Kategoriarkiv: Ymse

Jubel og historie

Denne veka vil Valle Radio ha fokus på eiga historie etter at vi fekk tildelt Valle kommune sin kulturpris for 2021. I sendinga tysdag skal eg prøve å hugse litt frå den første tida. Som eg skreiv om i går, var hukommelsen min som eit dørslag, men så fann Reidun nokre papir, og det hjelpte. Onsdagskvelden sender Ørnulf opptaket frå tildelinga under sauesjået.

Her er programma:

Tirsdag 5. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel ved Frank Vorhaug fra Norea mediemisjon
18.30 Sangtime
19.30 Timen med Ingunn Røysland fra Flateland; radio på tirsdagen ved Harald Haugland og Maria Björkroth fra Setesdalsmuseet
20.30 Postludium med Fährmann og Woyrsch, ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 6. oktober 2021

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad.
19.30 Kommunen informerer ved Else Margit Tveit, oppvekst.
20.00 Lokaltimen
Valle radio fekk kulturprisen.
Glimt frå årets Sauesjå Marknad.
21.00 Open sending med Kristin og Ørnulf.

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Mimring

Etter at Valle Radio fekk Kulturprisen for 2021, fekk eg spørsmål om kva tid vi starta opp med tysdagssendingar. Då måtte eg i tenkeboksen, men eg kom ikkje til noko resultat utan vidare. Men så fann Reidun nokre permar med program, og det fekk meg til  å mimre litt over alt vi har hatt i radioen.

Hugsar du at vi hadde eit fast munnharpeprogram. John Melhus var med meg i studio, av og til slo han sjølv på munnharpa, men vi hadde også Bjørgulv Straume sine plater og sikkert andre også.

På lista over programleiarar var Hallvard Kjelleberg, Theis Salvesen, Leonhard Jansen, Britta Lise Homme og Knut Nomeland i tillegg til meg.

På lista over teknikarar var Jørund Georg Jore, Kjetil Homme, Geir Olav Uppstad, Åge Nomeland, Inga Flateland  og Torleiv Haugen, medan Jan Roger Homme, Jan Oddvar Rysstad og Knut Inge Hovet hjelpte meg.

Til å ha andaktar på onsdagskveldane hadde vi Håvard Viki, Torleif Harstad og Bjørgulv T. Berg. Eg hadde med meg Pieter Leebeek og Niklos K. Besteland i Postludium, Norges einaste faste radioprogram med orgel- og kyrkjemusikk.

Og så var det mange telefonvakter: Torbjørg Hoftuft, Jorunn Lund Harstad, Johanna Solheim er namn eg hugsar frå den første tida. Men Gunvor Ruth Salvesen og Laila Homme var også med.

Leif Kvinlog fekk ansvar for CD-samlinga. I den tida var det jo ikkje Spotify, all musikken var på CD-plater eller kassettar. Ånund K. Homme hadde produsert mange kassettar med program då han budde på Sunnmøre. Vi fekk nokre av dei og kunne spele dei om vi mangla stoff av og til, det var Dansefoten eller frem fra glemselen. Ånund hadde ei veldig samling av EP-plater som han brukte når han laga kassettane, i kjellaren på Øvrevoll var ein lang vegg dekka av platehyller.

Nokon av medarbeidarane frå den tida er gått bort alt, men så har nye kome til. Siri Johannessen er som poteta, kan brukast til alt, og i radioen er ho både teknikar og programansvarleg både tysdagar og onsdagar. Frå scenen sa Ørnulf Hasla av vi var vel 30 medarbeidarar no, og det var vi vel då vi starta opp også. Dugnadsgleda har halde seg, og ved starten av kvar sesong hadde vi pizza på Motellet. I den seinare tid har det vore samlingar på Bergtun eller Sølvgarden for medarbeidarane.

Sjølv om eg har flytta til Mandal, gjer Internett at eg kan ha program frå stova her sør, så eg er framleis med i det gode selskapet og takkar hjarteleg for kulturprisen til Valle Radio. Eg kjem neppe til Valle for å ete bløtkake, men skal vere med i tankane og kan hende tek me eit kakestykke her sør også den dagen.

Åpne bilde

Kulturprisen 2021

Under Sauesjå 2021 i Valle i dag fekk Valle Radio Valle kommune sin kulturpris for 2021. Vedtaket om at radioen skulle frå prisen vart gjort i vår, og til vanleg blir prisen delt ut 17. mai, men også i år var feiringa av nasjonaldagen prega av korona. Det ville ikkje gi meining å dele prisen ut i eit lite studio, det var meir høveleg å dele han ut når folk kunne samlast att.

På sauesjået kunne folk kome, det var ute, sentrum var fullt av folk, ein hadde fått ein scene der programmet kunne bli sett av folk, så alt låg godt til rette. Og så fekk ein høveleg godt ver, kven hugsar vel ikkje dagar med sklette og regn og sterke vindkast.

Då Ørnulf Hasla fekk vite at det var radioen som skulle få prisen, kalla han inn alle medarbeidarane. Det var ikkje alle det passa for, men ein fin gjeng møtte opp. På bildet eg såg var det bare menn i fronten, men eit par kvinner hadde også kome seg opp på scenen.

I følge Setesdalswiki vart Valle Radio etablert i 1997. Det betyr at vi har 25-årsjubileum neste år. Kan hende er det på tide å skrive soga om radioen vår. Det kan Britta Lise gjere ut frå gjestebøkene ho har vore så god til å syte for at vi skriv i når vi er i radioen. Det er mange namn der som fortener å få omtale og takk for innsatsen som er gjort for å halde dette kulturtiltaket i drift.

Gratulerer frå Mandal også!

Kan være et bilde av 3 personer, folk som står og tekst som sier '2021 VALLE RADIO 1XS Valle radio fekk Valle kommune sin kulturpris under sauesja laurdag. Frả venstre: Torunn Charlotte Nyberg, kulturleiar Valle kommune, Ornulf Hasla, redaktor i Valle radio og Steinar Kyrvestad, ordforar Valle kommune. Foto: Ole Birger Lien Valle radio fekk Valle kommune sin kulturpris under sauesja laurdag'

Sakte oppover

Det går sakte oppover, men i dag nådde vi eit nytt hundretal med artikkelen om Anne Nomeland Helle, som vart gravlagd i dag. 93 500 artiklar er talet no, så det kan nok lukkast å nå eit nytt tusental før nyttår, men då må nok farten aukast endå litt framover. Av og til er det ein ny brukar som registrerer seg, men så blir det bare med det. Eg brukar å sende velkomen-helsing når ein ny brukar har skrive sitt første bidrag, men eg må kanskje starte med å sende velkomen når folk registrerer seg i staden.

Elles har eg putla litt på Wikipedia i dag. Han innante, Torolf Nordbø, trong litt hjelp til å skrive om at han ikkje lenger er medlem av Partiet De Kristne, så eg la inn ei linje om det i artikkelen om han. No er han partilaus, han melde seg ikkje inn i noko nytt parti etter denne utmeldinga. Så no vil han kanskje bare vere humorist, Men han er 64 år, så han kan kanskje også vere pensjonist, som meg. Men eg blir nok aldri ein slik humorist.

I morgon er det sauesjå, du må kome deg på det og ta med ei tjukk lommebok eller ein velfylt VIPPS-konto. Då kan du oppleve god, gammaldags marknadsstemning i Valle sentrum i morgon.

Nye øyretelefonar

Eg har sukka litt over øyretelefonane mine, særleg når eg har sending i Valle Radio. Då har mikrofonen vore litt vanskeleg, for eg kunne ikkje bøye den fram for munnen, han stod rett ned under øyra. Den nye kan eg heller ikkje bøye fram, men vonleg er han likevel betre, det får vi sjå neste gong eg skal ha sending.

Helge hadde høyrt mine sukk og bestilt i Komplett sin nettbutikk, trur eg. I kveld ko det melding om at han hadde fått ein pakke, og han reiste på butikken og henta pakken så seint som i 22.30-tida, butikken har ope til 23. Så no har eg pakka dei ut og høyrt litt musikk gjennom dei, når eg er ferdig å skrive bloggen for i kveld, skal eg høyre litt meir.

Dagen i dag har ikkje bydd på så mange overraskingar. Vi hadde besøk av naboen, og då vart det litt eplekake og kaffi medan praten gjekk. Eg tok også ein telefon til Steinar Kyrvestad etter å ha høyrt på sendinga frå kommunestyremøtet i Valle i går. I dag kunne eg høyrt på kommunestyremøte i Bygland klokka 18, men det droppa eg. I staden vart det litt Dagsnytt 18 før halvannan time med nyhetssendingar.

September har vore ein av dei turraste på 30 år, trur eg det var meteorologen sa og synte bilder frå tomme magasin. Og no skal vi sende straum til Storbritannia gjennom kraftkablar som opnar i morgon. Straumen blir nok dyrare då, så vi får vel fyre meir med ved. Ikkje alle kan det, så nokon må nok rekne med å ha lågare temperatur inne og kanskje ta på seg meir klær når vinteren nærmar seg.

Men enn så lenge skal eg høyre litt musikk i natta..

 

Kulturarv

Valle kommunestyre hadde mange vinklingar på kulturarv i kveldens møte. Først hadde Kim Pedersen ein interpellasjon om tilbakeføring av gamle hus. Ordføraren svarte.

Så hadde Sissel Åkre tre spørsmål.

