Kategoriarkiv: Ymse

Morokulien

Etter å ha overnatta hos Rönnaug og Lars Gustav i Nittedal og hatt ein triveleg laurdagskveld saman med barnebarna våre, drog vi om formiddagen derifrå med kurs for Sverige. Vi fekk höyre festgudsteneste i bilen frå Trondarnes kyrkje i Harstad, det er festspel i Nord-Norge no. Tankane gjekk nordover til vener i Harstad frå tida vår der, fredag fekk vi höyre at tidlegare rektor på Trondarnes folkehögskule, Asbjörn Eidnes, var död. Han ville nok vore på gudstenesta i Trondarnes kirke om han hadde kunna, han var så glad i kyrkja og historia på Trondarnes.

Då gudstenesta var slutt, stoppa vi i Morokulien. Eg hadde glöymt kor gode svenskane er på turistinformasjon, det er 20 år sidan sist eg nytta meg av kompetansen deira. Punkt nr. ein for turistar er gode toaletttilhöve, og det hadde dei så absolutt. Punkt nummer to er informasjon, og dei av dykk som veit korleis eg samlar informasjon om stader eg kjem til, kan tenkje dykk gleda over all informajsonen om Värmland, du sköna som ein kunne finne her.

Men då dei fekk höyre at vi skulle til Bålsta, dukka det opp frå dei indre gemakkar både brosjyren “Roslagen – en stund för dig själv”, Sigtuna-09 som kart og brosjyre og Enköping-brosjyre. Gratis og fritt, som wikipedia.

Då vi kom innom klokka 12, var vi dei einaste, men etter kvart, mens eg skriv dette, kom det fleire, alle fekk profesjonell og rask hjelp med det dei spurde om. Reidun kjöpte ein is og gjekk ut i sola, eg spurde om å få låne PC-en som stod i ei krå, og dermed sit eg her og skriv innlegget på bloggen i dag.

De som er noko opp i åra hugsar tida i dampradioen med moroprogram frå Morokulien. Det hang eit avisoppslag på ein vegg her og minna om tida då det var laurdagsunderhaldning i radio som samla folk, 1959 stod det der. Eg las ikkje så mykje då, må finne ut meir om det ein annan gong. Eg hugsar programma, eg trur dei må ha samla folk som ein onsdagskveld i Valle Radio, eller kanskje som påskesendingane våre.

Men no ventar Sverige, 39 mil ligg framom oss för vi kjem til Bålsta gjestegard, der skal vi vere nokre dagar og sjå ein del av Sverige som vi ikkje har sett för. Vi gleder oss, feriekjensla er undervegs.

Og skal du til Sverige, kan du godt legge vegen over Morokulien, damene på turistinformasjonen der må du oppleve sjölv for å vite kva service er.

Bloggen gav avisoppslag

Tidlegare i veka skreiv eg om burmesarane som kunne tenkt seg å ha jord til å dyrke grønnsaker i her i Valle. I går stod det om dei i Fædrelandsvennen, eit nydeleg bilete teke ovanfor garden til Torleif B. Harstad, på vegen opp til Tveitetunet. Heile Valle-bygda ligg bak dei, det burde vere mogleg å finne jord til ein liten kjøkkenhage.

Journalist Johs, Bjørkeli har kalla stykket: Låner gjerne litt jord. Der skriv han om ynskjet deira. I tillegg skriv han om at dei brukar ormegras i supper og eggerettar. Dei finn og syre og geitrams og meiner det kan nyttast i maten. I så måte er dei meir avanserte enn vi er, deira erfaringar er nærare jorda enn våre, vi må helst ha ting i butikken og kvalitetssikra av Mattilsynet. Om noko er utgått på dato, kastar vi det om det godt kan brukast.

Bakgrunnen for artikkelen er innlegget på bloggen min tidlegare i veka. Johs. Bjørkeli las det og ordna det slik at han kunne treffe dei då dei like før skulen slutta drog på tur for å bli litt betre kjende med bygda dei no bur i.

