Nye bøker

Eg skreiv Nye bøker, men dei er vel helst gamle. Den eldste er frå 1937 og den yngste er frå 1991. Eg hadde tinga dei frå Pilegrimen Antikvariat her i Mandal, det er Kjell Dahlene som driv det. Grunnen var at eg meinte at dei ville gje meir innhald til Setesdalswiki si dekning av kristenliv og misjon.

Av og til kjem det tankar om at eg heller skulle ha laga eit leksikon for kyrkje- og kristenliv enn å halde på med Setesdalswiki. Men eg har halde fast på å ha det saman, så får det våge seg. Leksikon av i dag er ikkje som i gamle dagar, då det var bøker og ein måtte helst ha eitt tema eller område i ei bok og så heller lage ein ny om ein ville ta opp andre tema. Med eit digitalt leksikon der ein kan ha lenker mellom artiklane, kan ein gjerne sause saman både hummer og kanari. Kvar artikkel står for seg, gjerne med ei foreldrelenke og ofte med lenker til andre artiklar.

Den yngste boka var Ordet i sentrum. Den handla om Bibelskolen i Oslo, kom ut i 1991 då skolen var 75 år. Den eldste boka var frå 1937 og heitte Santalmisjonens historie på misjonsmarken. Der var det mange misjonærbiografiar. Det var det også i  boka Misjonærer 1891-1941, som hadde biografiar om Kinamisjonen sine misjonærar.

Nå blir jobben å skrive biografiar i moderne språk basert på desse bøkene. Ein treng ikkje vere arbeidsledig om ein er pensjonist.

Manglande lenker

I dag har eg undra meg på noko eg ikkje hadde tenkt på før. Eg fekk eit spørsmål om ein person som var død og som eg alt hadde artikkel om, men utan å ha fått med at ho var død. Til slutt måtte eg ringe og spørje, og då fekk eg svar og kunne skrive det inn på Setesdalswwiki.

Men kvifor hadde eg ikkje fått det med tidlegare. Etter kvart som eg leita synte det seg at eg hadde artikkel om henne utan mellombokstaven som var nytta i dødsannonsen. Verre var det at eg etter kvart oppdaga at på sidene mine om overskrifter i Setesdølen i 2021 såg det ut til å ikkje vere lenker i mange artiklar. Lenkene skal jo gje lesaren høve til å leite vidare i leksikonet, men i starten av dette året ser det ut til å ha svikta, eg har bare skrive inn overskriftene utan lenker. Eg må nok ta meg ein runde i morgon og så kva eg kan gjere for å fikse det.

Sendinga i Valle Radio i kveld var framleis sterkt prega av Kulturveka, difor skulle ikkje kommunedirektør Aud Sunniva Fuhr snakke så mykje om det. I staden snakka ho litt om innsamlingsaksjonen komande sundag, som er til Plan Norge sitt arbeid. Framleis mangla det nokre bøssebærarar, og folk som ville stille opp kunne vende seg til Malla i Velkomstsenteret, ho har ansvar for kommunal informasjon både på Facebook og elles.

Aud Sunniva Fuhr var også glad for at det hadde kome mange innspel til trafikktryggingsplanen som har vore ute på høyring. Det hadde også vore innbyggarworkshop med 40-50 deltakarar som hadde sagt si meining om både trafikk og andre saker.

I samarbeid med dei andre kommunane i Setesdal har Valle no fått ergoterapeut. Han er i Valle kvar tysdag og har kontor saman med fysioterapeuten. Ein treng inga tilvising frå lege for å ta kontakt, det er bare å ringe.

Dette var kveldens program. Eg måtte sende ein spesiell takk til Ronny for det flotte bluesprogrammet som avslutta kvelden.

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Aud Sunniva Fuhr, kommunedirektør Valle kommune
20.00 Lokal time:
– August Borgås frå August & Martin
Stein Roger Sordal om ny plate
– Gro Berit Straum og Harald Eivindson om bekymringsmestringskurs, for meir info og påmelding sjå: LMT Setesdal
21.00 Ronnys blå time med Ronny Stavsholt

Gode minner

I kveld hadde eg ein samtale med Ove Berrefjord i Valle Radio. Han reiste frå Valle i 1997, så det vart ein samtale der vi delte gode minner frå lang tid tilbake.

Ove var sterkt engasjert i arbeidet på Nomeland bedehus, i den tida vart det drive Fredagsklubb med mange unge som kom for å vere saman i sosialt samvær og få ein andakt på fredagskvelden.

