Kategoriarkiv: Ymse

Surrealistisk

Det er ordet leiar av Valle sokneråd, Bjørgulv T. Berg brukar om situasjonen vi har i Valle no. Presten vår, Arne Skare, har opplevd å få trusselbrev, ein kniv i nakkestøtta på eit bilsete, og no laurdag morgon mista han bremsene på bilen ved Rotemo då han var på veg til konfirmasjonen i Bykle. I dag stod det i Fædrelandsvennen at politiet har funne bremsefeil på bilen hans og at han har fått valdsalarm av politiet.

På alle spørsmål frå Johs. Bjørkeli til Dag Hovden i politiet får han svaret «ingen kommentar». Arne Skare er teken ut av teneste inntil vidare, så konfirmasjonen i Hylestad sundag måtte Byglandspresten Bernt Olav Jensen stå for, og det vert vikar til sundag når det er konfirmasjon i Valle.

Avisa har intervjua fleire folk i bygda.

Tron A. Støle, som tok initiativet til solidaritetsmarsjen i april, seier det slik: -En usigelig oppgitthet siger innover meg. Jeg føler meg helt matt.

Og Anette Bjørgum Berg seier: -Det skumle er at når det hele en gang kommer fram, så er det antakelig en persons vi kjenner.

Det har ho jo heilt rett i, Valle er jo ei bygd der alle kjenner alle.

I dag brukte Fædrelandsvennen to sider på dette. Ei rekke bilete var med i artikkelen. Her er lenke til den; http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article675887.ece

Turistar i hopetal

Det er tydeleg at det er blitt sommar, for sjølv om temperaturen held seg på eit lågt nivå, er folkelivet i Valle sentrum svært mykje meir livleg enn før. Det har vore diskutert om Valle er ein typisk turiststad, og det kan sikkert seiast mykje om det. Men om sommaren er det eit heilt anna folkeliv i sentrumsgata enn om vinteren, så om ein skulle vurdere etter det, fortener nok Valle ei slik nemning.

To ting er viktige når ein er på tur. Det eine er at ein kan få handle også når ein stoppar for dagen. Det betyr at Hans Petter på Joker i Valle tenkjer rett. I sommar held han oppe til klokka 20, og han vil og halde ope om sundagane om han får fylkesmannen på tru til å sjå på Valle som ein typisk turiststad. Han var og fortalde om søknaden sin i radioen før vi tok sommarferie. Også Erna og Will på Esso tenkjer slik, Esso har ope til klokka 22 frå 1. juni.

Det andre ein treng når ein er på tur, er gode toaletttilhøve. Her har ein lagt det godt til rette med offentlege toalett både i Valle og på Rysstad. For alle som ikkje skal innom ein bensinstasjon, dei har jo som regel eit kundetoalett, er det eit gode å finne eit toalett i ei sentrumsbygd. Eg stod i dag i trappa i det gamle kommunehuset i Valle og såg ut. Då stoppa det ein buss, og fullt av tyske turistar kom ut. Nokon gjekk til Hasla, nokon på Joker eller Valle Handel, men ikkje så få av dei gjekk direkte på toalettet.

Sjølv synest eg det er ein stor del av servicen på HydroTexaco Evje at dei har fått så gode toalett-tilhøve. Så når eg køyrer mellom Mandal og Valle, stoppar eg og får påfyll av kaffe og gjerne ein matpakke, av og til også av bensin, og så må eg innom på toalettet. Dermed er dei basale behova dekka og andre del av turen kan gå i rimeleg ustressa form. Av og til må eg gjere som plakatane langs vegen oppmodar til: Sov i 15 minutt. Men for det meste er det dei andre tilboda som betyr mykje.

Difor er det ei glede at Valle har fått på plass alle slike turistvenlege tilbod. Dei kan gjere at ein ferietur vert triveleg.

Men Valle reklamerer og med at det er gratis trådlaust internett for folk i sentrum. Eg prata i dag med ein turist som stod utanfor bubilen sin og tok ein røyk medan kona var inne og skulle sende ein epost. Men dei fekk ikkje kontakt. Det er jo dumt om det ikkje verkar når ein reklamerer med slike ting.

Valle Radio si historie

Eg skreiv i går om ei lenke som syner litt av Valle Radio si historie. Når vi no har lagt bak oss 12 sesongar, er det kanskje på tide å skrive historia på skikkeleg vis, ikkje bare som eit blogginnlegg, sjølv om det jo var ganske langt.

Elevane på Valle skule arbeider vidare med kulturkvelden til torsdag, og i dag fekk eg nye spørsmål, mellom anna om korleis vi kom på å ha den stakkedama som logo. Men då måtte eg melde pass og sende dei vidare til Ørnulf Hasla, som no er styreleiar og som truleg var med i radioen før eg vart med, sjølv om eg var innom ganske tidleg i nokre program.

I løpet av desse åra er det ganske mange som har vore med i kortare eller lengre periodar, særleg som teknikarar. Ein måtte vel gå gjennom gjestebøkene for å setje opp ei skikkeleg liste over alle som har vore med i kortare eller lengre periodar.

I dag fortalde Jorunn Lund Harstad at ho hadde vore i Kristiansand i helga og då hadde ho høyrt at det var ope hus på Sørlandssendinga laurdag. Ho troppa opp og fekk prøve seg på å lese nyheiter og dei tok opp helsing frå henne som dei skulle sende ein gong i sommar.

-Tenk om vi hadde tenkt på det, sa ho, då kunne det vore ein interessant tur for alle i radioen, slik vi hadde til Gimlekollen i fjor. Det ser ikkje ut til at det vert noko av tur i år, sjølv om folk ymta frampå at det hadde vore kjekt å ha ein slik tur i år og. Men kanskje ein skulle prøve å finne ut om NRK vil ha ope hus til neste vår og så plangleggje ein tur nedover då. Det kunne sikkert vore inspirerande for dei fleste av oss å sjå korleis dei lagar radio hos NRK Sørlandet.

Men til torsdag kan vi gå i Storstoga og sjå Valle Radio som kulturminne. Det er nærare i tid og aktuelt i samband med Kulturminneåret 2009. At Setesdølen ikkje vinkla saka slik kulturrådgjevar i Valle kommune, Torunn Charlotte Lund, ynskte, får ein vel leve med.

Planar

I dag var siste dagen av senilveka mi og eg hadde på planen at eg skulle køyre oppover på tidleg ettermiddag og kombinere det med fotosafari for setesdalswiki og wikipedia.

Nå vart det sein ettermiddag før eg la i veg, og den fine mandagen i Mandal fekk regndråpar, for å seie det forsiktig då eg kom til Øvrebø/Hægeland/Evje. Etter kvart var det mykje meir enn regndråpar, tunge plask og mykje vatn i vegen.

Og når skyene tømer seg, er det mørkare i veret, så fotografering er ikkje så enkelt. Likevel stoppa eg nokre stader og knipsa litt. Etter kvart kan det nok bli bilete på både wikipedia og setesdalswiki. I denne veka, som eg har vore på tur til Oslo og omliggjande herlegdomar, har ikkje setesdalswiki fått så mykje merksemd. Eg får prøve å gjere det betre resten av veka. Å skrive 100 artiklar på ein månad er i grunnen ein stor jobb, og eg skulle gjerne hatt fleire med meg til å skrive der.

Eg ser for øvrig at eg har passert 1700 innlegg på bloggen. Det er mykje stoff etter kvart og ei god kjelde for den som vil finne ut meir om kva vi har gjort i Valle Radio, i alle fall dei åra eg har skrive blogg. Det har jo ikkje vore blogging like lenge som vi har laga radio.

I dag fekk eg forresten eit interessant brev frå Hanna Kyte Assmann. Valle skule skal ha kulturkveld torsdag og presentere kulturminne, og dei hadde funne ut at Valle Radio er eit kulturminne. Så ho ville ha meg til å bidra litt. Eg sa at ho kunne leite på bloggen og sjå kva ho fant og sjå om ho kunne bruke noko. Elles måtte ho stille konkrete spørsmål. Sidan høyrde eg ikkje meir. Her er ei lenke som syner noko av historia om Valle Radio:
http://valleradio.blogs.no/2007/10/31/for_mykje_kristendom~3226486/

Men det var jo kort tid å lage det på, frå måndag til torsdag….

Ei rik kjelde

Jol i Setesdal er ei rik kjelde til mangfaldig informasjon om Setesdal. Heftet fungerer som ei årbok, utan å vere knytt til eit spesielt år i stoffutvalet. I samband med at eg legg inn innhaldslister på setesdalswiki, har eg fått høve til å sjå det litt meir i samanheng. Når ein får eit hefte til jol, så les ein det ein finn av interesse, og så går det eit år før ein atter dukkar ned i joleheftet. Men på den måten får ein ikkje noko lengdesnitt, det får ein når ein ser mange nummer etter kvarandre.

Ei rekke biografiar om folk i dalen eller med tilknytning til dalen er ei side av bladet. Men artiklar om språk og gamle soger og segner finn ein og rikeleg av, nokre og om setesdølar som flytte til USA. Olav Bjørgum sine teikningar har sett sitt tydelege preg på bladet i ein heil mannsalder, med framsidene så vel som med slåande sitat frå Gamalt or Setesdal. I 2001 hadde han funne dette sitatet: -Dette he han godt av når han bli gåmåle, sa Frøyrakjen, han jula opp son sin. Med ei karakteristisk teikning av ein gut som ligg med rumpa bar over kneet på faren og riset som sveipar over det heile, det er kosteleg og minner oss om at det ikkje ligg så langt tilbake som ein helst likar å tru.

