Kategoriarkiv: Ymse

Elvis, Oddvar og Ivar

Kveldens sending hadde stort spenn i musikken. I Musikktimen var tema Elvis Presley. Ettersom han er død, kunne Siri Johannessen ikkje snakke med han. Men det kunne ho med Oddvar Høgevoll og Ivar Skippervoll, Ivar skulle vere prestevikar i Valle ei tid etter det eg fekk med meg. Dessverre fekk eg ikkje med meg så mykje av sendinga i kveld, av og til er det andre ting som må gå først, og slik var det i kveld.

Men Postludium med Ben van Oosten på orgelkrakken, det fekk eg med meg og det var stor musikk av dei store franske komponistane.

Program

18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel Tom G Johnsen frå Norea Mediemisjon
18.30 Musikktimen med tema Elvis Presley
19.30 Timen med Oddvar Høgevoll og Ivar Skippervold
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
– Ben van Oosten, konsertorganist i 50 år, fransk romantisk orgelmusikk
21.00 Kyrkjebakken

Regjeringsskifte

Eg skriv ikkje mykje om politikk her på bloggen, Men valet syner at folk vil ha eit regjeringsskifte og bytte ut Erna med Jonas. For folk flest er det ikkje sikkert at det betyr så mykje, det som gjeld folk flest er det jo stort sett semje om i landet.

No seier Jonas at han meiner at åtte år med høgrepolitikk har gitt auka forskjell mellom folk. Det vil han endre på.

Det har vore peika på i media her sør at Agder ikkje har hatt så stor innflyting på Løvebakken og i regjeringskontora. Om det blir likar’ no, står att å sjå. For mangt og mykje er lange trendar i ei samfunnsutvikling. Men arbeid for alle og løysing på klimaspørsmål er viktige oppgåver, og her treng ein samarbeid sikkert både til høgre og venstre.

Sjølv har eg ikkje engasjert meg aktivt politisk etter at eg flytta til Mandal. Eg tur ikkje KrF tapte valet av den grunn, men dei kom ikkje over sperregrensa og misser dermed mange mandat som dei kunne fått om dei hadde kome over.

Så får vi sjå framover kva det vil bety for landet.

Sang med munnbind

Eg vart litt overraska i dag. Vi pleier å fylgje gudstenesta på svensk TV2 klokka 10. I dag var det felles nordisk gudsteneste frå Finland, den var ikkje direkte. Dei fleste i kyrkjelyden hadde på seg munnbind og når dei reiste seg for å syngje, tok dei ikkje av seg munnbindet.

Det må vere litt rart å synge med munnbind, Eg kan tenke at lyden får ikkje kome ut. Her var dei i eit flott kyrkjerom med god akustikk og fin orgelmusikk og det skulle vore fulltonande song, men det var helst spinkelt.

Ein kan jo lure på kva det har gjort med sanggleda å ha hatt korona-restriksjonar i halvtanna år. Kor har sett aktiviteten på vent, konsertar og øvingar har stoppa opp. Når vi ser på gudstenester, ser vi at forsangarane står langt frå kvarandre. Det er ikkje så lett å lytte til dei andre i eit kor når kravet om meteren skal oppfyllast.

No opnast det heldigvis opp att også innan kulturlivet. Så må regjeringa finne ein formel slik at også frivillige lag og organisasjonar kan få støtte sjølv om dei ikkje er momsregistrert eller kva det no er for kriterier som ligg til grunn.

Kan være et bilde av 2 personer og innendørs

Ein kjenning

I dag oppdaga eg ein kjenning i lista over far sine medelevar på Bibelskulen i Oslo. Ottar Istad var kretssekretær i Sunnmøre krets av Den indre Sjømannsmisjon då eg var redaktør av Fiskerens Venn frå 1972 til 1976, Vi møttest nokre gonger i ulike samanhengar, mellom anna på Arbeidermøte i Svolvær. Der var også tilsette på Hadsel folkehøyskole inkludert, så vi hadde mange hyggelig møter og festar saman med predikanaene i Indre Sjø.

Eg skreiv artikkel om han på Setesdalswiki, der eg har eit prosjekt om å skrive om mange av dei som far møtte då han gjekk på Bibelskulen. Men til tross for at eg seinare kom til å vere tilsett i same organisasjonen som Ottar Istad, høyrde eg aldri far snakka om han, så dei var nok ikkje så nære den gongen, men det var jo mange der det året han gjekk der.

Ottar Istad (fødd 11. august 1916, død 2. juli 2013) var kretssekretær i Den indre sjømannsmisjon Sunnmøre krets. Han var fødd i Kristiansund, men vaks opp i Romsdal og vart forkynnar i Romsdal indremisjon frå 1933. Vinteren 1936/37 gjekk han på Bibelskulen i Oslo og etter det heldt han fram som predikant i ulike samanhengar til han i 1957 kom til Ålesund Indremisjon som bysekretær. Sidan vart han kretssekretær i Sunnmøre indremisjon, men i 1969 vart han kalla til kretssekretær i Den indre sjømannsmisjon og heldt fram der til han vart pensjonist. Sidan var han fritidsforkynnar når høvet la seg til rette.

 

Ingen blogg i går

Vi har vore utan TV nokre dagar, det var Telenor som hadde problem, vi kunne endåtil få 100 kr. i kompensasjon om vi sende inn søknad. Men i går kom signala att og vi kunne sjå friidrett frå Zürich til seine kvelden. Og plutseleg var kvelden gått utan at eg hadde tenkt på bloggen, det kom eg ikkje på før eg var i senga, og då orka eg ikkje stå opp att for å skrive, sjølv om tanken streifa meg.

No har det dukka opp modne plommer på vårt plommetre også, og då Helge reiste til Sandøya i dag, tok han med eit par-tre kilo, så dei har nok kost seg i kveld, dei som likar plommer. Reidun har laga plommesyltetøy, så no er det lokk på kjøpesyltetøy enn så lenge.

Om eg hadde skrive blogg i går, hadde eg nok skrive om at vi hadde besøk av feiaren. Han var grundig og gjekk gjennom huset frå kjellar til loft og fann mangt og mykje som ikkje var heilt etter forskriftene slik dei no er. Vi skulle få brev om det som måtte fiksast på, forskriftene blir endra og så må heile bygningsmassen sjekkast og få pålegg om å utføre endringar. Det skapar aktivitet i lokalsamfunnet og arbeid til handverkarar av mange slag.

Eg får ta meg ei plomme på det.

Mange forhåndstemmer

I kveldens Kommunen informerer fortalde Gunn Marith Homme at 270 personar alt hadde forhåndsstemt i Valle. Det er om lag 30% av alle som kan stemme og er ganske høgt.

Ho fortalde også at elevar frå Valle skule vil vere observatørar til valet på valdagen. Folk kan forhåndsstemme til fredag denne veka, og dei som har problem med å kome til vallokalet, kan få besøk. Då kjem to personar frå kommunen heim til dei med urna, og så kan dei få lagt stemmeseddel i den, om eg skjøna det rett.

Eit anna tiltak som gjer arbeidet lettare er at det er elektronisk manntal, Dermed kan ein registrere stemmen direkte og sleppe manuell kontroll av om folk har stemt i Valle eller på Rysstad.

Elles kunne ho fortelje at Valle kommunehus no er ope att, så folk kan kome inn om det er noko dei treng. Dei har også fått att felles lunsj, og det er godt for trivsel i arbeidet.

I samtalen elles gjekk dei gjennom mange saker som er omtalt i Bygdenytt. På neste kommunestyremøte kan ein møtast fysisk med avstand, og så skal også elevar frå Valle skule vere der og sjå korleis eit slikt møte fungerer. Dei arbeider med tema Demokrati på skulen i denne tida.

I samtalen med Bjørn Erling Auestad fekk vi høyre om ein travel situasjon på Bykle hotell, han hadde fullt i helga då Normisjon hadde arrangement, har fullt i dag og komande helg. Og seinare i september skal Normisjon ha to helger til, Komande helg er det Bykledagen, den vil dei gjerne ha første helg i september kvart år. Då er det mange aktivitetar i Bykle, guida turar i Bykle gamle kyrkje, ope i Lislestog, overfløyming av dammen og alle aktivitetane er gratis.Det er Bykle næringslag som står for Bykledagen, leiar av dette laget er Tor Hallvard Mosdøl.

Resten av kvelden mista dei ei lyttar, for då fekk eg anna å gjere.

Weinen, Klagen, Sorgen, Sagen

I kveldens Postludium hadde Niklos K. Besteland bare eitt verk, det 18 minutt lange Weinen, Klagen, Sorgen, Sagen av Franz Liszt. Det er også for å minnast dei omkomne på Utøya for ti år sidan og i New York for 20 år sidan, sa han. Verket skreiv Liszt i 1863 etter at dottera Blandine var død. -Vi hadde verket med for 10 år sidan også, sa han, og eg sjekka på Setesdalswiki, og der kom det fram at det mest var på dagen ti år sidan, trur det var 8. september 2011.

Elles i kveldens program var det andakt ved Ragnar RIngvoll og sangtime ved Olav Lindstølen, i kveld musikk med Johnny Cash, Jim Reeves og Elvis Presley, bare engelsk. Så var det ein samtale mellom Harald Endresen og Alf Halvorsen om Troens menn, deretter med Jonas Skjærpe frå Nærbø, det var eit svært gammalt opptak, Skjærpe var fødd om lag 1880 og vart frelst om lag 1920 på eit møte med Johannes Daasvand. Til slutt var det Olaug Lillian Bjørke som fortalde frå arbeidet til Åpne Dører før altså Niklos kom i studio.

Siri har sending i morgon også, då startar ho klokka 19. Programmet ligg på Setesdalswiki.

Plommer

No er det plommetid, og trea bugnar. Vi har Opal, dei er litt seine, men du verden kor gode dei er når dei kjem. Då er det lett å ta for mange, og om ein fell i den fella, blir det mange turar på veslehuset.. Heldigvis har vi det inne i våre dagar, å springe over tunet til fjøset kunne sikkert røyne på den gongen ein hadde utedo.

Av plommer kan ein lage plommesyltetøy, men av dei første plommene i år laga Reidun plommegrøt. Å ete plommegrøt med fløtemelk og sukker på, det er nyting på høgt plan.

Brit lagar også plommesaft, trur eg. I alle fall er det nok av plommer i hagen hennar også.

Kan være et bilde av frukt og utendørs

 

Bibelskulefolk

Då vi var i Lyngdal fredagskvelden, kom vi til å snakke om kva far hadde gjort då han var ung. Han skreiv noko om det, men det han etterlet seg handla mest om barndommen. Jorunn hadde vore på Ålgård og tatt med seg heim gamle papir og bilder, og eitt av bilda var bildet frå då han gjekk på Bibelskolen i Oslo hausten 1936. Då var han 19 år gammal.

Der hadde han Mia Hallesby som lærar i søndagsskolearbeid, og sidan var han ein ivrig søndagsskolelærar nesten så lenge han levde.

Det var også bilder og namn på alle dei andre lærarane og elevane der. og litt til venstre på bildet fann vi bildet av far. Eg spurte svoger Ole Thorvald Moen om han ville skrive ned alle namna, og i dag fekk eg lista. No ligg ho på Setesdalswiki og smått om senn har eg som mål å skrive om dei folka han gjekk saman med. Kanskje vi på neste søskensamling kan vite meir om dei andre elevane også.

Røde lenker er jo ei oppfordring til å skrive, men dessvere er vi så få som skriv, at det går noko seint. Men om arbeidslysten trengjer seg gjennom motstanden i morgon, kan det kanskje bli nokre artiklar om bibelskulefolk etter kvart. Nokre av dei kan eg nok finne informasjon om i Indremisjonsselskapets historie, i alle fall lærarane, men kanskje også nokre av elevane.

Kom arbeidslyst

Eg skreiv for nokre dagar sidan at skrivinga mi helst skjer på kveldstid. Geir skriv meir om morgonen, og i dag starta han ganske tidleg med å skrive om bøkene til Oddbjørn Aardalen medan eg i kveldinga skreiv inn overskriftene i torsdagsavisa og litt til. Dermed har vi no nådd 19 artiklar på det nye hundretalet.

Eg hadde nok meir skrivekløe tidlegare, då kunne det bli mange nye artiklar og mange redigeringar, langt fleire enn det blir no for tida. Før eg starta Setesdalswiki og bare skreiv på Wikipedia, kunne eg på ein god dag ha 50 redigeringar.

Difor tenkjer eg av og til på strofa Kom arbeidslyst og treng deg inn, her skal du motstand finne. For slik kjennest det ofte, arbeidslysten møter motstand kvar einaste dag, anten i form av at eg skal lese noko eller at eg blar gjennom facebook og gløy,er tid og stad. I dag kom eit forslag om å lese artiklar som Med Israel For Fred – MIFF – har lagt ut, og eg vart sitjande med dei ei stund.

Men på måndag, då må vel arbeidslysten ha trengt seg inn….