Då asylsøkjarane kom til landet i 1987, var Ove raskt på pletten for å inkludere dei i lokale aktivitetar. Ein av desse skreiv dette på sida hans i dag:

Rijad Ibrul Schmeisser

Tidlig på 90-tallet kjørte du meg og 3 andre flyktninger fra Rysstad til en ungdomsklubb i Valle i en liten Fiat Punto hvis jeg ikke husker feil. Jeg skjønner fortsatt ikke hvordan det var mulig å finne plass til så mange mennesker i den lille bilen. Bildet av garasjen din fikk meg til å huske den episoden.
Og Ove svarte:

Takk gode venn for herlige minner. Det var en fin tid, og jeg tenker ofte på Deg og alle de andre som kom til Norge og Rysstad i forbindelse med den fryktelige krigen i eks- Jugoslavia. Midt oppe i alt det vonde i krigen så ble det født noen evige vennskap på asylmottaket på Rysstad. Det har gledet meg masse.
Det var en Fiat UNO, og jeg er helt enig med deg at det er vanskelig å skjønne hvordan vi fikk plass. Men i utfordrende tider er vi heldigvis flinke til å gi hverandre rom. Ønsker Deg og dine alt godt !
Kan være et bilde av bil og snø
Eg er nok ikkje enig med Ove når det gjeld snø. For meg kan vi klare oss med ferdig måka snø (regn) heile vinteren.

Ajour

Eg hadde sakka akterut i å skrive inn overskriftene i Setesdølen. Mange nummer i oktober låg og venta på meg då eg i kveld med god hjelp frå Reidun tok meg på tak for å kome ajour att. Så ivrig var eg at eg ikkje reagerte då Reidun meinte at vi alt hadde skrive inn nr. 77. Ho hadde rett, som vanleg, den var skriven inn, men ikkje lagra av ein eller annan grunn. Den stod på ei fane eg ikkje har brukt på ei stund, og når noko er ute av auge, er det også ute av sinn.

Men no er vi i det minste ajour med overskriftene. Det er verre med bileta av førstesidene, der har eg vore slapp og ikkje lasta ned bileta etter kvart, så det står att ein ny innsats for å få dei på plass, om eg no får det. Og så er det jo mange røde lenker som må dekkast. I dag skreiv eg også inn nokre av dødsfalla i oktober, men fleire ventar der også, så om eg skreiv i overskrifta at eg er ajour, så er det bare tilsynelatande.

Heldigvis held Siri trutt og godt på og skriv om sendingane ho har ansvar for i Valle Radio, så vi har vel dekka det som skjer der ganske godt.

Og så er eg i det minste i gang att, så får vi sjå kva som kjem ut av det denne gongen, om det bare var ein raptus eller om det vil vare ved. Eg hadde også ein prat med Geir i dag, han meinte at når fotballtreningane no sluttar, ville han kunne skrive meir.

Det er dessverre alt for mange raude lenker ennå.

 

 

Ny kulturveke

Også komande veke er kulturveke i Valle. Det pregar sjølvsagt programma i Valle Radio, for radioen speglar livet i bygda. Her er programmet for veka:

Tirsdag 19. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Andakt fra Norea Mediemisjon
18.30 Sang og musikk med Torgny Monan som kommer til Dagsenteret i morgen
19.00 Årets TV-aksjon: Thor Bernhard Sagland og fylkeskoordinator Øivind Berg m.fl.
19.30 Timen:
Harald Haugland møter Ove Berrefjord
Naturvern, kulturlandskap og Rune Sævre
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 20. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Aud Sunniva Fuhr
20.00 Timen med August Borgås fra August & Martin, Stein Roger Sordal om ny plate, og Harald Eivindson og Gro Berit Straum fra LMT om bekymtringsmestrin
21.00 Ronnys blå time med Ronny Stavsholt

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Uro i Eswatini

Vårt barnebarn Kristine går på gymnas i Eswatini, det vesle landet nord i Sør-Afrika. Deet har ikkje vore heilt problemfritt, ho måtte utsetje å reise dit på grunn av uro i landet. No er ho der, og no er det også uro i landet. Eg fann desse opplysningane på Internett:

Elever i Eswatini har protestert i ukevis og krever politiske reformer. Nå har myndighetene utplassert soldater ved skolene.

Både soldater og politi har blitt utplassert et ukjent antall skoler etter demokratidemonstrasjoner der elever ved rundt 40 skoler deltok mandag, sier prodemokratiske grupper. De mener hæren har blitt satt inn for å skremme dem.

Elever på både grunnskole og videregående i Afrikas siste absolutte monarki, tidligere kjent som Swaziland, har boikottet undervisning og gjennomført rolige protester den siste måneden.

De krever hovedsakelig løslatelse av to lovgivere som ble arrestert under demonstrasjoner for demokrati tidligere i år. De krever også bedre læringsforhold og gratis utdanning.

En talsperson fra hæren sier soldatene ikke er fiender av folket, men er utplassert for å bevare ro.

Her heime feirar familien Helge sin 50-årsdag på Sandøya medan eg er heime og slepper katten ut og inn.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Aleine heime

Det er ein film som eg har sett med stor glede, Alene hjemme. I kveld har eg vore aleine heime, men ingenting av det som skjedde i filmen, har hendt her.

Helge og Reidun reiste til Sandøya for å feire Helge sin 50-årsdag, dagen er i dag, men feiringa er i morgon. Eg skulle vere heime og passe katten. Etter at dei hadde reist, kom han ned frå loftet og drakk litt vatn, så mjaua han og ville ut. Etter ei stund var han på vinduet og ville inn att, og så har eg ikkje sett han. Om han vil ut att seinare i kveld, må han nok vere ute heile natta, for eg høyrer han ikkje når eg søv.

Når ein er aleine heime, kan ein lese ei bok eller sjå på TV. Eg valde det siste, og såg på snooker ei stund, men så valde eg Netflix og fann ein film etter at eg hadde hatt ein lang og god samtale med Torbjørn Greipsland og også lese eit innlegg han hadde i Dagen i høve regjeringsskiftet om Senterpartiets historie om statlig styring av kirken.

Eg gløymde heilt å drikke kaffe, men i skuffa fann eg ein pakke lefser. Dei smakte godt også utan kaffe. Slik gjekk no kvelden, og plutseleg ringde telefonen, så var det Reidun som ville seie God natt, akkurat som vi bruka å gjere då eg budde i Valle.

Kan være et bilde av 1 person og briller

Feiaren kom

For nokre veker sidan kom feiaren og etterpå sende han brev om at vi hadde ein vedomn som ikkje var heilt god. Det er ikkje så rart, han har stått i huset sidan det var nytt og det er over 60 år sidan. Pipa var heller ikkje etter krava, så vi måtte gjere noko.

Eg ringte til Lyngdal fyringssentral, og i dag kom eigaren sjølv, Oddvin Lande, på besøk. Han er eldre enn omnen, fødd i 1949, men likar å arbeide sjølv om han har gitt firmaet over til sonen. Og så likte han å snakke, han fortalde endåtil om ein prestegard der presten hadde kontrakt med forpaktaren på 28 mål ved for å fyre opp eit gissent og trekkfullt hus.

No vil det nok gå litt tid før vi får ny omn, for folka hans hadde det travelt. Kan hende blir det julegåva vår i år. Veden måtte helst lagrast ute, Vår Herre gir best tørk. Men så kunne den godt takast inn eit par dagar og få romtemperatur før den blei brukt. Den nye omnen er konveksjonsomn som spreiar lufta rundt i romet i motsetning til ein stråleomn, der varmen strålar ut frå omnen, slik vår noverande om verkar.

Vi får bu oss på nye tider og spare litt så vi kan betale rekninga når ho kjem.

Kan være et bilde av 1 person og innendørs

Rebusar på K

I kveldens sending var det mange rebusar med løysing som begynte på K. Det førte ikkje til noko rush av innringarar, så det spørs om ikkje denne forma for program har utspelt si rolle.

Her er rebusane:

Rebusar frå Setesdølen tysdag

Ferdsel + fisk + sirkel = Trafikk sik ring
Kvinneleg matprodusent + retning = Kokke kurs
Rund mat + lang rekke = Kompe kø
Populær + reise + 7 dagar = Kul tur veke
Utgangspunkt + Norge = Kilde N
Del av fylke + ledelsen = Kommune styret
Reisande + kjøretøy = Turistbuss
Straum + tohjuling = el sykkel
Slett + rus = flat fyll
Det var bare tre personar som ringte inn: Tora Åkre Lund, Jan Helge Skår og Gyro Kopperud. Alle fekk premie.

Kulturvekerelatert

I kveld var sendinga i Valle Radio kulturvekerelatert. Mellom anna fekk vi høyre ein prat med Øyvind Jacob som etter at han vart pensjonist, har teke til med teikning og som skal ha utstilling i Sæbyggjen. Øyvind har allstødt teikna, men vore meir aktiv i dei siste åra og endåtil starta med maling for eit par år sidan.

I det ho kallar Timen hadd Siri Johannessen  også ein interessant prat med Kristin Brokke, som også stiller ut, men ho gjer det i atelieret sitt i Brokke.

Nina Skjellanger var ein ny stemme i Valle Radio. Ho kom til Valle for to år sidan som lærar på gullsmedlinja på Valle VGS og ho skal halde kurs i smiing, ikkje i stål, men i sølv, meiner eg det var. Smiing i stål krev både høgare temperatur og tyngre utstyr.

Før alt dette var Øystein Kikut gjest i studio. Han likar seg kanskje betre på pianokrakken, i kulturveka skal han framføre Jazz på svenska i Sæbyggjen sundagskvelden. Det flotte flygelet som før stod i Spelestoga er no flytta til Sæbyggjen.

Det blir meir om Kulturveka 2021 i radioen i morgon.