Kategoriarkiv: Ymse

Tradisjonsmat

Onsdagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med dei som står bak Åseral Tradisjonsmat og med Marton Laksesvela, som sel røykt og turka kjøt frå sauer som har gått i Setesdalsheiane om sommaren. Eit poeng med samtalen var at det var ganske mange reglar og ordningar dei måtte tilpasse seg, så det var ikkje lett å drive slike nisjeverksemder. Likevel ville dei ikkje klage på situasjonen, det er viktig med strenge kvalitetskrav frå Mattilsynet for å kunne levere topp produkt til god pris.

Turka, røykt sauekjøt er vel elles ein viktig ingrediens i Setesdalssuppa, så om ikkje nokon leverer det, vil det gå tilbake med tradisjonsmaten i bygdene. Men då eg gjorde eit søk på google, var det ikkje mange treff på det ordet, bare 25, og ingen med oppskrift. Det einaste eg fann som fortel om korleis denne suppa er, var ei linje: Setesdalssuppa er laga av røykt eller turka sauekjøtt med diverse grønsaker.

Eg får sjå om eg kan finne ei oppskrift når eg kjem til Setesdal att. Setesdalssuppe bør nok få ein artikkel på wikipedia snarast råd. Tradisjonsmat høyrer heime i vår moderne tid, og då må oppskrifta finnast på Internett.

Om å bli pensjonist

Når ein passerer 60, bør ein førebu seg til pensjonsalderen, heiter det. I så fall burde eg ha begynt, for no er det halvanna år sidan det skjedde. Men eg tenkjer som så at eg får ta ein dag om gongen. Når eg vert pensjonist, skal eg nok finne noko å bruke tida til. Wikipedia vil truleg få ein del av tida mi.

Ånund K. Homme starta Setesdalsforlaget http://no.wikipedia.org/wiki/Setesdalsforlaget og har hatt det som hjartebarn etter at han vart pensjonist. Eg veit ikkje kor mange bøker han har gjeve ut, han veit det truleg ikkje heilt sikkert sjølv, men det er blitt ein del med åra. Ein av forfattarane hans er Anders Dybing.

Anders Dybing har gjeve ut bok nummer 10. Han er 90 år, pensjonert gartnar og aktiv forfattar. Bøkene kjem ut på Setesdalsforlaget. Fredag var han Dagens namn i Fædrelandvennen, denne skribenten i Songdalen. Han er fødd i Lund kommune, med ein far som arbeidde på jernbanen. Under krigen budde dei i Sogndalen, og der kjøpte dei gard for å kunne dyrke mat i den vanskelege tida. Sidan overtok Anders dei tretti måla etter faren og dreiv planteskole der. Men han avvikla planteskolen og fekk seg fast jobb.

Då han vart pensjonist, dyrka han blomar som kunne turkast og folk kom og kjøpte blomar for å turke dei. Ein treng altså ikkje bare sitje med hendene i fanget om ein vert pensjonist. Då det stoppa opp med kunder for å kjøpe blomar, starta han med skriving. Etter kvart er det blitt 10 bøker:

* Fridtjof Nansen 2008
* Vår Dikt 2007
* Roald Amundsen cop. 2006
* Jørgen Løvland 2005
* Fra her – og tilbake Dikt cop. 2004
* Mestertyvene Ole Høiland og Gjest Bårdsen 2003
* Ole Gabriel Ueland 2001
* Jørgen Løvland og unionsoppløsningen i 1905 cop. 2000
* Levende bygdemiljø i 100 år 1996
* Fra svunnen tid- cop. 1995

Den første boka han gav ut, gav han 200 stk. av gratis til Songdalen ungdomsskole. Han ville at “den oppvoksende slekt” skulle få vite noe om kva som har skjedd i Songdalen kommune før i tida. Slik tek han vare på lokalhistorie.

Aktivt pensjonistliv kallar eg det.

Kvartett 2008

I forlenging av samtalen Bjørgulv T. Berg hadde med Paal-Helge Haugen, er det nødvendig å nemne at i Fædrelandsvennen i dag vart Kvartett 2008 sett øverst på lista over Sørlandets beste bøker. http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%B8rlandets_beste_b%C3%B8ker Dette er ei liste over bøker av nålevande forfattarar på eller med tilknytning til Sørlandet.

Kvartett 2008 består av fire bøker, samla i eit plastomslag. Dei kan lesast kvar for seg, men dei heng og saman. Verket er blitt til over ein tiårsperiode.

Vi gratulerer!

