Kategoriarkiv: Ymse

Tid for stev

I open sending onsdag 6. mai var rebusane basert på oppslag i Setesdølen. For å lage ein vri på dei, hadde eg laga stev som matcha rebusaen, og så veksla eg og Inga på å kvede desse steva. Ingen av oss hadde gjort slikt før, men vi brukte det vi hadde. Her er nokre eksempel:

bowling = leve + nr. 23 + åsside + karakter

Ein norgesmeister frå Evje-bygda,
så ung og fager, nei, ikkje trygda.
Pokal frå Kongen ho også fekk,
då må ein seie: Så godt det gjekk!

dugnad = Pronmen 2. person eintal + Guinea-forkorting + latinsk «Herrens år».

Vi lauv og søppel nå bort skal fjerne
og stor og liten, dei hjelper gjerne.
Og etterpå er det greitt å ta
ein pust i bakken og vere glad.

hagesenter = park + ikkje tidlig + oppfører seg.

Sjå her er roser så mange, mange,
du kan dei kaupe, så god ein ange
dei gjev i hagen ein sommarkveld
når dagen kolnar og er på hell.

Vassendheia = gå i vatn + Norsk Data + fjellpartiet

Her Røynåslåmi vart folkefesten,
med over femti, men kor var presten.
Med snøballkasting og skileik yr
dei feira glade at vint’ren flyr.

Stemorsblomar = Velg! + Treslag + antimon + Kommune i Gudbrandsdalen + flatemål

I Valle kan du få kaupe mange,
dei toler sikkert ei natt, litt lange’
du kan få kaupe dei gul og blå
og prisen liten, du har nok råd.

Omstillingsbygda = forandring + bindebokstav + grenda

Me synest Evje har klara kampen
det er ’kje lenger blått lys i lampen.
No blømer bygda og står seg godt,
det tykkjer alle er fint og flott.

Sundagsope, vanndirektiv og SETPRO

Overskrifta var tema i nyhetstimen i kveld. Fyrst ut var Hans Petter Andersen som har søkt om å få ha Jokerbutikken i Valle open på sundagar i sommar. Han meiner at Valle kan definerast som ein turiststad på same måte som Edland, Åmot og Rauland i Telemark. For butikken hans er 175 kvadratmeter, den kan ikkje kallast Brustadbu, der er grensa 100 kvadratmeter. Han fortalde at handelen er mykje høgare om sommaren, så turistane legg att penger når dei er i bygda. Dei fleste andre butikkane i Valle kan i prinsippet ha ope om sommaren, for dei sel eigenproduserte varer, det er bare daglegvarebutikkane som må søkje.

Den som lever, får sjå.

Nestemann var Tom Arild Homme som snakka om forvaltningsplan for Otra-vassdraget, eit krav som har bakgrunn i EUs vanndirektiv. Det har vore folkemøter i Bykle og Valle, og i morgon skal det vere i Bygland. Høyringsuttale til planen tek for seg tilgroinga, mellom anna. Eit av problema er det kalde vatnet som kjem frå botnen av Bossvatn og ein lurer på om det kan hjelpe på situasjonen om ein heller tappar overflatevatn, som jo er varmare.

Tom Arild er flink til å presentere stoffet på ein klar og lettfatteleg måte, så han er alltid triveleg å ha med seg i radioen.

Siste gjest var og på telefonen. Det var Randi Steinsholt på SETPRO som fortalde om noko av det dei sel. I morgon kjem ein bil med stemorsblomar frå gartneriet deira på Evje. Men kompene dei sel er eigenproduserte, og å ha fått eit utsal på Esso-stasjonen i Valle er god hjelp for produksjonen, som snart når taket med det utstyret dei har til rådvelde no. Elles sel dei mykje ved, alt vart utseld i vinter og no er produksjonen i gang for neste sesong. Dei har og eit produkt som kallast bålkubben, som er ein furukubbe med sprekker i. Her set ein ei tennbrikke, og etter 10 minutt har du eit bål som brenn i 45 – 50 minutt. Desse er blitt svært populære i turmiljøet. SETPRO hjelper og om ein skal pakke og sende ut mange sendingar, og dei har i mange år produsert rasteplassbord. Kanskje ikkje alle veit at dei for 900 kroner i året tek på seg å stelle ei grav og bytte blomar etter som sesongen går. Det er bare å ta kontakt, sa Randi Steinsholt.

Frivillighetssentral

I eit oppslag i dagens Setedølen går det fram at fleire eldre menneske som tidlegare har fått hjelp frå kommunen til klesvask og plenklypping, no ikkje lenger får det. Dei meiner at budsjettkutta i Valle kommune er ein skandale. Ole Birger Lien har intervjua Knut O. Haugen (72) på Hovet.

-Dei kan sponse alpinistar i Kristiansand så dei får rimelege turar med buss til Brokke, men når me eldre som faktisk er glade for at me kan bu heime treng noko hjelp, er det ikkje midlar att, seier han og lurer på om kommunen vil ha alle eldre inn på ein heim, er det greiast for kommunen, spør han.

Ordføraren meiner at tenestene kan oppretthaldast, men kanskje med eigenandel, og så ventar han på tilbakemelding frå rådmannen.

I mange bygder og byar har ein etter kvart fått frivillighetssentralar. Desse får etter det eg veit stønad frå staten for å organisere frivillige som vil gjere ein innsats i ei bygd. Kan hende hadde det vore noko å tenkje på å få organisert også i Valle. Det er mange friske pensjonistar som gjer slike oppgåver rundt om i landet. Om det er råd å organisere noko slikt i Valle, veit ikkje eg, men andre har fått det til. Dei er kan hende ikkje så godt vande som folk i Valle, som har hatt kommunen til å gjere slike oppgåver.

Men hermed er ideen nemnd.

Program for 5. og 6. mai

Tysdag 5. mai
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Janitsjarmusikktime
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. mai
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar; Inga Flateland
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad og Gudrun Nomeland

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Helseavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Haralds time
21:00 Open sending

Telefon 379 37577
Høyr på internett:
Last ip-adressa http://159.171.56.7/ValleRadio inn i spelaren din, så kan du høyre oss på nettet.

Heider og ære

Noko av det størst ein kan få av heider og ære i landet vårt, er St. Olavs Orden og Kongens fortenestemedalje. I dag kom eg over ein artikkel i Setesdølen att, den stod i avisa i november og fortalde om Sigmund Monen, som fekk medaljen i sølv, og noko seinare opplevde at Kongen gjorde om på tildelinga og gav han medaljen i gull for arbeidet med Fennefoss museum. Det enda opp med at eg skreiv ein artikkel om han på Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Sigmund_Monen

I forlenginga av dette la eg så inn artikkelen om han på wikipedia på bokmål og nynorsk, og då eg rota litt rundt på nynorsk wikipedia, fann eg lenke til Kongehuset si oversikt over tildelingar. Den er under oppbygging, her er lista over dei 100 siste: http://www.kongehuset.no/c27995/tildelinger.html?strukt_tid=27995

Det er ei side der kor ein kan søkje etter tildelingar: http://www.kongehuset.no/c34070/tildelinger.html?strukt_tid=34070&arkiv=1 Når eg så leitar etter folk frå Valle der, finn eg husmor Ingebjørg Kjelleberg, som fekk medaljen tildelt 1. juli 1997.

I Bygland finn eg bonde Knut P. Sandnes (27. 11. 2008) og emissær Olaf Skjeggedal (1. juli 2000).

På Evje er det fleire som har fått medaljen:
17.07.2007 Bedriftsleder Roald Skibsrud, Evje
30.11.2006 Kaptein Knut Aadal, Evje
28.05.2005 Lektor Olav Arne Kleveland
01.07.2002 Lærer Valborg Hauan

På Hornnes er det også nokon:
01.11.2005 Lærer Ruth Oksefjell, Hornnes
13.12.2004 Lærer Aslaug Smeland, Hornnes
08.05.2003 Hagebruker Arnar Kjetså, Hornnes

I Iveland finn eg desse:
08.05.2003 Formann Jens Skisland, Iveland
01.07.2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa, Iveland
01.07.2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa, Iveland,

Det er nok fleire og det hadde vore fint å få ei oversikt over desse til Setesdalswiki.

