Kategoriarkiv: Ymse

Onsdag 3. september 2008

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Rådmann Arne Tronsen
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Verdas største sauefjos
20:30 Bjørgulv med musikk
21:00 Opi sending: Jorunn Lund Harstad

Kunngjeringar og helsingar: Tlf 379 37 577
E-post: Post @ valleradio.com

Noko er ein god på

Noko er ein god på og noko er ein ikkje så god på. Sjølv meiner eg at eg er god på å få til ei sending på radioen, difor gleder eg meg over å få vere med og lage program av ulik type og i mange sjangrar. Eg ser fram til ein ny sesong med forventning.

Det verka som om andre medarbeidarar i Valle Radio og tenkjer slik, for då eg tok ein runde på telefonen, var det svært positive tilbakemeldingar. -No er vi i gang att, var tonen frå dei eg nådde fram til.

Grunnen til at eg måtte ta ein runde på telefonen, var vel helst det som eg ikkje er så god til: Å få legge planar i lang tid på førehand. Det opplever eg som vanskeleg. Denne gongen visste eg ikkje korleis eg skulle gripe saka, så vi hadde eit styremøte der vi snakka om hausten og korleis vi skulle legge opp for at vi skulle ha teknikarar til alle sendingane. Når det så var gjort, var det å fordele folk og sjå til at fordelinga vart jamn. Etter nokre dagar var så lista klar og kunne sendast på epost til dei som står på den lista.

Men så er det nokre som ikkje har epost. Dei må få den som papirpost, og det er eg dårleg på. Men eg vonar å få den av garde i morgon. Men å organisere namn og adressar og frimerke og å få ting i postkassen, det er eg ikkje god på. Då eg klaga nauda mi til kona, sa ho at eg skulle hatt sekretær. Det er eg enig i, men i dagens system er det få som har det. Men eg hadde trengt ein sekretær til å gjere slikt for meg. Kanskje eg hadde fått den lista ut før då?

Takk til alle som er gode på å hjelpe og få det til, sjølv om de fekk sein beskjed. Så vonar vi det beste for haustsesongen.

Tysdag 2. september 2008

Så er tysdagssendingane i gang att. Programmet for 2. september finn du her:

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Møteplassen. Norea-prat med tvillingane Kathrine og Kristine Lunde, handballspelarar og vinnarar av OL-gull.
19:00 Musikk
19:45 Aktuelt
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Musikk av Mendelssohn
21:00 Kyrkjebakken

Her er lenke til Kristine Lunde: http://no.wikipedia.org/wiki/Kristine_Lunde
og her er lenke til systera hennar: http://no.wikipedia.org/wiki/Katrine_Lunde_Haraldsen

Meir om Felix Mendelssohn finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Felix_Mendelsohn

Milesteinar

Milesteinar sette romerske soldatar opp for kvart 1000 pass. Eit pass var to skritt, så omrekna til meter vert det 1482 meter. Vårt ord mil kjem på ein måte frå dette ordet slik det var på latin: Mille pass = tusen pass. Den koplinga hadde eg ikkje gjort før, og eg har meir enn ein gong undra meg på det lengdemålet, kor det kjem frå og så vidare.

Men det er ei anna sak. Milesteinar kan vere så mangt. På vegane er det ei markering av 10 km, men elles i livet kan det vere større mål som vert ståande som milesteinar:

Eg følte litt av det då eg hadde laga lista for hausten 2008 for Valle Radio. 13 veker med program fordelte på svært mange medarbeidarar var på plass.

Den som vil gå ned i vekt, kan oppleve det som milestein å sjå vekta stoppe på minus fem kilo etter nokre veker med speking av kjøtet.

Å fullføre Norsk språktest kan vere ein slik milestein. Lærebøkene set opp små mål, kapittel for kapittel syner korleis kunnskapen aukar.

Når ein ser tilbake på livet, ser ein og slike milesteinar. Det kan vere når ein starta i ein jobb eller når ein slutta i han. Mange opplever det som milesteinar når ein gifter seg eller når born kjem til verda. Å flytte inn i nytt hus, kan og vere ein milestein i livet.

Eg trur det er lurt å setje ned slike steinar, å markere for seg sjølv og andre at eit mål er nådd. Det hjelper ein til å finne haldepunkt på vegen gjennom livet.

Eg veit ikkje kva du har sett som milestein etter sommaren 2008. Send meg ein epost om du vil dele det med meg. harhaugl at gmail dot com er epostadressa mi når eg seier henne. Du finn sikkert ut korleis det skal skrivast.

Wikipedia har artiklar på mange språk om milesteinar. Dei har bilete og. Gå hit og sjå om du finn noko interessant: http://no.wikipedia.org/wiki/Milestein

Hausten 2008

I dag sende eg ut liste for hausten 2008:

Her fylgjer oppsettet for hausten 2008. Eg vonar at det høver for dykk. For å få det til å gå opp, slik at ingen teknikar har meir enn ei sending i månaden, har eg sett opp Torleif Soltun to gonger i haust. Eg vonar det vil passe. Eg har sett opp telefonvakt med to dei fleste stadene, og vonar at de finn ein å vere saman med der eg bare har sett opp ein.

Det har vore ein vanskeleg jobb å få det til å fungere denne gongen, men eg vonar vi kan halde aktiviteten oppe.

Eg får diverre ikkje lime inn tabellen på bloggen i kveld. Men etter lista skal vi altså starte onsdag 3. september. Desse er sette opp til å ta ansvar denne kvelden:

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Open sending: Jorunn Lund Harstad
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor

Denne kvelden er det rådmannen som kjem frå Valle kommune til programmet klokka 19:00.

Resten av programmet må vente til eg finn ein PC som kan lime tabellen inn på bloggen.

Planlegging

Livet mitt er best når det ikkje involverer langtidsplanlegging. Å halde mønsteret frå veke til veke etter same lesten, det likar eg best. Difor var det godt å kome i gang att på skulen, det er eit opplegg som har sin jamne gang veke ut og veke inn.

Men så var det Valle Radio, då. Det å ta på seg vervet som leiar av Valle Radio, det er å seie ja til å legge planen for sendingane eit semester. For ein som knappast likar å planlegge for seg sjølv er gleda over å planleggje for andre så visst ikkje noko å skrive heim om. Når eg no skriv om det til dykk som les bloggen, skjønar de kanskje at eg ikkje skriv av glede, men eg skriv no likevel.

Som eg har skrive på bloggen før, slit vi med å ha nok teknikarar. Men eg trur vi skal få det til å gå når både eg og Jørund Georg og Torleif Soltun tek slike oppgåver i tillegg til Inga og Torhild og Knut Olav.

Men så var det programleiarar, dei har og eit anna liv, og då eg no i veka begynte å setje opp ei liste, synte det seg at sjølv om vi er fleire der, var det omsyn å ta som eg ikkje hadde tenkt på utan vidare. Andre har lagt planar for mitt liv, eg må på møter og det må andre programleiarar og. Så eg vonar de har medkjensle med meg, her eg sit og prøver å få det til å gå opp med folk til å ha ansvar for dei elleve onsdagssendingane og to fredagssendingane vi skal frå 3. september.

Til slutt er det telefonvaktene. Planen er at det skal vere to personar til å ta telefonane i Open sending kvar gong.

Lista vonar eg å ha klar i morgon.

Valle Bygdeheim

Det vart Valle Bygdeheim som vart det nye namnet på Valle Alders- og Sjukeheim. I debatten kom det opp framlegg om å kalle staden for Valle Omsorgsenter, og framlegget frå rådmannen om å bruke Valle Sjukeheim, vart også teke opp att. Ved avstemminga var det plutseleg tre forslag, og ordføraren var ikkje sikker på korleis han skulle organisere den. Då kom Pål Dale med løysinga:

-Først stemmer vi over framlegget frå formannskapet, sa han.
-Om det får fleirtal, treng vi ikkje stemme over dei andre, men om det fell, får vi stemme mellom dei andre framlegga.

Slik vart det, og framlegget frå formannskapet vart vedteke.

Eg var i Kristiansand i dag, og då eg kom oppover, var klokka nærare 18:00, så eg slo på radioen i bilen for å høyre på. Men det var heilt stilt på alle kanalane.

-Kanskje dei ikkje har fått kopla til Bykle, tenkte eg. Men då eg kom til Valle, tenkte eg at det var lite eg kunne gjere for å få den oppkoplinga til å fungere, så eg gjekk ikkje innom i kommunestyresalen for å sjå korleis det gjekk. I staden fann eg heimesida på Internett og prøvde å kople meg opp derifrå. Det gjekk heilt fint.

Medan eg var i bilen, fekk eg ein telefon frå ein lyttar som lurte på om det var noko galt med radioen hans. Men eg kunne roe han med at det ikkje var lyd frå Valle Radio i min heller. I kveld fekk eg ein epost med same tema.

Det syner seg altså at starten av haustsemesteret ikkje vart så god som vi hadde vona. Eg vonar at når vi kjem i gang med ordinære sendingar frå neste veke, skal det heile fungere og bed om orsaking for at det ikkje fungerte i kveld.

Sjukeheim eller Bygdeheim

I kommunestyremøtet i dag er det forslag om å endre namnet på Valle Alders- og Sjukeheim. Bakgrunnen er at det ikkje lenger er aldersheim, det er mest sjukeheim. Difor vil administrasjonen kalle bygget for Valle sjukeheim.

Men i formannskapet 20. august fekk ordføraren formannskapet med seg på at namnet burde vere Valle Bygdeheim. Så i morgon er det to forslag i kommunestyret som folk må velje mellom.

Skru på Valle Radio klokka 18, då får du vite resultatet.

Morgonstund med andakt

Det er ikkje så ofte eg køyrer til Valle om morgonen lenger, men i dag gjorde eg det. Kvart over fem var eg i bilen, då er det stille på vegen, men radioen er godt selskap. Halv seks er det Dagsnytt, men så kjem nokre stille minutt med andakt. Det var diakon Ola Smeplass som hadde den i dag, her kan du lese den: http://nrk.no/programmer/radio/andakten/1.6158342

Teksten var frå Salme 92, dei sju første versa:

Ein salme. Ein song til bruk
på sabbatsdagen.
2 Det er godt å lovsyngja Herren
og prisa ditt namn, du Høgste,
3 å forkynna di miskunn om morgonen,
din truskap om nettene,
4 til tistrengja sitar og harpe,
til tonar frå lyra.
5 Med ditt verk har du gledt meg, Herre;
eg jublar over det du har gjort.
6 Kor store dine gjerningar er,
kor djupe dine tankar, Herre!

Han snakka om evnen til å glede seg sjølv når ein ikkje har så mykje.

Men så kom salma. Det var Takk, gode Gud for alle ting. Det var salma Margunn og Stein hadde vald til bryllupet, første gong presten hadde opplevd den som bryllupssalme, heller ikkje organisten hadde hatt brurepar som hadde funne den salma til å bruke i kyrkja. Men Pieter Leebeek laga ein heil bryllupsmarsj som førespel, og eg fekk fylgje henne inn i Eidanger kyrkje til tonane av ein unik bryllupsmarsj basert på Takk gode Gud for alle ting.

Det er Eivind Skeie si gjendikting som vert nytta i Salmeboka. Men Solsangen i ei enklare form finn ein mange stader, og sanneleg var det ikkje ein artikkel i wikipedia om den. Her får du lenke, så kan du gå inn og sjå: http://no.wikipedia.org/wiki/Solsangen

Takk for i dag!

I gang att

Onsdag 27. august
Teknikar: Jørund Georg Jore

18:00 Kommunestyremøte

Med dette startar haustsesongen i Valle Radio. Her er saklista til møtet:

Nr Tittel
PS 67/08 Referatsaker
RS 61/08 Møteprotokoll frå planutvalet 19.08.08
RS 62/08 Møteprotokoll frå administrasjonsutvalet 20.08.08
RS 63/08 Møteprotokoll frå formannskapet 20.08.08
RS 64/08 Melding om oppstart av planarbeid – Fylkesdelplan for…
RS 65/08 Referat frå kontaktmøte med Statnett vedr. gjennomføring av…
RS 66/08 Årsmelding 2007 – SVR

PS 68/08 Førespurnader
PS 69/08 Drøftingssaker
DR 1/08 Økonomisk handlefridom 2010 – og økonomiplan 2009-2012
DR 2/08 Vidare framdrift og innhald i sentrumsplan Valle
DR 3/08 Etablering av rekreasjons- og beiteareal i Prestegardsskogen…

PS 70/08 Ordføraren orienterer
PS 71/08 Behov for endring av namn på Valle alders- og sjukeheim,…
PS 72/08 Rullering av personalpolitisk handlingsprogram 2008 – 2011
PS 73/08 Småbruksprosjektet som tiltak i arbeidet for å utvikle Valle…