Alt vi har vore med på

Når eg har ei stille stund her på Eskeland, kan eg tenke på alt eg har vore med på i åra som ligg bak. Eg kan også tenke på folk eg har møtt. Ein av dei var Nils Kåre Vedvik.

Då vi i 1976 skulle reise til Hadsel folkehøyskole på Stokmarknes, hadde skolen hatt få elevar. Vi engasjerte difor Nils Kåre Vedvik til å drive PR for skolen, og han laga intervju med meg som kom i mange aviser. Han laga også anna informasjonsmateriell, og smått om senn tok søknader om plass til å kome. Då vi starta i august, hadde vi 85 elevar og bare plass til 80, så elevar måtte bu på ledige rom i lærarbustader og skulen sine gjesterom.

Sidan har eg knapt hatt kontakt med med Nils Kåre, han var ein vandringsmann og reiste vidare. Han vart engasjert i Sjømannsmisjonen og var assistent i Brasil, han var også redaktør av Santalen og skreiv to bøker.

Nils Kåre var frå Måløy og brukte eit propert nynorsk. Når han ringte, presenterte han seg som Vyrde Vetvik, og det var mange som ikkje skjøna det han sa, og trudde vyrde var førenamnet hans.

Søk på nett synte at han døydde i 2017. Fred over Vyrde Vetvik sitt minne.

Sommaravslutning

Det er ikkje bare skulane som har sommaravslutningar i desse dagane. I dag var Reidun på sommaravslutning for kvinneforeninga ho er med i. Til vanleg møtest dei på Mandal bedehus, men i dag var dei på hytta til ei av kvinnene.

Sjølv om det kanskje er bare Reidun som er i 70-åra, dei andre har anten bikka over til 80 eller er nær ved å gjere det, set dei seg i bilen og kjører til hytta for å møtast. Dei har med seg mat kvar for seg, men komiteen held kaffemat og kaffe, så Reidun bakte kringle. Og når det regnar på presten, så dryp det på klokkaren. Eg fekk salat til middag og kringle, eg med.

Det er ikkje så triveleg å ete aleine, så eg tok meg eit kringlestykke, men salatmiddagen venta eg med til Reidun var heime att. Før det unna eg meg ein god formiddagslur mellom klokka 16.30 og 18.30, så gamle folk kan snu litt på døgeret for å få det til å passe med alle aktivitetane ein skal vere med på.

No er det pause i foreningslivet til august-september. I staden blir det nok litt kaffe på terrassen om nokon kjem innom og det ikkje er det stadige vinden som susar rundt huset. Då må vi nok flytte kaffistundene inn.

 

Statistikk

Vi har mellom 500 og 600 besøk dagleg på Setesdalswiki. I mai fekk vi høgaste totale besøkstalet for ein månad til no i 2022 med vel 17000 besøk. Talet på unike gjester var vel 10000, det er også det høgaste til no i år.

Når om lag 550 personar dagleg er innom nettstaden for å finne informasjon om Setesdal, syner det at det er eit behov for å formidle slik informasjon.

Ettersom eg bur i Mandal, er eg ikkje lenger så nær på det som skjer i Setesdal som eg var tidlegare. Men heldigvis er Geir Daasvatn tett på det som skjer og får med seg det meste. Dermed vert det leksikonartiklar om både folk og plassar. Han finn også lokale kjelder som det er vanskeleg for meg å få tak i. I dag fekk vi mange konfirmantlister for konfirmantar mange år tilbake i tid.

No startar juni, og i dag har det også vore over 500 innom. Sommartid er tid for aktivitet, mange kjem til Setesdal og vil vite noko om stader og det dei opplever. Vi skal gjere vårt beste for å formidle det på vår måte også gjennom sommaren.