkje kome så langt enno.

Til vanleg har vi risgrøt på laurdag, og slik vart det i dag også. Helge er framleis i Oslo, og sjølv om han hadde sagt at han skulle kome tilbake i dag, utsette han det, så etter grøten tok Reidun ein tur  til Tregde Marina og fekk melk og litt anna til helga. Ettersom eg ville ha middagslur, stakk ho innom naboen medan eg sov.

Då eg var vaken att og ho var vel heime, sette vi oss ut og hadde kveldsmaten på terrassen. Då tok eg dette bildet av kveldssola som skein med milde gode augo mot meg på terrassen.

Kan være et bilde av 1 person og utendørs

Mangt og mykje

Når Torbjørn Greipsland er på besøk, går samtalen om mangt og mykje. Han bur i Askim, men kvar sommar kjem han til sin barndoms by Mandal og buset seg på Kanten. Der har han ei campingvogn ståande heile året, og når veret er som det har vore denne sommaren, kan han nyte frukost i det fri med utsikt til Mandalswlva.

Torbjørn vaks opp på Greipsland og gjekk på gymnaset i Mandal. Sjølv om han er noko eldre enn Reidun og sokna til Holum, har dei mange felles kjende som eg ikkje kjenner, så av og til går praten langt over øyrene mine.

Men han har hatt mange stillingar innan kristelege organisasjonar, og der er eg meir på heimebane. Ein dag før han kom hit, hadde han vore på Evje og møtte Erik Kjebekk og nokre andre kjenningar.

Vi snakka mellom anna om bøker. Han har skrive 18 bøker, og boka Helt til jordens ende har eg hatt nytte av i samband med skriving om misjonærar. Torbjørn har også gitt meg fleire artiklar som er blitt publisert på Setesdalswiki. I samtalen om bøker kom han til å nemne at han hadde snakka med ein mann i nabolaget som hadde 60.000 bøker, det trudde han knapt kunne vere muleg, det er jo som eit stort bibliotek.

Då måtte eg ringe til Margunn og spørje kor mange bøker dei hadde på Bamble bibliotek og litteraturhus, der ho er leiar. Ho sjekka og fann ut at dei hadde litt over 49.000 bøker. Vi prøvde å tenke gjennom kor mange bøker eg har, men eg har aldri talt opp, så det er ikkje så lett å seie. Vi var likevel enige om at det er vanskeleg å kaste bøker. Han har gitt bort mange, også det synest eg er vanskeleg.

Slik gjekk praten utetter dagen. Sola skein og vi sette oss ut på verandaen medan Reidun laga middag. Så vart det laksefredag og ispinne til dessert, Helge meiner at når det er fisk til middag, skal vi ha dessert, og det er blitt slik hos oss etter at han har vore heime halvanna år på koronaheimekontor. I morgon kjem han tilbake etter ei lita veke i Oslo.

Praten gjekk, av og til måtte mobilen sjekkast, og så gjekk samtalen vidare.

Kan være et bilde av 1 person, sitter og innendørs

Presteboka

For nokre år sidan kom eg over boka Norges prester og andre teologiske kandidater. Den kom ut i 1974 og var den 9. presteboka. Den har vore ei gullgruve for meg når eg skulle skrive artiklar på Setesdalswiki.

På Setesdalswiki er det ikkje bare artiklar om prestar som har hatt teneste i Setesdal, men også andre som dukkar opp som røde lenker rundt om. Torbjørn Greipsland har sendt meg lister over norskamerikanske misjonsprestar, andre har skrive andaktsbøker og er med i Andaktsboklista til Per Emanuelsen.

Dermed er det stadig trong for biografisk stoff om prestar. I dag skreiv eg om Arne Paulsen, som var redaktør av For Fattig og Rik, det er eit blad som mange i Setesdal har halde. Der fann eg stoff i Vårt Land, som hadde minneord om han i dag. Men han var 83 år og var dermed også med i presteboka frå 1974.

Då vi i går var på sjukehuset og kjørte heim att, hadde eg lyst å gå ned under senteret på Brennåsen og sjå i bruktbutikken der etter bøker eg kunne ha nytte av, men vi var svoltne og tørste, så vi drog bare rett heim. Men snart vil eg nok prøve å finne ei og anna bok eg kan nytte til slik skriving.

Heller folk enn datamaskinar

Gamle menn vil heller snakke med folk enn datamaskinar. Altså droppa eg covid undersøkinga og sa til folka som skulle sjekke at eg var vaksinert, hadde ikkje vore i utlandet, ikkje vore saman med nokon osv. Og sjølv om eg ikkje svarte på spørsmåla, fekk eg kongeleg behandling av folka på sjukehuset. Det inkluderte endåtil ny maskin, såkalla bipap som gjev meg pustehjelp når eg søv. Reidun meiner eg søv betre etter at eg fekk den, det har ho merka alt.

Eg har bare vore heime i koronatida, sjølv om eg kunne hatt lyst til å ta ein tur ut og treffe folk. Rett nok kjørte eg Reidun til Arendal, den turen har eg fortalt om før, men eg trefte ikkje nokon på den turen heller, då sat eg og såg på gullregn medan ho var inne til kontroll.

No i kveld klarte vi å få lagt inn siste Setesdølen, den var tykk fordi no er det evjedagar og då var det mange annonser. Men dei skriv eg jo ikkje inn, så det var overkommeleg likevel.

 

Kan være et bilde av tekst som sier '+ Covid-19 Smittekontroll For du gảr inn ber vi deg svare pả noen sporsmal Les av QR-koden med din mobiltelefon, eller gả inn pả hjemmesiden: en:www.sshf.no/digital-creening www.sshf. Vis kvitteringen /digital-screening får kontollor ved inngangen. Svarene dine blir ikke lagret eller arkivert. SORLANDET SYKEHUS'

Gullregn

I dag var det min tur til å ha time på sjukehuset. Denne gongen skulle vi til Kristiansand, eg hadde innkalling til kontroll på lungemedisinsk poliklinikk. Det var parkeringsplass på taket, så det var kort veg til blodprøvetakinga, for den skjer i eit brakkebygg like ved parkeringshuset.

Medan eg sat og venta, kom ein valldøl inn, han slapp inn med det same og var raskt ute att. Eg var mest litt snurt då bioingeniøren bare ville ha to små kapillærrøyr med blod denne gongen. Så gjekk turen vidare gjennom dei lange gangane til eg kom til luke 7 og fekk registrere meg,

Der gjekk det til gjengjeld fort, og så var det over til Lungemedisinsk poliklinikk, heller ikkje der sat eg så lenge før eg fekk kome inn til ei vendleg og dyktig sjukepleiar som skulle ta pusteprøve og få meg til å blse alt eg kunne inn i ein maskin som laga eit diagram av prøven.

Så gjekk turen til Lungemedisinsk dagsenter, no måtte eg ha guide, for irrgangane inne på sjukehuset er ikkje så lette å finne fram i, sjølv om eg hadde vore der før, men då kome inn frå ein annan kant.

Dei vurderte at eg burde få ein ny maskin, den gamle var blitt ganske gammal no, så ho gjekk for å finne ein ny. Då nytta eg høvet til å ta bildet av gullregnen som sto i atriet mellom fløyane på sjukehuset. Rart å tenke på at både Arendal og Kristiansand har giftige tre i hagane sine.

Då ho kom tilbake med den nye maskinen, fekk eg ei kort innføring i korleis den virka. Så tilbaud ho at ho kunne kjøre meg i rullestol ut til bilen, ho hadde nok fått med meg at eg var ganske sveitt då eg kom inn.

For første gong i livet etter det eg veit, vart eg så transportert i rullestol ut nesten heilt opp på taket der bilen var parkert. For ein service!

Vel heime kunne eg så få meg litt mat, få ein forseinka middagskvil og så høyre på Valle radio. Eit gullprogram, det også.

Kan være et bilde av tre

 

Opprydding

Eg skulle vore flinkare til å kaste aviser. Setesdølen tek eg vare på, men Fævennen og Lindesnes vert kasta. Og så er det Vårt Land, der er det så mykje interessant som eg skal lese seinare at eg legg den til sides.

Men så rekk eg ikkje å lese det eg skulle, og så kjem det ei ny avis. Ein periode var eg god til å kaste, men no har eg vore svak ei stund, og då veks haugen att.

I går tok eg ein runde og tenkte at eg skulle klare å kaste nokre aviser, men i staden vart eg sitjande å lese og tenke at der var det noko som kunne bli ein artikkel på Setesdalswiki, og der var det noko anna.

Det enda opp med at eg ikkje fekk skrive anna enn bloggen, og det fekk eg ikkje i dag heller. Målet mitt er jo å skrive litt kvar dag.

I dag las eg om forfattare Andrew M. Greeley. Han var lærar og prest og forfattar og skreiv ikkje mindre enn 5000ord kvar dag. Det vart mange fagbøker og romanar av det til slutt, han levde til han var langt over 80 år.

Eg skriv ein blogg, noka bok ser det ikkje ut til å bli. Men Geir Daasvatn laga eit hefte eg fekk i dag. Den handlar om Evje og Hornnes og brukar stoff frå Setesdalswiki.

Eg får prøve å rydde litt i morgon, tur eg.

Eller kanskje onsdag…