Alle innlegg av Harald Haugland

Baptistar

Eg har vore på leiting etter boka Norges baptistar 100 år. Der kunne eg finne informasjon om De unges forlag, det var forlaget som mange av Lars Rustbøle sine bøker kom ut på.  I dag kom Elin Øhrn Kyllingstad innom med både den boka og 150-årsboka. Difor har eg lese så auga vart både stort og vått om eit lite kyrkjesamfunn i Norge som har gjort ein stor innsats i Kongo og som står i ein verdsvid samanhang.

Boka var lagt opp slik at det var stikkord om kva som hendte år for år. Sjølv har eg gode minne frå ungdomstida i baptistkyrkja på Ålgård. Den gamle kyrkja vart kalla Emmaus, men den vart for lita, så dei bygde seg ei ny, fin kyrkje som vel bare vart kalla Ålgård baptistkyrkje.

I boka fann eg mange namn eg hugsar frå år tilbake både på Ålgård og frå tida i Hadsel, og eg las også om veksten som kyrkjesamfunnet fekk då burmesiske flyktningar kom til Norge. Vi hadde jo nokre av dei då eg var lærar for flyktningar i Valle, og det vart etablert ein liten kyrkjelyd for baptistar i Valle/Bykle. Dei åra var kanskje av dei finaste minna eg og Øystein Berg har frå vaksenopplæringa, for dei var glade i å synge, så det var mykje sang dei åra. Dei vart jo også med i Valle familiekor og engasjerte seg lokalt.

Eg fann det et leita etter, på side 86 står det at De unges forlag vart stifta i 1929.

Skulle vore

Eg skulle vore litt meir produktiv på Setesdalswiki, tenkjer eg. Men det er ikkje så lett, for det er noko som må lesast først. Torsdagane er det fire aviser som ein skal gjennom, det tek si tid. Så må ein puste litt mellom slaga og ein må helst ta ein strekk også.

I dag har eg prøvd å få orden i tankane omkring ei bok om Misjonssambandet i Mandal. Der fann eg ut kva tid Misjonssalen Mandal vart bygd og fekk ein liten artikkel om det på Setesdalswiki. Men det er mykje meir å grunne på, så det går ikkje så fort som eg hadde tenkt. Det skulle vore lettare å finne ut slikt, eg må kan hende spørje Erik Kjebekk.

Eg fekk eit spørsmål om eg var interessert i 15 bøker av Lars Rustbøle, men det var eg ikkje, eg prøver jo heller å kvitte meg med bøker, og 15 romanar, det vart i meste laget. Det skulle vore lettare å sende bøker vidare.

Det kom litt regn i dag tidleg, men det var jo turr veg før Reidun skulle på bedehuset klokka 11. Pensjonistar klarar seg lenge utan regn, men bøndene og naturen hadde trengt ei rotbløyte, så det skulle vore regn også.

Det var så mykje det skulle vore….

Snøscooter med meir

Det er vel på tampen av snøscootersesongen for i år, men i kveld hadde Valle Radio fått Henry Viki i studio og Tom Handeland på telefonen for å ha ein scooterprat. Det var litt i kjølvatnet av Brokkedraget, konkurransen der ein kjører opp ein bakke på 101 meter. Dei raskaste klarte det på 6-7 sekund, så då går det unna.

På telefonen var også Vilde Homme med. Dette var eit opplegg i staden for open sending, og etterpå kom det ein kommentar: “dette var den korteste 1 time og ett kvarter jeg noen gang har vært med på” ? 

Samtalen gjekk sjølvsagt om konkurransen, men mest om gleda ved å kjøre snøscooter. Dei var også innom nytta i samband med redningsoppdrag, vi minnast rasulukka i Stavdalen for nokre år sidan.

Vi fekk også høyre nokre av songane frå plata som radioen gav ut i samband med snøscooter-NM på Åraksøyne.

Før dette hadde eg ein prat med Bykle-ordførar Jon Rolf Næss i Kommunen informerer. Der snakka vi både om vasskraft og manglande regn og om at han neppe kom til å stille til val neste gong, tre periodar kunne vel vere nok som ordførar.

Aktuell time handla om Evje folkehøgskole, der eg hadde rektor Aslak Brekke på tråden. Det var også eit intervju med teatersjefen på Kilden, Valborg Frøysnes, om teaterstykket Anne av Paal-Helge Haugen. Det har premiere i Valle fredagskvelden. Den samtalen var det Siri Johannessen som hadde, ho var teknikar i kveld og redda kvelden, for det var litt tekniske utfordringar denne gongen. Men alt i alt er eg godt nøgd med kvelden når det gjeld innhaldet. Det var både variert og for meg lærerikt.