Black Dyke Band

Etter å ha fått ein svigerson som er glad i janitsjarmusikk, har eg fått augo eller rettere sagt øyro opp for Black Dyke Band. Dei gjesta Grenland International Brass Festival forrige helg til stor glede for dei som var der.

I dag fekk eg sjå ein video av dette orkesteret der dei spelte aleine og i saman med Salvation Army sitt International Staff Band. Det var ei oppleving, eg fattar ikkje korleis dei får det til. At dei har luft, til dømes.

Det får meg til å tenkje på åra i Nord-Norge då vi kvart år hadde korpsleir for musikantar frå heile landsdelen. Det var konsertar og musikk i alle rom på folkehøgskulen 10 dagar i august. Diverre er mange av korpsa i landet på vikande front, og i Valle har det vel ikkje lukkast å få i gang korpset att, noko som er eit sakn, i alle fall i samband med 17. mai-feiringa, men og i andre samanhengar.

Tysdag vert det brassmusikk i Valle Radio. Du har noko å gle deg til om du likar den slags musikk. Om du ikkje likar det, kan du sikkert finne ein annan kanal med popmusikk å høyre på.

Setesdalswiki veks

Setesdalswiki veks, no er det 16 artiklar. Dei kjem i tillegg til dei som vart importerte frå wikipedia då vi starta opp. Til no er det bare eg og Knut På Bø som har skrive nye artiklar, men fleire har registrert seg og ser ut til å ville prøve dette.

Kor eg skal setje målet, veit eg ikkje, men om ein fekk dekt alle dei raude lenkene som alt no er i strukturen, ville ein hatt godt over hundre artiklar. Ein skal ikkje forakte den ringe begynnelse, er eit gamalt ord eg kjem på i samband med dette.

Samstundes gjev det meg stor respekt for dei som starta wikipedia på norsk for fem år sidan. No er den komen til 215.000 artiklar, det er ei heil bragd. Men det er nok å skrive om på Setesdalswiki og. Her kan ein skrive om alle kommunestyremedlemmene, alle bedriftene i dalen og kven som driv dei, om lag og foreningar så vel som om geografi og natur. Det vert ein del med tid og stunder. Så får vi sjå korleis det går. Om ein klarar 1000 nye artiklar i løpet av mai, tvilar eg på, men til jul må det vel gå. Det vil gje vel hundre nye artiklar kvar månad, og det er nok meir overkommeleg.

Bli med å skrive på Setesdalswiki, du og. Ein takk til Helge, som er vert for prosjektet. Vi måtte få ny adresse i dag, for det andre han hadde på maskina ville ikkje fungere då slik han hadde sett opp adressa. Så no ligg artikkelen om Valle Radio her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Valle_Radio

Store presseoppslag

Frå å vere ei sak med sterk negativ vinkling vart saka om trugsmåla mot sokneprest Arne Skare ei sak som syner positive sider ved Valle. Det er grunn til å takke Tron A. Støle for initiativet han gjorde som førte til at det og i dag var mykje stoff i Fædrelandsvennen og Setesdølen. Truleg er verdien av redaksjonell omtale i ulike medier verd ein halv million kroner om ein skulle betalt det som annonser, og då ville det ikkje hatt den krafta i seg som det no har som redaksjonell omtale med positiv vinkling.

Valle kommune er ein bra stad å bu og leve. Sjølvsagt er det tilhøve som kan verte betre, men i det store og heile har eg opplevd åra eg har budd i Valle som positive og verdifulle.

Å få til ei så sterk markering på bare eit døger, utan plakatar og trykte medier til å hjelpe seg, det er ei bragd. Det syner og at her fann ein ein tone som var felles og fann atterklang hos mange.

