Kategoriarkiv: Ymse

Feiaren kom

For nokre veker sidan kom feiaren og etterpå sende han brev om at vi hadde ein vedomn som ikkje var heilt god. Det er ikkje så rart, han har stått i huset sidan det var nytt og det er over 60 år sidan. Pipa var heller ikkje etter krava, så vi måtte gjere noko.

Eg ringte til Lyngdal fyringssentral, og i dag kom eigaren sjølv, Oddvin Lande, på besøk. Han er eldre enn omnen, fødd i 1949, men likar å arbeide sjølv om han har gitt firmaet over til sonen. Og så likte han å snakke, han fortalde endåtil om ein prestegard der presten hadde kontrakt med forpaktaren på 28 mål ved for å fyre opp eit gissent og trekkfullt hus.

No vil det nok gå litt tid før vi får ny omn, for folka hans hadde det travelt. Kan hende blir det julegåva vår i år. Veden måtte helst lagrast ute, Vår Herre gir best tørk. Men så kunne den godt takast inn eit par dagar og få romtemperatur før den blei brukt. Den nye omnen er konveksjonsomn som spreiar lufta rundt i romet i motsetning til ein stråleomn, der varmen strålar ut frå omnen, slik vår noverande om verkar.

Vi får bu oss på nye tider og spare litt så vi kan betale rekninga når ho kjem.

Kan være et bilde av 1 person og innendørs

Rebusar på K

I kveldens sending var det mange rebusar med løysing som begynte på K. Det førte ikkje til noko rush av innringarar, så det spørs om ikkje denne forma for program har utspelt si rolle.

Her er rebusane:

Rebusar frå Setesdølen tysdag

Ferdsel + fisk + sirkel = Trafikk sik ring
Kvinneleg matprodusent + retning = Kokke kurs
Rund mat + lang rekke = Kompe kø
Populær + reise + 7 dagar = Kul tur veke
Utgangspunkt + Norge = Kilde N
Del av fylke + ledelsen = Kommune styret
Reisande + kjøretøy = Turistbuss
Straum + tohjuling = el sykkel
Slett + rus = flat fyll
Det var bare tre personar som ringte inn: Tora Åkre Lund, Jan Helge Skår og Gyro Kopperud. Alle fekk premie.

Kulturvekerelatert

I kveld var sendinga i Valle Radio kulturvekerelatert. Mellom anna fekk vi høyre ein prat med Øyvind Jacob som etter at han vart pensjonist, har teke til med teikning og som skal ha utstilling i Sæbyggjen. Øyvind har allstødt teikna, men vore meir aktiv i dei siste åra og endåtil starta med maling for eit par år sidan.

I det ho kallar Timen hadd Siri Johannessen  også ein interessant prat med Kristin Brokke, som også stiller ut, men ho gjer det i atelieret sitt i Brokke.

Nina Skjellanger var ein ny stemme i Valle Radio. Ho kom til Valle for to år sidan som lærar på gullsmedlinja på Valle VGS og ho skal halde kurs i smiing, ikkje i stål, men i sølv, meiner eg det var. Smiing i stål krev både høgare temperatur og tyngre utstyr.

Før alt dette var Øystein Kikut gjest i studio. Han likar seg kanskje betre på pianokrakken, i kulturveka skal han framføre Jazz på svenska i Sæbyggjen sundagskvelden. Det flotte flygelet som før stod i Spelestoga er no flytta til Sæbyggjen.

Det blir meir om Kulturveka 2021 i radioen i morgon.

Til avisa

I dag sendte eg dette innlegget til Setesdølen om sendingane i Valle Radio denne veka:

Komande veke blir det mykje kulturvekestoff i Valle Radio. Det er ei rikhaldig kulturveke som også  radioen vil prøve å spegle. Alt tysdagskvelden vil vi få høyre Øyvind Jacob fortelje om kunsten sin, der mellom anna ugler står sentralt. Kristin Brokke driv også med kunst, ho tek imot i atelieret sitt i Brokke, men ho har anna tematikk og andre format. Det blir også eit innslag om smikurset som skal vere på den vidaregåande skulen. I tillegg kjem Øystein Kikut med eit musikkprogram.

Onsdagskvelden får vi møte middelalderstrikkaren Tommy Olsson som skal ha strikkekurs på Setesdalsmuseet for inntil 20 personar og Thor Gotaas som skal fortelje om loffarane på Hylestad soknehus, men som altså også blir med i eit mangfaldig program i Valle Radio.

Men eg skreiv ikkje at eg skal vere med Jorunn Lund Harstad i Opi sending onsdagskvelden om eg då ikkje blir slått ut av vaksinen mot korona som eg skal få for tredje gong i morgon.

Kulturveka i radioen

Kulturveka, som startar komande veke, vil også prege sendingane i Valle Radio. Her er programmet:

Tirsdag 12. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon
18.10 Andakt med mer med Gordon Tobiassen fra Ordet og Israel
18.30 Sang og musikk med m.a. Øystein Kikut
19.30 Ugler og mer til med Øyvind Jacob
Kristin Brokke åpner atelieret sitt
Smikurs på vgs: Nina Skjellanger vet mer
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 13. oktober

Ansvarlig: Siri Johannessen, telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland, tekniker: Liv Gunn Viki
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Magnus Berg (teknisk avd.)
20.00 Timen med middelalderstrikker Tommy Olsson, tre karer fra Bjoren Skogstjenester i Bygland, og forfatter og folkeminnegransker Thor Gotaas
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Harald Haugland – telefon 41 77 66 66!

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

 

Taco

Denne helga har vi besøk av Margunn og Stein, og då høvde det å ha taco i kveld. Det må helst vere fleire enn to for eit slikt måltid, tenkjer eg. Men no var vi fem, og då høvde det fint.

Før vi kom så langt, hadde Margunn og Stein vore ein tur i Mandal og leita etter blå vaser på NLM Gjenbruk og på gjenbruksbutikken til kyrkja i Bryggegata. Vasen fann dei hos NLM. Om eg hadde vore med, hadde eg nok sett etter brukte bøker, men eg var ikkje med, eg tok meg ein formiddagslur i staden.

Medan eg sov, drøymde eg heil novelle, den tenkte eg at eg måtte hugse når eg vakna, det gjorde eg også til eg kom opp av senga, då var den borte. Slik er det ofte med draumar, dei blir borte før ein veit ordet av det.

Men eit taco-måltid blir ikkje borte, særleg ikkje når det blir avslutta med Firkløverkake og kaffe. Då må ein nesten kvile litt etterpå. Men så var det quiz med spørsmål frå både Fævennen og Vårt Land, og på laurdagar har Vårt Land 60 spørsmål i tillegg til dei faste ti, så vi fekk verkeleg skjerpe dei små grå.

Vi tok også ein telefon til Valderøy for å høyre korleis Margaret og Sigmund hadde det. I dag var det fødselsdagen hennar, så eg reknar med at Sigmund var i LEGO-bygging-modus, men Margaret hadde hatt ein hyggeleg dag og venta storinnrykk i morgon.

Kan være et bilde av mat og innendørs

Lesekiosk

Biblioteket i Valle fyller på med bøker i den gamle telefonkiosken som står mellom det gamle kommunehuset og huset der Valle handel heldt til tidlegare. Då eg jobba i Valle, parkerte eg ofte like ved, og mest kvar dag biblioteket var ope, var eg innom på biblioteket for å ta ein prat med Lisbeth Dalquist Homme, som då var bibliotekar.

Om utlånet er stort frå lesekiosken, veit eg ikkje. Eigentleg er det ikkje tale om utlån, men om å ta med seg ei bok. Foreningen !Les fyller på slike kioskar første gongen, og så ser det lokale biblioteket til at det er eit visst utval av bøker ein kan ta med seg der.

Inne i det fine biblioteket i Sæbyggjen var det traller med bøker ein kunne kjøpe for ein tiar, men det vart ikkje til at eg kjøpte noko, eg har dessverre så alt for mange bøker.

Kan være et bilde av utendørs

Vegarbeid

Du verden som dei jobbar for å få Gul stripe til Hovden. På turen vår til Valle i dag ville eg sjå ved sjølvsyn det eg har høyrt og lese om i Setesdølen.

Eg tenkte å kjøre slik eg brukte medan eg jobba i Valle, då tok eg turen opp gjennom Mandalen og ned gjekk det Kristiansandsvegen til Vehus, og så over til Stokkeland i Songdalen, ned til Brennåsen og heim. Slik vart det også.

Men frå Evje og nordover var det mykje vegarbeid. Det starta med rundkjøringa ved utkjøringa frå Evjemoen. Den blir nok fin. Sidan var det mykje trafikklys og mykje arbeid i gang oppover. Det er kantane som skal bli breiare slik at risikoen for å treffe fjell om ein skulle hamne utfor vegen, vert mindre.

Kan være et bilde av natur, vei og tekst som sier 'Ved rodt lys stopp her'

Sjølv om det etter kvart vil kome sjølvkjørande bilar, vil det nok i dei næraste åra trengjast manuell styring, og då kan mangt og mykje distrahere slik at ein er uheldig.

Min bil har ein funksjon som gjer at han hyler når eg kjem på den gule stripa til Hovden eller på den kvite stripa på høgre sida, den går vel også til Hovden. Kva den gjer om eg kjem på den kvite stripa på venstre side av vegen har heldigvis ikkje prøvd ut, og eg vonar eg slepp å gjere det også.

Arbeidet synte at det er mykje stein langs vegen. Maskinar lyfta vekk tunge sprengningsmatter etter ein salve, svinga dei opp i lufta og la dei i vegkanten, og så var det å reinske vekk steinen. Eg reknar med at den vart kjørt til eit knuseverk ein stad og så kunne den kome tilbake som grus og fyllmasse etter kvart.

Og så lurer eg på om det var Kjell Ingolf som hadde snakka med Knut Arild Hareide om at Agder trong nokre millionar for å få ein betre veg for alle frå kysten som vil til Hovden på tur, dei reiser heile året, og mange ventar ikkje til fredag, men dreg oppover torsdag kveld. For då vi kjørte nedover, var det lange rekker med bilar som var på veg oppover.

På Evje var det Heilt Vilt denne veka, så vi tenkte at vi skulle handle nokre gode tilbod. Men Lars Kile hadde ikkje rett storleik, så handelen vart mager. Heidi Ose på Spisekroken hadde derimot rette godsaker, så lunsjen vart både grov og fin sjølv om dokøen var lang.

 

Etter sauesjå 2021

Kveldens sending i Valle Radio var prega av Sauesjå 2021. Bare sjå programmet, der Ørnulf Hasla var programleiar og Torfinn Brokke teknikar:

Onsdag 6. oktober 2021

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad.
19.30 Kommunen informerer ved Else Margit Tveit, oppvekst.
20.00 Lokaltimen
Valle radio fekk kulturprisen.
Glimt frå årets Sauesjå Marknad.
21.00 Open sending med Kristin og Ørnulf.

Eg fekk ikkje med meg starten, eg kom inn på slutten av Else Margit Tveit sin halvtime med kommunal informasjon, ho hadde mykje på hjarta frå skulesektoren og spedde på med Bygdenytt for oktober.

Så var det lokaltimen, og dåfekk vi høyre om att frå då Valle Radio fekk kulturprisen. Så hadde Ørnulf ein prat med Leif Kvinlog først og meg etterpå om historia den første tida. Neste år er det 25 år sidan vi starta, så eg nytta høvet til å seie at vi burde lage ei bok om dei første 25 åra. Eg meinte også at Leonhard Jansen ville høve best til å skrive den.

Men så var det sauesjåmarknaden, og her hadde Ørnulf gjort ein god jobb med små intervju med utstillarane på sauesjået. Det var tenleg ver og mykje folk, så seljarane var nøgde med dagen. Desse intervjua tok lang tid, så klokka var mest 21.30 før det vart Opi sending. Eg hadde laga 12 spørsmål basert på gårsdagens Setesdølen, og dei kom halvvegs. Mellom intervjua var det plass til ein prat med Gunnar A. Helle på ferie i Alanya i Tyrkia og Else Gyro Rysstad om Hovdenrevyen. Så  vart klokka 22.30, så det var tid for å runde av, det er jo arbeidsdag i morgon, som Ørnulf sa.

 

 

 

Substans

Siri Johannessen sine program i Valle Radio har substans. Det gjeld både musikken og det talte ord. I kveld var eg med, eg skulle seie litt om historia til tysdagssendingane. Eg veit ikkje om det hadde så mykje substans, det vart vel helst spreidde minne etter innfallsmetoden. Men 25 år, som radioen feirar til neste år, burde i grunnen vere grunnlag for å dokumentere substans og god kvalitet i det som lyttarane har fått servert.

I Kvarteret fekk vi høyre  talen som Steinar Kyrvestad heldt då Valle Radio fekk kulturprisen. Ein slik tale skal ikkje vere for lang, så ordføraren fatta seg kort og nemde mest om dei siste åra, og særleg rollen radioen hadde ved 17. mai-feiringa dei to siste åra. Deretter kom ein ny andaktshaldar på lufta: Frank Vorhaug er forsamlingsleiar i Misjonshuset i Kristiansand og tidlegare misjonær. Det var også substans i hans forkynning.

Godt musikalsk skjøn og substans fekk vi både i sangtimen og i Postludium, det siste med to for meg heilt ukjende komponistar, der særleg den siste sin musikk fall godt i smaken min.

Før Siri tok telefonen til meg, snakka ho med Ingunn Røysland om basaren som skal vere på Flateland i Kulturveka. Det er ein misjonsbasar der linjene godt kan trekkast til kveldens andaktshaldar, som var misjonær i Tanzania, akkurat som Egil Grindland, som så ofte har vore på basaren i Oveinang i Kulturveka.

Substans over heile fjøla, spør du meg.