Kategoriarkiv: Ymse

Ein spennande kveld

Onsdagskvelden vart ein spennande, men stri kveld. Tysdag kveld hadde eg lova Inga å vere teknikar, for ho fekk ingen til å overta, og Skatteetaten hadde kurs i Arendal, så ho var der. Så synte det seg at Helge Dahle var reist på rypejakt på fjellet og ikkje hadde fått med seg at han var sett opp som programansvarleg frå 118 til 21.

Då var det bare å finne Setesdølen og sjå om det var noko ein kunne ha som stoff, og så prøve å få avtale med folk om det. Takk til alle som var med i nyhetstimen, den gjekk fort. Ikkje minst takk til teknikar Knut Olav Tveiten som fortalde frå Amerika om den utruleg store landbruksmessa han og Olav Jan besøkte i Fargo. Det var morosamt å høyre på og han fortalde så levande og greitt.

Men også dei andre som var med, bidro til å gjere timen variert og interessant. Frå LHL fekk vi høyre om arbeidet for å prøve å få i gang lag i Øvre Setesdal att. I dag var bussen i Valle sentrum, og eg såg det var folk der for å måle blodtrykk.

Eg fekk og ein prat med Knut Svein Dale om møteserien om Matteus-evangeliet, der han hadde møte i går kveld. Deretter om det nye prosjektet som Johan Olsen har med møtehelg med tredreiing. Det vert ein spesiell laurdag utanfor Menighetshuset i Valle frå klokka 12, då det står eit telt med dreiebenkar i og folk kan få prøve og kan diskutere tredreiing med predikanten som skal ha møte laurdag kveld klokka 19.30 og sundag klokka 11.

Deretter var det ein hyggeleg prat med prostidiakon Per Emanuelsen som fortalde om pilgrimsturen han går frå Otras start til utløp, frå hei til hav. Han hadde møtt mange hyggelege folk på turen og hatt mange samtalar medan han gjekk.

Til slutt i denne timen var det Olav Neset, ny ordførar i Bygland som var på tråden. Høgre i Bygland stilte liste saman med Venstre, og veteranen på Neset fekk med seg 18 år gamle Olav Grunde Lauvdal i kommunestyret frå felleslista.

Resten av kvelden gjekk i grunnen fort.

Program veke 37

Denne veka vart litt spesiell i Valle Radio, med sendingar både måndag, tysdag og onsdag.

**Måndag 10. september**
20:45 Valsending. Intervju med gruppeleiarane etter valet ved Ørnulf Hasla. Reaksjonar frå valvake på Valle Motell ved Helge Dahle

**Tysdag 11. sepember**
Ansvarleg: Harald Haugland
18:00 Valresultat kommunevalet
18:20 Over ein open Bibel.
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Dameklubben. Magasinprogram frå Norea
20:30 Postludium. Felix Hell spelar på orgelet i St. Peters Church, New York
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 12. september**
Ansvarleg og teknikar: Harald Haugland
18:00 Aktuell time
a. Om LHL sitt besøk i Valle torsdag. Telefon til Anne Solfrid Malmanger
b. Knut Svein Dale på telefon om kveldens møte på Menighetshuset
c. Møtehelg med tredreiing. Telefon til Johan Olsen
d. Pilegrim frå Hovden til Hægeland. Telefon til Per Emanuelsen
e. På traktortur. Olav Jan Tveiten i USA på traktortur
f. Ny ordførar i Bygland, Olav Neset på tråden

19:00 Kommunen informerer ved Ingvar Nes
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Radiominner.
21:00 **Open sending** ved Jorunn Lund Harstad

Valget i Valle 3 Kvifor?

Dagen derpå i Valle i dag, Arbeiderpartiet og Senterpartiet slikkar såra, Kristeleg Folkeparti er nøgd og Høgre jublar i solskinet. Det spørs kor lang tid det går før dei kjenner nordavinden frå alle kantar, i dag er det nok særleg Steinar Kyrvestad og Olaf Henrik Homme som merkar den.

Etter mi meining er det fleire grunnar til at valget i Valle fekk det resultatet vi ser i dag. Svaret på det spørsmålet er sett saman av mange faktorar.

**1. Listene**
I ei lita bygd der alle kjenner alle, er det viktig å setje saman ei god liste. Pål Dale var fyrst til å presentere lista i Valle Radio, og Kristeleg Folkeparti hadde ei fornying av lista som det er sjeldan ein ser. Dei hadde fått ei rekke unge med til å stå på lista. Same kvelden presenterte Torleif B. Harstad Senterpartiet sin nominasjonskomite sitt forslag til liste. Det vart ganske sterkt endra fram til den endelege lista. Også Senterpartiet fann fleire svært unge som ikkje hadde vore med før til å stå på lista.

Arbeiderpartiet si liste hadde ikkje denne fornyinga. Yngste på lista der er fødd i 1975 (32 år), og dei har med 12 av 19 som er over 60 år. Høgre har klart å få til ei balansert liste med ein veteran, dei andre er godt vaksne, bare ein er under 28 år. Truleg betyr det og mykje at det er god spreiing mellom Rysstad og Valle og mellom kvinner og menn på denne lista.

**2. Personlege tilhøve**
Ettersom dei fleste vedtaka i kommunestyret siste perioden har vore samrøystes, har det ikkje vore lett å sjå skilnad på partia når det gjeld saker. Heller ikkje i valmateriellet har det vore lett å finne store skiljeliner. Då vert det til slutt personlege tilhøve. Valet vart etter kvart fokusert som eit ordførarval. Steinar Kyrvestad sa sjølv at han meinte at Senterpartiet sine folk ikkje hadde røysta på han. Det kunne skuldast at han hadde vore til sterk støtte for utbygginga i Brokke og ikkje i like sterk grad vore for å skaffe infrastruktur til området ved Bjørnevatn.

Slik ordninga er no må ein bruke ei anna liste om ein ikkje vil stemme på ein person på ei liste. Det kan ha ført til at folk ikkje tok Senterpartiet si liste, men fann ei liste til Høgre for å ikkje gje stemme til toppkandidaten.

Etter mi meining hadde kanskje Høgre fått fleirtal aleine om Bjørgulv Sverdrup Lund ikkje hadde gått så sterkt ut mot Steinar Kyrvestad i valkampen. Det var mange som meinte at han tapte på sitt sterke utspel i NRK-Sørlandet sitt program. Men det var før valet. Etter valet vil han nok kunne seie at det utspelet var medverkande til det gode resultatet.

**Høgrevind**
I Valle stilte ikkje Framstegspartiet liste, men i Bykle fekk dei inn ein representant. Om dei hadde stilt liste i Valle, hadde nok Høgre funne ein sterk konkurrent. No fekk Høgre heile høgrevinden i kommunen. Om Kristeleg Folkeparti får så mykje av brisen at Pål Dale vert varaordførar, vil Bjørgulv i alle fall få ein erfaren medspelar, Pål har vore i kommunestyret i 32 år og er den med lengst fartstid i så måte.

**Sykkelsti**
Det vert spanande å sjå om vi endeleg får sykkelsti mellom sentrum og skulen i Valle. I sendinga i Valle Radio gjekk Bjørgulv høgt ut og sa han ville om naudsynleg gje fri grunn til føremålet. Spørsmålet som fort kan kome til å melde seg er om kommunestyret er viljug til å ekspropriere jord for å få til ein sykkelsti.

Når det gjeld andre saker, trur eg nok at dei etter kvart finn fram til samarbeid og løysingar for å sikre næringsliv og sysselsetting i kommunen. Om dei finn nye måtar å auke folketalet i kommunen på, er nok meir usikkert.

Valget i Valle 2 Refleksjonar

Fleire har sett på valet i år i høve til gamle skiljeliner. Det er ikkje sikkert dei gjeld lenger, men det nye kommunestyret i Valle har ei samansetning når det gjeld Valle/ Rysstad og ei aldersfordeling som er slik:

Arbeidarpartiet:
Alle bur på Rysstad, gjennomsnittalder er 54 år, ei kvinne, to menn.

Kristeleg Folkeparti:
Alle bur i Valle, gjennomsnittalder er 43,3 år, tre menn.

Senterpartiet:
Fire bur i Valle, ungdomsrepresentanten bur på Rysstad, gjennomsnittalder er 44 år, to kvinner, tre menn.

Høgre:
Seks i Valle, fire på Rysstad, gjennomsnittsalder er 41,4 år, tre kvinner, sju menn.

Av dei 21 representantane er 6 kvinner og 15 menn, 8 bur på Rysstad, 12 i Valle.

Valget i Valle

Så er valget over og det vart eit resultat som sjølv ikkje Høgrefolk hadde trudd var mogleg. Resultatet syner at det var 1036 som kunne stemme og deltaking på 68,66%, og av 21 representantar i kommunestyret får Høgre 10, Senterpartiet 5, Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti 3 kvar.

Resultatet vart slik:

**Høgre**
1. Bjørgulv Sverdrup Lund
2. Olav K. Hovet
3. Sigbjørg Næss
4. Saavi Nomeland
5. Rune Mikkelsen
6. Erling Sagneskar
7. Anette Bjørgum Berg
8. Jon-Ola Rysstad
9. Annbjørg Lindland Uppstad
10. Ove Lund

**Senterpartiet**
1. Steinar Kyrvestad
2. Torleif B. Harstad
3. Ragnhild O. Nomeland
4. Liv Bratlie Løyland
5. Olav Kåre Bøe

**Arbeiderpartiet**
1. Liv Tanche Larsen
2. Olaf Henrik Homme
3. Toralv Andersen

**Kristeleg Folkeparti**
1. Pål Dale
2. Arne Bakke
3. Arild Aabø

Valle Radio i Sørlandssendinga

Siste valgstudio i Sørlandssendinga vart halde i går kveld i Valle Radio. Dei skulle vore utanfor Hasla i Valle sentrum, men det bles så mykje at dei flytta ned i radiostudioet vårt. Der var atter ein gong Ørnulf Hasla og Sigurd Haugsgjerd i elden, no saman med Signe Sollien Haugaa i Setesdal Regionråd. Med Signe og Sigurd dekka dei heile dalen, medan Ørnulf hadde ferske inntrykk etter maratonsendinga torsdagskvelden.

Det vart ein heil times sending frå Valle der dei oppsummerte nokre av emna som har vore aktuelle i valkampen i Setesdal.

Etter mi meining har vi fått mykje ut av å ha Valle Radio i aktivitet i samband med valkampen. Vi har hatt mange lydarar som har fått med seg deler av programma våre om valet i år. I tillegg til maratonsendinga torsdagskvelden, hadde eg eit lengre intervju med fylkesordførar Oddvar Skaiaa veka før, og Ørnulf let fire av kandidatane til fylkestingsvalet få tre minutt til ein appell torsdagskvelden, så vi har prøvd å dekke både kommune og fylke.

**Forhåndsstemming**
Eg har og lyst til å gje ein bukett roser i alle partifargar til Velkomstsenteret ved Jorunn Tveiten og dei andre som arbeider der. Dei har teke mot forhåndsstemmer frå 10% av dei røysteføre i Valle. Venleg og effektivt har dei hjelpt oss som ikkje kan vere heime på valdagen med å sende røystene våre til heimekommunen også. Jorunn har og vore i radioen for å informere om valet, særleg har ho lagt vekt på at ein gjerne kan kome å stemme sjølv om ein ikkje har legitimasjon. -I Valle kjenner me alle, seier ho, og å vere kjend av folk som tek mot stemmer er nok for å få stemme.

**Stemme for første gong**
Sjølv har eg hatt gleda av å syne flyktningar som skal stemme for første gong i år korleis vårt system for val til kommunestyret er. Ved kommunevalet kan ein som har budd i Noreg i tre år, stemme, og fleire av flyktningane våre har budd lenger enn det i Valle. For fyrste gong har dei fått valkort og er med i manntalet. Vårt system for demokrati er annleis enn i mange andre land, så vi har hatt nokre rundar for å avklare spørsmål dei har hatt og finne ut korleis forholdstalsval fungerer. Ettersom kommunevalet er eit val på folk ein kjenner, har vi også gått gjennom listene for å sjå kven dei kjenner, og det er ganske mange etter kvart. Det har og vore ein interessant prosess.

Då er det bare å gå til urnene i morgon og måndag i Valle og gjere borgarplikta si.

Spørsmål til politikarane 3 Industri, reising og TV

Eg vel å ta desse spørsmåla samla og sorterer dei etter kva tid dei kom inn til epostkassa vår. Dei dekker fleire aktuelle tema i Valle.

**14:56**
Ettersom Rikstv ikke prioriterer andre områder enn Valle sentrum for digitalTV, hvordan stiller partiene deg til å prioritere opp breiband via fiber i de områdene som mister TV tilbud via vanlig antenne.
mvh
Knut Haugland

**15:04**
Over til påstand om at du vil jobbe meir internt i kommunen, i staden for at ordføraren skal vere på reise det meste av tida:

Synest ikkje du vi ha mange nok navlebeskuande valldølar, om ikkje ordføraren også skulle vere nettopp det?

Helsing Hilde

**18:48**
Hei
Til Steinar Kyrvestad
Har du gjort noko for å behalde/utvikle industri-arbeidsplassar i Valle?
Helsing
Tor Viki

Spørsmål til politikarane 2 Kulturhus og kulturskule

**14:59**
Subject: Kulturhus
Hvordan stiller partiene seg til utbygginga av Storstoga?
mvh
Knut Haugland

**15:04**
Hei
spursmål til Bjørgulv S.Lund

Korleis kan Høyre forsvare ovenfor velgarane sine at:

Ved førre valg fekk Høyre god oppslutning P.g.a. dere sa NEI TIL KULTURHUS
Men i kommunestyret var det einstemmig vedtak for kulturhus. Kva gjer dette med troverdigheten “dikkås”.?