Her er lenke til oppslag i Fædrelandsvennen: http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article665155.ece

På Ole Birger Liens vegne er eg glad for at saka ikkje kom i andre media før Setesdølen skreiv om det tirsdag. Då hadde ho vore under arbeid sidan fredag, og det var godt for han at ikkje andre fekk publisere den før Setesdølen kom ut med avisa. Men etter dette har det vore i svært mange aviser, og han var den einaste som hadde teke bilete av kniven som stod i nakkestøtta, så det vart mange telefonar frå andre media som ville kjøpe biletet.

Mest av alt vonar eg at politiet finn ut av saka og at ho vert løyst på ein god måte slik at Arne og familien kan finne tilbake tryggleik og trivsel i bygda vår.

Sterk markering

Det vart ei sterk markering av at bygda tek avstand frå sjikane og trugsmål i Valle i dag. Klokka 16:30 var radioen på lufta med Ørnulf Hasla som reporter ute. Då var det kome eit par hundre til parkeringsplassen ved kyrkja i Valle.

I løpet av timen til klokka 17:30 snakka så Ørnulf med Ingrid Brottveit, Frode Buen, Toralf Andersen og Olaf Henrik Homme før toget vart starta av Tron A. Støle. På veg opp Skaret snakka han så med Arne Skare, Per Emanuelsen, Tor Brokke, Ingunn og Odd Eriksen frå Bykle.

Då toget kom opp til sentrum, overtok eg litt frå studio og spelte musikk av Bjørn Eidsvåg. Så ønska Tron A. Støle velkommen og gav ordet til prost Ole Gunnar Sæbø. Deretter overrekte Øyvind Jacob blomar frå Valle Bygdeheim. Så var det helsingar frå sokneråda: Bjørgulv T. Berg frå Valle og Brita Mosdøl frå Bykle.

Då Tron tok initiativet til dette arrangementet, satsa han på at gruppeleiarane frå dei politiske partia skulle vere med. Først kom Pål Dale frå KrF, som siterte frå Visst skal våren komme av Eyvind Skeie. Deretter var det Olaf Henrik Homme frå Ap, som var i staden for Liv Tanche Larsen, som var sjuk. Frå Sp kom Steinar Kyrvestad før ordførar Bjørgulv S. Lund talte. Til slutt takka Arne Skare for støtte. Han var rørt og var ganske kort i det han sa.

Så vart det heile avslutta. Politikarane gjekk til kommunestyremøte, folk flest gjekk heim kvar til sitt.

I Valle Radio avslutta vi med å spele nokre songar av Bjørn Eidsvåg før vi kopla over til kommunestyresalen.

Presten vår

Sokneprest Arne Skare var på framsida av Setesdølen i går og i dag var det stort oppslag på framsida og to sider inne i avisa om truslane han har fått. Det har og vore innslag i Sørlandssendinga om saka.

I går kveld var Tron A. Støle i Valle Radio klokka 19:30 for å fortelje om eit initiativ han har teke om å få til eit folkemøte i Valle sentrum i dag for å markere avsky for den mobbinga presten vår har vorte utsett for. Han kunne fortelje at det vil starte eit tog ved kyrkja klokka 16:30 i dag. Dei vil gå opp til sentrum, der vert det appellar frå ordførar og gruppeleiarane i dei politiske partia. Det er kommunestyremøte klokka 18, så det høvde godt å ha eit slikt arrangement denne onsdagen.

Her er lenke til eit innslag hos NRK om dette:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/489066

Her er oppslag i Dagbladet:
http://www.dagbladet.no/2009/04/28/nyheter/innenriks/trussel/5959397/

-og i Fædrelandsvennen:
http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article664899.ece?servicen=forgotten_pwd

-Bygda må engasjere seg når noko slikt skjer, seier Tron A. Støle. Vi skal vere ei gjestfri bygd og vi treng nye familiar. Då må vi slå ring om folk som opplever noko slikt, vi vil ikkje godta det, sluttar han.