Hermundmedisin

Bror min, Hermund Haugland på Ålgård har klokkartru på aloe vera som medisin, eller rettare sagt, som kosttilskot. Ein shot med juice kvar morgon skal halde systemet i orden inne, og krem med aloe vera veit jo alle fungerer godt for hudpleie. Søstrene mine trur ikkje så mykje på det han hevdar, men eg har handla med han og funne at det fungerer for meg både utvortes og innvendig.

No var det tid for å handle att, og eg tok ein telefon for å få ny forsyning når svoger Gaute skal feire 70 årsdag i morgon. Sjølv har eg vald å ikkje reise, men søster min skal dit, og då kan ho ta det med sørover, og så får eg det når vi møtest ein gong nærare jul.

Eg lo litt og spurte om det ikkje var noko anna han ville selje meg, og då meinte han at eg godt kunne ha bruk for ei dusjsåpe også, så no får eg nok mjuk og skinande hud, plent som på TV-reklamen, sjølv om den ikkje handlar om aloe vera.

Min farfar var kremmar, han handla både med hus, han budde i fleire hus rundt om på Ålgård då far vaks opp, han handla også med hestar og var på marknad i Stavanger. Der hanla han også med klokker, bytte bort ei og fekk to tilbake, bytta bort dei og fekk tre tilbake og så vidare. Eg trur han hadde vona at son hans også skulle vere kremmar, men sjølv om han var god med tall og prøvde seg som handelsmann ein periode, likte han betre å vere lønnsmottakar og søndagsskolelærar enn å få løna si via handel. Handlegenet kom ikkje til meg heller, men Hermund har truleg fått litt av det, i alle fall får han meg til å kjøpe varene sine.

Sjølv vart eg lærar, det far min sikkert ønska å vere, men eg hadde nok likt betre å vere journalist og skrive sjølv enn å vere lærar og prøve å få andre til å skrive.. Men no har eg bloggen og kan skrive så mykje eg vil på den og på Setesdalswiki. Og når eg får min dose med Hermundmedisin, så fungerer det rimeleg godt.

Reiserekningar

Reiserekningar er ikkje enkelt, sjølv på Stortinget strevar dei med alt slikt som skal refunderast når valde folk har vore ute på valkamp eller andre reiser rundt om i landet. Om nokon betalar reisa for dei, må dei likevel oppgje det, for det skal dei skatte for, om dei betalar sjølv, skal dei få det att.

Men når reisa er innanfor ein ring på 40 km rundt Oslo, då skal dei ikkje få pengar om dei bur der og skal på møte på Stortinget, bur dei utanfor, kan dei få pendlarbustad, den er også fri. Ikkje rart at det må setjast ned eit utval for å sjå på sakene som har kome opp i det siste, for ein må minsta ha økonomiutdanning for å forstå dei mange reglane, og dei færraste på Stortinget har det. Problema finn ein visst i alle partia, dei stiller likt i så måte.

I kveld såg vi alvorlege menn og kvinner på TV, mange har mykje å tenke på og mange lurer sikkert på om dei har fått for mykje eller for lite refundert for reisene sine.

Reidun meiner at eg nok fekk for lite refundert for reisene mine då eg hadde høve til å skrive reiserekningar, for eg rota bort kvitteringane for bussreiser då eg brukte buss, og for ferjer då eg brukte ferje, så det var godt eg slutta med slikt. Ein prest eg kjende ba om å få eit fast beløp for alle reiser han gjorde, beløpet vart stipulert og så var både kommunen og han nøgde. Han gjekk sikkert i underskot, han og, men det fekk så vere, meinte han. -Eg kan ikkje tenke på kilometerstand og tenestebruk eller privat bruk når eg skal ut med dødsbodskap eller i sjelesorg eller på butikken eller fotballkamp eller kva det no er eg skal gjere, meinte han.

Sjølv er eg sjeleglad for at eg ikkje lenger skriv reiserekningar.

Flax

Eg vann eit Flax-lodd i kveld. Det var Valle Radio si Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som sikra meg loddet, og eg hadde ein lang prat med dei der vi prata om mangt og mykje, mellom anna om at det i desember blir feiring av at radioen vann Valle kommune sin  kulturpris. Det var ikkje flaks, radioen som snart har halde på i 25 år, er ein kulturinstitusjon, ikkje bare ein formidlar av nytt og aktuelt stoff frå kommunen.

