Heimekjær

I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal. Dermed måtte eg skrive litt på Såpekassen, som er diskusjonsforumet på Setesdalswiki, men som det ikkje er nokon som diskuterer på. Her er innlegget eg skreiv:

I dag runda vi artikkel nr. 94 600. Det var ein artikkel Geir Daasvatn skreiv om kjærleiken til heimbygda Evje og Hornnes: Heimstaden er den finaste, uansett kor han er! Den er eit morosamt og lesverdig kåseri og slik vart det 500 artiklar på litt under fire månader. Vi held med det snittet med over 100 nye artiklar i månaden. No ser eg fram mot neste merke, kan hende vi klarar å halde farten vi har fått og nå nytt hundretal før jonsok. Men når det er «vår med ljose dagar, med lengting, liv og song» vil nok skrivelysta minke litt, så vi får sjå korleis det går. —Harald Haugland (diskusjon) 21. mai 2022 kl. 22:53 (CEST)

Sjølv vart eg inspirert av artikkelen i Setesdølen om at Åsetrallen fekk Åseral kommune sin kulturpris. Eg klarte å finne ei liste over alle som har fått den prisen, og då oppdaga eg til mi overrasking at eg ikkje hadde artiklar om andre enn nettopp Åsetrallen. Så her ligg det an til å få nokre fleire artiklar framover, om eg då finn noko stoff å byggje dei på.

Margunn i Vårt Land

I dag kunne eg lese intervju med Margunn i Vårt Land. Ho er biblioteksjef i Bamble og vart intervjua om alt som biblioteka låner ut. For det er jo ikkje bare bøker lenger, no låner dei ut alt mogleg. Her er lenke til intervjuet:

https://www.vl.no/kultur/2022/05/19/litteratur-hvor-ble-det-av-deg-i-alt-mylderet/?R=bqxLcPSjQy&subscriberState=valid&action=loggedin

Eg la ut den delen av artikkelen som handla om Margunn, det var bare litt av ein større artikkel. Laurdag fekk eg krav frå Vårt Land om å fjerne det eg hadde lagt ut, for eg hadde ikkje rett til å bruke stoffet. Det må eg jo akseptere, så difor sletta eg stoffet og la inn ei lenke til artikkelen i staden.

Margunn seier også at biblioteket ikkje må bli eit fagområde for alt – då endar det opp med å ikkje bli det for noko.

Eg låner no framleis bøker på Mandal bibliotek, og det har eg tenkt å gjere i åra som kjem også. Men eg kjem nok aldri til å låne ski eller telt eller primus på biblioteket. Dei som kjenner meg, veit nok kvifor.

 

 

Blomstertid

Det er flott når blomar dukkar opp av jorda, slik det heiter i sangen:

Blomster, hvite, gule, blå, titter opp av uren; nikker nå så blidt de små, etter vinterluren.

Ein annan sang som seier noko om dette og relaterer det til Guds skaparverk, er den svenske: Den blomstertid nå kommer.

  1. Den blomstertid nå kommer
    med lyst og glede stor,
    den kjære, lyse sommer
    da gress og grøde gror.
    Nå rører solens armer
    ved alt som før var dødt,
    de blide stråler varmer
    og alt på ny blir født.
  2. De fagre blomsterenger
    og åkrer rad på rad,
    de grønne urtesenger
    og trær som skyter blad,
    hver blomst, hver spire minner
    oss om å ta imot
    det lys som alltid skinner
    fra Gud, vår Skaper god.
  3. Vi hører fugler sjunge
    med herlig jubellyd!
    Skal ikke da vår tunge
    lovsynge Gud med fryd?
    Min sjel, opphøy Guds ære
    med lov og gledesang!
    Han vil oss nådig være
    som før så mang en gang.
  4. Gud signe årets grøde
    i alle verdens land!
    Gud gi oss daglig føde
    fra jord og hav og strand,
    og hjelp oss du å dele
    med andre det vi har,
    vårt liv, vår jord, det hele
    er ditt, vår Gud og Far!
  5. Du kjære Herre Kriste,
    du sol med klarest skinn,
    la hjerte-isen briste
    og smelte i vårt sinn!
    La dine budord følges,
    og mett oss med ditt ord,
    la nådens lys ei dølges
    for oss på denne jord!

Fin tale

I dag fekk eg talen som Lars Tarald Myrum heldt 17. mai i Valle. Du kan lese den på Setesdalswiki. Talen var så innhaldsrik at du vil nok finne noko å grunne på i den som du knapt fekk med deg om du var i salen eller høyrde den i radioen.

I kveld var det igjen sending i Valle Radio. Etter andakt ved Torleif Harstad frå arkivet var det den nye rådmannen som var med i Kommunen informerer. Vidar Homme var på veg saman med ordførar Steinar Kyrvestad frå Kristiansand til Valle, så samtalen gjekk på telefon. Dei snakka både både om saker til neste møte i kommunestyret og om å bli kjent med medarbeidarane når ein startar i ny jobb.

I det som vart kalla Ein litt lang time fekk vi høyre om teaterstykket Anne som hadde premiere i Valle tidlegare i mai. Det var ein interessant samtale mellom Paal-Helge Haugen og teatersjef Valborg Frøysnes og reaksjonar etter framsyninga. Deretter fekk vi høyre Ørnulf Hasla snakke med Birgit T. Nomeland om 2. verdskrigen. Det var eit opptak frå 2005. Det er gull i arkivet til Valle Radio.

Avslutninga var det Leif Kvinlog som stod for. Eg hugsa ikkje at han hadde countryhalvtime sjølv, så det var moro å høyre. Elles var det Leif som stod for innkjøp av plater til radioen, så han visste jo kva som var i hyllene.

Fin feiring

Eg er av dei som feirar nasjonaldagen i det stille. Som eg skreiv i går, eg er hemesitjar. Men litt feiring blir det med oppleving gjennom tv-ruta utover dagen. Svigerson Stein spelar i Brevik Musikkorps, og han tek det meir alvorleg, det vart over 22.000 skritt på folk i det korpset, så dei sit nok og kviler føtene når dagen er over.

Frå stolen min kopla eg meg opp på Valle Radio. Det var visst litt krøll med å få ut streaminga, men då eg opna i ny fane, gjekk det greitt. Dermed kunne eg høyre både intervju med 17. mai-general Torunn Charlotte Nyberg og mykje variert musikk fram mot talen for dagen. Lars Tarald Myrum har lova meg å få legge talen ut på Setesdalswiki når han har fått reinskrive den. Det var sjeldan flott å høyre Anna Slaby og pappa Slaby spele, men også sjarmerande korleis dei små deltok i underhaldninga med rim og regler. Vel fortent at dei mange som sytte for at programmet vart streama fekk blomar, både Jørund Georg, Kjetil Carolis, Ørnulf og Siri. Slik ga dei oss høve til å vere med i feiringa, anten vi var på heimen eller i fjoset og tok imot lam.

Gratulerer også til dei som fekk utviklingsstipend, Eivind Tanche-Larsen Knutsen og Aleksander Straum, som var i salen, og ein som ikkje kunne kome, men som var i Kristiansand, eg hugsar ikkje namnet på han. Så fekk vi både Skjoldmøyslaget på munnharpe og Bestelanden på hardingfele som kvittering frå Eivind.

Heimesitjar

I morgon er eg heimesitjar. Vi har ingen barnebarn nær oss, så for oss er ikkje samvær med barnebarn grunn til å ta oss ut på nasjonaldagen. Då vert vi heller heime og feirar med å sjå på TV og å høyre på Valle Radio.

Ja, for radioen har sending frå feiringa i morgon. I dag gjorde Siri Johannessen opptak slik at innslaga frå elevane skal kunne bli med i sendinga, og elles vil eg få høyre spennande innslag, slik det alltid er når radioen har sending.

Grunngjevinga for å gje Valle kommune sin kulturpris til Valle Radio, var mellom anna jobben som vart gjort i samband med 17. mai-feiringa under pandemien. Men også utan pandemi er det folk som vil ha glede av at det er sending i Valle Radio.

Nådeglimt

Frå radiogudstenesta i dag beit eg meg merke i ordet nådeglimt. Eg måtte skrive det ned og grunne litt på det. Det var prost Liv Berg Krohn-Hansen som talte og bortsett frå salma Det er navnet ditt jeg roper, er det ikkje mykje som sit att. Slik er det gjerne med tale, det svirrar forbi. Ein sang kan sitte lenger.

Når vi var i det filosofiske hjørnet kunne eg og Øystein av og til grunne på at konene våre heldt ut med oss. Eg trur nok at vi der og då hadde eit nådeglimt i andre etasje i det gamle kommunehuset i Valle. I den tida burmesiske flyktningar var hos oss, hadde vi det også når dei song for oss. Då merka vi at evangeliet om nåden i Jesus Kristus hadde funne veg til skogane nord i Myanmar så vel som til fjella i Norge og Setesdal.

Av og til prøver eg å skrive litt om prestar og misjonærar på Setesdalswiki. Der skal eg skrive leksikon, så der blir det lett nokså tørt stoff, men også der kan liv og teneste gje meg eit lite glimt av ein person som har stått i nådens teneste i livet og slik gitt nådeglimt til dei han eller ho møtte. Det såg eg også då eg siste veke las boka Det norske baptistsamfunn 150 år. Det var mange glimt av nåde som kom fram der.

Mange har også sunge om dette, men eg trur ikkje ordet nådeglimt er brukt i ein sang. Men sangen Som en strøm av nåde seier noko om det same:

Som en strøm av nåde,
kommer Herrens fred,
fra de høye berger
svulmende her ned.
Full og rik den alltid
fullere dog går,
dyp og klar den alltid
større dybder når.
Kor: Fred som kan bevare,
fred som overgår,
alle hjertets tanker
jeg hos Jesus får.
Fast til seg Han bandt
meg, med så dyrt et bånd,
alltid står jeg tegnet
i Hans høyre hånd.
Barnet hos sin Fader
nå kan hvile trygt,
uten trette tanker,
uten tvil og frykt.
Fra min Fader kommer
bare gode kår,
selv ved vintertiden
sommersol jeg får.
Han som helt har ofret
seg på Golgata,
glad mitt hjerte synger
høyt ett Halleluja.
Sangen er skriven av Francis Havergal. Melodi av James Mountain.

Kryssord

For nokre år sidan var eg glad i å løyse kryssord. Det stimulerte dei små grå når ein kunne gruble på nøkkelorda og sjå ulike former finne plass i rutenettet. Eg løyste sjeldan oppgåver der nøkkelorda var plasserte under kryssordet, eg likte best dei som har nøkkelordet ståande inne i sjølve oppgåva.

I seinare år har det helst vore Reidun som har løyst kryssord her i huset. Ho likar best sudoku, men når dei er løyste, går ho gjerne på kryssordet i tillegg. Då kan mi erfaring vere til hjelp når ho står fast, og saman fullfører vi då oppgåvene.

Kryssordet i A-magasinet går over to sider og det har vore greitt å hoppe over. Men i dag kom eg på at eg ville prøve det. Der var det mange ulike nøtter å prøve seg på. Under kryssordet er det fem spørsmål som er så lange at dei ikkje får plass inne i rutenettet. Men når eg fann ein støttebokstav eller to, kunne eg finne det rette ordet.

Eit spørsmål var om kva ein kunne kalle ein båt med fem par årer. Femkeiping var svaret, det er mange år sidan eg høyrde det ordet.

Eit anna spørsmål var å finne namnet på dei fem luftfartøya som var i drift frå 1910 til 1914, her var både passasjertal og distanse teke med. Eg visste ordet zeppeliner (bokmålsform),men ikkje at det bare var bygd fem slike.

