25 år

Det var interessant å høyre på Knut Birkeland i Valle Radio i kveld. Sjefen for Autoservice Evje snakka med Siri Johannessen om laust og fast i samband med at firmaet har 25-årsjubileum i år og markerer det denne veka. Dei ventar mange folk innom for å sjå på nye modellar av bilane, smake på jubileumskake og kanskje handle bil også.  Autoservice Evje er jo også å høyre i reklamane til radioen kvar gong vi er på lufta, så lyttarane er nok rimeleg godt kjende med at dette firmaet finst.

Troens menn er eit arbeid innan Norea Mediemisjon. Dei skal ha konferanse på Evjetun no i mai, og i samband med det snakka Siri også med Harald Endresen.

Her er litt informasjon:

Velkommen til tidenes første Troens Menn-konferanse i Norge.

Denne spesielle begivenheten finner sted på Evjetun Leirsted i vakre Setesdal 14.-15.mai. Du er velkommen, enten du kjenner til Troens Menn fra før av, eller dette er helt nytt for deg. Er du opptatt av rollen vi har som kristne menn i dagens samfunn, så er dette helga for deg. Det blir samling med europeiske ledere for  Troens Menn fredag 13. mai (Disse blir også med gjennom hele helga.) Vi får også med oss ingen ringere enn grunnleggeren og forfatteren av Troens Menn-bøkene, Lonnie Berger. Han vil undervise om sentrale tema for Troens Menn, blant annet mannsidentitet. Vi er overbevist om at dette blir sterk og god undervisning.

Du kan lese meir om det på Norea si side om Troens menn.

Omgang

Det var ikkje omgangssjuke, men likevel fekk eg meg ein omgang i dag. For då eg hadde hatt mine to skiver heimebakt brød og juice, kjente eg at magen ikkje likte det han hadde fått. Før frokost hadde eg hatt eit par glass skumma kulturmelk, og då kjende eg ikkje noko.

Heldigvis var ein tom isboks nær ved, så den fekk frukosten min i staden, så det gjekk ikkje ut over nokon andre enn meg sjølv. Men eg fann det lurast å finne senga att og prøve å sove det av meg. Seinare laga Reidun saftsuppe på havregryn, det har gjerne vore godt å starte med etter å ha gitt hals. Det gjekk bra, og så var det bare å sove vidare.

Med så mykje soving skulle ein tru eg var utsoven no, men det kjennest ikkje slik ut. Eg måtte gå i nynorskordboka og sjå kva den sa om ordet omgang. Her er svaret eg fekk:

omgang I

substantiv hankjønn 

Opphav

  • norrønt umgangr
  • av omgå

Tyding og bruk

    1. Døme

      • laget vann første omgangen
      • presidenten vart vald i andre omgangen
      • i siste omgang – til slutt og rest
    2. Døme

      • gje nokon ein omgang (juling)
      1. Døme

        • la støvlane få ein omgang skokrem
    3. Døme

      • leiarvervet gjekk på omgang blant medlemene
    4. Døme

      • strikke fem omgangar på rundpinne

Faste uttrykk

  • i første omgang
      • til å byrje med

Og så måtte eg slå opp omgangssjuke, sjølv om det ikkje var det eg hadde:

Tyding og bruk

    • kortvarig sjukdom som snøgt spreier seg frå person til person
    • farangepidemi

Ettersom Reidun ikkje fekk noko, var det altså ikkje ein farang.

Sjokoladekappleik

Komande veke er det eit program om sjokoladekappleik i Valle Radio. Det var nytt for meg, men eg tenkjer å lage sjokoladekappleik må høve godt i jobben med å få unge med på kappleik. Alle likar jo sjokolade, så om ein spelar ein liten slått og får sjokolade i premie, så får ein både scene-erfaring og deltakar-erfaring og løn for strevet.

Det blir sending i Valle Radio tysdagskvelden, men ikkje onsdag. Om det blir sjokolade til dei som kjem innom på Verksmoen i samband med at Autoservice Evje er 25 år, er vel ikkje sikkert, men ein prøvetur i ny bil eller brukt, det vil ein sikkert få.

