Det vart ein svært god start på det nye året, for i dag runda vi eit nytt tusental, 96 000 artiklar på Setesdalswiki. Det var artikkelen om Olav Olsson Nomeland (1919) som Geir skreiv i dag. Som om ikkje det var nok, så skreiv Geir at han har lagt 5000 bilete på Setesdalswiki, så han har verkeleg gjort ein stor jobb for nettleksikonet. Han skriv også at han har lært mykje som han ikkje visste, og det kan eg skrive under på: Å skrive leksikon er ein læringsprosess der ein stadig kjem over ny kunnskap. Når ein kan dele den med andre, er det svært meiningsfullt.
Så er det slik at når ein held på med dette i hypertekst, det vil seie at ein kan lage lenker til andre artiklar i den artikkelen ein skriv, så blir det avstikkarar både hit og dit, så etter kvart har Setesdalswiki vakse langt ut over Setesdal sine grenser. Ettersom eg er svært interessert i kyrkje- og kristenliv, så har Setesdalswiki fått mange artiklar om denne delen av samfunnet. Der fyller vi eit rom som er viktig å skrive om, etter mi meining. No er det bare å halde fram mot nye mål. Det blir spennande å sjå kor langt vi kan nå før vi kjem til februar.