Etter kvart klarte eg å finne løysingsordet som eg kan sende inn og kan hende vinne gåvekort på 500 kroner til bøker. Eg har frist til torsdag på å gjere det, men om eg vinn, det tvilar eg nok på.

Åremålsdag

I dag kunne Reidun feire åremålsdag. Ettersom det var litt rundare enn vanleg, vart det markering med både kringle og Ole Bulls ostekake. Så når eg i kveld skal skrive blogg, er eg litt stappmett, for når det regnar på presten, så dryp det på klokkaren, sa eit gamalt ordtak.

Etter at vi hadde hatt lunsj kom søster Bjørg, søskenbarn Unni med mannen Harald og nabo Jean på besøk og i kveldinga kom mi søster og hennar Ole Thorvald også innom. Dei hadde eit noko hektisk program, for dei kom frå besøk hos barn på Austlandet og skulle vidare til Rogaland i morgon for å feire mitt søskenbarn Brit sin dag. Det er blitt litt mange på rekke og rad i mai, men det passar i grunnen, for mai er månaden der vi går på rekke og rad, vi kallar det 17. mai-tog. Ein butikk-kjede har reklame for at vi kan kjøpe flagg for ei krone.

Sjølv om veret var fint, var det for mykje vind til at vi kunne sitte ute. Men det lauvast i li, regnet vi har fått, har gjort naturen grøn og fin til festdagane.

Når folk som ikkje møtest så ofte, kjem saman, blir det gjerne snakk om folk ein kjenner, har gått på skole saman med og slikt. Eg, som er utanfor slike opplevingar, klarar ikkje heilt å følgje med i alle krokvegar som samtalen går i, men eg gjer mitt beste for å henge med, sjølv om mine kommentarar ikkje blir så mange. Det gjer for så vidt ikkje noko heller.

Når folk er kome opp i vår alder, er nokre vener også å finne på kyrkjegarden. Samtalen gjekk om rådyra på Mandal kyrkjegard, dei likar jo godt å få nye roser når det har vore gravferd. Det var endåtil eit innslag om det på distriktsnytt i dag, og oppslag i lokalavisa Lindesnes.

Gode minne er verd å ta vare på. Takk til dykk som kom innom og de som sende helsingar på ulik måte. Det gjorde åremålsdagen rik og vel verd å minnast. Her er eit bilde av Reidun og Jean:

Kan være et bilde av 1 person og innendørs

Nynorsk

Etter kvart har det blitt til at eg for det meste skriv nynorsk på bloggen. Eg har hatt ein tanke om å skrive bokmål når eg skriv om lokale ting frå Mandal, for her er det bokmål som gjeld. Men elles ville eg helst skrive nynorsk på bloggen og gjerne også på Facebook.

Men der er det vanskelegare, for der er det ei bokmålsordliste som hjelper meg og foreslår kva eg skal skrive, og om eg ikkje passar på, så kan det kome litt av kvart ut av den hjelpa. Det har eg opplevd dei siste dagane i ein tråd på Facebook i samband med at Statens vegvesen la ut informasjon om stenging av vegen mellom Rotemo og Dalen. Den var på bokmål, noko som vart peika på av Hallvard Tveit Berg. Han meinte at nynorsk-kommunen Valle burde lagt ut informasjonen på nynorsk.

Men problemet var at informasjonen kom frå Arendal, og der kan dei nok ikkje nynorsk. Eg lurer forresten på om ikkje Statens vegvesen burde skrive på nynorsk til nynorsk-kommunar. Staten bør jo respektere målforma kommunen har vald.

Etter ein nærare sjekk i Lovdata ser eg at det stemmer. Så Statens vegvesen i Arendal bør tilsette ein person som kan nynorsk og som kan skrive breva som skal til Setesdal. Skilt som skal brukast i Setesdal bør også vere på nynorsk om lova skal følgjast.