Kategoriarkiv: Ymse

Øystein Kikut

I kveld var Øystein Kikut i Valle Radio for å fortelje om konserten han skal i Sæbyggjen i samband med kulturveka. Då skal han spele Schubert og han kunne fortelje at Schubert har skrive 600 lieder. Alt som 17-åring hadde han skrive ein symfoni, ein opera, dessuten fleire klaververk, strykekvartettar og sangar,

Han fortalde også at Shubert var fattig i heile sitt korte liv, han vart bare 31 år. Mykje av musikken hans er skrive for små rom, han heldt huskonsertar for å skaffe seg litt pengar. Så konserten Øystein skal ha, høver godt i Sæbyggjen, det er jo ikkje ein stor konsertsal.

Øystein fortalde også litt om sin bakgrunn, han har studert på musikkhøgskolen i Oslo, men også i Wien, der Scubert levde. Han har spelt seg gjennom alle liederne Shubert skreiv, ikkje på CD, men på flygel. På CD konsentrerer han seg om all den andre musikken, akkurat som han tidlegare hadde einGrieg-periode, har han no ein Schubert-periode.

I sendinga i kveld hadde Siri også ein prat med pianisten i Agder Camerata, Erik Haugan Aasland frå Arendal. Der snakka dei mellom anna om klangen i rommet. Den endrar seg jo når det kjem mykje folk på konserten. Difor var det ikkje så lett å ha prøver i eit tomt rom for eit ensemble, for klangen blei heilt annleis når det kom folk.

Det er truleg ikkje så stort problem for ein pianist, så akkurat det kan nok Øystein tenkje mindre på når han førebur seg til den komande konserten.

Her er platecoveret frå plata Hrynhendt som Øystein, til høgre, gav ut saman med Bjørgulv Straume med musikk for munnharpe og piano:

Hrynhent.jpg

En stille dag

Dagen i dag har vært en stille dag for meg. Reidun måtte en tur til Mandal i formiddag, men jeg har holdt meg hjemme. Det var så fint vær i dag, og nå er høstfargene kommet for alvor.

Jeg så på Facebook at jeg hadde skiftet til vinterdekk denne dagen for noen år siden, men jeg har ikke gjort det ennå. Den gang var det viktig å ha vinterdekk for turen til Valle, men nå trenger jeg ikke ta slike hensyn. Men det er vel snart på tide å gjøre det, selv om jeg ikke kjører så mye som før.

Jeg hadde tenkt meg en tur på biblioteket. Alle bøkene om søstrene fra Sveits er utlest og jeg trenger noen nye framover. Trolig blir det noen flere av samme forfatter, Lucinda Riley skriver interessante historier.

Om det ikke var så travelt for meg, så hadde reidun en mer aktiv dag. Først fikk hun en purring om at hun ikke kom til en avtale i byen, men det var tannlegesekretæren som hadde skrevet feil på lappen hennes. Men så fikk hun en ny time i ettermiddag, og da rakk hun å strikke et par deler til en ny Setesdalsgenser før hun måtte av gårde.

Og så fikk hun en telefon fra kommunen, de skal lage sykkelsti utover langs Tregdeveien og trengteå endre vannledningen som går utover til oss. Det ville de gjøre ved å legge en midlertidig vannledning på overflaten over vår eiendom, så de lurte på om det var greitt for henne. Og hun er ikke vanskelig, vann må vi ha, så det ordnet seg uten problemer.

Men ellers har det vært en stille dag.

Nytt Norsk Salmeleksikon

For den som er glad i sang og særleg salmesang, er Nytt Norsk Salmeleksikon ei gullgruve. Der får ein vite om mykje og mangt for hymnologisk interesserte folk. Eg var så heldig å få den i jolegåve i fjor og sidan har den hatt ein plass ved sida mi her eg sit og skriv.

I dag har eg hatt ekstra mykje bruk for dette leksikonet, for eg har begynt å skrive litt om på Wikipedia om samiske tilhøve, det er månadens konkurranse i oktober. I salmeboka frå 2013 er det 60 salmer på samisk, så det er nok å ta av, og det kan vere interessant å få vite litt om både forfattarar og komponistar og sjå korleis kristen sang og musikk heng saman på Nordkalotten, for her får vi informasjon om folk frå både Norge, Sverige og Finland.

Kvar sundag klokka 10 finn eg fram til Svensk TV2, dei sender gudsteneste der. Eg gleder meg ikkje minst over den vakre sangen. I dag var det frå Alingsås i ei fin kyrkje frå 1600-talet. Eit fargerikt barnekor song først i gudstenesta, deretter kom eit kor som nok kunne liknast med det vi i Mandal kallar Da Capo, godt vaksne folk som song av hjartans lyst, før ein del av barna kom med i den siste sangen.

Når eg såg på det programmet, tenkte eg at NRK burde unne seg ei repris av programmet der ein song heile Salmeboka. Det kunne delast opp i faste halvtimes program og sendast til glede for alle som er glade i salmesang. Og det er ganske mange, det programmet var svært godt likt og hadde mange sjåarar då det gjekk. Og då kunne Nytt Norsk Salmeleksikon, som rett nok er ein murstein av ei bok,  også brukast for å få meir informasjon om det som vart framført.

 

Nytt norsk salmeleksikon

Lucinda Riley

Den siste tida har eg lese fem bøker av Lucinda Riley. Det er serien De syv søstre, og den har vore interessant. Kvar bok handlar om ei av søstrene som er adoptert av ein rik mann i Sveits. Dei veks opp saman og når han døyr, gir han dei i sitt testamente noko som kan hjelpe dei til å finne sine rette foreldre om dei ynskjer det.

I serien fylgjer vi kvar jente som hovudperson i kvar sin roman. Den første hamnar i Brasil, den andre i Norge, og så vidare. Det må ha vore gjord eit stort research-arbeid for å få til alt, for sjølv om det er romanar, er det mykje dokumentarisk stoff i bøkene.

Eg har ikkje slått opp særleg mykje om henne på nettet, men i dag gjorde eg eit lite søk og fann ut at ho har ei rekke andre bøker som er omsette til norsk. Til og med ei eiga heimeside på norsk fann eg. Av dette kan ein nok forstå at det er mange lesarar her i landet som har vore like fascinert av bøkene hennar som eg er.

Her er nokre andre bøker av henne:

Orkideens hemmelighet, 2010 Hothouse flower
Jenta på klippen, 2011 The girl on the cliff
Lavendelhagen, 2012 The light behind the window
Midnattsrosen 2014 Midnight rose
Den italienske jenta, 2014

Så når biblioteket opnar neste veke, må eg nok ta meg ein tur og sjå kva dei har der.

Opptur

I dag var det ein opptur att. I går var Setesdalswiki nede, det var jo ein nedtur. Men leksikonet kom opp att i kveldinga. I dag har eg likevel ikkje skrive noko der, i staden har eg hatt ein runde på Bokmåls-wikipedia. Der går det ein konkurranse om å skrive på artiklar som samiske tilhøve, og eg nytta høvet til å finne litt stoff og lage nokre artiklar der.

Ein av dei som eg skreiv om, var Adolf Steen. Han var kretssekretær i Kristiansand og var mange gonger i Setesdal og hadde møter. Kan hende blir det ein artikkel på Setesdalswiki også etter kvart.

Av og til er det interessant å skrive om litt andre tema enn dei eg er oppteken av til vanleg. Skriving er jo interessant, men eg skriv for det meste sakprosa. Å skrive skjønnlitterært, som til dømes Heivoll eller Knausgård hadde jo vore spennande. Ei natt eg låg og funderte på noko slikt, tenkte eg at eg ville skrive historia bak det vi les i Setesdølen, altså lage ein roman om avisa. Men då eg hadde sove på det, la eg tankane bort og kom til fornuft og forstand att.

Men å skrive om nokre av folka som har vore aktive i både kultur og kristenliv i sameland, det har vore ein opptur.

 

Nedtur

I dag tidleg fekk eg melding frå Helge som driftar Setesdalswiki frå Oslo om at nettstaden var nede og ikkje ville kome opp att før han kom heim frå jobb i kveld. Etter det eg skjøna måtte han få ny IP-adresse, men i kveldinga, om lag når Dagsrevyen tok til, var det i orden att.

Det er jo ein nedtur når slikt skjer. For meg var det ein ekstra nedtur, for eg hadde skrive inn overskriftene frå tysdagsavisa, men ikkje lagra dei, så nå må eg gjere jobben om att. Men no er eg heldigvis ferdig med å lese den bokserien eg har halde på med ei stund, så då vil eg truleg prioritere skriving noko høgare att.

Dagleg er det om lag 500 gjester innom på Setesdalswiki, men når sida er nede ein dag, blir det jo ein nedtur i besøkstallet. I dag når vi neppe 200.

Men ein kan ikkje fortvile over at slikt skjer, i staden får ein glede seg over at vi stort sett har nettstaden oppe og i funksjon 24/7 som det heiter. Så får vi finne inspirasjon til å skrive litt både om hendingar, folk og stader i tida som kjem. Då blir nedturen til ein opptur, tenkjer eg.

 

Improvisasjon kan løyse problem

I kveld hadde eg ansvar for sendinga i Valle Radio. Det er jo eit problem når eg sit i Mandal, teknikaren er i Valle og intervjuobjekta er spreidde rundt i Agder.

Først tenkte vi at det ville gå greitt å bruke Skype gjennom miksebordet i radioen, men etter ein time med prøving og feiling mått vi gi opp. I staden måtte vi improvisere og mobiltelefonen kunne kople saman inntil 25 samtalar. Her var det på langt nær så mange, så Ørnulf kopla saman meg og radioen sin telefon og dermed kunne det fungere, eg høyrde det eg skulle og det same gjorde intervjuobjekta og lyttarane.

Først snakka eg med Arne Thomassen, han blir første fylkesordføraren i Agder når fylkestinget konstituerer seg seinare i oktober. Han har vore Høgreordførar i Lillesand og vore med i politikken i over 20 år, men no gjekk han ut av kommunepolitikk og over i fylkespolitikken. Han er oppteken av at heile Agder må med, ikkje bare kysten. Sjølv har han hatt hytte på Hovden i 20 år, men ikkje akkurat no, men han er svært klar over at ein treng gul stripe til Hovden og engasjert i både E-18 og E-39.

Deretter var det Svein Arne Haugen sin tur. Han har vore leiar på Serviteur Bygland i mange år etter at han slutta som offiser i Forsvaret. Det var det som gjorde at han vart verande på Evje, sivilt engasjerte han seg i Otra IL fordi barna var aktive der. Når så Arbeiderpartiet gjorde eit godt valg og Høgre og Venstre ville ha samarbeid, gleder han seg til å ta fatt.

Så kom Inger Lise Lund Stulien på tråden etter at faren Ånund Lund hadde framført You rise me up. Ho var med i politikken i Åseral for ei tid tilbake, men hadde vore ute den siste perioden. Så sette Arbeiderpartiet henne på topp og gjorde eit godt valg, så no gleda ho seg til å ta fatt på politike  oppgåver, også dei som medførte at ho nok må på reisefot ein god del. Åseral er ein kraftkommune og arbeidet med å sikre at kommunen får behalde skattepengar er høgt prioritert.

Det er den også for Jon Rolf Næss, som vart attvald til ordførar i Bykle og som var siste intervjuobjektet mitt.

Og dermed var den politiske timen over og Opi sending med Jorunn og Kåre gjorde at eg kunne ta fri og takke for i kveld.

80 år

I kveld feira Evje og Hornnes bygdekvinnelag sitt 80-årsjubileum på Furuly. På førehand hadde Siri Johannessen laga eit intervju med Inger Juvastøl om laget. Der fekk vi vite litt både om historia og den planlagde festen der Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen deltok med sang og musikk og der Reidun Karlsen hadde eit innslag med litt om nåke. 

Laget vart altså stifta i 1939 og fekk jo ein trong start i og med at krigen kom. Inga Åneland var den første leiaren og til møtet i kveld hadde dei klart å finne fram ein plakat frå 1939 som dei stilte ut.

