Turn the Radio on

Ein av kveldens sangar i Valle Radio var Turn the Radio on. Det bør ein jo gjere på tysdagskveldane om ikkje stova er full av sommargjester. Her i huset har vi sommargjester, men eg har øyretelefonar og då kan eg dukke inn i mi eiga verd i alle fall av og til.

Dermed kan eg få med meg litt av Valle Radio, og i kveld var det jo interessant å høyre Terje Greibesland fortelje om Setesdal Biruter som ikkje fekk markere 100 år på grunn av korona. Dei skulle hatt med alle 300 tilsette til fest i Europa ein stad, eg hugsar ikkje kor. Men ikkje fekk dei det til i 2020, som var jubileumsåret, og heller ikkje året etter. Så no vart det bare ein festmiddag for dei. Men det er laga ei jubileumsbok, den hadde han akkurat fått frå trykkeriet, og den vil bli delt ut til alle som møter opp på Evje 13. august. Selskapet dekker no det meste av Agder etter å ha vunne anbod på kjøring. Dei har 500 bussar, men bare to lastebilar att, dei kjører varer til Evje og Hovden. Kostnadene til diesel og straum er store utfordringar i jubileumsåret, selskapet har så vidt begynt å bruke elektriske bussar. Og no må folk bruke setebelte i bussane.

Eg fekk også med meg innslaget frå speidarane frå Bykle og Hylestad som hadde vore på leir på Forsand og opplevd regn der dei vakna med fleire centimeter vatn i telta, for dei hadde leirplass i ei grop der vatn frå høgare plassar samla seg. Det vert nok eit morosamt minne, sjølv om det var tøft då det stod på.

Guds gylne fuglerede

I dag har eg brukt litt tid på boka Guds gylne fuglerede av Harald Stene Dehlin. Han var journalist i Aftenposten i mange år og eg hadde gleda av å møte han den gongen eg var redaktør av Fiskerens Venn. Han hadde bakgrunn som predikant i Indremisjonsselskapet før han vart journalist, så han var vel kjent med kyrkje- og kristenliv. Dette saman med kulturstoff var områda hans i avisa også. Det vil nok kome ein artikkel om boka på Setesdalswiki etter kvart.

Guds gylne fuglerede er eit bilde på dei mange ulike kyrkjesamfunn som finst. Eit bilde av Gud er at han samlar sine barn som ei hønemor samlar kyllingane under vengene sine. Harald Stene Dehlin har funne representantar og samtalar med dei: Gunnar Rørstrand, Einar Lundby, Peder Liland, Willis Säwe, Egil Hovland, Fredrik Wisløff, Chr. Svanholm og mange fleire.

I morgon er det sending i Valle Radio klokka 18. Ingen av personane som er omtalte i boka eg skreiv om, vil vere med der, men du kan litte til andre interessante folk om du leitar deg fram til sendinga.

 

Bilar, bussar og speidarar

Det blir noko for dei som er interesserte i bilar og bussar i Valle Radio komande veke, for tysdagskvelden snakkar Siri Johannessen med Terje Greibesland om Setesdals Bilruter og med Jan Olaf Rysstad om Setesdalstreffet for bilar over 30 år.

For byklarar og hylstringar vil det nok og vere interessant å høyre rapport frå landsleiren som speidarane er på. Ingen landsleir utan regnskyll, heller ikkje på Forsand, etter det eg har høyrt.

Denne veka blir det også onsdagssending. Då får vi vite meir om Heddisloptet som kom heim.

Her er programmet:

Tirsdag 12. juli
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri ved Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Oddvar Søvik
18.30 Folk og musikk med

Terje Greibesland fra Setesdals bilruter,
Rapport fra landsleiren ved Byklespeiderne,
Inger Lise Stuliens nye stabbur,

Jan Olaf Rysstad om Setesdalstreffet for biler over 30 år.

20.30 Postludium ved Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 13. juli

19.00 Feiringa av at Heddisloptet kom heim til Heddi i opptak.

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Minnedag

I det daglege tenkjer vi ikkje alltid så mykje på dei som budde her før oss. Men i dag, 9. juli, var fødselsdagen til Reidun sin far, Nikolai. Då vi oppdaga det, måtte vi minnast han.

Då Marit og Nikolai levde, kom det gjerne mange innom her denne dagen. I hagen kunne det vere ganske mange rundt bordet, og så var det mandalskringle til gjestene. Praten gjekk om laust og fast, slik den gjerne gjer når storfamilien samlast.

I dag hadde vi sjokoladekake. Den var ganske mektig, så eg klarte bare eitt stykke. Dermed var det litt att til Håkon, som kom i kveld og skal vere her den siste veka som Rønnaug og familien er saman med oss.

Om du ser nøye på bildet, vil du sjå Nikolai og Reidun på bildet som Lars held av sonen Nikolai sin oldefar.

Kan være et bilde av 1 person, mat og utendørs

Wikipedia-artikkel

I dag gjorde eg meg bruk av eit gammalt avisutklipp frå Vårt Land. Det var frå 23. mars 1998 og hadde ein liten nekrolog om ein ordførar på Voss. Ordførarar er godt stoff for Wikipedia, så eg tenkte at eg får prøve meg på ein artikkel der. Det er ikkje ofte eg gjer det, dei siste åra har det vore Setesdalswiki som har hatt fokus i skrivinga mi.

Artikkelen vart på knappe tusen teikn, men fekk med det viktigaste: Perioden han var ordførar, partiet hans, sivil jobb og fødselsdata. Men eg bør nok skrive meir der om eg skal kome inn i det att, for no var eg ganske rusten.

Wikipedia har fleire diskusjonssider for prinsippielle diskusjonar. Dei er kanskje litt avkorta i sommarvarmen, men mange meiningar om artiklar og korleis ein skal skrive, dukkar opp. Eg er ikkje så glad i å diskutere, så endåtil å lese diskusjonane er litt slitsamt. Men no har i det minste ein av dei mange ordførarane i lista over ordførarar i Voss fått ein liten artikkel. Det står att svært mange før den lista er komplett.

Det same avisutklippet hadde også ein nekrolog om ein prest eg har i prestelista på Setesdalswiki, så eg vil nok få ein artikkel der også etter kvart. Så gamle aviser og avisutklipp har ein nytteverdi når ein skal lage eit digitalt leksikon.

Besøk frå Setesdal

I kveld kom Niklos K. Besteland på besøk saman med Olav Føreland frå Søgne. Kvar sommar plar Niklos ta ein tur til Olav, som er firmenningen hans. Før dei kom til oss, hadde dei hatt ein aktiv dag med musikkandakt i Domkyrkja i Kristiansand klokka 11, så heim for noko mat. Etter det hadde dei lagt seg til å kvile middag og sove lenge. Det er nok varmen, den kan slå ut ein nordboar som ikkje lever med temperaturar godt oppe på 20-talet så ofte.

Dermed vart det kveld før dei kom til oss. Vi fekk oss ein hyggeleg prat. Niklos hadde kome til Søgne i går, men i morgon bar det heimover att. I dag hadde han også fått ein god prat med domorganisten i Kristiansand, dei hadde prata eit par timar saman etter lunsjkonserten. I går var det cruisebåt inne og over 100 på konserten, men i dag var det bare 20-25 tilhøyrarar.

I Høllen er det ein gjenbruksbutikk der Olav har vakt torsdagar, inntektene går til kyrkja si drift i Søgne. Han fortalde at han opplevde det meiningsfullt å vere med der. Før hadde han ansvar for bøker der, men no er han med utan ansvar.

Kaffe brødskive med nøkkelost og mandalskringle smakte godt og praten gjekk om mangt og mykje før dei tok vegen heimover.

Takk for besøket.

Avishaugen min

Kvar dag kjem det nye aviser. Eg les dei og tenkjer at eg bør skrive noko frå den Vårt Land, så den bør eg ta vare på. Så blir ho lagd i avishaugen min. Men det er ikkje sikkert at eg får skrive noko frå den avisa før neste kjem. Der er det også noko eg bør skrive om, så den kjem også i haugen.

Slik kan det ikkje vere, seier Reidun. Eg er heilt enig, men så var det å få skrive den avisa og kasta den. Det er lettare sagt enn gjort, ikkje minst når Tour de France er på TV kvar ettermiddag. Eg likar å sjå på dansk TV2, for der er det ikkje så mykje reklame som på norsk TV2, som sender rittet her i Norge.

Heldigvis er Reidun tolmodig. Skal du ikkje rydde i avisene til i morgon når Niklos kjem på besøk? spør ho. Eg trur han får tåle at eg har aviser her, seier eg. Han har også samlemani, om enn ikkje på aviser. Han samlar i staden på Programbladet. Men det kjem jo bare ein gong i veka.

Det er verre med aviser, men Fævennen, den samlar eg ikkje på. Heller ikkje Lindesnes avis. Men haugen veks likevel.

Bjørnsgard

I dag fekk Setesdalswiki ein særs verdifull artikkel etter mi meining. Den handla om bygningane på Bjørnsgard i Sørkedalen. Det var Anton Raabe. mannen bak Huldreheimen i Bykle som samla bygningane og dermed tok vare på verdifull kulturarv. Her samla han 19 svært gamle bygningar. Artikkelen har ei liste over alle. Bygga frå Setesdal er basert på eit hefte Olav M. Holen har gitt ut i år: Soga om Huldreheimen (2022). Dei andre er henta frå artikkel på Wikipedia på bokmål.

Sjølv tok eg meg på tak og skreiv inn overskriftene frå to aviser av Setesdølen. Eg fekk ikkje dagens avis, og måtte sende melding om det. Vonleg kjem ho i konvolutt om nokre dagar, Postverket er ikkje som dei var, men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves, heiter det jo.

Her er framsida på boka av Olav M. Holen:

Åpne bilde

Bygdebok

Bygdebok for Halse og Harkmark, bind 3 kom ut i dag. Vi hadde bestilt den, og Reidun reiste saman med Rønnaug og Lars Gustav til Risøbank, der lanseringa skulle vere. Der var det foredrag i samband med avslutninga av 100-årsjubileet for Mandal som by, så det var mykje folk samla. Men i varmen droppa dei foredraga og kom etter kvart heim med ei rykande fersk bok i stort format på over 500 sider.

Ettersom Skjernøy er med i boka, fann Reidun mykje interessant å lese. Her er litt av omtalen av boka frå Kulturetaten:

Forfatterne

Det er Paul Sveinall som har skrevet grunnmanuset til dette bindet, og som har tatt seg av historiefaglig veiledning i prosessen frem mot publisering.

Knut Lindseth har stått for oppdatering av slektsopplysninger og eiendomshistorikk de to siste tiårene, og han er også billedredaktør.

Håkon R. Sødal har vært redaktør og har sammen med Knut Lindseth bidratt med kulturhistoriske avsnitt knyttet til gårds- og personalhistorikken.

Prosjektleder
Kultursjef Alfred Solgaard er kommunens prosjektleder.

Om boken

Mange detaljer
Boken inneholder en enorm mengde historiske slektsopplysninger og er forsynt rikelig med billedstoff og småartikler. Det gis et fyldig bilde av kystfolkets historiske levemåte og innsats gjennom århundrene.

Hundre års ferd
De første initiativ til bygdehistorien for gamle Halse og Harkmark herred ble tatt for hundre år siden (1920-tallet). Det har altså vært en lang vei frem til dagens publisering. Mange lokale hjelpere har gjennom tidene bidratt med innsamling av informasjon, noe som har vært avgjørende for å sikre opplysningene og gi nærbilder av forholdene.

Bygdebok for Halse og Harkmark