Men vi saknar Kjetil Brottveits Nattradioen på den lista, det var ei svært triveleg bok. I intervjuet i Fædrelandsvennen, som ikkje er lagt ut på Internett enno, seier Paal-Helge Haugen at det dei siste åra er blitt svært mange forfattarar med tilknytning til Sørlandet, då han flytta heim og busette set i Songdalen i 1975, var det bare han og Øystein Lønn http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%98ystein_L%C3%B8nn som livnærte seg som skjønnlitterære forfattarar her sør. No er det ganske mange, noko boklista syner.

Sirdalsfolk i Open sending

Onsdagskvelden kom den eine etter den andre av sirdalsfolk i studio under open sending. Det synte seg at Anna Marie Omlid, Åse Linn Jomås, Jørgen Omlid og Gunn Marita Jomås sat i Sirdal og høyrde Valle Radio på Internett og løyste rebusar, dei går i barneskulen, men mobiltelefonar og hustelefonar var i bruk heile kvelden for å løyse rebusane.

Denne gongen hadde eg vald å lage rebusar ut frå ei bok som kom ut i 1991 og som eg fann på boksalget på biblioteket: Årets begivenheter i bilder 1990. Og sirdølane med gome i Hylestad løyste dei, sjølv om hendingane skjedde 10 år før dei var fødde. Øystein Sunde som Årets spellemann, Trine Solberg som dopingmistenkt, bomring utanfor Oslo, Holmekollrenn utan snø, Kontrapunkt med norske vinnarar, skrinlegging av flyplass på Hurum, Vaclav Havel som president i Tsjekkoslovakia (midt i landet ligg Oslo), Rolling Stones på Valle Hovin, vi var innom mykje denne kvelden.

Då premiane skulle fordelast synte det seg at av dei over hundre innringarane hadde ni kome inn i studio, og sju premievinnarar var frå Rysstad og Sirdal, medan bare to høyrde til i Valle. Olaf Henrik og Berit Homme, som var telefonvakter, tok premiar med til Rysstad, og sjølv hadde eg ein liten jobb med å få med meg to premiar til Valle. Tor Haugum og Åsmund Rygnestad fekk dei, medan Nina Helle, Signe Rysstad og Johanna Solheim fekk premiar på Rysstad, i tillegg til sirdalsfolka, då.

Open sending i Valle Radio hadde ikkje blitt noko om vi ikkje hadde hatt mange innringarar. Av dei over hundre innringarane som var på tråden, trekte vi ut Ingebjørg Vegestog Homme til å få krus, men i det eg sit her og skriv dette, oppdagar eg at eg gløymde å få kruset med meg frå studio i går kveld då eg gjekk heim. Så hennar premie vart ikkje levert på Esso i Valle i dag. Det får vi ordne seinare.

 

Eit scoop

Onsdagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg gjort eit scoop då han fekk Paal-Helge Haugen på tråden for å gratulere med St. Olavs Orden. Det vart ein interessant halvtime, eg sat som fjetra. Slike program burde vi fått på podcast. Her kan du lese meir om Paal-Helge Haugen: http://no.wikipedia.org/wiki/Paal-Helge_Haugen

No når sendinga er over, eg hadde Open sending i kveld med over hundre telefonar frå 21 til 22:40, vil eg prøve å rekapitulere litt av det dei snakka om.

Paal-Helge Haugen fortalde at han hadde gjeve ut fire bøker alt i studietida medan han studerte medisin. Han valde å hoppe av og ikkje verte lege då han ikkje tok turnusteneste. Korkje lege eller forfattar er ein jobb ein kan vere halvt engasjert i om ein vil verte god, meinte han.

Gjennom å verte kjent med ein mann som hadde vakse opp i Japan, men då hadde budd i 20 år i Noreg, vart Paal-Helge Haugen kjent med haikudikting. Det er mest som stev, meinte han, men bare på tre linjer, medan vi har fire linjer på våre stev. Dei er så reine, desse tekstane frå aust.

Dei kom og innom stevdikting, den melanklolien som ligg under så mange stev, kanskje alle. Noko av den melankolien finn ein i folkemusikken og, same kor glad situasjon ein skildrar, så ligg ein undertone som ikkje er glad i dei fleste stev.

Boka Anne er noko av eit unikum i norsk boksamanheng. Ho har vore til salgs i 40 år, det har blitt mange opplag, og når eit opplag er seld ut, har Samlaget laga nytt opplag. Eg forsto at det skuldast ein avtale som var gjort i eit festleg lag for så mange år sidan, men det er svært uvanleg at noko slikt skjer.