 

Levande sending

Det vart ei levande sending i Valle Radio i kveld. Mange gonger må den ansvarleg bruke telefon eller sende noko som er teke opp på førehand, men i kveld var det ikkje slik. Det var bare kåseriet om kunnskap av Asbjørn Kvalbein som var frå Norea. Frå klokka 18.15 til sendinga vart avslutta, hadde Siri Johannessen med folk i studio.

Først ut var Martha Paulsen, ho hadde andakten. Saman med mannen hadde ho kome kjørande frå Rena til Valle i dag. Dei kjører bubil og kan stoppe der dei vil, og ferda på tvers av landet byr på mykje vakker natur. Dette gjekk og att i andakten.

Edgar Paulsen er musikar, han spelar både gitar og munnspel, og han rigga seg til i studio, og så fekk vi levande musikk også. Rett nok fekk han pause med musikk på boks midt i samtalen, men det fungerte svært godt å ha levande musikk.

Vi kunne ikkje få levande musikk i folkemusikktimen, Gunnar D. Ose er leiar i Setesdal Spelemannslag og først i samtalen var det naturleg å minnast Birgit Rike Lund, som no er gått bort. Deretter gjekk samtalen om mangt og mykje innan emnet, vi fekk mellom anna høyre at det til hausten kjem klassesett i feler til skulane i Bykle, Valle og Bygland. UNESCO-statusen forpliktar, dei unge må få opplæring om kulturarven skal førast vidare.

Til slutt kom Niklos K. Besteland med eit program der melodien Vater unser im Himmelreich var gjennomgangsmelodi og vi fekk høyre komposisjonar av Pachelbel, Kaufmann, Krebs og Reger før turen gjekk til Kyrkjebakken.

 

Pausen er slutt

Etter påskesendingane har det vore stille i Valle Radio. Men no er pausen slutt, og denne veka er det sendingar både tysdag og onsdag. Her er programma:

Tirsdag 3. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Andakt ved emissær Martha Paulsen
18.30 En mann underveis og hans gitar: Edgar Paulsen

19.30 Timen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 4. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
19.00 Andakt ved Odd Dubland
19.30 Bykle kommune informerer ved Jon Rolf Næss
20.00 Aktuell time om Evje folkehøgskole ved Aslak J. Brekke og teaterstykket Anne ved Valborg Frøysnes
21.00 Aktiv fritid ved Henri Viki

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Om du lurer på kven som vann snooker, som eg skreiv om i går, så var det Ronny O’Sullivan. Det vart endåtil omtalt på Kveldsnytt i kveld, det trur eg er første gongen NRK har sagt noko om snooker i ei nyheitsending.
Men no er det tilbake til meir normale dagar utan snooker før i august. Kan hende kan det bli litt skriving på Setesdalswiki att?

Snooker

Dei som kjenner meg, veit at eg likar å sjå på snooker på tv. I to veker har det no vore VM i snooker, og i morgon kjem avgjerda. Før var det visst slik at verdsmeisteren frå året før sat og venta på at dei andre skulle kvalifisere seg til å spele mot han, slik som Magnus Carlsen gjer i sjakk. Men no er det ei turnering der dei beste spelar mot kvarandre, så blir ein slått ut og ein går vidare.

Kven er så dei beste? Jo det er den som har tent mest. Målinga blir gjort i pund, dette er jo eit spel i Storbritannia. Det er ikkje så mange som er med frå Kontinentet. Her i Norge er det Kurt Maflin som er den beste snookerspelaren, men han kom ikkje med i VM denne gongen.

Eit år fekk eg som jolegåve av Rønnaug ei bok om min snooker-helt Ronnie O’Sullivan. Han er i finalen i år og spelar mot Judd Trump. Det heile ser eg på Eurosport. I ein slik kamp må dei gå ganske mykje rundt bordet, men eg trur ikkje det gjer så mykje, for dei er godt trente. Boka eg fekk handla om løpinga til Sullivan. Eg vart mest andpusten av å lese den.

Men å nyte snooker frå lenestolen, det er også ein kunst, og der er eg ganske god.

Kven ringer?

Når eg kviler middag, er telefonen min lydlaus. Av og til blir han lydlaus lenger enn det også, fordi eg gløymer å sette på lyden etterpå. Et tenkjer at eg ikkje er ein så veldig ettersøkt mann, så det må vel gå greitt.

Men så ringer ein når eg søv, og når eg vaknar og sjekkar telefonen, så er det eit ukjent nummer. Det mest fornuftige burde då vere å seie som mange andre: Om det var noko viktig, ringer nok vedkomande tilbake.

