Festkveld

Heile Norge fekk vere med på mykje av festen for prinsesse Ingrid i høve 18-årsdagen hennar. Her i huset feira vi med PepsiMax der dei på slottet hadde anna godt i glassa. Vi hadde også mat tidlegare på kvelden, då med skinkegrateng. Kveite får vi ha til gode.

Torbjørn Greipsland var på besøk, han har skrive bøker om Kongen på kirkevei. Det slo meg at på denne festen var det lite kyrkjeleg nærvær, så langt eg fekk med meg. I går var visst preses biskop til stades.

Det vart sagt at prinsessa var godt kjent i landet, og ho har sikkert vore i Setesdal, i alla fall trur eg ho har setesdalsbunad. Om ho er godt kjent i geografien, er det viktig også å vere kjent i kulturen. Ein del av kulturen er den kristne kulturarven. Vi såg ikkje så mykje av den på slottet denne festkvelden.

Men så var det jo heller ikkje konfirmasjon, det var myndighetsdagen som vart feira.

Sogevandring

Laurdag er det sogevandring i Hylesdalen. Karin Bøe skreiv om vandringa på Facebook, og eg siterer hemningslaust:

SOGEVANDRING I HYLESDALEN ?
Laurdag 18.juni 2022 kl 11.00
I gamle dagar før postvegen kom rundt 1840-åra gjekk allmannvegen frå Valle og sørover til Åmli og oppover til Berg og så sørover Hylesdalen til Uppstad og så Nomeland i Hylestad. På denne turen vil vi gå denne strekninga mellom Berg og Uppstad omtrent der me trur den gjekk. I Hylesdalen er det fleire støyler, for Åmlingane, Bøane og Uppstadane.
Me vil møtast og parkerar på Uppstadtippen (A) kl 11.00. Så køyrer vi buss opp til bommen i Berg i Valle (B) og når alle er samla startar turen. Me er så heldige å få med oss Gjermund Bø som kjentmann og forteljar. Me går i roleg tempo, dei første 800 m til masta oppafor Svinevad (C) der allmannvegen begynner er oppoverbakke, deretter er det berre bortover og nedover, delvis på sti og myr. Ved støylen Rosshovden (D) vil me ha matpause og det er lurt å ha med mat og drikke. Siste etappe går vidare nedover, for det meste på grusveg, via Dalstøyl og til Uppstadtippen (A) der bilane våre står.
Turen frå Berg til Uppstad er ca 7km, det vil seie ca 4,5 km frå Berg til Rosshovden og ca 2,7 km til Uppstadtippen.
Turen kostar berre 50 kr (ikkje 100 kr som annonsert tidlegare!) og det er ingen påmelding.
Ved start vert det høve til å kjøpe årsskrifter, hefte om Flyvraket og medlemsskap i sogelaget.
Lurar du på noko kan du ringe mob 400 41 041 eller 913 63 159 eller send epost til uppstad@gmail.com
(Det kan kome endringar.)
A er start/parkering på Uppstadtippen
B er bommen i Berg
C er masta litt ovafor Svinevad der me starter å følge allmannvegen
D er støylen Rosshovden der me har matpause
A er me tilbake til Uppstadtippen og bilane.
Prikka line er allmannvegen.

Te Deum

I kveld hadde Niklos K. Besteland med seg eit særs vakkert verk i Postludium i Valle Radio. Te Deum av Georg Friedrich Handel, HWV 282. Her var det Alsfelder  vokalensemble og Concerto Polaco som framførte verket, dirigert av Domkantor Wolfgang Helbich i Bremen. Plata var Motette Ursina CD 11641 og verket varte om lag 16 minutt, så det var bare tid til eit lite orgelverk av Bach, BWV 539 Preludium og fuge i d-moll.

Handels verk hadde desse satsane:

  1. We praise thee, o God
  2. To thee all angers cry aloud
  3. The thee, Cherubim and Seraphim
  4. The glorious company
  5. When thou tookest upon thee
  6. We believe that thou shalt come to be/Day by day we magnify thee
  7. Vouchsafe, o Lord
  8. O Lord, in thee have I trusted

Sporlista henta eg frå https://www.allmusic.com/composition/te-deum-in-a-major-canticle-hwv-282-mc0002475238?1655243473741

Dette stykket kan du høyre sjølv om du gjekk glipp av sendinga i Valle Radio, for det kan du finne på nettet.

Om vandring

Når du høyrer på Valle Radio i morgon kveld, kan du få vite meir om vandring i Hylesdalen. Knut Olav Uppstad er godt kjent der og vil nok dele litt av kvart med lyttarane.

Snart er det tid for sentrumsfrukost att, då får ein håpe at det blir godt ver, for vandring rundt sentrumsfrukostbordet i regn er mykje mindre triveleg enn når det bare yrer av folk. Men Elisabeth Spockeli er optimist og får til det meste. No skal ho få  prisinformasjon på  drivstoff på mast nede ved Riksveg 9.

Du får også vite kva Kulturne er for noko. Det er det Inger Lise Stulien som skal fortelje om.

Og så kjem Niklos K. Besteland med Postludium i morgon. Han har med seg musikk av Bach og Händel.

Tirsdag 14. juni
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri ved Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Sverre Bøe
18.30 Sangtimen

19.30 Timen med Knut Olav Uppstad om sogelagsvandring i Hylesdalen, Elisabeth Spockeli om sentrumsfrokost i Valle og Inger Lise Stulien om årets Kulturné
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Fotball og drøs

Eg fekk ei melding frå Torbjørn Greipsland om han kunne kome til oss og sjå fotballkampen mellom Norge og Sverige i kveld. Det var han sjølvsagt velkomen til, akkurat som Siri var velkomen, sjølv om ho ikkje er så interessert i fotball. Ho måtte akseptere at kampen hadde førsteprioritet her i ettermiddag.

Særleg hyggeleg er det å sjå fotballkampar der laget du heiar på, vinn, og slik var det i kveld. Dermed vart det ein hyggeleg ettermiddag der også praten gjekk. Torbjørn og Siri hadde ikkje møtt kvarandre før, bare snakka i radioen om utvandring til USA.

I grunnen er det mange tema vi har hatt oppe i ulike program i Valle Radio. Utvandring til USA er eit av dei. Vi har hatt program om folk frå Valle og Bykle som reiste over. Noko av dette er også kome med på Setesdalswiki, men leksikonet kunne nok hatt meir slikt stoff.

No får vi sjå om det blir meir stoff etter kvart. Torbjørn var redaktør av Santalen, og eg bør vel få til ein artikkel om det bladet etter kvart.

Korkje Siri eller Torbjørn likar å bli fotograferte, så det vart ikkje noko bilde frå ei triveleg stund på Eskeland i kveld.

Dagen

-Kva funderer du på, spurte Reidun i ettermiddag.

-Eg tenkjer på at eg kanskje skulle abonnere på Dagen, svarte eg.

Grunnen var at i går fekk vi avisa Dagen i postkassen mens Fædrelandsvennen glimra med sitt fråvær. Den kom forresten i dag, både for fredag og laurdag, så det mangla ikkje lesestoff utover i timane før lunsj.

Avisa hadde eit stort intervju med Finn Jarle Sæle, han fylte 75 år i går. Avisa hadde også eit bilde av han saman med Odd Sverre Hove og noverande redaktør Vebjørn Selbekk. Det var også ein god del anna interessant stoff i avisa, som heilt klart er ulik Vårt Land.

Då eg var redaktør i Fiskerens Venn i Bergen frå 1972 til 1976, var eg ofte innom i Dagen i Skostredet om kvelden og fekk med meg avisa for neste dag. Men då vi flytta til Stokmarknes, var det Vårt Land som vart den kristne dagsavisa avisa vår, og sidan har vi halde den.

Det blir mykje papir med så mange aviser, men kan hende skulle eg prøve ein periode i det minste.

5 plenar

Det er godt å ha ein dreng som slår plenane våre. Vi har 5 plenar, sa eg til bror min i kveld. Han bur på Ålgård og har ein plen. Den har han ein robotklyppar som putlar og går og klypper, men no var det problem. Strengen som roboten skal gå innanfor, hadde blitt kutta, så i morgon måtte han fikse den.

Og så skulle han kjøre bort eit lass med masse han bytter ut. Men tilhengaren var litt liten, så det gjekk litt seint å få gjennomført prosjektet. Slik er det når ein bur i byen, Ålgård er jo blitt by, etter det eg har høyrt.