**21:53**
Kvifor vel kommunen å ikkje ansette rektor for kulturskulen? De seier at de vil satse på kultur med vekt på folkemusikk, og vi har dyktige musikarar med pedagogisk utdanning i bygda. Det vert uforståeleg å ikkje nytte det gode høvet til å få dyktige folk inn i viktige stillingar.

Spørsmål til politikarane 1 Sykkelsti

I samband med sendinga torsdagskvelden om valet 2007, kom det ein del spørsmål på sms og epost til Valle Radio. Her er nokre av dei:

**Gang- og sykkelveg**
**14:45**

Trafikktryggleiken står prioritert på valprogramma til alle partia.

Når kan me vente å få gang/sykkelveg frå Valle sentrum til skulen/ barnehagen? Mange med meg, ynskjer dette. Pr. i dag er det farleg å “styre” ein unge åleine på denne vegen.

Då dei ungane som er i 10.klasse no gjekk i 1. klasse, var dette ein debatt. No er det gått 10 år, og ingen ting er skjedd. Må det skje ei ulykke, før det skjer noko?

Gudrun Sagneskar

**16:59**
Spørsmål til Senterpartiet:

Kvifor har dykk tatt med på programmet no at dykk vil prioritere sykkelveg sentrum – skulen når dykk har jobba imot den i åtte år. Kvar gong spørsmålet har kome har dykk svara at området rundt skulen er i planlegging og at det ligg inne. Men veien fra skulen til sentrum blir ikkje endra og det har jo ikkje vore noko i veien for at den kunna ha vore bygd før.

Helsing småbarnsmor

**18:03**
Til Bjørgulv Sv Lund.
Ang. gang og sykkelveg – til badeplassen på Honnevje.

Vil du prioritere arbeid med å få denne vegen ferdig våren 2008. Bed deg om at dette vert gjort før det skjer ei alvorleg trafikkulukke her – mange små born syklar her om sumaren.

Mvh Bjørg Brokka Rike

**22:11**
For sent for dette spørsmålet?

Hva med gang og syklelsti for den farligste strekningen vi har…: Sandnes-Kveste-Valle?

hilsen undrende

Valgsending i Valle Radio

Det vart ein stor kveld i Valle Radio i kveld på mange måtar. Profesjonelt opplegg i kommunestyresalen der 8 mikrofonar var rigga slik at alle partia kunne ha to representantar i panelet:

*Høgre: Bjørgulv Sverdrup Lund og Sigbjørg Næss
*Senterpartiet: Steinar Kyrvestad og Torleif B. Harstad
*Kristeleg Folkeparti: Pål Dale og Arne Bakke
*Arbeidarpartiet: Olaf Henrik Homme og Liv Tanche-Larsen

Debatten starta klokka 18 og helt på fram til klokka 23, fem timar med tema om aktuelle spørsmål i Valle, leia av Ørnulf Hasla og Sigurd Haugsgjerd. Talarstol for publikum slik at dei kunne stille spørsmål. Nokre nytta seg av høvet: Edvin Brottveit, Sissel Åkre, Saavi Nomeland. Knut Haugland hadde eit spørsmål om breidband i høve til TV ettersom ein snart ikkje lenger får inn signal i store delar av bygda. Publikum møtte opp i stort tal, over 30 på det meste, 15 heldt ut heilt til slutt.

Då hadde dei vore innom svært mange emne, ikkje minst næringspolitikk fekk stor plass i programmet, truleg størst plass.

Helge Dahle var utereportar, men han fekk ikkje ordet før etter klokka halv ni. Då hadde han funne Torleif Jore, som hadde spørsmål om Grøn rehabilitering. Sidan kom det og spørsmål frå Anne Lise og Torleiv Harstad, som lurte på om det ville kome leilighetsbygg i Valle. Høgre lova at det skulle kome slikt bygg i Valle om dei fekk viljen sin, dei såg at folk kunne trengje bustader der dei ikkje hadde hage å ta seg av.
Pause, var det det?

Verdas beste vaflar var det Tobby og Jorunn som stod for, etter annonsen i avisa i alle fall. Pause for å ta dei i 10 minutt (utvida til 20) klokka 20, så var debatten i gang att.

Ingen telefonar til telefonvaktene, nokre sms-ar og e-postar til den epostadressa som var oppretta for høvet. Det meste vart teke hand om i løpet av programmet.

I løpet av sendinga var det også høve for 1.-kandidatane for nokre av partia til fylkestingsvalet å halde ein tre minuttars appell, her var Oddvar Skaiaa, KrF, Laila Øygarden, Ap og Svein Harberg, H, med på telefon, medan Tarald Myrum, Sp, var i salen og kunne bruke talarstolen.

Til slutt fekk kvart parti 3 minutt til oppsummering. Den kjem eg attende til.