Kategoriarkiv: Ymse

Debutant bak mikrofonen

Olav Jan Tveiten debuterte i studio i Valle Radio onsdagskvelden. Det var fyrste gongen han var med i Open Sending. Rett nok har han vore med på telefonen, men denne gongen laga eg rebusar frå geografien i Midt-Vesten, der han og sonen Knut Olav var eit par veker tidlegare i haust.

Olav Jan hadde gjort noko som eg sjeldan tek meg tid til når eg er på tur: Han hadde skrive notatar frå kvar dag heile turen. Difor hadde han med seg god hjelp til programmet, ikkje bare frå eigne notatar, men og frå oversikta frå reiseselskapet han var med i. Med så mykje godt stoff var det ikkje vanskeleg å få eit innhaldsrik program. Gode innringarar farga og programmet, mellom anna fortalde Birgit Rike Lund om då ho for snart 25 år sidan var med 20 setesdølar over dammen for å markere Setesdalslaget sitt 75 års jubileum for 24 år sidan. Det minna oss om at no er det snart hundreårsjubileum.

Olav Jan gjorde det godt i radioen. Han fortalde levande frå turen og ein kunne lett få inntrykk av at alt er stort over there. Guiden på bussen dei reiste med fortalde om ein kalkunfarm som hadde ein million kalkunar og ein annan farm med fire tusen mjølkekyr. Og når han fortalde om traktorar og reidskap, kunne ein ikkje anna enn verte imponert: Ei harv som var 22 meter brei, til dømes. Den hadde Knut Olav fått prøve å kjøre med.

Varmt hadde det også vore der borte i september. Med over 35 grader hadde det helst vore farleg å vere ute i sola. Men gode bussar med aircondition hadde gjort det mogleg å reise rundt utan å lide særleg naud.

Takk for innsatsen, velkommen tilbake ein annan gong, Olav Jan.

Skulle det vere ein annan som har lyst til å bli med på Open Sending i Valle Radio, er det bare å ta kontakt. Du kan maile meg på harhaugl@gmail.com eller ringe meg på 9763 1408.

Kantina på Valle skule

I går var eg i kantina på Valle skule. Det var ei positiv oppleving. Vi kom ned i Matstoga under Storstoga midt i matpausen til elevane. Det var mange bord, folk sat og åt og hadde det triveleg. På bord midt i salen stod brød, smør, kvit og brun ost, skinkepålegg, majones, syltetøy, tomat og agurk og frukt. I luka inn til kjøkenet var det vatn og melk. Ikkje problem å stille hungeren der, nei.

Om kvelden kom rektor Leif Kvinlog i Valle radio og fortalde om prosjektet, som varer ut 2007 om politikarane ikkje forlenger det inn i budsjettet for 2008. Hans inntrykk er at det har fungert godt, dei fleste borna er med på det. Sjølv trur han at mange synest det er godt å sleppe å smørje mat til mange born om morgonen og minnest tida då han hadde fire born som skulle ha matpakkar med seg på skulen. Ein annan effekt er at det er mindre søppel i klasseroma no, sa Leif.

-Tilbodet er å få mat til sjølvkost, løn til den som steller maten, tek kommunen, sa han og meinte at ein trong eit par hundre tusen kroner på budsjettet for å halde fram med tiltaket.

Birgit Anette Helle, som ordnar maten, fortalde at det er små problem med tiltaket. Det er lite å rydde, det verkar som om elevane trivst med å ha ein pause og få seg mat.

Så spørs det kva politikarane seier når budsjettet skal saumast.

Her er lenker til relatert stoff:
http://www.budstikka.no/sec_nyheter/article143125.ece
http://www.rb.no/meninger/kommentarer/article3043461.ece
http://www.skolematensvenner.no/page?id=1141&key=46346

Onsdagsprogrammet i veke 41

**Onsdag 10. oktober 2007**

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time
Fyrste halvtimen: Gjest Leif Kvinlog
Kulturveka, arrangement som har vore
Kulturveka, arrangement som kjem
Kantina på Valle skule
Andre halvtimen: Gjest Torleiv Jore
Sauesjådagen, oppsummering og erfaring
Telefon til Frode Verpe: Verdensdagen for psykisk helse
Telefon til Ragnar Aas: Jolemessa på Rysstad

19:00 Kommunen informerer. Arne Tronsen om møte med nye politikarar og folk som vender seg til kommunen.

