Foreldrelause artiklar

Som leksikon er Setesdalswiki best når det er lenker frå ein artikkel til ein annan. Då kan lesaren bruke dei og finne nytt stoff. Ikkje alltid er den nye artikkelen stor og omfattande, av og til er det også lenker til artiklar på Wikipedia, men det laga eg oftare før.

Når ein artikkel er foreldrelaus, er det ikkje kobling frå ein annan artikkel. Det er mange foreldrelause artiklar på Setesdalswiki, sjølv om eg prøver å unngå det. Mellom anna har vi datoartiklar for åra frå 1800 og framover der det ikkje ligg anna informasjon enn kva vekedag det var.

Det er også mange røde lenker. Det betyr at ein kan skrive artikkel om emnet, til dømes personen eller staden. Men ingen har gjort det til no. Det er mange hundre sike røde lenker, til dømes la eg inn alle prestane frå det som eg kalla Presteboka 1974. Den hadde over 2000 biografiar, og framleis er dei fleste røde.

Vi blir altså ikkje arbeidsledige med det første om vi bare skulle halde oss til prestebiografiar, Om vi klarar fem om dagen, vil det gå 400 dagar før alle er dekka. Og det er bare litt av alt det røde. Men vi held no på, det er godt å ha noko å halde på med for alle både i kalde vinterdagar og elles.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *