Kogre

Å spele med pinnar der ein slepper dei ut over bordet og så skal fjerne dei utan at andre pinnar rører seg, det kalla vi heime å spele kogre. Men det er visst eit typisk jæruttrykk. Eg finn det ikkje i  Nynorskordboka heller.

Digitalt arkiv har eit bilde der uttrykket er brukt. Der er det pinnar slik eg hugsa dei frå barndommen, med ulik verdi skrive på toppen av pinnane.

Spel

Her i huset hadde vi frå gammalt eit spel utan spesielle toppar, men med fargar på pinnane. Det vart visst kalla Mikado. I dag kom det fram i ei av øktene og laga mykje moro for dei som var med. Som ein ser av bildet hadde det ikkje nytta for meg å vere med, eg skalv på handa og fekk eit uskarpt bilde.

Pizza

Heimelaga pizza er godt på mange måtar. Det er godt å ete, fyllet er slik ein ønskjer det, stykkene er også høvelege. I dag, då vi fekk huset fullt av folk, var det ekstra høveleg, for folk kom til litt ulike tider, og då kunne ein også tilpasse situasjonen.

Vi har altså fått påskegjester, og det var hyggeleg. Etter pizza var det quiz, laurdagsavisa var full av spørsmål og med mange til å svare, kunne vi dekke mange felt. Når det kom spørsmål om kva mannen til Batseba heitte, kunne dei som ikkje er så lærde innan Bibelsoge peike på Reidun og seie: Du har gått på Bibelskolen, og så kom svaret.

For ho gjekk på Bibelskolen i Oslo, det var der vi møtte kvarandre. Og sjølv om vi har hatt periodar der vi ikkje var på same staden, har vi halde saman sidan. Ein ny quiz kunne kanskje vere å spørje kva tid vi møtte kvarandre.

Det er mange som har møtt kvarandre på Bibelskolen i Staffeldts gate, der Indremisjonsselskapet heldt til i mange år. Sidan flytta dei bibelskolen til Grimstad. Mange har sikkert gode minner derifrå også.

Ein naturleg quiz i kveld må kanskje vere: Kven var lærar på bibelskolen og vart seinare biskop i Borg?

Klarer du det, kan du få det siste stykket pizza.

 

Gammal snop

Under litt rydding i dag dukka det opp gammal snop. Ein pose Bridgeblanding som gjekk ut på dato i april 2003 dukka opp. Då eg la bilde av den ut på Facebook, fekk eg ein kommentar om at eg nok ikkje var nokon godtemons. Den var det nok ikkje alle som kjenner meg, som var enig i.

Likevel tenkte eg at hadde den vore uopna så lenge, kunne den nok tole litt til, så eg let han ligge i fred. Til kaffi under Dagsrevyen hadde eg som vanleg eit stykke lefse og ei rute kokesjokolade.

I morgon får vi påskeinnrykk av folk som vil ha nokre dagar saman med oss på Eskeland. Vi har korkje hytte på fjellet eller i strandkanten, så vi held oss heime og tek påskedagane med ro. Men eg vil nok prøve å få med meg noko av påskebasaren i Valle Radio på skjærtorsdag og 1. påskedag. Der er det premiar for 100.000 kroner, ikkje 10.000, som det stod i Setesdølen. Kan hende kjem det eit gåvekort denne vegen også. Då må eg i alle fall sikre meg lodd.

Snopen i Valle Radio-skuffa får ikkje ligge i 20 år, den må kompletterast med jamne mellomrom, for utan kaffi eller te og litt snop er det vanskeleg å lage god radio.

Gratulerer

For ei tid tilbake fekk eg spørsmål frå Torbjørn Greipsland om å få mailadresse til Fædrelandsvennen. Det fekk han frå meg, og i dag skjøna eg kvifor han ville ha den. For i dag fylte han 80 år, men det stod ikkje noko i avisa om det. Han ville nok at dagen skulle passere i det stille og bare feirast med nær familie utan avbrot av mange telefonar.

Om det ikkje stod noko i avisa, så  stod det på Setesdalswiki. Der hadde eg denne lista:

Fødselsdager

Gratulerer med dagen til dykk, alle samen.

GPS

Når ein rotar i gamle papir, kan ein finne mykje rart. I dag kom Reidun med ein perm med papir eg hadde spart på frå 2003, der eg mellom anna hadde samla ein del artiklar frå studiet mitt i Norsk som andrespråk.

