Helsesjekk

Når ein kjem opp i åra, er det gjerne noko som hanglar og som legane vil kontrollere. I mange år har eg hatt slike kontrollar på sjukehuset i Kristiansand, og etter at eg vart pensjonist, har reidun gjerne vore med meg, ho er jo den næraste til å få vite kva som kan gjerast for at eg skal ha eit godt liv.

Slik var det også i dag, eg er så heldig at eg har privatsjåfør, dermed så slepp eg problemet med å finne parkeringsplass. Eg kan bare ta med meg stokken eg fekk etter å ha hatt andakt på Valle pensjonistforening sin stokkefest. Eg talte over Din kjepp og din stav, dei trøstar meg, og eg har mange gonger trøsta meg til stokken eg fekk dei seinare åra.

Gangane på sjukehuset i Kristiansand er sjukt lange, men eg tenkte at i dag klarar eg turen til luke 7, og det gjorde eg også, sjølv om eg trong ein stopp på vegen. I den gangen er det stolar ein kan setje seg ned i, og då gjekk det greit. Etter at ho hadde parkert, kom Reidun etter med pustemaskinen eg nyttar om natta, og så fylgde ho meg vidare på den rundgangen eg då måtte ut på. Alt gjekk i grunnen fint, og eg hadde gledd meg til å kunne gå ut den snarvegen vi fann sist gong, men så ville legen ha eit bilete av lungene mine. Dermed måtte vi tilbake til i den lange gangen og inn i ein ny. Men bileta tok ikkje lang tid, og snart kunne eg nyte ein sjokoladecroissant i kafeteriaen før vi sette nasen heimover.

Vel heime putta eg nasen i maska og fekk ein forsinka skjønnhetssøvn, og det var godt. Her ser du maska i vinduet til venstre. Ho dekker munn og nase.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *