Kategoriarkiv: Ymse

Samling i Lyngdal

I dag hadde eg og dei tre søstrene mine sett kvarandre samling i Lyngdal hos Jorunn. Vi er så heldige at ektefellene våre lever, og dei var sjølvsagt med.

Eg hadde i grunnen tenkt at eg ville dra like etter formidddagsmat, men eg tok meg ein formiddagsstrekk, og den vart altfor lang. Då vi endeleg kom oss i bilen, var dei andre, som kom frå Rogaland, alt komne til Lyngdal.

Ein ting var å kome seg i bilen, men å kome ut på E39 frå Tregdeveien, det er jo alt anna enn lett. Trafikken er stor i begge retningar og det er langt mellom lukene. Då vi endeleg kunne svinge vestover, var det jo kø, så det var bare å legge seg bak og håpe at det ville gå godt. Det gjorde det også, og då vi kom fram, var det bare å gå rett til bords.

Ei nydelig kyllinggryte med ris var på menyen, og sanneleg var det også plommegrøt til dessert. Plommehausten har vore rikhaldig i år, Jorunn har laga plommesyltetøy i glass og krukker, etter det eg skjøna.

Samtalen gjekk glatt rundt bordet, det var mest som vi ikkje hadde tid til å flytte oss frå spisebord til lenestol. Reidun og nokre andre valde å sitje ute, men fleire av oss sette oss inne og fekk høyre Jorunn lese frå papir ho hadde funne på Ålgård der far fortalde om barneår og slekt og familie. Det var svært interessant og gav oss nokre aha-opplevingar. Med tid og stunder får vi nok kopi av papira, alle saman.

Men tida gjekk fort, og vi måtte jo få kaffi før vi reiste heim. Tre kaker på åtte personar, Eplekake, kringle med vaniljekrem og eplesyltetøy og nøttekake med gul krem på toppen, eg veit ikkje kva den heiter, suksessterte, kanskje, det smakte svært bra.

Før vi runda av, delte vi ein andakt far hadde skrive frå ei bok han fekk ut på Setesdalsforlaget. Boka heiter Jesus har bruk for deg og vart seld til inntekt for Sundagsskulen sin leirstad. Så song vi eit par songar av Petter Dass før vi tok på heimveg.

Solvor, Gaute og Jorunn

Ole Thorvald, Sigurd og Gunbjørg

Normisjon på Bykle hotell

I dag starta haustsamlinga til Normisjon Agder på Bykle hotell. I omtalen skreiv organisasjonen:

Seniorutvalget i Normisjon region Agder inviterer til
«Høstdager» på Bykle Hotell, 2. – 5. september 2021.
Seniorer (60+) ønskes velkommen til dager på fjellet med
god bibelundervisning, sang, fellesskap, turer og deilig mat.
Johnn Hardang blir med som taler, og det blir flott lyrikk ved Haldis Reigstad.
Grete og Jørg Jørgensen vil bidra med vakker sang.

PROGRAM

TORSDAG
Fra kl 16.00  Ankomst og innlosjering
18.00               Middag
20.00               Kveldssamling. Kaffe og kaker

FREDAG
7.30 – 9.00    Frokost og nistesmøring
10.00               Bibeltime
11.15               Tur
13.00               Lunsj (for de som er i nærområdet)
18.00               Middag
20.00               Kveldssamling. Kaffe og kaker

LØRDAG
7.30 – 9.00    Frokost og nistesmøring
10.00               Bibeltime
11.15               Tur
13.00               Lunsj (for de som er i nærområdet)
18.00               Middag
20.00               Kveldssamling. Lyrikk ved Haldis Reigstad. Kaffe og kaker

SØNDAG
09.00               Frokost (+ kr. 45,- hvis du ønsker niste)
11.00               Gudstjeneste og hjemreise

Det var plass til 60 på hotellet og nokre fleire som kunne bu i Messa, og det var fullteikna. Dette arrangementet er vel det som vart etablert i forlenginga av Internatmøtene i Valle i si tid. Dei kan du lese meir om på Setesdalswiki.

 

Brukte bøker

I går skreiv eg om bruktbutikken på Rysstad, der Ørnulf hadde vore på reportasjetur- Eg fekk ikkje høyre innslaget, men snakka med han og han fortalde at dei hadde mange brukte bøker. I telefonkiosken ved det gamle kommunehuset i Valle er det også brukte bøker ein kan ta med seg eller bytte.

Problemet mitt er at eg har alt for mange og helst ikkje bør skaffe meg fleire, i alle fall ikkje utan å kvitte meg med nokon først. Men her i Mandal er det ein bruktbutikk for kristen litteratur, og då eg oppdaga den, han heiter Budskapet Antikvariat, fekk eg jo lyst å kjøpe noko der. Til no har eg ikkje gjort det, men freistinga er der.

Av og til gløymer eg å avbestille ei bok i Bokklubben, så då dukkar ho opp i postkassen. Før kom Bindestreken, som bladet deira heiter, ut ein gong i månaden, trur eg, men no kjem det visst oftare. Sjølv om eg kan returnere om det er ei bok eg ikkje vil ha, så blir ho verande, kan hende kan eg gi ho bort ved eit høve.

Brukte bøker er som oftast av litt eldre dato. Dei fell fort i pris, frå 3-400 kroner nye til ein tiar eller to når dei er brukte. Så det er mykje pengar å spare. Men så er det også eit problem å få tid til å lese dei. Eg vil heller ha eit oppslagsverk som kan gi nokre linjer på Setesdalswiki enn ein roman.

Eg trur eg leitar litt i boklista til Budskapet Antikvariat og ser om eg finn noko.

Bygdebok og bruktbutikk

I kveldens sending i Valle Radio var både bygdebok for Byglandsfjord og Bruktbutikken på Rysstad tema i to innslag.

Eit tredje innslag handla om Jol i Setesdal, det lokale joleheftet som treng stoff frå skriveføre folk for at det skal kunne kome ut i desember. No er det Else Gyro Rysstad som koordinerer arbeidet, men Skriftstyret har medlemmer frå alle kommunane og alle har ansvar for å skaffe noko stoff frå sin kommune. Så her er det bare å ta tastaturet fatt om du vil ha noko på trykk. Om du ikkje gjer det, kan det ikkje ein gong bli refusert, men eg trur ikkje så mykje blir refusert. Forteljarkunsten står framleis sterkt i Setesdal, og det er mykje å fortelje om.

Dei andre innslaga fekk eg ikkje med meg i kveld, for Helge kom heim etter halvanna veke i Oslo og hadde litt av kvart å fortelje, så då vart det familieprat i staden for radiolytting.

Her er programmet for i kveld:

Program tysdag 31. august
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret: Programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel med Inger Valbø frå Norea
18.30 Aktuell time med
– Torbjørn Frøysnes om bygdebok for Byglandsfjord
– Bruktbutikken på Rysstad, Ørnulf Hasla rapporterer
– Else Gyro Rysstad om Jol i Setesdal
19.30 Musikk av ulike slag
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Nettradioen virkar bare når det er sending, så når eg skriv bloggen etter sending, virkar den ikkje. Eg tek den med om du vil bruke den til å høyre på ei sending seinare. Neste sending er tysdag om ei veke.

 

 

Nytt semester i radioen

I kveld var det samling for medarbeidarane i Valle Radio. Der presenterte Ørnulf oppsettet for komande halvår, slik han plar gjere på medarbeidarsamlingane våre. Eg skulle gjerne ha vore der, men er jo glad for at eg framleis kan vere på lista over programleiarar. I haust skal eg ha tre onsdagskveldar.

Valle Radio har halde på lenge med frivillige folk som gjer jobben. Slik vil det nok bli i framtida også, og dei kostnadene som vi har hatt, har blitt dekka av inntektene frå Påskebasaren. Sjølv om nedslagsfeltet ikke er så stort, kan alle høyre over Internett, og i desse sendingane ringer det inn folk frå heile landet og av og til også frå heile verda.

I haust er det dei same gode folka som held liv i radioen. Torleif, Torfinn og Håvard har andaktane, kommunen stiller med sine folk og lista med teknikarar og programleiarar er også plent som før. Den kan du sjå på Setesdalswiki. Dei fleste lenkene for medarbeidarane er blå, men nokre er røde, dei må vi kanskje jobbe litt for å få blå etter kvart.

Her er lista,

 

Jubileum

Denne helga var det jubileum for dei som gjekk ut av Mandal gymnas for 60 år sidan. Dei har møttest kvart femte år ei stund, og Torbjørn Greipsland kom reisande frå Askim for å vere med på det. I ein pause kom han innom oss og vi fekk ein god times prat om laust og fast igjen. Vi har alltid litt av kvart å snakke om.

Kullet i Mandal i 1961 var om lag 90 stk, men det var bare 13 som møtte opp i år, 15 var påmelde, men to måtte melde avbod. I løpet av 60 år skjer det ganske mykje, så dei fleste av dei han gjekk saman med  hadde nok truleg gått bort, det er ikkje alle forunt å leve til ein blir nesten 80 år. Andre får ikkje ha ei slik helse at dei kan dra på ei lenger reise.

Sjølv har eg etter kvart funne ut at eg nok har det best her heime og at eg neppe ville kome meg til Stokmarknes om eg hadde blitt invitert dit til opninga av HUrtigrutemuseet, som eg skreiv om på bloggen i går. Eg har nok gjort mi siste flyreise, og eg saknar heller ikkje å fly.

Torbjørn hadde hatt godt oppmøte på eit foredrag han hadde hatt i Alvdal på ettersommaren, om lag 40 personar hadde kome for å høyre han fortelje om nordmenn i USA, og alvdølar spesielt. Han vil framleis ta slike turar om han får spørsmål, så han har litt større radius å virke på. Eg tok eit bilde av han og tenkte å legge ut på bloggen, men han ville ikkje at eg skulle det, så då får kveldens blogg bli utan bilde.

Hurtigrutemuseet

I dag opna Hurtigrutemuseet på Stokmarknes. Abid Raja kom frå regjeringa for å gjere jobben, og mange prominente gjester var der. Det er litt rart å tenke på at det var eg som lanserte den ideen då eg var med i kulturstyret i Hadsel kommune den tida eg var rektor på Hadsel folkehøyskole.

Margunn sendt meg denne lenka frå NRK https://www.nrk.no/nordland/hurtigrutemuseet-har-apnet-pa-stokmarknes-_-beskrives-som-en-nasjonal-kulturskatt-1.15626270

Ho hadde også funne nokre avisartiklar om saka. Når eg les dei, ser eg at ideane mine var smålåtne målt opp mot det som vi i dag såg på TV, eg tenkte på skipsmodellar av båtane som har seilt i teneste for selskapa som dreiv Hurtigruten, men tenkte også på ein salong som var på Sjøfartsmuseet.

Etter nokre år kom det eit hurtigrutemuseum i bustaden til direktøren i Vesteraalske etter at han hadde slutta og bustaden stod tom. Men den var ulagleg, den låg så langt borte frå kaien at passasjerar og turistar ikkje rakk å få noko tid på museet før skipet dei reiste med skulle segle vidare.

Men ideen var fruktbar, sjølv om han var kostbar. I ei perle av eit glassbygg kan no eit heilt skip stråle om kapp med midnattsola når anløpet er om natta og nordlys frå vinterhimmelen spegle seg i dei store glassflatene når det er mørkt.

100.000 besøkande i året ventar museet. Det går langt ut over mine villaste tankar den gongen for mange år sidan då eg lanserte ideen.

Åpne bilde

 

Ingen fødselsdag

Ingen har fødselsdag i dag. Slik har det stått på framsida av Setesdalswiki i heile dag. I kveld tok eg telefonar til både Helge Haugland og Geir Daasvatn for å høyre om dei hadde nokon i sine papir som hadde fødselsdag i dag og som vi kunne få ein artikkel om, men ingen av dei hadde det.

Eg hadde trudd at vi etter kvart hadde så pass mange namn inne at det skulle vere nokon å markere fødselsdag for kvar dag året rundt. Men det var det altså ikkje. Eg sjekka også Gratulasjonar i Setesdølen siste veka, men der var det bare ein niåring, og vi brukar ikkje å ta med folk før dei er konfirmerte i det minste.

No går denne datoen mot slutten, så no er det eit år til neste gong. Vi får håpe at det dukkar opp ein som vi kan skrive om innan den tid, for det er litt ille at vi etter å ha halde på med denne wikien i over ti år, enno ikkje har funne levande folk med fødselsdato 28. august.

Men neste år, då må det vel gå?

Konfirmantlister

I dag runda vi eit nytt hundretal artiklar på Setesdalswiki. Eg brukar å markere det med å skrive litt på det vi kallar Såpekassen, det er der ein kan kommentere relatert til nettsida. Slik skreiv eg:

Mange konfirmantlister drog oss oppover mot nytt hundretal denne gongen, men det vippa ikkje heilt over før vi fekk artikkelen om Thyra Andersen, som døydde 12. august 2021, 91 år gamal. Artikkelen om henne vart nummer 93 500 og vi brukte vel seks-sju veker på å nå det talet, så det har gått smått framover ei tid. Målet om 13-1400 artiklar på eit år kan neppe bli nådd om vi ikkje aukar tempoet godt utover i haust. Om det lukkast, står att å sjå.

Då Bjørgulv T. Berg var innom her i går, snakka vi også litt om Setesdalswiki, og han var glad for å ha eit slikt lokalt leksikon der ein kan slå opp og finne lokale opplysningar. Det er vel å bra å ha wikipedia for det nasjonale, men det betyr mykje å ha det lokale og regionale nivået også. Det er jo der dei fleste av oss har kontaktane sine. At Setesdalswiki også har gått ut over dei lokale grensene syner i grunnen bare at regionen står i kontakt med omverda anten det er sørlandskysten eller Madagaskar, ikkje minst opna bedehusa augo for livet elles i verda, les misjonsmarka, når misjonærar fortalde og synte bilete frå arbeidet dei var ein del av. Gjennom åra har også Setesdal ytt millionar av kroner til misjonsarbeid, til dømes gjennom den store basaren på Rysstad.

Konfirmasjonen er eit høgdepunkt i ein ungdom sitt liv. Kledd i sin finaste stas er di midtpunkt i ein festdag i familien. Listene gjev deg høve til å sjå kven dei er og sjekke om det er nokon i nabolag eller familie som har festdag, i desse koronatider har det jo vore langt mellom alle kontaktar. Nå kan du sjå listene og glede deg med dei glade.

Bytte bil

Når ein har bildilla og gjerne vil ha ein amerikansk bil, så kan det vel hende at ein byttar bil oftare enn ein utan slike interesser. Sjølv har eg likt godt Citroen, men siste gongen fekk eg meg ein Honda, den var så høg i døra at eg slapp å knekke nakken kvar gong eg skulle inn i den. Eg saknar nok Citroen-bilen, men praktisk er det greitt med den eg har no.

I dag hadde eg besøk av Bjørgulv T. Berg. Han hadde kjøpt ein Jaguar hos Sør-Import i Mandal og no skulle han ha service på den. Medan han venta, fekk han ein lånebil og tok turen ut til oss. Truleg måtte han vente til i morgon før bilen var ferdig, så han planla å besøke sonen Tarjei i Kristiansand i kveld.

Det vart ein lang og godt prat der vi løyste mange problem, i det minste i teorien gjennom samtale. Samtidig vart det ei oppdatering på kva vi held på med. Han har nok meir sans for aktivitetar som kastar kroner av seg, for han driv med hogst for Brokke-systemet saman med Øystein Berg, det er i lia langs Faråne, der badeplassen med kulpane ligg, forsto eg. Men eg gøymde å spørje om dei tek seg ein dukkert når det blir for heitt. Å stå i solsteiken i full tømmerhoggarhabitt må vere rimeleg heitt.

Bjørgulv var også med som programleiar i Valle Radio, men då han pensjonerte seg, ville han ikkje ha det bandet, så han droppa fast engasjement, men har likevel steppa inn av og til. Ikkje minst har han vore aktiv i samband med påskesendingane, og ein gong då han kjørte heim om natta etter ei slik sending, lite trafikk midt på natta var det, så kjørte han forbi ein bil som viste seg å vere ein sivil politibil. Det kosta litt, for å seie det slik. Eg måtte fortelje at eg opplevde det same, men vi var samde om at vi trass alt har kome godt frå det, det var visst snakk om tre gonger for kvar av oss.

Om ein bytter bil, kan det nok likevel hende at farten blir høgare enn UP likar, så det gjeld å ikkje trykke for hardt på gasspedalen.

Kan være et bilde av Bjørgulv T. Berg, sitter og innendørs