19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Kjærleiksdikt og songar ved Harald Haugland
20:30 Torleif B. Harstad les frå Tarald Nomeland si minneoppgåve
21:00 Open sending ved Harald Haugland og Olav Jan Tveiten. Rebusar om stader i USA som Olav Jan og Knut Olav vitja på ein tur dit.

Verdensdagen for psykisk helse

Dette var tema i ein samtale eg hadde med Frode Verpe i den aktuelle timen onsdagskvelden 10. oktober 2007. Grunnen til det var at 10. oktober er markeringsdag på verdsbasis for dette. Frode og Jorunn Bø Andersen arbeider med dette i Valle kommune, og Frode stilte opp på telefonen for å fortelje om saka. Tema for denne dagen, som har vore arrangert sidan 1992, var i 2007 **Ungdom og psykisk helse**.

Dette temaet hadde ein teke tak i på Valle skule i dag og lagt opp til å arbeide med det ein stor del av dagen på ungdomstrinnet. Frode fortalde at ein ofte knytta psykiske lidingar til dette temaet, men det kan vere nyttig å sjå på det med positivt føreteikn også.

Diverre hadde ikkje Frode høve til å kome i radioen, så det vart ein kort prat på telefonen. Temaet kan vi ta opp seinare om det høver slik.

Her er nokre lenker:
http://no.wikipedia.org/wiki/Verdensdagen_for_psykisk_helse
Denne lenka har og lenke til heimesida til verdensdagen.
http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=12733&skjema=2&fm=4
Her finn du oversikt over aktuelle tema innanfor emnet Psykiske lidingar

Janne Haaland Matlary

Janne Haaland Matlary var gjest i Møteplassen, programmet frå Norea Radio som vi sendte tysdag 9. oktober 2007 klokka 19:05. Du finn informasjon om henne her: http://no.wikipedia.org/wiki/Janne_Haaland_Matlary

**-Korleis er det å vere kvinne i eit mannsdominert miljø? Du må jo til Vatikanet for å gjere jobben som rådgjevar for Det pavelege råd for rettferd og fred og Det pavelege råd for familien?**
http://no.wikipedia.org/wiki/Det_pavelige_r%C3%A5d_for_rettferdighet_og_fred
http://no.wikipedia.org/wiki/Det_pavelige_r%C3%A5d_for_familien

-Det er ikke så veldig uvanlig for meg, for jeg jobber ellers med sikkerhetspolitikk, og før det jobbet jeg mye med olje- og energipolitikk, så alt det jeg har av yrkeserfaring, har vært i mannsmiljø. Jeg setter også stor pris på hjernekraften, spesielt i Vatikanet, for disse prelatene er ofte folk med veldig høy utdannelse. De er veldig rasjonelle og logiske og man tar ordet når man har noe man skulle ha sagt, og hvis man ikke kan noe, så holder man munn. Dette har ikke noe å gjøre med kjønn. Det er for øvrig ganske mange kvinnelige eksperter, og jeg er med i dette rådet, ikke fordi jeg er kvinne, men fordi jeg kan noe om internasjonal politikk. Det er vitenskapelige kriterier mer enn noe annet som gjelder i disse sammenhenger.

**-Du blir gjerne sett på som ei sterk kvinne. Har dette noe med din bakgrunn og oppvekst å gjere?**

-Det vet jeg ikke. Jeg er enebarn og jeg var en guttejente, jeg var aldri interessert i jenteting. Jeg var interessert i å være ute og klatre og være på sjøen og slike ting. Det har jo noe med personlighet å gjøre, men hvis man har interesser av ting som er utradisjonelle, som jeg absolutt har hatt og har: Det er få kvinner som er opptatt av sikkerhetspolitikk og utenrikspolitikk, da er man veldig avhengig av seg selv og egen oppdrift for å komme noen vei, det er ikke noe naturlig miljø hvor man bare ledes inn i.

