-Du skriv ikkje så mykje på bloggen lenger, var ein kommentar eg fekk i dag. Og det er sant, eg har ikkje vore så flittig til å skrive i sommar. Før hadde eg ambisjon om å skrive kvar dag, men denne sommaren har ein slik ambisjon ikkje vore merkbar i hugen min.
Kva kan så grunnen vere til det?
Kan hende er det at eg har fått ein ny stol, og den er ikkje så komfortabel når eg skal skrive som den eg hadde tidlegare. Den høver godt til lesing og til å sjå på tv, men skriving krev litt meir aktivitet, og då kan eg ikkje lene meg tilbake i stolen.
Men takka vere Geir sin innsats, runda vi eit nytt hundretal på Setesdalswiki i går, så skrivinga der er ikkje heilt slutt, sjølv om det også der går seinare enn før. Når eg skal gjennom fem aviser dagleg, tek det si tid. Men kan hende vil aktiviteten auke noko når hausten no stundar til. Det er i alle fall å håpe. Eg har i grunnen planar om å lage ei slektsbok også etter at vi hadde slektsstevne i sommar, korleis det går, er eg nok noko usikker på. Men no kom det i det minste eit nytt innlegg på bloggen i kveld, så får vi sjå korleis det går.