I kveld starta sendingane i Valle Radio på ein ny sesong. I ettermiddag fekk eg ein telefon frå Niklos K. Besteland som ville fortelje at han skulle ha Postludium nr. 500kveld. Det skulle innehalde tre versjonar av melodien Wie schön leuchtet der Morgenstern, den som på norsk heiter Av høyheten opprunnen er.
Niklos hadde planlagt ein versjon frå ei kantate av Bach sin forgjenger Johann Kuhnau, så ein orgelkoral av Bach sjølv før han avslutta med Bachs elev Johann Ludvig Krebs sin versjon.
Platesamlinga til Niklos er stor, han kunne sikkert spelt orgel- og kyrkjemusikk i timelange program kvar veke i fleire år utan å måtte ty til repriser. I kveld hadde han ei plate han hadde fått tilsendt av utøvaren, ein organist han møtte då tyskaren på 80-talet gjesta Grim kyrkje med konsert. Gjennom brev held Niklos kontakt med organistar han har møtt, mellom anna med å fortelje om programma i radioen og å leggje ved spelelister. Så kan han få plater som få andre i Norge har tilgang til og bruke dei i sendingane i Valle radio.
Stor takk til Niklos for innsatsen med 500 Postludium i Valle Radio.