Grøt

Laurdag er som oftast grøt-dag her i huset, og i dag var det ikkje noko unntak. Men ulikt andre dagar var vi fem til bords, for Rønnaug, Lars og Nikolai svinga inn i høveleg tid til grøten. Dei skal ha to veker ferie her i sommar, men resten av ferien sparar dei til hausten og reiser til Sør-Afrika for å vere med på skule-avslutning for Kristine.

Når vi har grøt, er det gjerne risgrøt og rømmegrøt på bordet. Klok av skade har eg lært meg å ta lite rømmegrøt, for om ein tek for mykje, seier det plutseleg stopp, og då klarar ein ikkje å få ned om så bare ei teskei etterpå. Magen vert mett lenge før auga.

Før folka frå Nittedal kom, hadde vi hatt mange timar med Tour de France. Kommentatorane snakka mykje om sidevinden som kom til å splitte feltet på Storebelt-broen, men når dei kom dit, sykla dei mest som ei samla gruppe utan nokon splitt. Dermed vart det spurtarane som kunne kjempe om å vinne.

Laurdag er det også ei god bunke aviser som ein skal gjennom, det tek si tid å lese både Lindesnes, Fævennen og Vårt Land. Veret heldt seg på opphald det meste av dagen, sjølv om det var utrygt for regn. Det er meldt regn til natta, men opphald att i morgon. Dermed får både naturen og feriefolka det dei treng.

 

Plutseleg

Eg hadde gått for å ta meg ein strekk då Reidun kom i døra: .Vi har besøk. Det var søster Solvor og mannen Gaute Rasmussen som var på tur. Dei hadde invitert heile storfamilien sin, det er 28 personar, på tur i Dyreparken sundag. Men når dei først reiste, ville dei jo ha ei heil helg, så dei skulle møtast på Skottevig Camping i dag.

I morgon skulle dei ha det hyggeleg på campingplassen, Solvor hadde med utstyr for å lage mat til alle, og så var det Dyreparken sundag før turen gjekk heimover att. Seinare i sommar skulle dei med Gann til Nordkapp, så dei fartar både i nord og sør.

Dei var bare innom ein halvtime, men det var hyggeleg å få besøk. Seinare fekk eg telefon frå søskenbarn Brit Obrestad på Varhaug og vi hadde ein lang drøs. Ho skulle til Hermon høgfjellsenter ei veke, men dei kom ikkje innom her, dei drog om Hardanger.

Slike små avbrekk krydrar kvardagen. I morgon kjem Rønnaug, Lars og Nikolai frå Nittedal på sommarbesøk, og seinare i juli er det Sigmund og familien frå Valderøy som vil besøk oss gamle her i sør.

Varmen dei siste dagane har slått meg ut, så eg orkar ikkje skrive på Setesdalswiki, men det kjem heldigvis litt friskare luft, og då må eg vel plutseleg få til nokre artiklar att.