Det første handla om å få Olav Bjlrgum sin kunst til Setesdalsmuseet. Arbeidet er i full gang, svarte ordføraren.

Det andre handla om koronaepidemien og Setesdal Husflid. Sissel lurte på om dei hadde fått avslag på søknad om støtte. Nei, svarte ordføraren, dei har ikkje søkt, dei må søke via søknadsportalen.no, slik at søknaden framstår med relevante fakta som krevst.

Det tredje var om kommunen hadde involvert seg i arbeidet med å ta vare på immateriell kulturarv etter at den kom på UNESCO si liste. Her svarte ordføraren at det er fylket som koordinerer dette arbeidet og at det er sett ned ei ressursgruppe der kommunen har fått med representant.

Dette var spørsmål som var kome inn til ordføraen og som han svarte på før møtet tok til. Men i møtet var det nye sprsmål. No var det Margit Dale som lurte på om situasjonen for klatreveggen. Den saka var vedteken, sa rådmannen, som har fått kjønnsnøytral tittel og no heiter kommunedirektør. Ho svarte også på eit spørsmål om innbyggjarundersøking, der må saka inn på budsjettet for neste år, for ei slik undersøking kostar pengar.

Så var det tid for ordføraren si orientering. Han brukar å seie noko om møter han har vore med på. Eit slikt møte var om jakta i Njardarheim, der Valle, Bykle og Sirdal har felles interesser. Så er det snakk om tilgroing i Otra, no er ein plan for elva til revisjon, og då må ein passe på der. Kommunen har eit god samarbeid med fylket når det gjeld veg, men ein har ikkje fått på plass fortau frå Riksveg 9 og opp til sentrum, det vil bli eit spleiselag. Endeleg var det tale om heieplanen, der vil ordføraren gjerne ha innspel.

Deretter gjekk alle sakene som stod på saklista samrøystes gjennom med unntak av ei sak om utvikling av Brokke-området. Der gjekk fleirtalet for Margit Dale sitt framlegg, det fekk 7 røyster, Georg Sørmo sitt framlegg fekk 5 røyster.

Og så kunne dei vaffelsugne få vaflar og kaffi.

Speidarar og sauesjå

Kveldens sending i Valle Radio femna vidt, her var både speidarar og sauesjå på programmet, men også ein ung gründer og gammal orgelmusikk.

I samtalen med Olav Skinnarland avslørte Siri Johannessen, som var programleiar i kveld, at ho var gammal speidar. Dei snakka om byklespeidarane, som held seg mykje ute i naturen, men som har Kyrkjekjeddaren som alternativ om det blir for dårleg å vere ute. Og neste år vil dei på landsleir.

Johan Martin Bueng har starta eiga bedrift, Kåsland Maskin, for å kunne hjelpe folk med hagearbeid og anna forefallande arbeid. Mange eldre set stor pris på å få hjelp med plenklypping og anna rydding i hagen, så han har nok å gjere. Når skulegang krev sitt, så må han stille opp i helgene for å hjelpe.

No gleder folk i Valle seg til Sauesjået, og i år er det lagt opp til å bli større enn på lenge. Elisabeth Spockeli fortalde om planane dei har når kalenderen blir snudd til oktober, i år er det fleire utstillarar enn på lenge, så alle er glade for at koronarestriksjonane er oppheva og at folk kan møtast att. Framleis vil nok mange passe på meteren, men no er det ikkje samfunnet sitt ansvar.

Til slutt presenterte Niklos K. Besteland nederlandsk orgelmusikk, som vanleg med flott musikk på kjøreplanen. Men den får eg kanskje skrive meir om i morgon.

Når nokon ringer

Når nokon ringer og lurer på om dei kan kome på besøk, så er eg rask til å svare velkommen. Om dei i tillegg har med eplekake, er det ikkje noko minus, sjølv om vi også kan servere det, slik vi kunne i dag, då Jorunn og Ole Thorvald Moen kom ein tur frå Lyngdal.

Dermed vart det kaffi og eplekake og Ole Bulls ostekake, og til saman var det så mektig at det heldt i lange tider, men då dei reiste i ni-tida var det godt med brød att. -Vi har ikkje meir brød, vart det sagt under den franske revolusjonen. -Gje folket kake, då, svarte dronninga, men ein kan ikkje leve på kake.

Denne kvelden var vi fem som kunne kose oss med quiz fra Vårt Land, Aftenposten og Fædrelandsvennen. Men vi er ikkje gode på film og popmusikk, så det er ikkje så lett å få full score, det klarar vi svært sjeldan om vi er få eller mange.

Praten gjekk om litt av kvart, mellom anna om Kristine, som går på vidaregåande skule i Ezwatini og korleis ho valde å dra så langt, Men det hadde vi ikkje noko godt svar på, ho bare ville det. Jorunn hadde nok hatt problem om det var hennar dotter som ville dra så langt heimanfrå, meinte ho.

Elles gjekk praten om strikking og alt garnet mor hadde samla og som Jorunn no prøver å strikke opp. Strikkefolk samlar på garn, og så blir det alltid restegarn, og kva skal ein bruke det til. Så vert det samla opp, då Reidun jobba på sjukeheimen her i Mandal, samla leiaren for arbeidsstova opp garnet på Norgesglas som hu brukte som fargerik dekor i rommet. Garn kan altså brukast til mykje meir enn strikking. Men eg droppa ut, strikking er høgare matematikk for meg, og når folk går i gang med det, har eg ikkje noko å bidra med.

Men ein hyggeleg kveld var det.

 

 

Ein krigsseilar

Eg skreiv nyleg om utstillinga om krigsseirlarar på Landeskogen. I går var det ein artikkel i Fædrelandsvennen av Lars Hollerud: Morfar, krigsseileren. Ettersom eg nyleg hadde skrive om dette emnet, måtte eg lese den.

I artikkelen fortel Lars Hollerud om morfar og mormor. Morfar var kaptein og under 2. verdskrigen vart han torpedert to gonger. Første gongen overlevde han, men 19. september 1941 vart skipet MT Barbro senka i Atlanterhavet. Det var fullasta med flybensin og gjekk i lufta. Alle omkom.

Lauritz Knutsen var frå Sandøya ved Brevik. Borghild var lærar på skule i Langangen då ho møtte han, og ho ville heller satse på han enn på den sjømannen ho alt var forlova med. Han som ho var forlova med, var på ein båt som låg i dokk i Buenos Aires i 1916. Bestemor Borghild kunne ikkje vente så lenge, så ho mønstra på som messepike etter å ha fått permisjon frå skulejobben og fått seg nødpass. Så seilte ho til Buenos Aires, fann han og slo opp. Deretter reiste ho heim og gifta seg med Lauritz Knutsen i Vennesla kyrkje i 1920. Dei fekk to døtre og 21 år saman, mange av dei åra var han sikkert borte også.

Det er nok mange på Sørlandet som har hatt foreldre eller besteforeldre til sjøs, men få han nok ei like dramatisk historie å fortelje til barn og barnebarn. Det skal vi vere takksame for.

Overraskande

I ettermiddag fekk vi overraskande besøk av Ove Berrefjord. Han var alt på Jåbekk då han ringde og spurte om vi var heime og om han kunne kome på besøk. Alle koronarestriksjonane var oppheva, men vi trong ikkje gå ut og feste, slik vi såg folk gjorde rundt om i landet. I staden sette vi kopp og asjett på bordet og serverte svele frå Holum.

Dei hadde Helge og Reidun skaffa då eg sov middag, om det var i dag eller i går, det skal eg ikkje skrive, for om eg skriv det eine og det er feil, så passar Reidun på å minne meg om det, eg er ikkje så oppteken av slike ting, så det blir fort feil. Men svelene fall i smak både hos meg og Ove, og praten gjekk lett. Vi har mange gode minne frå lang tid tilbake, så om vi ikkje møtest så ofte, er det likevel nok å snakke om.

Sjølvsagt måtte vi oppdatere kvarandre på korleis det stod til med barna våre. Ove hadde nyleg sendt dattera Anne til Mongolia, der ho skal vere eittåring i samarbeid med NLM. Håkon går på folkehøgskole der han driv med klatring og der skulen skal ha tur til Japan til våren. Våre barn er og spreidde rundt om, men ikkje så vidt som dei, Helge i Oslo (her under pandemien), Rønnaug i Nittedal, Margun på Sandøya ved Brevik og Sigmund på Valderøy.

Samtalen varte så lenge at det vart pizza også før Ove sette kursen heimover. Han er no i permisjon frå stillinga som kyrkjeverge i Lardal og arbeider som opplæringskonsulent i Søndagsskoleforbundet. I dag hadde han vore i Grimstad frikirke og hatt kurs for unge leiarar i søndagsskolen, 10-11 år gamle bare. Leiartreninga startar tidleg der, Framleis går 30.000 barn på søndagsskole, Søndagsskoleforbundet har 40 tilsette som jobbar over heile landet med å utruste leiarane sine for oppgåvene dei har. Dei utviklar materiell sentralt, har sekretærar i alle fylker og så nokre som reiser rundt for å inspirere og halde kurs.

Ettermiddagen vart til kveld før han tok på heimvegen. Men han likar å kjøre bil, og laurdagskvelden er det ikkje så stor trafikk, så det såg han ikkje mørkt på.

Guds velsigning over tenesta di, Ove.

Kan være et bilde av 1 person