Tirsdag 10. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri ved Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Svein Granerud
18.30 Timen med .m.a. Autoservice Evje 25 år – Knut Birkeland, og Troens menn –  Harald Endresen (Norea)

19.30 Musikk: Sjokoladekappleik med Nina Byttingsmyr, og litt annet
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Baptistar

Eg har vore på leiting etter boka Norges baptistar 100 år. Der kunne eg finne informasjon om De unges forlag, det var forlaget som mange av Lars Rustbøle sine bøker kom ut på.  I dag kom Elin Øhrn Kyllingstad innom med både den boka og 150-årsboka. Difor har eg lese så auga vart både stort og vått om eit lite kyrkjesamfunn i Norge som har gjort ein stor innsats i Kongo og som står i ein verdsvid samanhang.

Boka var lagt opp slik at det var stikkord om kva som hendte år for år. Sjølv har eg gode minne frå ungdomstida i baptistkyrkja på Ålgård. Den gamle kyrkja vart kalla Emmaus, men den vart for lita, så dei bygde seg ei ny, fin kyrkje som vel bare vart kalla Ålgård baptistkyrkje.

I boka fann eg mange namn eg hugsar frå år tilbake både på Ålgård og frå tida i Hadsel, og eg las også om veksten som kyrkjesamfunnet fekk då burmesiske flyktningar kom til Norge. Vi hadde jo nokre av dei då eg var lærar for flyktningar i Valle, og det vart etablert ein liten kyrkjelyd for baptistar i Valle/Bykle. Dei åra var kanskje av dei finaste minna eg og Øystein Berg har frå vaksenopplæringa, for dei var glade i å synge, så det var mykje sang dei åra. Dei vart jo også med i Valle familiekor og engasjerte seg lokalt.

Eg fann det et leita etter, på side 86 står det at De unges forlag vart stifta i 1929.

Skulle vore

Eg skulle vore litt meir produktiv på Setesdalswiki, tenkjer eg. Men det er ikkje så lett, for det er noko som må lesast først. Torsdagane er det fire aviser som ein skal gjennom, det tek si tid. Så må ein puste litt mellom slaga og ein må helst ta ein strekk også.

I dag har eg prøvd å få orden i tankane omkring ei bok om Misjonssambandet i Mandal. Der fann eg ut kva tid Misjonssalen Mandal vart bygd og fekk ein liten artikkel om det på Setesdalswiki. Men det er mykje meir å grunne på, så det går ikkje så fort som eg hadde tenkt. Det skulle vore lettare å finne ut slikt, eg må kan hende spørje Erik Kjebekk.

Eg fekk eit spørsmål om eg var interessert i 15 bøker av Lars Rustbøle, men det var eg ikkje, eg prøver jo heller å kvitte meg med bøker, og 15 romanar, det vart i meste laget. Det skulle vore lettare å sende bøker vidare.

Det kom litt regn i dag tidleg, men det var jo turr veg før Reidun skulle på bedehuset klokka 11. Pensjonistar klarar seg lenge utan regn, men bøndene og naturen hadde trengt ei rotbløyte, så det skulle vore regn også.

Det var så mykje det skulle vore….

Snøscooter med meir

Det er vel på tampen av snøscootersesongen for i år, men i kveld hadde Valle Radio fått Henry Viki i studio og Tom Handeland på telefonen for å ha ein scooterprat. Det var litt i kjølvatnet av Brokkedraget, konkurransen der ein kjører opp ein bakke på 101 meter. Dei raskaste klarte det på 6-7 sekund, så då går det unna.

På telefonen var også Vilde Homme med. Dette var eit opplegg i staden for open sending, og etterpå kom det ein kommentar: “dette var den korteste 1 time og ett kvarter jeg noen gang har vært med på” ? 

Samtalen gjekk sjølvsagt om konkurransen, men mest om gleda ved å kjøre snøscooter. Dei var også innom nytta i samband med redningsoppdrag, vi minnast rasulukka i Stavdalen for nokre år sidan.

Vi fekk også høyre nokre av songane frå plata som radioen gav ut i samband med snøscooter-NM på Åraksøyne.

Før dette hadde eg ein prat med Bykle-ordførar Jon Rolf Næss i Kommunen informerer. Der snakka vi både om vasskraft og manglande regn og om at han neppe kom til å stille til val neste gong, tre periodar kunne vel vere nok som ordførar.

Aktuell time handla om Evje folkehøgskole, der eg hadde rektor Aslak Brekke på tråden. Det var også eit intervju med teatersjefen på Kilden, Valborg Frøysnes, om teaterstykket Anne av Paal-Helge Haugen. Det har premiere i Valle fredagskvelden. Den samtalen var det Siri Johannessen som hadde, ho var teknikar i kveld og redda kvelden, for det var litt tekniske utfordringar denne gongen. Men alt i alt er eg godt nøgd med kvelden når det gjeld innhaldet. Det var både variert og for meg lærerikt.

 

Levande sending

Det vart ei levande sending i Valle Radio i kveld. Mange gonger må den ansvarleg bruke telefon eller sende noko som er teke opp på førehand, men i kveld var det ikkje slik. Det var bare kåseriet om kunnskap av Asbjørn Kvalbein som var frå Norea. Frå klokka 18.15 til sendinga vart avslutta, hadde Siri Johannessen med folk i studio.

Først ut var Martha Paulsen, ho hadde andakten. Saman med mannen hadde ho kome kjørande frå Rena til Valle i dag. Dei kjører bubil og kan stoppe der dei vil, og ferda på tvers av landet byr på mykje vakker natur. Dette gjekk og att i andakten.

Edgar Paulsen er musikar, han spelar både gitar og munnspel, og han rigga seg til i studio, og så fekk vi levande musikk også. Rett nok fekk han pause med musikk på boks midt i samtalen, men det fungerte svært godt å ha levande musikk.

Vi kunne ikkje få levande musikk i folkemusikktimen, Gunnar D. Ose er leiar i Setesdal Spelemannslag og først i samtalen var det naturleg å minnast Birgit Rike Lund, som no er gått bort. Deretter gjekk samtalen om mangt og mykje innan emnet, vi fekk mellom anna høyre at det til hausten kjem klassesett i feler til skulane i Bykle, Valle og Bygland. UNESCO-statusen forpliktar, dei unge må få opplæring om kulturarven skal førast vidare.

Til slutt kom Niklos K. Besteland med eit program der melodien Vater unser im Himmelreich var gjennomgangsmelodi og vi fekk høyre komposisjonar av Pachelbel, Kaufmann, Krebs og Reger før turen gjekk til Kyrkjebakken.

 

Pausen er slutt

Etter påskesendingane har det vore stille i Valle Radio. Men no er pausen slutt, og denne veka er det sendingar både tysdag og onsdag. Her er programma:

Tirsdag 3. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Andakt ved emissær Martha Paulsen
18.30 En mann underveis og hans gitar: Edgar Paulsen

19.30 Timen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 4. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
19.00 Andakt ved Odd Dubland
19.30 Bykle kommune informerer ved Jon Rolf Næss
20.00 Aktuell time om Evje folkehøgskole ved Aslak J. Brekke og teaterstykket Anne ved Valborg Frøysnes
21.00 Aktiv fritid ved Henri Viki

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Om du lurer på kven som vann snooker, som eg skreiv om i går, så var det Ronny O’Sullivan. Det vart endåtil omtalt på Kveldsnytt i kveld, det trur eg er første gongen NRK har sagt noko om snooker i ei nyheitsending.
Men no er det tilbake til meir normale dagar utan snooker før i august. Kan hende kan det bli litt skriving på Setesdalswiki att?

Snooker

Dei som kjenner meg, veit at eg likar å sjå på snooker på tv. I to veker har det no vore VM i snooker, og i morgon kjem avgjerda. Før var det visst slik at verdsmeisteren frå året før sat og venta på at dei andre skulle kvalifisere seg til å spele mot han, slik som Magnus Carlsen gjer i sjakk. Men no er det ei turnering der dei beste spelar mot kvarandre, så blir ein slått ut og ein går vidare.

Kven er så dei beste? Jo det er den som har tent mest. Målinga blir gjort i pund, dette er jo eit spel i Storbritannia. Det er ikkje så mange som er med frå Kontinentet. Her i Norge er det Kurt Maflin som er den beste snookerspelaren, men han kom ikkje med i VM denne gongen.

Eit år fekk eg som jolegåve av Rønnaug ei bok om min snooker-helt Ronnie O’Sullivan. Han er i finalen i år og spelar mot Judd Trump. Det heile ser eg på Eurosport. I ein slik kamp må dei gå ganske mykje rundt bordet, men eg trur ikkje det gjer så mykje, for dei er godt trente. Boka eg fekk handla om løpinga til Sullivan. Eg vart mest andpusten av å lese den.

Men å nyte snooker frå lenestolen, det er også ein kunst, og der er eg ganske god.