I bladet er det få noveller eller dikta forteljingar. Derimot er det etter måten mange dikt, ikkje bare joledikt. Etter at Bygland mållag innstifta målpris, har Sigurd Haugsgjerd gjerne skrive om dei som har fått denne. Og så har det i ein del år i nyare tid vore skuleklassar som har laga barnesider.

For ei tid tilbake kom det brev frå skriftsyret om at dei ville setje frist for bidrag noko tidlegare i år, og at dei ville prøve å få til eit temanummer i samband med Kulturminneåret 2009. Så det er vel bare å gå i gang å skrive for den som vil vere med i årets utgåve av det tradisjonsrike joleheftet.

Her finn du lenke til noko av innhaldet i årgangane som har kome. Eg er ikkje ajour med det på Setesdalswiki enno, men du kan jo gjere deg opp ei meining.
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Jol_i_Setesdal

Kommunestyremøte i Evje

Ein les jo litt av kvart i Setesdølen, men i Evje og Hornnes kommune må politikarane vere meir effektive enn setesdølar flest. I annonsen for kommunestyremøtet fredag 12. juni kl. 10 står det at først skal det vere orientering frå Agder Energi om utbyggingsplanen for Fennefossen. Det er sikkert ikkje noko å seie på at ein har sett av halvannan time til det, for det er ei viktig sak for Evje. Eg vonar at dei ikkje legg fossen i røyr, den er ein viktig del av miljøet på Evje.

Så er det matøkt. Det er jo vanleg å ha klokka 11:30, truleg gjeld det heile dalen. Men den økta skal politikarane og nytte til gruppemøte, og då spør eg meg sjølv om det ikkje var betre at dei åt på tvers av partigrensene, slik dei gjer i Valle. I Valle må sakene gjerast ferdige, så ventar Jorunn Lund Harstad sine vaflar med moltesyltetøy når møtet er slutt. Eg veit ikkje om det er grunnen til at møta i Valle som regel er korte, det kan jo tenkjast.

No kunne jo ikkje politikarane på Evje vente heilt til sakene var ferdige før dei fekk seg mat, så det må ein jo gje dei lov til, men eg tenkjer vel helst at matøkta var lovleg kort bare for å få seg ny energi. Ein halv time, alle som har vore på kurs og konferansar veit at det er for lite. Men klokka 12 startar det ordinære møte med handsaming av saklista. Meir om den kan ein få vite ved å gå til http://www.e-h.kommune.no

Men matøkt og gruppemøte på ein halv time, det er effektivitet sett i system…

Blott en dag

I kveld var det konsert i Mandal kyrkje. 14 songar av Lina Sandell, arrangerte av Sigvald Tveit, framførte av Jæren Kammerkor, dirigent Ingunn Bjorland og med Lage Wedin, Marianne Lygren og Solveig Bergersen som solistar. Ingeborg Bjorland Hansen las tekstane som bandt saman songane. Det vart ei fin stund.

Lina Sandell var fødd i 1832 i Fröderyd i Småland, og ho skreiv om lag 2000 dikt og songar. Mange av dei vart kjende gjennom songaren Ahnfeldt, som og var predikant. Her fekk vi på løpande band Tryggare kan ingen vara, medan allting ler, O Jesu, ditt namn, Du ømma fadershjerta, Blott en dag, Jesus for verden givit sitt liv, Vem klappar så sakta, Herre, mitt hjerta lengtar i stillhet til dig, Jag kan icke rekna dem alla, Jag frågar ej, Når dagens heta svalkas, I den stilla aftonstund, Jag vil sjunga en sång – og sjølvsagt Bred dina vida vingar.

Kjende og mindre kjende tonar og tekstar fann atterklang i sinn og tankar og plutseleg slår det ein at det er ganske utruleg at ei kvinne som døydde i 1903 i Sverige framleis kan tale til mellom 100 og 200 menneske ein fredagskveld i Mandal. Som ho har gjort så mange gonger ved avslutning av sendinga i Valle Radio, når vi lar Carola synge Bred dina vida vingar. Det er ei kveldsbøn ein kan ta med seg i livet, sjølv om ho altså er skriven for meir enn 100 år sidan.

Meir om baptistar

Sist onsdag skreiv eg om baptistbesøk, sjå http://valleradio.blogs.no/2009/05/27/baptistbesk-6186208/

Samstundes sende eg ein artikkel til Setesdølen, det er jo fleire som les den enn som les bloggen min, og dette syntest eg var ein nyhet som godt kunne lesast av fleire. I fyrste avisa etter pinse kom artikkelen med, så dermed kan du som ikkje høyrde innslaget i Valle Radio tysdag før pinse, få litt peiling på kva storbesøk vi hadde i radioen.