Medietilsynet forlenga konsesjonen til å drive lokalradio på FM i dag: Konsesjonene for lokalradio på FM forlenges med fem nye år fra nyttår. – Kulturdepartementet har gitt Medietilsynet i oppdrag å forlenge konsesjonene. Formålet er å gi lokalradioene noe mer tid til å forberede overgangen til digitale sendinger, sier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

I sendinga i kveld var det ein lang prat med Tor Espen Helle om gleda ved å danse folkedans, med Ole Asbjørn Bergstøl om flyslepp i Bykle under krigen og med Tallak Hoslemo om årets jolemesse på Rysstad til inntekt for Misjonssambandet. Før pandemien kom det inn over 400.000 kroner på det arrangementet, med åresal, basar og loddsal på førehand. Siri Johannessen hadde også funne fram musikk av ho som skal synge under messa, Synnøve Aanensen frå Karmøy, og hovudtalar blir generalsekretæren i NLM, evjedølen Øyvind Åsland.

Norea Mediemisjon

Norea leverer stoff til Valle Radio sine tysdagssendingar og i kveld fekk vi høyre opptak frå eit møte på Nomeland bedehus og ei tankevekkande forteljing om situasjonen for kristne i Nord-Korea. Vi må be for dei kristne der, for dei blir verkeleg forfylgde for si tru. Norea støttar arbeidet som blir gjort med å sende radioprogram til landet, men dei må folk høyre i skjul.

Og så hadde Niklos K. Besteland eit orgelprogram, det var ikkje heilt etter min smak, er er nok meir glad i musikk frå eldre tider enn det han hadde med denne gongen.

18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri frå Norea ved Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakt frå Norea Mediemisjon ved Mona Sætre
18.30 Sangtime med viser, salmer og mer
19.30 Timen:
– Vallekalenderen 2022: Lisbeth D. Homme, Valle Bygdekvinnelag
– Då Norea var på Nomeland bedehus i oktober
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Siri har laga ei fyldig programside med oversyn over både innslag og musikk. Den finn du på Setesdalswiki.

Mandagstørke

Det er ikkje alltid så lett å finne noko å skrive om på ein mandag. Difor stod det lenge Ingenting skjer i Setesdal i dag på denne datoen. Eg baserer jo mykje av det eg skriv om på det som er avertert i Setesdølen, men det er jo ikkje alt som er avertert der.

Men så dukka det opp på Facebook at det var forfattarbesøk på Evje og Hornnes bibliotek, og då vart det plutseleg noko likevel. Det synte seg at Fartein Horgar var på tur for å presentere romanen Svart Babel for lesarar i Setesdal. Den er ein del av ein serie om Norges rolle som kolonistar og slaveeigarar i Dansk Vestindia og er det første skjønnlitterære verket  i Norge som løftar fram den mørke sida av seilskutetida.

Fartein Horgar vaks opp på Madagaskar og har slik sjølv erfaring med eit liv i ein annan kultur enn foreldrene. Det har vore skrive ein del om korleis misjonærbarn måtte flytte frå foreldra for å gå på skole, kanskje måtte bu på internat eller hjå framande og korleis dette påverka dei seinare. Mange måtte ofre mykje for foreldrene sitt misjonskall. Om det gjaldt han, veit eg ikkje, men eg lurer på om eg skal låne bøkene på biblioteket og lese litt om ei tid eg ikkje veit mykje om.

Engelsk overtar

Torbjørn Greipsland kommenterte det eg skreiv på torsdag på bloggen i eit innlegg på Facebook som eg deler her:
Engelsk overtar
Harald, bra at du på Setesdalswiki (bloggen) skrivert om at engelsk overtar mer og mer. Herr er et bidrag med utgangspunpunkt i noe utdanningsminister Ola Borten Moe sa til VG om at vi må ikke komme dit at norsk språk i høyere utdanning blir et særfenomen.
I det ville han nok ha støtte fra sin besteforeldre, Magnhild og Per Borten. I boken «Kongen slik vi kjenner ham» har jeg med et intervju med den tidligere statsminister Per Borten om da kong Olav, dronning Elizabeth og prins Philip var på besøk hjemme hos Magnhild og Per Borten i 1969.
Det var stor fest for dem på Britannia i Trondheim. I den forbindelse nevnte Borten den festen som ble holdt for kong Harald og dronning Sonja i Olavshallen i 1997 da de kongelige feiret sine 60-års dager. Prins Charles og andre utenlandske gjester var til stede.
– Hele programmet var på engelsk. Ikke noe annet land ville ha gjennomført et slikt arrangement på et fremmed språk, sa Magnhild og Per Borten.
At engelsk dominerer i enda større grad i dag, er det ingen tvil om. Jeg skulle nylig betale for parkering til et parkeringsselskap, og valgte norsk språk. Jo, det meste var på norsk, men «selvfølgelig» kom det også ord på engelsk. Og knapt kan man lese en sak i avisene ute at flere ord og kanskje også setninger er gjengitt på engelsk.
Jeg så for en tid tilbake et skilt ved et veikryss herr i landet der det stod «Park and Ride». Da er det vel bare å vente på at her kommer flott parkanlegg, andefarm og rideskole ?.
Det er ikke alltid lett å høre ordene i sangene som ulike kor synger. For mange er det enda verre når de synger på engelsk. Likevel synes noen det er helt flott de bruker engelsk. Som en sa: – Da får jeg anledning til å sjekke mobilen for siste nytt. Good night!

Fajansen

Fajansen på Figgjo er visst 80 år. Etter det eg les på Facebook var det ein stor reportasje i Aftenbladet om dette i dag.

Far begynte å jobbe på Fajansen ein gong på 1950-talet, og var på kontor der til han vart pensjonist. Ein gong fekk han eit ølkrus, men alle visste jo at far ikkje akkurat var nokon ølhund, for å seie det forsiktig, så dei laga ein spesiell dekor på det: Haugland, drikk melk, din lange stelk.

Det var mykje humor på arbeidsplassen i den tida, og far samla nokre av sogene frå fabrikken i eit par små bøker, Muntre minner. Kan hende eg skal prøve å finne dei og dele noko frå dei her på bloggen ein gong.

Sjølv hadde eg sommarjobb på Fajansen nokre år og skrubba og malte tankar innvendig så vel som pussa hotellporselen før det skulle glaserast. Også Reidun jobba litt på Fajansen då vi var nygifte, ho var i dekoren og sette bilder på gjenstander før dei skulle bli glaserte.

Framleis ser vi under koppar og fat når vi kjem på ein stad vi skal ha mat for å finne ut om dei er laga på Figgjo, det verkar som om Figgjo er gått i blodet vårt og blitt verande der, sjølv om vi nok også har servise frå andre produsentar også. Det har gjerne kome til hus ved eit uhell, trur eg. For helst skulle det vi hadde vere handla hos Johan i Buå, der fekk vi rabatt fordi far jobba i bedrifta.

Takk for dagen og livet

I kveld får Geir Daasvatn ordet på bloggen. Innlegget hentar eg frå Facebooksida hans, der han skreiv i dag:

Eg reknar meg som ganske ressurssterk, eg har eit ukueleg positivt syn på tilværet (håpar eg), eg er vant til og likar ein enkel levestil og treng ikkje så mykje for å vere glad og eg har verdas beste og vakraste kjærast for meg (eg håpar alle tykkjer nettopp deira kjærast er den aller beste!). Å vere uføretrygda er leit, men gir også ein slags fridom. Då eg begynte å tumle med desse tankane då eg stod opp, trengte eg ikkje å gå på jobb men kunne hive meg på sykkelen og kose meg med ein fin morgontur langs kjente vegar i heimbygda. Før regnet (snøen??) som er på veg dukkar opp. At fribeløpet eg kan tene på vanleg arbeid før trygda blir redusert truleg blir null frå 2022, kan eg leve med. Mitt «arbeid» er å skrive og lage bøker. Eg betaler alle utgifter sjølv. Når dei er trekte frå i inntektene, er nettoen heilt sikkert langt ned mot null uansett. Kanskje helst i minus ? Om straumprisen skulle bli heilt vill i åra som kjem, er det ein siste utveg å bytte ut det store og gamle huset heime med ein liten bustad. «Klimakrisa» som nokon meiner ikkje finst ser eg på som heilt reell og verkeleg farleg for oss menneske, om me ikkje tar grep om utviklinga dei neste tiåra. Men verknadane blir uansett truleg ikkje frykteleg dramatiske for oss her i Norge med det første. Me har både økonomiske føresetnadar og ein natur som gjer at me kan takle det som kjem rimeleg bra, vil eg tru. Det er mange, mange andre i verda som vil få mykje meir dramatisk endra liva sine til det verre enn oss. Når det gjeld avfolking og nedgangstider i Bygland og Valle, er eg heller ikkje så veldig bekymra. Seinast for eit par dagar sidan blei Margit Dale på Systog Dale i Valle tildelt ein høgthengande bedriftsutviklingspris frå Innovasjon Norge. Det er mange slike ressursterke og initiativrike menneske i Setesdal. Tenk bare på JA-mannen Knut H. Rysstad på Rysstad eller hotelldirektøren Bjørn Erling Auestad med alt hans pågangsmot. Det er sjølvsagt store utfordringar framføre både valldølane og byglendingane, og oss i E & H og Bykle også. Men menneska er den viktigaste ressursen i eit samfunn, og me har flust av dyktige folk som kan ta tak i situasjonen og drive bygdene våre framover saman med resten av oss innbyggarar. Eg føler meg viss på at Setesdal har ei framtid, og ei GOD framtid. Me må bare brette opp ermane og jobbe vidare med å forme ho!