Paal-Helge Haugen har samarbeidd med både musikarar og biletkunstnarar og andre forfattarar. Mellom anna arbeidde han mykje saman med Arne Nordheim. Dei har saman laga oratorium til Trondheims 1000-års jubileum. Det heiter Nidaros og vart framført i Nidarosdomen, som mest vart for liten til alle deltakarane. Likevel vart det plass til 1000 tilhøyrarar kvar kveld. Ei fornøyeleg soge fortalde han i samband med dette: Etter premieren var det bankett med mykje prominent folk til stades. Men arrangørane hadde gløymt å invitere komponist og forfattar, så dei gjekk på kafé om kvelden. Dei hadde mykje moro med å tenkje ut kva dei skulle seie til avisene dagen etter, når dei oppdaga fadesen.

Valle har betydd mykje for Paal-Helge Haugen. Det miljøet han vaks opp i med folkeleg kultur og religiøs pietisme har prega han heile livet. Forteljartradisjonane i Valle har vore kjelder han har kunna ause av i sitt forfattarskap.

Mykje meir sveipa dei innom, eg stoppar med dette og takkar for ein sjeldan halvtime.

Program 20. og 21. januar 2009

Tysdag 20, januar
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvartert
18:15 Over ein open Bibel ved Kurt Hjemdahl
18:30 Møteplassen. Fleire innslag frå Nytt Liv Media: Morsdagsheftet LYS med Jørgen Høgetveit, Om Sat7, Skråtårnet på Hinna
19:00 Salmekveld.
20;00 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv. To innslag frå Bergen: Bønnehus og Landets eldste frimenighet.
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer musikk frå renessanse og tidleg barokk
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 21. januar
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Olav Kn. Rike
Telefonvakt: Berit og Olaf Henrik Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Utviklingsavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
20:00 Bjørgulvs time med gjester i studio
21:00 Open sending med Harald Haugland

Telefon 379 37577

If I can help somebody

If I can help somebody, as I pass along,
If I can cheer somebody, with a word or song,
I går kveld då eg var på vegen oppover frå Mandal til Valle, vart eg sitjande å høyre på Mari Lunnan i Kammertjenerne på P2 frå klokka 23 til midnatt. Ho presenterte andre halvdel av ein konsert med Bryn Terfel i Bærum Kulturhus. http://no.wikipedia.org/wiki/Bryn_Terfel Her er lenke til omtale av programmet: http://www.nrk.no/kanal/nrk_klassisk/1.6353189

Det var mykje fin musikk i bilen denne kvelden, engelske, walisiske og irske songar, i tillegg til Mozart, Händel, Schubert, og Faure. Då han fekk heile publikumslyden med seg i siste songen, var eg og med der i bilen i natta.

Men så kom ekstranummeret. Då vart eg nesten mållaus:

If I can help somebody, as I pass along,
If I can cheer somebody, with a word or song,
If I can show somebody, how they’re travelling wrong,
Then my living shall not be in vain.

Chorus:
My living shall not be in vain,
Then my living shall not be in vain
If I can help somebody, as I pass along,
Then my living shall not be in vain.

If I can do my duty, as a good man ought,
If I can bring back beauty, to a world up wrought,
If I can spread love’s message, as the Master taught,
Then my living shall not be in vain.

Der tona programmet ut. Så var det nyheter, ganske annleis harde nyheter. Eg skrudde dei av, ville heller ha andakten frå Terfel.

Då eg kom til Internett i dag, fann eg ut at det var ein Mahalia Jackson tekst, men at The Blind Boys of Alabama og syng den.

St. Olavs Orden

I går høyrde eg i radioen at Paal-Helge Haugen har fått St. Olavs Orden. Då tenkte eg at det var vel fortent. Vi var på Setesdalsmuseet då Kirsten Bråten Berg fekk utmerkinga, det vart program og innlegg på bloggen, sjå http://valleradio.blogs.no/2005/11/27/st_olav_til_kirsten_braten_berg~341729

Over tid har wikipedia etter kvart fått mange artiklar om folk som har fått St. Olavs Orden. http://no.wikipedia.org/wiki/St._Olavs_Orden Då eg skulle oppdatere artikkelen om Paal-Helge Haugen, hadde andre alt vore inne og gjort det, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Paal-Helge_Haugen I kveld var det over 800 artiklar i kategorien St. Olavs Orden på wikipedia. Sjå nederst på sida om ordenen, så finn du kategorien. Med så mange artiklar, er det ikkje lett å halde oversikt, men til no har det vore måten ein har ordna det på.

Sjølv har eg skrive nokre av dei biografiartiklane, kanskje 25 av dei 807. Men wikipedia er eit stort prosjekt som har mange skribentar.

Salmediktaren Svein Ellingsen har fått St. Olav, http://no.wikipedia.org/wiki/Svein_Ellingsen
det gjorde også organisten Arild Sandvold. http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Sandvold

Ta ein titt på lista og sjå om du finn nokon du vil lese om.