-Jeg har alltid hatt veldig sterk vilje, satt meg mål og hatt sterk vilje for å gjøre det som de målene innebærer. Det er vel en styrke.

**-Du vaks opp i eit miljø der mannen gjerne var på sjøen og der kvinnene måtte være sterke?**

-Når jeg sammenligner, ser jeg at norske kvinner generelt er sterke. Det er noe med at kystkvinner har en veldig uavhengighet og styrke i Norge. Og det finner man også en del i Spania og Portugal som har en slik tradisjon. De forskjellene ser man at de er reelle når man sammenligner med andre land.

**-Du vaks opp i ein by med bedehus, men utan at du opplevde det så veldig interessant og tiltrekkjande. I staden gjekk du til ein slektning og spurde etter bevis for Gud?**

-Ja, jeg var alltid i opposisjon til bedehusmiljøet, det var sikkert veldig mye ungdomsopprør. Jeg var aldri med i de miljøene mer enn ganske perifert. Jeg var, som mine foreldre, aktivt med i Mandal Turnforening, som omtrent var den eneste ikke-kristne forening i byen. Jeg ser jo i ettertid at jeg var ganske intolerant overfor mange, men jeg syntes det var veldig mye trangsynthet i de miljøene.

**-I staden hadde du stor interesse for europeisk kultur og den europeiske arven. Kor skreiv den begeistringa seg frå?**

-Den kom gjennom skolen og flinke lærere og sikkert naturlige interesser for historie. Hvis jeg skulle si noe som er typisk i dag, som jeg beklager, så er det at folk kan ingenting historie, de er ikke interessert i historie, særlig den unge generasjon. Jo mer man går tilbake i historien, jo mer ser man at det meste har vært tenkt ut for ganske lang tid siden. Det er en kontinuitet der som gir identitet og forteller oss hvem vi er, så jeg har alltid vært interessert i å reise nedover på kontinentet og besøke historiske steder. Jeg var ikke interessert i kristendom, men jeg var interessert i romersk historie, for eksempel, da jeg besøkte Roma første gangen.

Dette var dei fem første minutta av programmet. Les om Møteplassen hos http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=3711

Motorferdsle i utmark

I avisa Setesdølen fredag 5. oktober var det eit oppslag om at Valle mållag refsar Valle kommune for språket i uttalen til Ny lov om motorferdsle i utmark. Mange veit ikkje at dei kan gå inn på sidene til Valle kommune og finne informasjon om uttalen der. På nyhetssidene ligg uttalen som formannskapet vedtok midt i september, og den er nesten lik det som kommunestyret vedtok sist i september, det er bare hengt på litt til etter forslag frå ordføraren.

Eg gjekk inn og klipte det ut frå kommunen si side, slik at du som les bloggen skal få høve til gjere deg opp di eiga meining. Er dette dårleg nynorsk?

**Nytt regelverk for motorferdsle i utmark – høyringsuttale**
Forslag til nytt regelverk for motorferdsle i utmark vart handsama i formannskapet 12.9. Forslaget vart samrøystes vedteke, og kommunestyret handsamar saka i neste kommunestyremøte. Les høyringsuttalen nedanfor
Snøscooter

1. Bakgrunn for høringsuttala:

Valle kommune har 1333 innbyggarar og om lag like mange kvadratkilometer utmark. Av dette framgjeng at utmarka, og utnytting av denne, har hatt og har stor betyding for busetnad og innbyggarar i Valle Kommune. Dette høve seg som del av primærnæring, utøving av jakt og fiske, ressurs for reiselivsnæringa etc. Utmarka og bruk av denne er på slik måte ein av dei viktige pilarane for eksisterande busetnad og for det kontinuerlige arbeidet med å auke tilflyttinga til kommunen.

I seinare tid har kommunen vidare gjort ei strategisk satsing på å nytte utbygging av fritidsbustader som eit av satsingsområda innanfor næringsutvikling, og det byggast i dag om lag 100 nye einingar i året. Det er ei målsetting at dette talet skal aukast, og innaføre strategiske arealplanar (juridisk bindande og ikkje juridisk bindande planar) er det lagt opp til ei ekstensiv utbygging med eit potensiale for 4 – 5 000 einingar. Langt dei fleste av desse ligg med direkte kontakt med veg, men ein del har ikkje bilveg og ein andel av desse igjen ligg meir enn 2,5 km frå brøyta veg. I tillegg ligg eit forholdsvis stort tal av eksisterande fritidsbustader med lik eller større avstand som det overnemnde.

I ljos av det overnemnde er det heilt klart at Valle Kommune sine interesser for bruk og vern av naturverdiane i utmarka, omfattar svært krevjande interesseavklåringar og krevjande faglege vurderingar. Ein ser i slik samanheng viktigheit av gode og tydelege styringsverktøy gjennom eit sterkt lovverk og nasjonale interessedefinisjonar. Likeeins er det viktig at forvaltning og avgjerslemynde leggast til eit lokalt plan.

Motorferdsle i Valle kommune handlar i stor grad om bruk av snøskuter. I tillegg har det i seinare tid blitt meir aktuelt å sjå på tilhøva rundt bruk av firehjuling. Utanom i samband med skogsdrift, er anna motorisert ferdsle nesten fråverande.

Bruk av motoriserte framkomstmiddel i Valle kommune har slik ein ser det fire aspekt, beroande på brukergrupper og areala som blir nytta.

1. Lokale brukarinteresser.

2. Transport til eksisterande og nye fritidsbustader i felt.

3. Reiseliv og næringsføremål.

4. Ferdsel i verna område.

Utdyping av desse fire punkta samt drøfting av forvaltningsnivå og forvaltningsprinsipp, dannar grunnlag for denne høringsuttala.

2. Utdyping av tema:

2.1 Forvaltningsprinsipp og nivå.

Langt den største delen av Valle Kommune består av utmark og nytt regelverk vil då gjørast gjeldande for store delar av dei areala innbyggarar og tilreisande i Valle disponerer. Dette forsterkast ytterlegare dersom ein oppfattar snødekt innmark som utmark. Regulering av motorferdsle må av dette sjåast som ein del av den heilskapelege arealforvaltninga i kommunen, på lik line med anna arealbruk. Kommunens reiskap i slik samanheng kan være overordna arealplanar, og ulike temaplanar som vedtakast av kommunestyret. Etter slik metode vil ein kunne fange opp verdiar og ulemper, sett i ljos av og opp mot all anna arealbruk i kommunen. Slik vil ein kunne gjere ei god og heilskapeleg vurdering av krevjande interesseaveiningar og eventuelle faglege konfliktar.

Valle kommune understrekar vidare at avgjersler etter lova må forankrast nær brukarane. Dette for å underbygge det lokale sjølvstyret, og for å oppnå forståing og dempe potensiale for konflikt med innbyggarane i dei einskilde kommunane.

Slik tanke ligg til grunn for dei forvaltningsmessig prinsippa ein utøver ved arealforvaltning etter Plan- og bygningslova (Plb). Valle kommune meiner regelverk for motorferdsle bør leggast opp etter dei same prinsippa, der forutsigbar planlegging, konsekvensutredningar og medverkad frå lokale interesser og overordna organ står sterkt. På lik linje med planprosess i Plb bør overordna mynde kunne gripe inn (med motsegn) i dei tilfelle nasjonale eller regionale interesser er skadelidande. Dette kan t.d. omhandle omsyn til nasjonalt viktig viltbestandar, sårbar/sjeldan flora og nasjonalt viktige landskapsrom/lansdskapsområde. Ei slik vurdering må da knyttast til konsekvensane av spesifiserte tiltak vurdert mot definerte naturverdiar. Til dømes vil barmarkskjøring då kunne vurderast med anna utfall enn kjøring på snødekt mark.

Ved ei lokal vurdering vil det være lettare å vurdere konsekvensar (positive og negative) for ulike interesser, som t.d. ulike former for satsing på turisme og reiseliv. Motorferdsle kan i så høve verke veldig forstyrrande for ein del av næringa, samstundes som det kan være ein viktig del av andre greiner av slik næring. Til saman må dette foreinast i løysingar som er til gode for utvikling av bygda Valle, og som tek omsyn til dei naturverdiane kommunen skal forvalte.