Skriv norsk i akademia

I kveldens Debatten på NRK handla det om kva språk ein skulle skrive på i akademisk forfattarskap og at anglifiseringa grip om seg. Eg meiner at eg høyrde at 70% av mastergrads- og doktoravhandlingane er på engelsk. Dette har eg vore litt oppteken av og diskutert utan å nå fram med mitt syn.

Frå ein artikkel om dette på nrk.no siterer eg kva Åser Wetås, direktør i Språkrådet sa:

– Det er ikkje noko i vegen for at dei blir gode i engelsk. Utfordringa er at det er lite norskspråkleg innhald i spel, på YouTube og i store delar av kulturtilbodet som finst for dei unge, seier Wetås.

Ho meiner mangelen på norsk språk i underhaldninga fører til at det norske språket sin status blir svekka i dei aldersgruppene.

– Då opplever dei ikkje at norsk språk er noko ein kan ha det gøy med på fritida når ein speler og er med vener. Det er ikkje noko i vegen for å spele på norsk, men då må det finnast spel som er på norsk.

I Medietilsynet si undersøking frå 2020 kom det fram at 17 prosent av 9-18-åringane som spelar brukar mest norsk når dei spelar og at denne andelen går ned med alderen og er lågast blant 17-18-åringane. Blant dei brukar berre 11 prosent norsk når dei spelar.

Direktøren meiner det er viktig å ikkje skulde på borna for at dei brukar mykje engelsk og påpeiker at engelsk også påverkar språket på universiteta og høgskulane.

I den høgare utdanninga blir nærare 50 % av masteroppgåvene no skrivne på engelsk og mykje av undervisninga er også på engelsk.

– Det er viktig at ikkje blir eit språk som ein berre brukar når ein snakkar om det nære, kjære og tradisjonelle, medan alt som omhandlar modernitet. arbeidsliv og kultur og underhaldning er på engelsk. Norsk skal vere i bruk i alle samfunnsområde.

I januar kjem det ei ny språklov, som seier at Norsk skal vere samfunnsberande og vere hovudspråket i Noreg.

Det meste er sagt

Overskrifta i kveld er tittelen på revyen som Bygland Dramatke SeIskab har komande helg. Øyvind Jacob hadde ein samtale med Svein Kleivane i Valle Radio i kveld og der fortalde Svein at revyen var basert på tekstar han hadde laga i løpet av 40 år. Undertittelen var Ei alternativ bygdesoge, men om du vil på revyen, er det bare att nokre få billettar til laurdagsframsyninga i Kultursalen på Bygland. Svein skriv best når han får skrive sangar på melodien Jeg er havren, men i revyen varierer han og busikken står Runar Granheim for, ein ja-mann og ein sjeldan dyktig musikar, meinte Svein. Instruktør er Olav Grendstad, som også spelar i revyen og som har flytta til Bygland.

Den som lever etter mottoet Ingenting hastar og ingenting trong gjerast før neste dag, som Kim Rysstad siterte etter gofa Olav, ville altså ikkje få billett til revyen. I samtalen med Kim fortalde han at han skal ha konsert i Valle kyrkje 15. desember klokka 18 og at folk kunne tinge billettar på kimrysstad,no 

Eit anna innslag i kveldens sending var samtalen med Svein Inge Olsen. Han kjem til Sæbyggjen tirsdag 16. november klokka 17 der han vil presentere boka han har laga om gamlegofa Bjørgulv Myhola, mannen som køyrde med oksar og som vart kjendis og fotografert av turistar fårå heile landet når han var ute på vegen med køyreoksane sine. Men om han hadde vore innom på Frøysnes og fått seg ein tår med noko sterkt, ville ikkje oksene gå.

Det bør bli folksamt i Sæbyggjen neste tysdag, der kan ein også få kjøpt boka, endåtil med signatur.

Radiokvelden vart avslutta med eit eminent musikkprogram med Johs. Bjørkeli.

Då er vel det meste sagt.