Sjølv bur eg i bynære strok, Mandal er jo by, men 6 km utanfor sentrum er det temmeleg landleg. Det som før var små jordstykke der svigerfar hadde grønnsaker og poteter, er no blitt plenar. Om eg hadde hatt grøne fingrar, hadde det nok vore dyrka anna enn plen, men fingrane mine fungerer best på eit tastatur. Reidun sine fingrar er grøne nok, men ho rekk ikkje over alt, og så likar fingrane hennar strikkepinnar i tillegg.

Difor har vi ein dreng, ein nabogut som likar å kjøre plenklyppar. Han likar også å få lommepengar, så kombinasjonen er glimrande. Fem plenar, sa eg. Reidun seier 6, og når det gjeld tal, er det ho som har rett. Difor er det ho som også VIPPSar når jobben er gjort.

Paulus

Apostelen Paulus skreiv mange brev. Vi finn fleire av dei i Bibelen, både Romerbrevet, brev til kyrkjelyden i Korint, Efesus og Tessaloniki, mellom anna. I eit av dei skriv han at han hadde ein torn i kjødet. Kanskje var det ein augesjukdom han sleit med.

Ikkje veit eg kvifor den vesle blomen har fått namnet Pauli øye. Men han kan minne oss om det som Paulus fekk openberra: Guds kraft verkar gjennom det som er svakt og lite, ikkje gjennom det som er stolt og mektig.

Vi kan slite med mange sjukdomar og skavankar. Sjukehus er fulle og har kanskje ventelister for å få kome inn. Nokre tyr til naturmedisin for lindring. Det er ikkje lett å vere så trygg som Paulus når ein har det vondt.

Kanskje kan Pauli øye minne oss om å  lære av det Paulus gjorde og takke for det gode vi har.

Kan være et bilde av blomst og innendørs

Kvardag att

No er det ikkje fleire ekstra raude dagar på kalenderen før 1. juledag, sa ein eller annan i radioen i dag. Pinsehelga er over, folk har hatt fine dagar i alle fall her sør, men no er det kvardag att.

For ein pensjonist betyr det vel ikkje så mykje, vi skal ikkje på jobb i morgon, men det betyr jo at det kjem aviser og at ein kan ta ein tur på butikken om det er noko som manglar i skapet.

I går var det gudsteneste frå Lura kirke i Sandnes. Teksten handla om å kjenne Jesu røyst, og det illustrerte presten godt ved å syne til eit eksempel frå den tida då det bare var ein radiokanal. Kanalverten då var Svanhild Mundheim, alle kjende røysta hennar. Presten Øyvind S. Alsaker fortalde om ein gong ho var i sjømannskyrkja i Brüssel der han var prest på 1980-talet, og då ho skulle vere tekstlesar. Då ho opna munnen, kjende alle røysta hennar.

Seinare kunne vi som er interesserte i sport glede oss over at Norge vann handball-EM for kvinner med Kathrine Lunde som ein levande vegg i mål, at Norge vann fotballkamp mot Sverige, det er svææært lenge sidan sist og at ein norsk syklist vart nummer 2 i ein etappe i eit sykkelritt i Frankrike.

Men no er det kvardag att, så eg får nok prøve å skrive litt på Setesdalswiki i morgon om eg blir litt inspirert.

For mange

Mange av dykk som les bloggen, veit at eg likar aviser. I dag kom Lindesnes, Fædrelandsvennen, Vårt Land og Aftenposten i postkassen vår. Det vart for mange. Kvifor budet la Aftenposten i kassen, anar eg ikkje, for den abonnerer vi ikkje på. Men når den først kom, var det jo ei utfordring å lese den.

I dagens aviser er det også kryssord og sudoku. Reidun brukar å begynne, ho løyser først sudoku, og der går det nokså greitt å kome i mål. Men om ho ikkje klarar kryssorda, kastar ho avisa over til meg, og så blir det mi oppgåve å fullføre. Det gjekk i dag også med dei vanlege, men vi hoppa over Aftenposten der også.

Så sit vi her og les avisene. I dag kom nabo Elin på besøk og ho og Reidun hadde ein lang, god prat på terrassen. Det førte til at ho ikkje fekk med seg handballkampen, men kunne konstatere at Vipers vann då ho kom inn etter at kampen var slutt.

Vi hoppa over den lange konserten for å feire Dronning Elisabeth II sitt jubileum, men fekk med oss slutten med eit spektakulært lysshow før Kveldsnytt. Så var det bare å skrive blogg, og plutseleg var det tid for å publisere den. God pinse.