Men så er eg nysgjerrig og lurer på kven det var som ville ha tak i meg. Då kan eg google, og både 1880 og 1881 seier at dei kan hjelpe meg å finne Hvem ringer? Alle er på bokmål, det lyt eg tole, sjølv om eg meir og meir er gått over til å skrive nynorsk når eg sjølv kan velje tema.

På Setesdalswiki skriv eg nynorsk når eg skriv om emne frå dei indre bygder, men om eg skriv frå Mandal, kan det nok bli bokmål av og til. Vi er så nært til Danmark her sør.

Men når korkje 1880 eller 1881 kan hjelpe, så googlar eg nummeret også. Då seier det store orakel google at det nummeret er kjent for telefonsalg. Så då får eg vel slå meg til ro med at ettersom eg var i draumeland, så sparte eg pengar denne gongen. Pengar spart er pengar tent, heiter det. Men det er vel tvilsamt om det er inntektsskatt på ei slik inntening, og eg har ikkje papir på kor mykje eg tente heller.

Tynn bok

I dag bestilte eg ei bok på biblioteket i Mandal. Reidun skulle til Holum i gravferd og gjekk innom og henta boka etter at ho hadde vore der. Mandal misjonslag av Norsk Luthersk Misjonssamband 1890-1980, det var tittelen på boka.

Eg vart nok noko skuffa då ho kom heim med boka, for den var på 10 små sider. Foreninga i Mandal var aktiv i samband med oppstart av NLM og hadde etter det eit aktiv arbeid med mange utsendte misjonærar og mykje aktivitet i byen. Men det var bare nærast ei opplisting av arbeidet i boka.

Vi får likevel vite noko om misjonærar frå Mandal til Kina. Ludvik Johnsen og Henrik Seyffart var dei første, dei vart sende ut alt i 1891. Sidan kom doktor Olaf Olsen i 1923, Sigrunn Omestad i 1934, May Quist i 1936 og Dagny Nøding i 1939. Etter krigen reiste Petra Jåbæk til Kina og Borghild Lundeby til Japan og i 1961 reiste Ole Hallgrim og Kari Evjen Olsen til Tanzania.

 

Red Wing Seminary

Mange misjonærar frå Norge studerte teologi på Red Wing Seminary. Det har eg sett i ei bok om misjonærane til Kinamisjonen frå 1891 til 1941. Eg undra meg litt på kva dette var, og lurte på om Torbjørn Greipsland hadde noko å fortelje, han har jo skrive litt av kvart om utvandring og kristenliv i USA.

Vi fekk ein hyggeleg samtale i kveld, og han hadde eit bilde av seminaret i ei av bøkene sine, men sjølv om han hadde vore mange stader i USA, hadde han ikkje vore der. Torbjørn er jo frå Mandal, så vi snakka litt om at også misjonærar frå Mandal hadde studert der. Det var han ikkje klar over, så han fann det litt ekstra interessant og meinte at eg burde sjå i doktoravhandlinga til Olaf Golf, truleg hadde han skrive noko om det.

Medan vi snakka, laga Siri ein artikkel om dette colleget på Setesdalswiki. Ho hadde også funne bilde, så det vart ein fin artikkel om noko eg ikkje visste særleg mykje om, men som eg kjem til å finne meir om etter kvart. Ho hadde også lenke til artikkel på engelsk Wikipedia, der det også var omtalt nokre av dei som studerte der. På Setesdalswiki vil det etter kvart kome meir om folk som har studert på Red Wing College.

Gjertine Johnsen

Artikkelen om Gjertine Johnsen førte Setesdalswiki over ei ny grense. Det er nå 94 500 artikler på Setesdalswiki. I dag kunne vi også gratulerere nettstaden med 13 år. Det er smått utruleg at vi har halde på så lenge.

Målsettinga var i starten å skrive om smått og stort relatert til Setesdal. Etter kvart vart det også eit mål å skrive om kyrkje og kristenliv, det er eit område av samfunnet som ikkje er godt dekka av andre wiki-oppslagsverk. Difor finn du både predikantar, prestar og misjonærar blant mykje anna. Artikkelen som gav nytt rundt tal i dag er eit eksempel på det.

I dag høyrde eg på møtet i Regionrådet, det vart overført på Valle Radio. Eg tenkte eg kanskje ville få noko å skrive om på bloggen. Men i dag var det ikkje så mykje leksikalske fakta å få i det eg høyrde på, så eg prøvde å sjå i sakspapira. Men dei var på over 300 sider, så eg droppa det. Det er eit paradoks at eit råd av folk som ikkje har det som jobb å vere politikarar må lese så mykje for å lage sine vedtak.

Møtet i dag var i Bykle kommunestyresal. Eg burde hatt ein artikkel om den på Setesdalswiki, den er jo spesiell med sine mange måleri frå Bykle. Men den har eg ikkje fått laga enno.