Kategoriarkiv: Ymse

Dannelsesagent

Denne sendinga starta eg med å lese kommentarartikkelen Harald Stanghelle skreiv i Aftenposten i høve John Olav Larssens bortgang. Det var ein svært interessant artikkel. Han kallar predikanten ein kristen dannelsesagent:

I boken Kunnskapens hus portretterer Rune Slagstad – velformulert, men ikke alltid like presist – det han kaller dannelsesagenter. Både dem han liker (som Trygve Bull) og dem han misliker (som Einar Hanseid).

I dette selskapet finner man ikke John Olav Larssen. Han eksisterer nok ikke på Slagstads intellektuelle radar. Men hadde han gjort det, kunne han trolig vært utropt til en norsk dannelsesagent. For i flere tiår påvirket han i stor grad tanker og holdninger til utrolig mange mennesker. Hans betydning for en av den tids sterke motkulturelle strømninger kan ikke overvurderes.
http://www.aftenposten.no/meninger/kommentatorer/stanghelle/article2860132.ece

Eg har tenkt mykje på dette dei siste par dagane og lese artikkelen fleire gonger. Det utdraget som eg har sitert er interessant og eg er samd med Harald Stanghelle i at John Olav påverka utruleg mange menneske. Sjølv er eg ein av dei, eg fekk fire år i lag med han frå 1972 til 1976 då vi arbeidde saman i Den indre Sjømannsmisjon. I gravferda kunne ein ane noko gjennom helsingar på minnnesamværet om folk som hadde blitt påverka frå samarbeidet med John Olav, mange fleire enn Rolf Listrøm, som vart oppdaga då han song på eit møte John Olav hadde i Chicago og spurt om å gje eit halvt år til å vere med på møteseriar i Norge. Rolf bur framleis her i landet, 50 år seinare.

I minnesamveret helsa Øystein Kristensen og fortalde at han hadde fått vere med John Olav og be for sjuke. Det var nok ei side som ikkje så mange visste om, men den var der. Eg fekk eit prov på det i dag då Reidun fortalde at ho hadde fått ei historie om ein som var blitt frisk etter forbøn då John Olav hadde møteserie i Mandal, det var i 1957.

Sjølv vil eg seie at han inspirerte folk til å gå inn i rekkene og gjere ein innsats for evangeliet. Visjonane hans var slik at vi kunne gå inn i dei, og mange gjorde det i dei åra.

Program for veke 3, 2009

Tysdag 13. januar
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Møteplassen
19:00 Gaither Gospel Music
19:30 Tema: Misjon i Afrika
20:00 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 14. januar
Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefon: Gudrun Nomeland og Jorunn Lund Harstad

18:00 Aktuell time med blant annet:
Kirsten Bråten Berg om leikarringsturen.
Lisbet D. Homme om boksalg på biblioteket.
19:00 Kommunen informerer ved Velkomstsenteret
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Ronny sin time med gjester og musikk.
Om Hisdal naturreservat, blant annet.
21:00 Open sending.

Telefon 379 37577

John Olav Larssen

John Olav Larssen døde 2. januar og ble begravet fra Time kirke fredag 9. januar. Han og Norma var faddere for vår datter Margunn i 1975. Da bodde vi i Bergen, jeg jobbet som redaktør av Fiskerens Venn, ukemagasin for Den indre Sjømannsmisjon, hvor John Olav var generalsekretær. http://no.wikipedia.org/wiki/John_Olav_Larssen

Jeg og Reidun reiste i begravelsen, som var fra Time kirke klokka 10:30 denne dagen. Vi kom tidlig til kirken, som etter hvert ble ganske fullsatt. Det ble en fin stund i kirken, ledet av prost Anne Sofie Hårr, kanskje en av hennes siste tjenester som prost i Jæren prosti, hun skal gå av ved utgangen av januar.

Nils Tore Andersen, formann i Kirkerådet, hilste på vegne av Den norske kirke, Misjonsalliansen, hvor han var generalsekretær mens John Olav hadde tjeneste i organisasjonen, Indremisjonsselskapet, hvor John Olav startet som predikant og fra Den indre Sjømannsmisjon, hvor han var generalsekretær i fem år. Mye av det han sa, finner du i minneordet på Misjonsalliansen sine hjemmesider: http://www.misjonsalliansen.no/pages/ma_side.aspx?nr=3914 En reportasje som KPK gjorde fra begravelsen finnes i Vårt Land http://www.vl.no/folk/article4038713.ece

Harald Stanghelle skriver i dag en glitrende kommentar i Aftenposten http://www.aftenposten.no/meninger/kommentatorer/stanghelle/article2860132.ece Han kaller John Olav for En kristelig dannelsesagent, Rune Slagstad hadde ikke John Olav på sin intellektuelle radar da han skrev boka Kunnskapens hus, men han burde vært der, for han har betydd mye for veldig mange mennesker.

Jeg fikk gleden av å være med i minnesamværet etter begravelsen. Det var på Frelsesarmeen på Bryne, hvor tilreisende og familie fikk ha noen timer sammen og minnes en venn og slektning. Her hilste Rolf Listrøm, Rolf Kjøde fra Normisjon, Øystein Kristensen fra Justøyfamilien. Roald Øvrebø fra Den indre Sjømannsmisjon var kommet fra Bergen for å være med, men måtte gå noe tidlig, så jeg fikk hilse og takke for tiden i denne organisajonen. John Olav hadde en utrolig evne til å inspirere til samarbeid og til å møte nye oppgaver. Jeg nevnte havnemisjonstanken som førte til at DISM opprettet arbeid i Stavanger, Porsgrunn og Drammen, dette arbeidet førte vel også til at man etter hvert overtok Oslo Sjømannskirke. Han lot seg inspirere av fiskermisjonsarbeidet som Det Norske Misjonsselskap drev i Japan med betelskipet Shinko Maru, og DISM gikk inn for å støtte dette i en periode. Og behovet for et arbeid blant fiskere på Shetland førte til at Reidar Vetvik med familie reiste dit og etablerte en stasjon og en tjeneste de har fått stå i i mange år. Hans glød for og glede over samarbeid førte til at DISM kom med som eier i Hadsel Folkehøyskole, og i 1976 sluttet jeg som redaktør av Fiskerens Venn, som da fikk nytt navn, Trygg Havn, og reiste til Stokmarknes og begynte som rektor på Hadsel. Han sluttet også i DISM det året, avskjeden av på Landsmøtet på Tryggheim folkehøgskole for oss begge, og John Olav begynte i Misjonsalliansen. Hans evne til å inspirere for denne organisasjonens arbeid var ikke mindre.

Nå er hans tjeneste slutt. Et vers fra Den indre Sjømansmisjons mest brukte sang kommer i tankene:

La ankret falle! Jeg er i havn I ly for brenningens vover!
Jeg kaster meg i min Frelsers favn, Han som har hjulpet meg over.
Og kjente, elskede stemmer kaller,
Mens ankret sakte og stille faller
I evighetens lyse land.

Mer om John Olav kan du finne på min Valle Radio-blogg http://valleradio.blogs.no/2009/01/05/john-olav-larssen-5329189

John Olav Larssen 2

Fredag fekk eg vere med i gravferda til John Olav Larssen. Det var ei sterk oppleving. Du kan lese meir på Bloggen til Harald Haugland, http://www.eskeland.net/node/5934 som er ein blogg eg har starta på Helge sine heimesider. Der har eg og lenker til litt av det som andre har skrive om dette.

På grunn av turen til Time har eg vore utan nettforbindelse nokre dagar. Difor har eg ikkje fått oppdatert bloggen min særleg godt. Men no er det vel etter kvart tilbake til det vanlege livet.

Sjølv om det var mange år sidan vi hadde møtt borna til John Olav og Norma, var det hyggeleg å oppleve at dei kjende oss att, triveleg å møte dei og få bekrefte vennskap med dei og Norma. Mange andre var og møtt fram for å ta avskil med John Olav, så vi møtte Rolf Listrøm, Øystein Kristensen og Arne W. Haugland, som for mange år sidan var sentrale i Justøyfamilien og sidan medarbeidarar i Den indre Sjømannsmisjon.