Eg dreg no på ferien eg skreiv om for eit par dagar sidan. Eg vonar å kunne blogge også når eg er på reise, men det vil tida vise. Du kan abonnere på bloggen min, så får du melding når eg har nye innlegg. Elles må du ha god sommar.

Til å fundere på

Av og til les ein eit dikt som slår an strenger og gjer at ein må lese det ein gong til. Dette diktet kom forbi meg i dag, og eg tenkte at eg ville dele det med deg som les bloggen min:

kommer nær,
trekker seg tilbake i saklighet
kommer nærmere
lang stillhet

tilbake i en kjent kokong

trygg

Eg trur at eg droppar tolkinga, men heller let den vere opp til deg som les dette. Om du vil kommentere det i kommentarfeltet til bloggen, sende meg ein e-post som kommentar, så må du gjerne gjere det til det.

Det er vanskeleg å komme for nær eit anna menneske, og eg merker at når det skjer, vil dei kjenslene som diktet gjev uttrykk for, slå inn. Det er og lettare å skrive om saklege emne på bloggen. Dert er nok mange ting som er vanskelegare å blogge om enn Valle Radio. Ha ein god dag, anten du er i kokongen eller ute og kryp.

Riksveg 9

Det er ei glede å sjå at dei no høgg ut skog langs den nye traseen på Riksveg 9. Sjølv om eg les i avisa at dei på Lista skal få ein veg inspirert av amerikanske nemningar, er Riksveg 9 nårare og difor meir interessant for meg.

Særleg gjeld det etter at eg nok ein gong tok til å høyre ein spesiell dur i bilen,og den forsvann når eg svingte, det er visstnok eit tydeleg teikn på defekt hjullager. Eg måtte altså skifte hjullager på bilen. Det var venstre denne gongen, høgre skifta eg i februar. Dei seier det er alle hola i vegen som slit mykje på bilen.

Dette var jo ikkje det beste tidspunktet at noko slikt skulle skje, for laurdag 20. juni startar vår lenge omtalte ferie der vi skal køyre nord og ta Hurtigruta sørover, og slik nyte godt av born og gode vener si 60-årsgåve til oss. Vi dreg laurdag og tek nokre dagar i Sverige før vi legg turen til Alta for å vitje Ida som var husmor på Hadsel Folkehøgskole i mange år og eventuelt treffe andre vener der nord, Deretter går turen til Stokmarknes for å helse på vener der før vi går ombord på Hurtigruta. Det har vi tenkt å gjere i Svolvær, så etter at vi har vore i Hadsel, køyrer vi tilbake mot Lødingen og finn Lofotens fastlandsforbindelse – den som eigentleg endra mykje av trafikkbiletet i Vesterålen, som no er ein tarm og ikkje ein gjennomgangsregion. Vi får likevel prøve den og då oppleve ein heilt ny veg, bygd etter at vi forlet Vesterålen. Tre veker tenkjer vi å bruke på turen, og det vert interessant å sjå att stader som for lenge sidan var nærmiljøet vårt.

Men handlar ikkje dette innlegget på bloggen om Riksveg 9. Er Harald bloggskrivar blitt som presten som gjekk ut frå teksten for aldri å vende tilbake til han? Nei, eg vender tilbake, men bare indirekte. Bilen var altså ikkje klar til å dra ut på ei slik lang reise, eit defekt hjullager er ikkje godt når ein skal på langtur. Men då er det godt å ha ein verkstad som stiller opp. Då eg kom der i ettermiddag sa dei at det var ein kunde som hadde bestilt men som ikkje kom, så dei kunne sjå på bilen, og to timar etter var han fiksa. Så Riksveg 9 fekk ikkje ta gleda frå meg. Tvert om.

Etter kvart som vegen vert betre, gjev den stadig ny glede. Vakre bygder frå Hægeland til Hovden, og etter kvart som eg les og skriv for setesdalswiki, ser eg at det er mykje eg ikkje veit som eg trudde eg visste. Så etter kvart tek tankane mine sidevegar til folk som har budd og bur langs vegen.. Eg tenkjer, tru om den ville vere aktuell å intervjue i Valle Radio til hausten.

Den som lever, får sjå

Utan prest

Arne Skare har teke familien med og reist ut or bygda, fortel dei i nyhetene, til og med på landsbasis, ikkje bare Sørlandssendinga. Både ordførar og arbeidsgjevaren på bispedømmekontoret uttalte seg, og det er jo bare særdeles trist at noko slik kan skje.

Han vil visst ikkje kome tilbake før politiet har funne ut av problemet, men det ser jo ut til å vere vanskeleg, for det er få kommentarar å få frå den sida.

Eg har dei siste dagane site med gamle Jol i Setesdal og bladd og sett kva som står skrive der. I Jol i Setesdal 1969 står det eit par artiklar der folk som har vore prestar i Setesdal, skriv ned minne frå Valle eller Bygland. Sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Jol_i_Setesdal_1969 for titlar.

Dei fortel om trivelege år i ein særprega dal, møte med folk og natur gjorde inntrykk. Det er tankane ein har hatt også i seinare år, dei som har vore prestar, har kome attende og i samtale peika på interessante og særmerkte ting då dei budde og arbeidde her.

Det kan nok vanskeleg vere slik for Arne og familien. Dei har fått ei vanskeleg tid i Valle. Det kan ikkje vere lett å gjere presteteneste når ein må gå rundt med valdsalarm. Det strider mot forståing av prestegjerninga, presten skal kunne gå i kyrkjelyden og preike og trøste der det trengst. At ein ikkje skal kunne ha det slik, det er dårleg reklame for bygda.

Rådmannen lanserte slagordet for Valle: Gjestfri for nye tankar. Eg tenkjer nok at han aldri kunne kome på tanken at ein i bygda vår ikkje var gjestfri for nye folk. Men kanskje må slagordet fornyast: Gjestfri for nye tankar og nye folk.

Giftetankar

Å gå i giftetankar sømer seg ikkje for ein som er gift. Difor er det ikkje mine giftetankar eg går i, men tankar om det å gifte seg når ein sjølv bur i Noreg og den ein skal gifte seg med bur i eit anna land. Då er det mange utfordringar, det er det ein før kalla problem, som skal løysast.

Ein ting er at ein skal treffe nokon å gifte seg med. Når vedkomande bur i eit anna land, har det ikkje vore så lett å treffast, mnen etter at Internett kom, er det mange som meiner at det er alt for lett å treffast og at vi har fått ein import av ektefellar til landet som var utenkeleg for 20 år sidan. Dei har naturleg nok rett i det, men slik er utviklinga. Pessimistane meiner at det er eit problem å få folk til Noreg som ikkje kjenner land og språk. Det er nok eit av dei problema som kan løysast.

Men om ein har vore i eit anna land og møtt ein eller ei å gifte seg med, så startar papirmølla. Ein ting er at ein må dokumentere at ein ikkje er gift frå før. Det kan vel stort sett ordnast. Men om ein er flyktning frå eit land som ikkje har ein så papirbasert kultur som den norske, så kan det nok vere vanskeleg å finne fødselsattest, som visst nok er viktig når ein skal gifte seg. Men i land der ein klaps i baken og eit skrik er det som dokumenterer at nokon er fødd, er papir på hendinga ikkje like lett å skaffe. I land der alt skal betalast og alt kan skaffast for betaling, er det nok noko lettare, då tek det vel heller bare tid få skaffe fram slik dokumentasjon mot høveleg betaling.

Men for å få brura til Noreg må ein så starte prosessen med familiegjenforening. Då må ein tene 215.000 kroner årleg frå ein fast jobb og ha bustad dokumentert med husleigekontrakt som skal sendast av brura frå heimlandet via den norske ambassaden der ein høyrer til og handsamast av UDI eller eit liknande organ. Og om ein manglar eit papir, stiller ein bakerst i køen og må starte på nytt. Seks månader tek det, vert det sagt.

Og likevel er det mange som startar prosessen kvart år. Kjærleiken er ei sterk drivkraft som gyv laus på dei største utfordringar.

Refleksjonar

I kveldinga tok eg ein køyretur rundt Homme. Tanken var å sjå etter nokr motiv eg kunne ta bilete av til setesdalswiki, men det skuma etter kvart, så eg får sjå seinare om det høver.

Ein kunne ikkje unngå å leggje merke til at det mange stader er jord som ligg brakk. Truleg burde vi gått ut litt meir ope og høyrt på vegner av våre burmesiske bebuarar om det var nokon som ville låne dei jord til å dyrke grønnsaker. Vi spurde oss litt for i vår, men fekk ikkje napp, og det er trist, for dei hadde likt å ha ein jordflekk å dyrke opp, og det burde vere råd å finne noko. No får vi sjå til neste sommar, om ikkje nokon melder seg etter å ha lese denne bloggen då.

Vel ute på Riksvegen att oppdaga eg at det er kome ny asfalt på strekninga nord for Valle. Det er ikkje så ofte eg køyrer der, så det var triveleg å oppdage. Sjølv om klokka var nærare 22, var folk frå NCC ute for å måle tykkelse på det nye laget med asfalt. Dei ligg ikkje på latsida, dei som har asfaltjobb om sommaren.

I Valle har no bensinstasjonen ope til klokka 22. Erna og Will satsar på god service til oss, ingen tvil om det. Eg fortalde ein nederlandsk turist eg kom i prat med i dag at bensinstasjonen vår er driven av nederlendarar. Han ville ta turen bort og prate med dei. Han hadde valet mellom å dra til Arendal eller over fjellet til Stavanger. Du kan sikkert gjette kva eg rådde han til, det var ikkje arendalsturen, nei. Eg fortalde om Suleskarvegen som har høgaste punkt på 1052 meter, og der han får oppleve høgfjellet før han kjem ned på andre sida og kan stoppe på Kvæven og sjå panoramafilm på infosenteret der.

Og Joker-butikken har ope til klokka 20. I dag hadde dei norske jordbær til 44 kroner, men det såg ut til at dei fekk avsetning sjølv til den prisen. Avisene seier at nordmenn blæs i finanskrisa og ferierer som aldri før.

Ferien nærmar seg

Siste veka før ferien. Då er det på tide å planlegge kva ein skal gjere litt meir i detalj. I år hadde eg lyst til å ha Sverige-ferie, og dermed har eg bestilt ferie på Bålsta Gjestegård, sjå
http://www.balstagastis.com/index2.htm 5 dagar skal vi vere der og sjå kva som hender i Uppland og Stockholmsområdet. Så går turen nordover, vi skal på gamle trakter i år, til Finnmark, Troms og Nordland før vi avsluttar med Hurtigrutetur frå Svolvær til Bergen og køyrer heim. Vonleg får vi litt å fortelje om når sommaren er på hell. Vi skal bruke tre veker på heile turen, så det blir lang tid borte frå sommarparadiset vårt i Mandal. Men det får våge seg, ungar kjem heim og skal passe på huset og kose seg utan at vi er heime. Dei klarar vel det, tenkjer eg.

Men då får eg gje meg og begynne på siste turen til Valle før ferien.

Byglands soge

I dag har eg arbeidd med Byglands soge frå 1939. Ei 70 år gamal bok med mykje interessant stoff. For meg var det interessant å bla gjennom boka med tanke på å få på plass ei liste over ordførarar i kommunen frå 1837 og framover, og boka dekka altså dei fyrste 100 åra av den tida ein har hatt slik lokalstyring i Noreg. Grunnen til det er at ein på wikipedia prøver å få til lister over ordførarar i dei ulike kommunane, og eg har sett litt på Byglandslista. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_ordf%C3%B8rere_i_Bygland

Lista er ikkje ferdig ennå, men det kjem seg. Det fine med ein wiki er at ein kan begynne på ein artikkel, og så kan ein arbeide vidare på han etter kvart som ein finn stoff. Målet er å få artikkelen er komplett. Dette er til god nytte for Setesdalswiki og, der samlar eg opp stoff som er relatert til Setesdal, og då står jo Bygland sentralt.

Ein av dei som merkjer seg ut i lista over ordførarar i Bygland er Lars K. Liestøl. Han hadde artikkel på wikipedia, og når ein ser på kategoriane hans, er det vanskeleg å skjøne at han kunne rekkje alt han var med på. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Lars_Knutson_Liest%C3%B8l

Artikkelen er skriven av Aasulv Eivindson Lande, som sjølv var ordførar frå 1911 til 1914 og sidan stortingsmann, sjå http://www.nsd.uib.no/polsys/index.cfm?urlname=&lan=&MenuItem=N1_1&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=11748

Det var interessant å få eit slikt tverrsnitt av kommunalt styre og stell i Bygland.

Betre veg

Etter nok ein tur frå Valle til Mandal der eg på strekninga nord for Ose kunne syngje av glede for den gode vegen vi har fått, var det interessant å lese i Setesdølen denne veka om kvifor vi kan glede oss over denne vegen. Bykle kommune har lagt store deler av sine inntekter inn i fondet som vart brukt for å få finansiert vegen. Dette gjorde dei fyrst med å forskuttere vegen nord for Bykle, og når pengane etter kvart kom inn att, vart dei brukte lenger nede i dalen.

No høgg ein ut traseen som resten av vegen frå Tveit til Langeid skal fylgje, og i haust startar dei opp. Det er altså von om å få utbetra vegen endå meir i løpet av eit år eller to, og målet er å få gul stripe frå byen til Bjåen innan 2018, heiter det i avisa.

På tur nedover i dag stoppa eg hos Niklos på Besteland og fekk ein prat og ein kopp kaffe. Sjølv om vi ikkje skal ha program saman på tre månader, så er det alltid hyggeleg å snakke saman, og han har alltid noko interessant å dele med for den som er interessert i orgelmusikk.

Så stoppa eg på Ose for å få eit bilete av Annemor Sundbø. Ho har nett omsett ei engelsk bok om vottar til norsk, den skal kome ut i haust, trur eg. Vi gjekk opp i utstillinga hennar i Storstoga, den er snart ferdig for sommarsesongen og er absolutt verd eit besøk. Gensarar i alle variantar prydar veggene. Og Annemor fortalde, som ho har gjort så mange gonger i Valle Radio gjennom åra.

Trafikken har auka monaleg no i juni og både norske og tyske turistar set pris på den gode vegen. Eg trur nok dei er litt oppgitte over standarden på Riksveg 9 fleire stader, akkurat som vi faste trafikantar er. Men det er von i hangande snøre, og akkurat no kan ein vel nesten seie at det er meir enn von, det er napp. Så får vi glede oss til å få fisken i båten, det vil seie ny veg med gul midtstripe på dei siste strekningane etter kvart.

På Skomedal hadde eg ei naturoppleving. Plutseleg kom ein brun skugge over vegen litt langt framme. Og like etter kom ein til. Midt på ljose dagen kryssa to rådyr vegen framom bilen. Dei gjekk gjennom ein granehekk på vestsida av vegen og borte var dei, inne i ein hage. Eg tenkte at den hekken var så tett at det ikkje var noko som kom gjennom der, men det såg ikkje ut til å hindre dei noko i det heile tatt.