Ettersom eg no for lengst har teke eksamen, fått kompetansen godtgjort i høgare løn (apropos lønsforhandlingane som pågår no, der lærarane blir hakka på fordi dei kan få høgare lønn om dei tek meir utdanning, mens andre ikkje får det), så kunne eg jo kaste slike gamle papir.

Men så var det eit papir som ikkje handla om det, men som eg hadde teke vare på fordi det var ei tankevekkande historie frå Familie og medier:

Ein amerikansk turist var på tur gjennom Bayern og brukte GPS. Men han gløymde å sjå ut gjennom vinduet i tillegg til å kjøre på GPS. Han stolte fullt og fast på den heilt til han kjørte gjennom glassdøra og heilt inn i reolane på eit supermarked, forklarte han til politiet. Dersom han hadde plotta inn posisjonen til supermarkedet, der han skulle handle, så verka jo GPS-en. Men han burde jo brukt augo og funne ut at han var framme.

Og no er eg framme.

 

Stille

I kveld var det stille i Valle Radio. På Facebook-sida til radioen kunne eg lese:

Det blir ikkje sending denne veka, i staden forbereder vi oss til dei store påskesendingane skjærtorsdag og 1. påskedag. Meir info kjem etterkvart. Vi gleder oss!! ???????

Så eg fann fram ei bok og las i den i staden for å høyre på radio i kveld. Og så fekk eg bladet frå Norsk Lærerakademi, Servus, i posten. Det måtte jo og studerast. Dei fortel at dei skal legge om og bare ha to utgjevingar i året. Då blir det så sjeldan at ein mest gløymer det, tenkjer eg. Men no er det så lenge sidan eg studerte der, og så mykje er endra, at det gjer kanskje ikkje så mykje.

Dessverre gløymde eg å høyre på disputasen til Maren Stabel Tvedt i dag, eg hadde tenkt å gjere det då eg såg meldinga om at ho skulle disputere. Men eg kan jo gratulere henne her på bloggen.

Mandag 4. april 2022 kl. 10:00-14:00,
Kjølv Egelands hus/Zoom,
E-164.

Elever i videregående skole som opplever et lite støttende læringsmiljø, er mer tilbøyelige til å slutte på skolen. – Det er på tide vi anerkjenner at de ikke bare trenger å kjenne mestring, men også mening og tilhørighet i skolen, mener doktorgradsstudent ved Læringsmiljøsenteret.

Til hausten er det Rønnaug sin tur.

Misjonsalliansen

I dag fekk eg Misjonsalliansen Magasin 1/ 2022. I gamle dagar heitte det bladet Misjonsvennen og var nærast eit lite meldingsblad på 16 sider. No er det eit stort magasin på 68 sider, så det tek si tid å kome gjennom.

Denne gongen hadde det form som ei årsmelding og lista opp dei meir konkrete resultata av arbeidet. Organisasjonen hadde samarbeid med 36 lokale organisasjonar. 33800 menneske er med i grupper som arbeider for å endre lokalsamfunnet sitt, 17700 av desse var kvinner. Misjonsalliansen samarbeidde med 356 kyrkjer og 158 av dei hadde diakonale prosjekt i 2021.

Arbeidet til Misjonsalliansen finn ein i Filippinene, Sierra Leone, Etiopia, Equador, Liberia, Kambodsja, Vietnam og Bolivia. Kan hende er det fleire land også.

Då John Olav Larssen slutta i som generalsekretær i Den indre Sjømannsmisjon, vart han reisepredikant i Misjonsalliansen. Ein periode var eg også med i representantskapet i organisasjonen. Dei hadde alltid samling Kristi Himmelfartsdag med gudstenester i mange kyrkjer, og onsdagen før var det generalforsamling. Difor har eg lenge fylgd med i arbeidet til organisasjonen, sjølv om eg ikkje har vore aktiv. Mari Hovstad frå Grendi var misjonær for organisasjonen på Taiwan. Ho var sjukepleiar på eit hospital der i mange år. Det er litt rart å tenke på at organisasjonen ikkje lenger har arbeid der, det vart avslutta i 2015, for svært mange misjonsvenner fylgde med i arbeidet til mellom andre legemisjonæren Kristoffer Fotland.

Men tidene endrar seg også innan misjonen.

Epler og pærer

Epler og pærer, de vokser på tre/ Når de er modne, så faller de ned.

Slik song vi i ei vise eller ein leik då vi var små. Eg hugsar ikkje heilt samanhengen frå den gongen, men teksten dukka plutseleg opp att i kveld då eg skulle skrive bloggen. For i dag tidleg prøvde eg meg på ei pære, og den var steinhard og skulle ikkje ha falle ned.

Kor treet ho vaks på, var planta, er eg ikkje sikker på. For det var ingen merkelapp på kvar pære, så om eg skulle fått vite det, måtte eg nok gått på butikken og sett på kassen pæra låg i. Kan hende kom ho frå langt-vekk-i-stan og var hausta lenge før ho var moden, og så var planen at ho skulle modna på turen til meg.

Det gjer dei visst med bananar, dei blir visst hausta grøne. Bama-merkenamnet heitte visst Banan-Mathiesens bananmodneri i gamle dagar før det blei forkorta.

Av ein eller annan grunn må ikkje epler og pærer og bananar ligge saman i ei fruktskål på bordet inne, for eplene skiller ut ein gass som gjer at anna frukt fort blir dårleg, har eg høyrt. Og pærekart må modnast før han kan nytast.

Kan hende skulle eg heller spretta ein boks hermetiske pærer.

Eller himmelsk lapskaus (fruktcocktail) og piska litt krem til?

Orden

Det er ikkje så lett å halde orden i sysakene, men det er heller ikkje så lett å halde orden i avisene. Eg får Setesdølen tysdag og torsdag, dei er vel dei viktigaste, men Fædrelandsvennen og Vårt Land kjem kvar dag, og dei fyller jo ein del, og så er det noo eg må ha, må ha, må ta vare på. Så kjem jo Lindesnes også, men den er det Reidun som les mest i.

Setesdølen pakkar eg i boksar og tenkjer at eg skal skrive om folk som er omtalte der og lage artiklar på Setesdalswiki. Men så er ikkje skrivelysten like stor kvar dag, og så blir det røde lenker i fleng.

I dag hadde vi opprydding i dei 25 avisene som har kome ut til no i år. Dessverre er det ein del som skulle vore skrive om, som har falle ut. Difor har eg no bedt om hjelp, ikkje bare til å halde orden på dei, men også til å få skrive artiklar basert på røde lenker. Reidun skal gå gjennom avisene og samanlikne artiklane. Når det er røde lenker, skal ho sparke meg i gang til å skrive. Så vonar eg det vil verke.

Kan jeg få?

Det kjem eit tilforlateleg spørsmål frå ein eg har på vennelista mi: Kan jeg få telefonnummeret ditt? Uheldigvis har eg sett det spørsmålet før, då måtte Helge hjelpe lenge før problemet var løyst.

Då eg fekk spørsmålet i kveld, ringte eg til den som spurte og han kunne bekrefte at det var det same viruset som var ute og gjekk. Så no er det nok fleire som må levere inn maskinen for å bli kvitt problemet, tenkjer eg.

Eg har hatt andre dataproblem å slite med i dag. Når ein er tre kvart hundreår gammal (snart), er det ikkje så lett å lære nye ting. Eg skulle lage ei lydfil, lagre og sende den. Då måtte eg få hjelp av Helge igjen. Det enklaste hadde sikkert vore å bruke mobiltelefonen, men det fekk eg ikkje til.

Men eg er så heldig at eg, fordi eg av og til har program i Valle Radio, også har eit headset med mikrofon, så då kunne eg bruke den. Men ein kan jo ikkje vente at han skal stille opp kvar gong eg får problem, så anten må eg slutte å få problem, eller så må eg kunne løyse dei sjølv.

Eg hadde i grunnen tenkt å skrive litt på Setesdalswiki i kveld, men etter alle desse problema orka eg ikkje meir tankeverksemd i eit gamalt hovud. Så eg la heller ein kabal, men den krev jo også tankeverksemd, men heldigvis av ein annan art.

Eg trur ikkje eg har blitt narra aprilsnarr i år heller.

Mi søster Jorunn delte eit bilde av mormor Selma Hetland,  ho var fødd 1. april 1890 og døydde 20. februar 1975.

Kan være et bilde av 1 person