I denne tida har det slått meg kor mykje av mitt liv som har fått kursen etter møte med John Olav. Han var ei inspirasjonskjelde og ein venn som eg kjem til å sakne sterkt.

Prosjekt i kommunens budsjett

I Kommunen informerer onsdag 7. januar gjekk økonomisjef Wenche Erland Gundersen gjennom nokre av prosjekta som står på budsjettet for 2009 i Valle kommune. Sjølve detaljbudsjettet er ikkje ferdig enno, rammebudsjettet vart vedteke 17. desember, og det hadde vore lettare å få ferdig detaljbudsjettet til nyår om ein hadde klart å handsame budsjettet i novembermøtet.

Men Wenche har alltid mykje informasjon å kome med når ho kjem i radioen. Ho kunne fortelje at sjølv om det hadde vore mykje fokus på innsparing i haust, enda budsjettet opp med mindre innsparing enn administrasjonen hadde lagt opp til. Ho gjekk gjennom nokre av nye tiltak som kommunestyret vedtok å ta opp eller halde fram med i året som kjem:

-Innsparing for kyrkja blei halvert – dei har i utgangspuntet eit lite budsjett
-Vil planlegge kyrkjestove
-Populært tiltak med tilskot til årskort i Brokke alpinsenter blei vidareført
-Det er sett av midlar til diverse reguleringsarbeid og andre utviklingsprosjekt, mellom anna planlegging av byggefelt Valle
-Oppretthalde Bygdenytt, men distribuere det på ein billigare måte, leggast ut på bygdeheimen og i butikkar
-Oppretthalde kokk i båe barnehagane
-Vidareføre skulematordninga
-Nytt fag i ungdomsskulen – utdanningsval – sett av kr 50 000 – hospitere på videreg. skular andre stader – (ikkje så stor sum, men viktig tiltak)
-Entreprenørskapsbedrift Valle skule – produksjon – leige lokaler der Setpro er – både for sterke og svake elevar. Utfordringar og praktisk arbeid
-Landruksvikarordninga blei ført vidare med kr 72 000
-Oppruste fysioterapibassenget – har vore stengt ei tid
-Oppretthalde dagsenteret på bygdeheimen
-Oppruste toalettene på soknehuset – det har vore oppe mange gonger, men stroke
-Oppruste veg til Haugeland
-Kloakk frå Homme grendefelt til Øyne bustadfelt i røyr over elva.
-Utviding av bustadfelt i Leite i 2010

Når det slik vart mindre å setje på fond, tenkjer ein å selje Heimigard Berg og setje desse pengane på fond i staden. Wenche gjekk så gjennom gebyr og avgifter som har fått auke. Minst auke har det vore i prisen for å ha barn i barnehagane. Det er no gratis, med unntak av mat. Men framleis må ein betale for SFO.

Som vanleg hadde ho med tysk musikk, det er ein tradisjon når Wenche er i radioen. Denne kvelden var det: Schwesterherz – Dieser Tag ist für immer og NIK P. – Gloria.

Om Nik P. kan du lese på tysk wikipedia: http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.

og Schwesterhertz finn du meir om her:
http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.

Program for 6. og 7. januar 2008

Tysdag 6. januar
Ansvarleg: Harald Haugland
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Møteplassen: Liv Kyllingstad Godin
19:15 Dagens dikt: Kantate til Norges Vels 100-års jubileum i 1909 av Bjørnson.
19:30 Odd Dublands juletankar
20:00 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv. Frøyland og Orstad kyrkje
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til epifania
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 7. januar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torleif Soltun Haugen
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad

18:00 Intro og presentasjon. Torleif Homme i studio: Om skuleutbygging
18:15 HMS Sør – kva er det Telefon til Trond Støle
18:30 Telefon til Jan Olsen: Syklar til Cuba
18:50 Telefon til Ove Lund om Bru mellom Øyne og Tosong

19:00 Kommunen informerer. Wenche Gundersen
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Bjørgulv T. spelar Gaither-musikk
20:30 Ferske resultat frå Brokke Cup Telefon til Jan Woitachek
21:00 Open sending.

Telefon 379 37577

John Olav Larssen

I dag kom meldinga om at John Olav Larssen var død. Han vart 81 år gamal, her er lenke til artikkelen om han på wikipedia, den vart oppretta i dag: http://no.wikipedia.org/wiki/John_Olav_Larssen Også på Eyvind Skeies og Oddbjørn Evenshaugs bloggar var det omtala: http://eyvindskeie.no/2009/01/john-olav-larsen/
Og her er ein omtale i Vårt Land: http://www.vl.no/folk/article4026541.ece

Om han har vore i Valle, veit eg ikkje, men truleg har han det. I løpet av si gjerning som predikant var han over det meste av landet. Det som forundra meg mest var korleis han kunne kjenne att folk over alt der han kom.

Sjølv hadde eg gleda av å vere nær ven og medarbeider til John Olav, særleg i perioden frå 1972 til 1976 då eg var redaktør av Fiskerens Venn. Å jobbe med han og få ganske så frie tøylar for skriveglede, var ei glede og ei oppleving. I den tida måtte om lag 40 a-4 sider gjennom min skrivemaskin kvar veke, han skreiv leiarartiklar, og saman prøvde vi å finne det stoffet som skulle til for å fylle bladet.

Ofte var vi på talarferder saman, han tala, eg møtte folk og skreiv om arbeidet til Den indre Sjømannsmisjon. Inspirert og inspirerande var han, men sterk omsorg for organisasjonen sitt arbeid og for folka vi arbeidde mellom, fiskarar og sjøfolk i nære havområde. For han ville utvide verksemda til DISM, han ville at ikkje bare fiskarar skulle nyte godt av evangelisk omsorg, men også sjøfolk. Difor var han svært oppteken av at vi skulle få til eit arbeid i havner som ikkje var tradisjonelle fiskehamner. Ikkje alle skjøna det, men for John Olav var det viktig, og han ville vinne nytt land med arbeid i Stavanger saman med Havnemisjonen, i Porsgrunn og Drammen, store havnebyar med stor trafikk. Ja, til og med arbeid for norske fiskarar på Shetland kom i gang i hans tid, og samarbeidet med Det Norske Misjonsselskap om betelskipet Shinko Maru i Japan.

Det var ei livleg og sterk tid for ein traust organisasjon. Sjølvsagt tok det på kreftene. For min del førte det til at eg fekk kall til å verte rektor på Hadsel Folkehøyskole, som DISM gjekk inn som medeigar i frå 1976. For hans del førte det til at han svara ja på eit kall om å verte landssekretær i Misjonsalliansen. Men omsorg for at Havets folk skulle verte Herrens folk, det hadde han også i si nye teneste.

Dagen i dag vart ein underleg dag. Eg oppdaga at han var gått bort litt utpå dagen, og minnene strøymde på. Kontakten med han vart mindre med åra, men takksemda over å ha fått vore nær medarbeidar i ein periode av livet og ven med han, er stor. Fred med John Olav Larssens minne.

Startsamling

Måndag kveld klokka 18 vert det møte for å snakke saman om sendingane for våren. Møtet vert i radioen, og eg vonar mange kjem. Dette vart avtala på jolemiddagen, då låg eg i influensa heime i Mandal.

Eg har ikkje sett opp liste over sendingar enno, så det tyder vel på at eg sjølv må ta ansvaret for den første sendinga i det nye året. Men vi må snakke saman om korleis vi skal fordele oppgåvene, for det er ikkje lett å få det heile til å gå, særleg gjeld det teknikarar.

Høvesdikt

Å skrive høvesdikt eller leilighetsdikt er ein sjanger som eg har hatt glede av å halde på med i mange år. Det er ikkje få konfirmasjonssongar, bryllaupssongar eller songar til ein 50-årsdag eg har laga. Ånund K. har spurt om eg ikkje kunne samle dei og lage ei bok av dei. Kanskje eg skulle gjere det, sjølv om eg til no ikkje har tenkt tanken ein gong.

Grunnen til at eg kom på andre tankar, var noko eg fann på Internett i dag:

Kva er eit høvesdikt? Høvesdikt (eller leilighetsdikt) er dikt som er skrivne for eit festleg eller minneverdig høve, av privat, halvoffentleg eller fulloffentleg karakter, for å kasta glans eller skapa ei stemning av høgtid, pondus eller pompøsitet. I Tønsberg i perioden 1840 til 1890 spelte denne diktinga ei så sentral og annleis rolle samanlikna med vår tid at vi har vanskeleg for å forestilla oss det. Studien har som tese at høvesdiktinga var den karakteristiske litterære ytringsforma i Tønsberg i den nemnde tidsrommet, så karakteristisk at den fungerte som ein hegemonisjanger innanfor ein unik lokal institusjon og som ein kollektiv og representativ sjanger for borgarskapet. Avhandlinga kan lesast som ein kultur-, litteratur- og teksthistorisk studie. Den kan også lesast som ein freistnad på regional (lokal) litteraturhistorieskriving. Studien er eitt av fleire produkt av prosjektet “Vestfold og litteraturen”, som har sin basis i litterær regionalisme. http://www.kulturnett.no/nettressurser/nettressurs.jsp?id=T1465422

Wikipedia har også ein artikkel om emnet: http://no.wikipedia.org/wiki/Leilighetsdikt I den kjem det fram at slike dikt ofte er rosande, sjølv om dei kan innehalde kritikk. Songar til fødselsdagar vil jo gjerne vere på kjende melodiar og som regel vere rosande. Å sitje i eit selskap og syngje nidviser er sikkert ikkje det som skal til for å løfte stemning når folk er samla. Å formulere ros i bunden form er nok lettare.

Å tvinge språket inn i eit bestemt metrisk mønster kan vere ganske vanskeleg. Difor vil mange høvesdikt ha haltande rytme og rim. Men når det stemmer, då er det lite som er meir inspirerande. Difor har eg tenkt at eg vil prøve å dele med dykk nokre høvesdikt når radioen startar i 2009. Nokre vil eg skrive sjølv, andre vil eg finne i litteratur og på nettet. Så får vi sjå om det kan verte nokre program av det i det nye året.

Epifani eller Helligtrekongarsdag

I kveld fekk eg ein telefon frå Niklos i høve at vi startar sendingane att den 6. januar. Eg spurte han kva tema han ville ha for musikken han skal presentere denne kvelden, og svaret var Epifania. Av og til lurer eg på kor dum eg kan vere, det hadde eg ikkje trengt spørje han om, for når det høver slik, likar han å finne fram musikk som passar til kyrkjeåret, og 6. januar er trettandedagen, Hellgitrekongarsdag eller Epifania. Wikipedia har artikkel om dette temaet og, her er den, med lenke til mange språk:
http://no.wikipedia.org/wiki/Helligtrekongersdag

Om vi hadde levd på 1700-talet, ville dagen vore heilagdag, men Struensee, livlegen til den danske kongen, gjennomførte ein heilagdagsreform som førte til at dagen fall bort frå den lista. Nå har vi jo hatt så mange fridagar at det i grunnen er heilt greitt. Men her i Mandal var det stor markering av dagen i gamle dagar, mellom anna med store møter i kyrkja, der folk frå heile regionen samlast. Tema var misjon, dagen har blitt rekna til å vere ein slik dag for misjonsfokusering.

Eg las i avisa at misjon var blitt eit vanskeleg emne, men vil gjerne slå eit slag for at ein skal halde på den tradisjonen i kyrkje og samfunn, det er ein kristen tradisjon, og har hatt med seg mykje velsigning til folkegrupper og einskildmenneske.

I kyrkjene er det laga musikk til denne dagen. Noko av det får du høyre tysdag kveld.