Til avisa

I dag sendte eg dette innlegget til Setesdølen om sendingane i Valle Radio denne veka:

Komande veke blir det mykje kulturvekestoff i Valle Radio. Det er ei rikhaldig kulturveke som også  radioen vil prøve å spegle. Alt tysdagskvelden vil vi få høyre Øyvind Jacob fortelje om kunsten sin, der mellom anna ugler står sentralt. Kristin Brokke driv også med kunst, ho tek imot i atelieret sitt i Brokke, men ho har anna tematikk og andre format. Det blir også eit innslag om smikurset som skal vere på den vidaregåande skulen. I tillegg kjem Øystein Kikut med eit musikkprogram.

Onsdagskvelden får vi møte middelalderstrikkaren Tommy Olsson som skal ha strikkekurs på Setesdalsmuseet for inntil 20 personar og Thor Gotaas som skal fortelje om loffarane på Hylestad soknehus, men som altså også blir med i eit mangfaldig program i Valle Radio.

Men eg skreiv ikkje at eg skal vere med Jorunn Lund Harstad i Opi sending onsdagskvelden om eg då ikkje blir slått ut av vaksinen mot korona som eg skal få for tredje gong i morgon.

Kulturveka i radioen

Kulturveka, som startar komande veke, vil også prege sendingane i Valle Radio. Her er programmet:

Tirsdag 12. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon
18.10 Andakt med mer med Gordon Tobiassen fra Ordet og Israel
18.30 Sang og musikk med m.a. Øystein Kikut
19.30 Ugler og mer til med Øyvind Jacob
Kristin Brokke åpner atelieret sitt
Smikurs på vgs: Nina Skjellanger vet mer
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 13. oktober

Ansvarlig: Siri Johannessen, telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland, tekniker: Liv Gunn Viki
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Magnus Berg (teknisk avd.)
20.00 Timen med middelalderstrikker Tommy Olsson, tre karer fra Bjoren Skogstjenester i Bygland, og forfatter og folkeminnegransker Thor Gotaas
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Harald Haugland – telefon 41 77 66 66!

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

 

Taco

Denne helga har vi besøk av Margunn og Stein, og då høvde det å ha taco i kveld. Det må helst vere fleire enn to for eit slikt måltid, tenkjer eg. Men no var vi fem, og då høvde det fint.

Før vi kom så langt, hadde Margunn og Stein vore ein tur i Mandal og leita etter blå vaser på NLM Gjenbruk og på gjenbruksbutikken til kyrkja i Bryggegata. Vasen fann dei hos NLM. Om eg hadde vore med, hadde eg nok sett etter brukte bøker, men eg var ikkje med, eg tok meg ein formiddagslur i staden.

Medan eg sov, drøymde eg heil novelle, den tenkte eg at eg måtte hugse når eg vakna, det gjorde eg også til eg kom opp av senga, då var den borte. Slik er det ofte med draumar, dei blir borte før ein veit ordet av det.

Men eit taco-måltid blir ikkje borte, særleg ikkje når det blir avslutta med Firkløverkake og kaffe. Då må ein nesten kvile litt etterpå. Men så var det quiz med spørsmål frå både Fævennen og Vårt Land, og på laurdagar har Vårt Land 60 spørsmål i tillegg til dei faste ti, så vi fekk verkeleg skjerpe dei små grå.

Vi tok også ein telefon til Valderøy for å høyre korleis Margaret og Sigmund hadde det. I dag var det fødselsdagen hennar, så eg reknar med at Sigmund var i LEGO-bygging-modus, men Margaret hadde hatt ein hyggeleg dag og venta storinnrykk i morgon.

Kan være et bilde av mat og innendørs

Lesekiosk

Biblioteket i Valle fyller på med bøker i den gamle telefonkiosken som står mellom det gamle kommunehuset og huset der Valle handel heldt til tidlegare. Då eg jobba i Valle, parkerte eg ofte like ved, og mest kvar dag biblioteket var ope, var eg innom på biblioteket for å ta ein prat med Lisbeth Dalquist Homme, som då var bibliotekar.

Om utlånet er stort frå lesekiosken, veit eg ikkje. Eigentleg er det ikkje tale om utlån, men om å ta med seg ei bok. Foreningen !Les fyller på slike kioskar første gongen, og så ser det lokale biblioteket til at det er eit visst utval av bøker ein kan ta med seg der.

Inne i det fine biblioteket i Sæbyggjen var det traller med bøker ein kunne kjøpe for ein tiar, men det vart ikkje til at eg kjøpte noko, eg har dessverre så alt for mange bøker.

Kan være et bilde av utendørs

Vegarbeid

Du verden som dei jobbar for å få Gul stripe til Hovden. På turen vår til Valle i dag ville eg sjå ved sjølvsyn det eg har høyrt og lese om i Setesdølen.

Eg tenkte å kjøre slik eg brukte medan eg jobba i Valle, då tok eg turen opp gjennom Mandalen og ned gjekk det Kristiansandsvegen til Vehus, og så over til Stokkeland i Songdalen, ned til Brennåsen og heim. Slik vart det også.

Men frå Evje og nordover var det mykje vegarbeid. Det starta med rundkjøringa ved utkjøringa frå Evjemoen. Den blir nok fin. Sidan var det mykje trafikklys og mykje arbeid i gang oppover. Det er kantane som skal bli breiare slik at risikoen for å treffe fjell om ein skulle hamne utfor vegen, vert mindre.

Kan være et bilde av natur, vei og tekst som sier 'Ved rodt lys stopp her'

Sjølv om det etter kvart vil kome sjølvkjørande bilar, vil det nok i dei næraste åra trengjast manuell styring, og då kan mangt og mykje distrahere slik at ein er uheldig.

Min bil har ein funksjon som gjer at han hyler når eg kjem på den gule stripa til Hovden eller på den kvite stripa på høgre sida, den går vel også til Hovden. Kva den gjer om eg kjem på den kvite stripa på venstre side av vegen har heldigvis ikkje prøvd ut, og eg vonar eg slepp å gjere det også.

Arbeidet synte at det er mykje stein langs vegen. Maskinar lyfta vekk tunge sprengningsmatter etter ein salve, svinga dei opp i lufta og la dei i vegkanten, og så var det å reinske vekk steinen. Eg reknar med at den vart kjørt til eit knuseverk ein stad og så kunne den kome tilbake som grus og fyllmasse etter kvart.

Og så lurer eg på om det var Kjell Ingolf som hadde snakka med Knut Arild Hareide om at Agder trong nokre millionar for å få ein betre veg for alle frå kysten som vil til Hovden på tur, dei reiser heile året, og mange ventar ikkje til fredag, men dreg oppover torsdag kveld. For då vi kjørte nedover, var det lange rekker med bilar som var på veg oppover.

På Evje var det Heilt Vilt denne veka, så vi tenkte at vi skulle handle nokre gode tilbod. Men Lars Kile hadde ikkje rett storleik, så handelen vart mager. Heidi Ose på Spisekroken hadde derimot rette godsaker, så lunsjen vart både grov og fin sjølv om dokøen var lang.

 

Etter sauesjå 2021

Kveldens sending i Valle Radio var prega av Sauesjå 2021. Bare sjå programmet, der Ørnulf Hasla var programleiar og Torfinn Brokke teknikar:

Onsdag 6. oktober 2021

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad.
19.30 Kommunen informerer ved Else Margit Tveit, oppvekst.
20.00 Lokaltimen
Valle radio fekk kulturprisen.
Glimt frå årets Sauesjå Marknad.
21.00 Open sending med Kristin og Ørnulf.

Eg fekk ikkje med meg starten, eg kom inn på slutten av Else Margit Tveit sin halvtime med kommunal informasjon, ho hadde mykje på hjarta frå skulesektoren og spedde på med Bygdenytt for oktober.

Så var det lokaltimen, og dåfekk vi høyre om att frå då Valle Radio fekk kulturprisen. Så hadde Ørnulf ein prat med Leif Kvinlog først og meg etterpå om historia den første tida. Neste år er det 25 år sidan vi starta, så eg nytta høvet til å seie at vi burde lage ei bok om dei første 25 åra. Eg meinte også at Leonhard Jansen ville høve best til å skrive den.

Men så var det sauesjåmarknaden, og her hadde Ørnulf gjort ein god jobb med små intervju med utstillarane på sauesjået. Det var tenleg ver og mykje folk, så seljarane var nøgde med dagen. Desse intervjua tok lang tid, så klokka var mest 21.30 før det vart Opi sending. Eg hadde laga 12 spørsmål basert på gårsdagens Setesdølen, og dei kom halvvegs. Mellom intervjua var det plass til ein prat med Gunnar A. Helle på ferie i Alanya i Tyrkia og Else Gyro Rysstad om Hovdenrevyen. Så  vart klokka 22.30, så det var tid for å runde av, det er jo arbeidsdag i morgon, som Ørnulf sa.

 

 

 

Substans

Siri Johannessen sine program i Valle Radio har substans. Det gjeld både musikken og det talte ord. I kveld var eg med, eg skulle seie litt om historia til tysdagssendingane. Eg veit ikkje om det hadde så mykje substans, det vart vel helst spreidde minne etter innfallsmetoden. Men 25 år, som radioen feirar til neste år, burde i grunnen vere grunnlag for å dokumentere substans og god kvalitet i det som lyttarane har fått servert.

I Kvarteret fekk vi høyre  talen som Steinar Kyrvestad heldt då Valle Radio fekk kulturprisen. Ein slik tale skal ikkje vere for lang, så ordføraren fatta seg kort og nemde mest om dei siste åra, og særleg rollen radioen hadde ved 17. mai-feiringa dei to siste åra. Deretter kom ein ny andaktshaldar på lufta: Frank Vorhaug er forsamlingsleiar i Misjonshuset i Kristiansand og tidlegare misjonær. Det var også substans i hans forkynning.

Godt musikalsk skjøn og substans fekk vi både i sangtimen og i Postludium, det siste med to for meg heilt ukjende komponistar, der særleg den siste sin musikk fall godt i smaken min.

Før Siri tok telefonen til meg, snakka ho med Ingunn Røysland om basaren som skal vere på Flateland i Kulturveka. Det er ein misjonsbasar der linjene godt kan trekkast til kveldens andaktshaldar, som var misjonær i Tanzania, akkurat som Egil Grindland, som så ofte har vore på basaren i Oveinang i Kulturveka.

Substans over heile fjøla, spør du meg.

 

Jubel og historie

Denne veka vil Valle Radio ha fokus på eiga historie etter at vi fekk tildelt Valle kommune sin kulturpris for 2021. I sendinga tysdag skal eg prøve å hugse litt frå den første tida. Som eg skreiv om i går, var hukommelsen min som eit dørslag, men så fann Reidun nokre papir, og det hjelpte. Onsdagskvelden sender Ørnulf opptaket frå tildelinga under sauesjået.

Her er programma:

Tirsdag 5. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel ved Frank Vorhaug fra Norea mediemisjon
18.30 Sangtime
19.30 Timen med Ingunn Røysland fra Flateland; radio på tirsdagen ved Harald Haugland og Maria Björkroth fra Setesdalsmuseet
20.30 Postludium med Fährmann og Woyrsch, ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 6. oktober 2021

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad.
19.30 Kommunen informerer ved Else Margit Tveit, oppvekst.
20.00 Lokaltimen
Valle radio fekk kulturprisen.
Glimt frå årets Sauesjå Marknad.
21.00 Open sending med Kristin og Ørnulf.

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Mimring

Etter at Valle Radio fekk Kulturprisen for 2021, fekk eg spørsmål om kva tid vi starta opp med tysdagssendingar. Då måtte eg i tenkeboksen, men eg kom ikkje til noko resultat utan vidare. Men så fann Reidun nokre permar med program, og det fekk meg til  å mimre litt over alt vi har hatt i radioen.

Hugsar du at vi hadde eit fast munnharpeprogram. John Melhus var med meg i studio, av og til slo han sjølv på munnharpa, men vi hadde også Bjørgulv Straume sine plater og sikkert andre også.

På lista over programleiarar var Hallvard Kjelleberg, Theis Salvesen, Leonhard Jansen, Britta Lise Homme og Knut Nomeland i tillegg til meg.

På lista over teknikarar var Jørund Georg Jore, Kjetil Homme, Geir Olav Uppstad, Åge Nomeland, Inga Flateland  og Torleiv Haugen, medan Jan Roger Homme, Jan Oddvar Rysstad og Knut Inge Hovet hjelpte meg.

Til å ha andaktar på onsdagskveldane hadde vi Håvard Viki, Torleif Harstad og Bjørgulv T. Berg. Eg hadde med meg Pieter Leebeek og Niklos K. Besteland i Postludium, Norges einaste faste radioprogram med orgel- og kyrkjemusikk.

Og så var det mange telefonvakter: Torbjørg Hoftuft, Jorunn Lund Harstad, Johanna Solheim er namn eg hugsar frå den første tida. Men Gunvor Ruth Salvesen og Laila Homme var også med.

Leif Kvinlog fekk ansvar for CD-samlinga. I den tida var det jo ikkje Spotify, all musikken var på CD-plater eller kassettar. Ånund K. Homme hadde produsert mange kassettar med program då han budde på Sunnmøre. Vi fekk nokre av dei og kunne spele dei om vi mangla stoff av og til, det var Dansefoten eller frem fra glemselen. Ånund hadde ei veldig samling av EP-plater som han brukte når han laga kassettane, i kjellaren på Øvrevoll var ein lang vegg dekka av platehyller.

Nokon av medarbeidarane frå den tida er gått bort alt, men så har nye kome til. Siri Johannessen er som poteta, kan brukast til alt, og i radioen er ho både teknikar og programansvarleg både tysdagar og onsdagar. Frå scenen sa Ørnulf Hasla av vi var vel 30 medarbeidarar no, og det var vi vel då vi starta opp også. Dugnadsgleda har halde seg, og ved starten av kvar sesong hadde vi pizza på Motellet. I den seinare tid har det vore samlingar på Bergtun eller Sølvgarden for medarbeidarane.

Sjølv om eg har flytta til Mandal, gjer Internett at eg kan ha program frå stova her sør, så eg er framleis med i det gode selskapet og takkar hjarteleg for kulturprisen til Valle Radio. Eg kjem neppe til Valle for å ete bløtkake, men skal vere med i tankane og kan hende tek me eit kakestykke her sør også den dagen.

Åpne bilde

Kulturprisen 2021

Under Sauesjå 2021 i Valle i dag fekk Valle Radio Valle kommune sin kulturpris for 2021. Vedtaket om at radioen skulle frå prisen vart gjort i vår, og til vanleg blir prisen delt ut 17. mai, men også i år var feiringa av nasjonaldagen prega av korona. Det ville ikkje gi meining å dele prisen ut i eit lite studio, det var meir høveleg å dele han ut når folk kunne samlast att.

På sauesjået kunne folk kome, det var ute, sentrum var fullt av folk, ein hadde fått ein scene der programmet kunne bli sett av folk, så alt låg godt til rette. Og så fekk ein høveleg godt ver, kven hugsar vel ikkje dagar med sklette og regn og sterke vindkast.

Då Ørnulf Hasla fekk vite at det var radioen som skulle få prisen, kalla han inn alle medarbeidarane. Det var ikkje alle det passa for, men ein fin gjeng møtte opp. På bildet eg såg var det bare menn i fronten, men eit par kvinner hadde også kome seg opp på scenen.

I følge Setesdalswiki vart Valle Radio etablert i 1997. Det betyr at vi har 25-årsjubileum neste år. Kan hende er det på tide å skrive soga om radioen vår. Det kan Britta Lise gjere ut frå gjestebøkene ho har vore så god til å syte for at vi skriv i når vi er i radioen. Det er mange namn der som fortener å få omtale og takk for innsatsen som er gjort for å halde dette kulturtiltaket i drift.

Gratulerer frå Mandal også!

Kan være et bilde av 3 personer, folk som står og tekst som sier '2021 VALLE RADIO 1XS Valle radio fekk Valle kommune sin kulturpris under sauesja laurdag. Frả venstre: Torunn Charlotte Nyberg, kulturleiar Valle kommune, Ornulf Hasla, redaktor i Valle radio og Steinar Kyrvestad, ordforar Valle kommune. Foto: Ole Birger Lien Valle radio fekk Valle kommune sin kulturpris under sauesja laurdag'