Her er Fylkesmannen i Vest-Agder si liste over folk som nyleg har fått St. Olav og Kongens fortjenstmedalje. http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=327

Der finn du Ernst Håkon Jahr, Ovin Udø, Astrid Hareide og Gunvald Opstad, mellom andre.

Utan internett

Torsdag 15. januar om lag klokka 15:30 sat eg og heldt på å skrive litt på wikipedia. Eg hadde innboksen på gmail-kontoen min open i eit anna vindu på datamaskinen. Så tenkte eg at eg skulle sjekke epost, eg prøver å gjere det med ujamne mellomrom når eg sit ved datamaskinen.

Men denne gongen fekk epostprogrammet mitt ikkje kontakt med omverda. Det gjorde heller ikkje dei andre vindua eg hadde opne, og redigeringa på wikipedia var det ikkje mogleg å lagre. I staden tok eg meg ein tur på biblioteket, og då kunne Lisbeth fortelje at det skulle installerast ny server, så ho var heller ikkje pålogga. Då skjøna eg samanhengen og måtte bare innstille meg på ein kveld utan å kome på Internett.

Samstundes ringte Margunn og fortalde at Stein var på veg opp gjennom Setesdal. Vi avtalte å treffast på Sylvgarden for å få litt middag. I Valle Radio heiter det i reklamen:
Når du køyrer opp gjennom Setesdalen,
trøytt og svolten, så du mest er galen…

Ettersom eg ikkje hadde så mykje anna å gjere, var eg tidleg på plass utanfor Sylvgarden og sat i bilen og las avisa medan eg venta. Plutseleg kom ein annan bil og stoppa ved sida av meg, og så var det Ellen og James frå Mandal som var på veg til Hovden. Då la eg bort avisa og vart med inn for å få middag i lag med dei. Nydeleg middag, dagens rett, effektiv service, snart stod maten på bordet, og då Stein kom eit kvarter etterpå, fekk han mat med det same han sette seg ved bordet. Godt vatn med isbitar. Det vart eit festmåltid på ein torsdagskveld.

Praten gjekk livleg om alt frå bryllupet på Sandøya i sommar til rotenonbehandling av Kigevannet i Mandal og korpsmusikk og tubaspeling. Snart var middagen fortært og turen gjekk vidare. Vel tilbake i Valle såg eg at det var stor aktivitet på kommunehuset, så eg skjøna at det var liten grunn til å prøve å kome på Internett meir denne kvelden.

-Du får lese ei bok, sa Lisbeth til meg då ho fortalde at nettet kom til å vere nede.

Slik vart det. Fiskerens sønn er ei bok av Vilis Lacis http://no.wikipedia.org/wiki/Vilis_Lacis
som eg har halde på med ei stund. Det vart nokre sider denne torsdagskvelden. Vonleg vert eg ferdig med boka til boksalget på biblioteket tek til neste veke.

Golf-basiller

Det er ein golfbane på Ørnefjell i Bykle, og det har ført til at folk her oppe i Setesdal har blitt gripne av golf-basiller. Vi har lese om golfspel i snøen om vinteren, og i sendinga 14. januar fortalde Anne Liv Mork litt om det. Laurdag 31. mars skal 23. golfspelande byklarar reise til Algarve i Portugal på vinterferie. http://no.wikipedia.org/wiki/Algarve

Ei veke skal dei vere borte, og på denne tida skal dei spele golf på fire golfbanar.

Eg lurte på om det var kvinner som skulle spele og ha mennene som caddyar, men Anne Liv meinte at mennene var like ivrige som damene, så alle skulle spele, og caddyar skulle dei vere sjølv.

Dette var tredje gongen dei dreg til Algarvekysten lengst sør i Portugal, så dei tek til å bli kjent etter kvart.

Eg lova Anne Liv å leggje ut lenke til Hovden Golf, men den heimesida var ikkje oppdatert sidan 2006, så der er det ikkje mykje å finne. Her er lenka: http://hovdengolf.com så kan du sjå sjølv.

Anne Liv vann ein sekk då ho løyste rebus i Valle Radio i kveld. Rebusane var geografiske denne kvelden, på tur til varmare land, var temaet, og gjekk frå Thailand og Bangkok til Singapore og Sumatra, Jakarta, Uluru, Tasmania og Melbourne. Då var klokka 22:30 og ved trekkinga gjekk kruset til Jørgen Omlid frå Sirdal, Lisbeth D. Homme vann ei klokke og Torhild Lunden ei veske gitt av Gyro K. Homme. Siste vinnar i kveld var Anne Lise Harstad, som fekk ei fotoramme. Om lag 40 telefonar gjorde at det ikkje var storm på sentralbordet, men vi hadde ein triveleg kveld.