Valle kommune vil presisere at heilskapeleg og lokalt forankra forvaltning er særs viktig i kommunar med sterke brukarinteresser.

2.2. Lokale brukarinteresser.

– Innbyggarane i Valle sin bruk av motorisert framkomstmiddel (i hovudsak snøskuter) på eigen eigedom, ved transport til eigne driftsbygningar og fritidsbustader og som verdifult rekreasjonselement.

Brorparten av innbyggarane i Valle er grunneigarar med større eller mindre eigedommar på heia. Desse har ein sterkt forankra bruk av utmarka, med grunnlag i tidlegare tiders driftsformer og utnytting av ressursane. Dette er etter Valle Kommune si oppfatning utøving av lokalt friluftsliv, som ved rett gjennomføring ikkje treng å skape konflikter med andre brukarinteresser eller konflikt med verdifullt dyreliv og naturressursar.

Valle kommune forfektar sjølvsagt ikkje at også slik køyring må underleggast omhyggeleg vurdering før løyve, men slik vurdering kan med fordel gjerast, som understreka tidlegare i uttala, i samanheng med løypeplanar og som del av ein heilskapeleg planmessig arealforvaltning.

2.3 Transport til eksisterande og nye fritidsbustader i felt.

Valle kommune har fritidsbusetnad i felt med større avstand enn 2,5 km til nærmaste brøyta veg, og ein ser her i dag ein utstrakt bruk av snøskuter. Felta har i stor grad sumarvegar, og motorferdsle på barmark er derfor ikkje aktuelt å problematisere i høve til desse. Leigekjøring med skuter, slik DN skisserar, kan i noko omfang være høveleg ved transport til desse felta. Ein ser likevel vanskar med å gjennomføre slik ordning, grunna dei store sesongmessige variasjonane. Ein ser det som lite sannsynleg at leigekjørar kan klare å dekke behova i periodane med stor belastning, typisk då vinterferiane og påska, og samstundes ha næringsgrunnlag for resterande deler av sesongen. I så fall må det innførast andre økonomiske incentiv for å bygge opp under næringa.

Valle kommune er klar over utfordringane som ligg i at mange hytteigarar disponerer eigen snøskuter, og potensialet som då oppstår for ulovleg kjøring. Ein er likevel av den oppfatning av at ulovleg kjøring med snøskuter må motverkast med andre tiltak.

2.4 Reiseliv og næringsføremål

Regelverket må differensierast slik at ein kan finne løysingar for naturbasert reiseliv og nye næringsvegar som supplement til tradisjonelt jordbruk. Sjølvsagt med same grundige vurderingsgrad som nemnd sist i pkt. 2.2 og tidlegare i uttala.

2.5 Ferdsle i verna område.

465,5 kvadratkilometer av Valle kommune er omfatta av Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsverneområde. Valle kommune ser at det her er gjort grundige vurderingar av nasjonalt viktige område, og stillar seg bak ein restrektiv og omhyggeleg praksis for forvaltning av desse og andre verna område.

2.6 Høve til uttale frå USS

Ein syner til sist til uttale frå USS. Valle kommune stør denne uttala i si heilhet, og uttala gjeve ovanfor må oppfattast som ein utdyping av USS sin utale, i høve til lokale forhold i Valle.

Norske attraksjonar sendt

Så er programmet sendt, det var rart å sitje og sjå så mange kjende folk på TV. Sigurd Brokke gjorde seg godt som skodespelar, og sanneleg kom Niklos K. Besteland og syklande då dei fiksa Helle-skiltet slik at det skulle passe med sangen om Håvard Hedde.

Og Hans Petter på Joker meinte at det var langt til kommunehuset, eg tykte han sa 200 meter til høgre og venstre i staden for hundre meter over haugen. Det var og rart å sjå dei som var på møtet om ord, dei fleste av dei har vore i Valle Radio, og her vart dei altså medverkande til Norske attraksjonar.

Duellen mellom Linda Eide og Sigurd gjekk som det måtte gå: Når ein målmedviten dialektbrukar tek fram dei spesielle orda frå kommunen vår, må ein vossing sjå seg utkonkurrert. Eg tykte i grunnen ho var tøff som hoppa i Otra den haustdagen, dukka under gjorde ho og.

Eg fekk nett dette brevet frå Britta Lise Homme:

Du har kanske alt sett det, men muleg noko for bloggen din …

Det var eit morosamt innslag.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/290571

Mykje kjent og noko ukjent i programmet. Det gjev ein god miks og gjer at me gleder oss over det som skjer. Eg trur ikkje ivelendingar tenkjer over kor mykje ein dusj kostar om ein reknar det om til Voss-pris på vatnet. Slike små innspel gjer at ein plutseleg tenkjer over kor godt ein har det i landet vårt, nok vatn til rimeleg pris.

Før Linda kom på skjermen, sat eg og lo av Løvebakken. http://no.wikipedia.org/wiki/L%C3%B8vebakken_%28TV-serie%29 Det programmet er ein norsk variant av eit utanlandsk programkonsept. **Norske attraksjonar** verkar originalt.

Takk til Britta Lise for lenka til programmet.

Orgel og meir til

I kveld vart eg sitjande å sjå på TV ganske mykje meir enn vanleg. Eg bytte mellom fleire kanalar og kom til slutt innom Gospel Channel, den islandske kanalen med kristne program. Klokka var 20:30, og plutseleg kom Diane Bish på skjermen. Ho er ein konsertorganist som har spesialisert seg på å produsere videoar med orgelmusikk. Ho spelar sjølv og har gjerne ein solist med seg på eit anna instrument eller ein songar. Ein halv time med utvalde stykke basert på kristne songar gjorde at eg vart sitjande å høyre på programmet.

**Hour of Power**
Dette programmet har eg stor sans for. Det er frå Crystal Cathedral i California, og då Diane Bish var ferdig med sitt program, dukka Hour of Power opp på skjermen. Til alt overmål med SKRUK og Per Oddvar Hildre som gjester.
http://no.wikipedia.org/wiki/SKRUK
http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Oddvar_Hildre

Dei song nydeleg, og då dei var ferdige, sa pastoren at han angra på at han hadde barbert seg i morges då han såg på det vakre skjegget til Prots.

Programma til Hour of Power er etter min smak både når det gjeld musikk og tale, så eg fekk ein fin time framfor TV. Så var det 10 minutt med nytt på NRK2 før Linda Eide dukka opp i reprise frå sist laurdag. Då feira eg mor sin 90-årsdag, så eg fekk ikkje sjå Norske attraksjonar. Då var det godt å få det i reprise, slik at eg kunne førebu meg til morgondagens program, som skal vere frå Valle, mellom anna. Eg hadde jo ein prat med Linda i radioen då ho var her og laga programmet, så det må eg få med meg, det er visst klokka 22:30, trur eg.

Alt i alt vart det ein interessant kveld framom tv-apparatet. At verdas lengste mann var av norsk avstamming, John Aasen, visste eg ikkje. Det kan ikkje ha vore lett å vere 2,73 høg. Du må lese om han på engelsk wikipedia, vi har ikkje nokon artikkel på norsk ennå.
http://en.wikipedia.org/wiki/John_Aasen

Sauesjåsending 2007

Fredag 5. oktober

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Torleif Homme frå Valle kommune og Signe Sollien Haugå frå Setesdal Regionråd
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Bjørgulvs time med gjester
21:00 Open sending med Rolf Erik Homme

Eg hadde ikkje sjølv høve til å høyre sendinga, men vonar det var ei god opptakt til Sauesjået i morgon. Årets arrangement er endra ein del, og dersom veret vert lagleg, bør det bli ein triveleg dag både rundt Valle Motell, i sentrum og på Bygdekvinnelaget sin basar.

Laurdag kveld fekk eg ein epost frå Bjørgulv om kva og kven han hadde hatt med i sendinga:
*Sauehald – med Liv Gyro Brokke og Åse Ingebjørg Homme
*Jærsmalen – telefon til Hallvard Oftedal
*Folkelarmprisen – telefon til Kirsten Bråten Berg

I timen med gjester hadde han med
*Tor Hallvard Mosdøl som fortalde om Bykle mat og
*Tarjei Haugen som snakka om prosjektstillinga for Setesdal Vesthei som er utlyst no.