Om ein ser på verdsbasis, så er baptistane samla truleg det største kyrkjesamfunnet etter den katolske kyrkja. Særleg i USA har dei gjort seg gjeldande i samfunnslivet. Abraham Lincoldn, Martin Luther King, Billy Graham, Jimmy Carter, Bill Clinton og Al Gore er alle baptistar som har vorte kjende over heile verda. Du kan lese meir om baptistane på wikipedeia: http://no.wikipedia.org/wiki/Baptist og om Southern Baptist Convention, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Southern_Baptist_Convention som mange av dei kjende høyrde til. Men også Johnny Cash og Aretha Franklin.

Kanskje er det tid for å spele litt gospel i kveld.

Meir om Gjerdrum

I går skreiv eg om Gjerdrum, mellom anna fordi eg var på besøk i denne kommunen mellom Oslo og Gardermoen nokre dagar. Eg har fått høve til å ta senilveka medan elevane mine har eksamen, så dermed kunne eg ta turen inn til Tigerstaden og helse på barn og barnebarn.

I dag tok eg turen innom Gjerdrum herredshus og spurde etter informasjon om kommunen. Ei vennleg dame i resepsjonen synte meg til rette og orsaka kommunen at dei diverre ikkje hadde noko trykt stoff, det hadde dei hatt før, men no låg alt på Internett. Men ei informasjonshylle med ulike brosjyrer var til rådvelde, og eg let meg ikkje be to gonger, men plukka med meg litt av kvart.

Eg sa ikkje at det var til artikkelen deira på wikipedia eg hadde planar om å bruke stoffet. Hjelpa var like god sjølv om ho ikkje visste kva eg skulle bruke stoffet til, og då eg hadde kikka litt rundt i hyllene, takka eg fint for meg.

Ettersom eg hadde litt tid for meg sjølv, tok eg turen til Gjerdrum kyrkje og fekk eit bilete av den. Utanfor kyrkja hadde dei ei oppslagstavle. Der stod det programme for kyrkjene til og med mai, og så var vedtekter for kyrkjegardane slått opp på tavla. Som turist hadde eg nok likt betre eit ark med informasjon om kyrkja både der og på tavla ved Heni kyrkje. Men kanskje er det ikkje så mange turistar i Gjerdrum.

I si tid hadde vi slik informasjon på oppslagstavlene ved Hylestad og Valle kyrkjer. No er det lenge sidan eg har sett på dei tavlene, men eg hugsar at eg las det som stod der med interesse då eg var ny i Valle.

Eg ser ikkje bort frå at nokon eg kjener i Gjerdrum les bloggen min når overskrifta er som den er. I så fall kan dei gratis og fritt gje ideen vidare til kyrkjeverje Nils Sikveland, som sikkert er det som har ansvaret for slike ting i kyrkjelyden. Og om fotoapparatet fungerte og eg teknikken står meg bi, vil det kome noko informasjon på wikipedia etter kvart. Dermed vert ein vellukka tur endå meir vellukka.

Og snart så sette me kursen sørover att. Borte bra, men heime best.

Gjerdrum

Som eg skreiv i går bur Sigmund og Margaret i Gjerdrum. Det er ein kommune som ligg mellom Oslo og Gardermoen, Norges hurtigst voksende kommune, seier wikipedia.

I dag såg eg litt på kva wikipedia har om kommunen, og det var alt for lite. Hovudartikkellen er kort, i kategorien er det 14 artiklar, seks av dei handlar om vegar, så då er det ikkje att mykje til å fortelje om denne kommunen. Valle har mykje meir informasjon om kommunen med 1300 innbyggjarar enn Gjerdrum med 5.500 innbyggjarar.

Men slik vert det med eit brukarstyrt leksikon. Om det ikkje er nokon frå bygda som tek ansvar og skriv, vil det bare bli dei viktigaste basisopplysningane som vert lagde inn. No for tida går det ein konkurranse om å skrive gode kommuneartiklar på wikipedia. Det er jo ein viktig jobb å ha gode artiklar om kommunane. Det er mange som treng å få meir kjøt på skjelettet.

Ei samanlikning mellom wikipedia og Store Norske fall ut til wikipedias fordel. VG hadde samanlikna fem stoffområde, og wikipedia matcha historie og slo klart store norske på dei artiklane som hadde vorte samanlikna innanfor andre sjangrar. Eg gleder meg over det og veit at det vil ikkje gå så lenge, så er det andre som vurderer wikipedia og kjem til andre resultat. Men ei lita stund kan ein glede seg over at andre verdset det arbeidet vi gjer på wikipedia.