I programmet var det også ein prolog av Inger Juvastøl, ein bildekavalkade og ei god matøkt. I gamle dagar hadde laget rømmegrøt når dei skulle ha fest, men å røre opp så mykje grøt var tungt arbeid for eldre folk, så det vart servert smørbrød og kake i staden. I tillegg til eigne medlemmer var medlemmer i bondelag,  skogeigarlag og bygdekvinnelag frå Byremo inviterte. Heile festen var gratis, denne gongen ville laget bruke pengar på seg sjølv og ikkje på gode formål elles.

Men tidlegare hadde dei arrangert bygdedagar og fått gode inntekter som var gitt til mellom anna kyrkjelege formål, til dømes rullestolrampe, brudestol og konfirmantkappar. Men også 4H og Røde Kors hadde fått hjelp, alt til bygdas beste.

Ein spesiell innsats hadde dei også gjort for å redde Evje-bunaden. Dei hadde funne restar av ein slik bunad på Lauvland gard. Sigrid Odde hadde vore primus motor for dette. Evje-bunaden er enklare enn Åmli-bunaden, men mykje lik, sjølv om den har mindre sylv.

I programmet gjekk det ut ei etterlysing etter gamle bilder, om folk skulle ha noko, så ville laget vere takksam for å få ta kopiar. Men etter det eg kunne skjøne var medlemene få og oppe i åra, så om det ikkje kom nye folk med i laget, ville det nok bli lagt ned.

Vona var at feiringa av 80 år skulle få nokon til å kome og kanskje ta opp tråden slik at laget kunne halde fram. Det får vi sjå seinare.

Furuly:

Furuly flerbrukshus

 

 

Statsbudsjettet for 2020

I Statsbudsjettet 2020 er det visst bare eitt tiltak som er øyremerka for Setesdal. Det er Riksveg 9 Bjørnarå-Oftestøyl. Der heiter det:

Utbedringsstrekning rv. 9 Bjørneråa – Optestøyl, Bykle kommune
Delstrekningen Bjørneråa – Optestøyl i Bykle planlegges åpnet for trafikk i oktober 2019. Midlene for 2020 går til sluttføring av arbeidene med utbedring av delstrekningen og til å starte opp anleggsarbeidene på delstrekningen Besteland – Helle. Statens vegvesen fordeler midlene.

Det er altså sluttføring av prosjektet i Bykle og planlegging av delprosjektet mellom Helle og Besteland. Her har vegvesenet alt løyst ut bustader som må rivast, etter det eg har forstått. Det førte jo til at Mei Lin og Reidar måtte flytte.

Elles held satsinga på nytt fengsel i Agder fram, men om nokre pengar kjem til Evje, veit eg ikkje, kan hende er det alt fullfinansiert slik at det bare er utbygginga i Froland som no står att.

Elles er det nok mest satsing på kysten. Du kan lese meir om Agder i Statsbudsjettet på lenka nedanfor.

Statsbudsjettet 2020  

 

Hundre nye

Ein av Siri sine artiklar vart artikkel nr. 91 100, Postludium om Ahrend (og Brunzema). Artiklar knutta til Postludium handlar ofte om komponistar, men denne gongen handla det om orgelbyggarar. Artikkelen har fleire bilete av orgel som firaet har bygd, og Siri likar å skrive heile manuskriptet til det ho skal seie når ho presenterer postludium. Takk for at vi fekk den og dermed runda eit nytt tusental med ein kvalitetsartikkel. Vi brukte ein god månad på det, og går no i gang mot neste milepel.

SJølv har eg nok vore noko slapp i skrivinga i det siste. Eg har hatt ein periode der eg har lese ein del, og då blir det mindre tid til skriving. I grunnen er det først den siste tida eg har teke til å nytte meg av Mandal bibliotek. Då eg jobba i Valle, heldt jo vaksenopplæringa til i etasjen over biblioteket, så då vart det mykje meir lesing. Men eg er glad for å ha funne tilbake til både leselyst og leseglede, sjølv om skrivegleda har kome litt i bakgrunnen.

Likevel tenkjer eg at det bør vere råd å nå eit nytt hundretal før månaden er ute. Hausten er jo ei travel tid med mykje som hender i månadane fram mot jul, så det bør vere mykje å skrive om på Setesdalswiki  både for meg og andre skribentar i tida som kjem.

Her er eit bilete av Gloger-orgelet i Kongsberg kirke som Ahrend har restaurert: