Endringar

Då eg arbeidde saman med Øystein Berg i Valle vaksenopplæring, var han ofte i skibakken om kveldane. I dag tok eg ein prat for å ønske godt nyttår, og då fortalde han at den tida nok var over for hans del. Ei slik endring i livet hans hadde eg ikkje sett for meg, eg trudde at han var minst like ivrig no.

Men nei, fire-fem år kan endre mykje når ein er blitt godt vaksen, akkurat som det gjer når ein er barn eller ungdom.

Ikkje dreiv han med ved heller, det var ein viktig aktivitet i den tida vi var saman. Men låven var full av ved, så han kunne ikkje godt drive med det heller, sjølv om han av og til fekk seld noko. Han meinte likevel at han hadde ved for svært mange år på låven. Og ved som ligg for lenge, er jo ikkje så god å fyre med.

Slik gjekk praten mellom oss i føremiddag. Truleg kunne vi ha halde det gåande framleis, men så vart det tid for formiddagsmat for meg, og deretter den svært så turvande middagskvilen. Han hadde også begynt å legge seg nedpå ei stund, fortalde han, då kunne eg ikkje anna enn å ønske han velkommen etter.

Så då avslutta vi samtalen og eg måtte tenke at sjølv for dei sprekaste er det endringar på gang når dei magiske syttiåra nærmar seg. Då er dørstokkmila nok for mange av oss.

I gang att

Etter knappe to veker med jul og nyttår, startar vel kvardagen att for dei fleste i morgon. Mange vil sikkert meine at det var for kort juleferie, men for ein pensjonist som meg, som har ferie heile året, er det likevel godt å kome i gang att med ein meir normal kvardag.

Julebaksten er nok ikkje borte enno, så framleis kan det vere ei og anna julekake til kaffe, men i det store og heile blir det nok meir normale dagar framover for dei fleste.

Dessverre er det mange som ikkje får det slik. På Gjerdrum ligg mange hus i ei leirsuppe og dei som budde der er utan bustad og klær og alt som høyrer til kvardagen. Eg tenkjer at det er mange som har sjekka om huset deira er bygd på fjell dei siste dagane og når dei har funne ut at det er slik, er dei takksame for det.

På Setesdalswiki runda vi eit nytt tusental på nyårsaftan. Det har gått litt tregt å kome i gang att etter det, men også her vil det bli meir normal produksjon når kvardagen kjem. Radioen startar opp att og avisene blir distribuerte. Rett nok må vi vente heilt til torsdag på første nummer av Setesdølen i 2021, men så har vi noko å glede oss til.

Det skal bli godt å kome i gang att.

Ny skribent

I mitt stille sinn var eit nyttårsønske å få fleire til å skrive på Setesdalswiki. Med fleire skribentar kunne vi dekke fleire område og på ein betre måte.

I dag kunne eg ønske Vetle Toreid velkommen som skribent, han registrerte seg og tok til å skrive. Av og til er det nokon som registrerer seg utan å skrive. Men Vetle gjekk i gang med det same.

Å få ein ny skribent gjev i alle fall meg inspirasjon. Kan hende er det råd å nå 2000 nye artiklar i 2021 og dermed auke i høve til  dei 1625 vi hadde i år. Kanskje vi også lukkast i å utvide nokre av artiklane vi alt har, fleire brukarar har tilgang til fleire kjelder.

Då eg budde i Setesdal, arbeidde eg i etasjen over biblioteket og kunne lett finne stoff der. Det er ikkje så lett når ein held til i Mandal, og diverre har eg ikkje så mykje lokal litteratur frå Setesdal som eg skulle ønske. Men heldigvis har eg Setesdølen og kan bruke den som kjelde for mykje. Så vi får inspirere kvarandre til å halde fram med å promotere Setesdal gjennom faktainformasjon om folk, stader og hendingar.

Framsnakking

Eg har hatt glede av å fylgje Hilde Blix si Facebookside der ho har framsnakka 366 Fabelaktige Folk fra Nord. Serien vart avslutta i går etter å ha gått eit år, og framleis kunne ein nok finne mange folk å ha med i lista. Den ligg på http://artvapo.org/366-folk-fra-nord/

Sjøl skulle eg jo gjerne gjort noko liknande, men eg trur det får bli med små dosar her på bloggen, der eg tid om stunder kan framsnakke folk eg har møtt både i Setesdal og andre stader.

Vi burde øve oss i framsnakking, for det er så fort gjort å hamne i motsatt grøft. Kanskje ikkje akkurat baktaling, men at vi likevel rettar kritiske synspunkt der vi i staden kunne syne godvilje og velvilje. For eg trur samfunnet mellom folk blir betre om vi klarar å framsnakke og held oss unna det motsette.

Framsnakking verkar som olje i eit maskineri, då fungerer vi betre saman. Utan slik olje i samfunnsmaskineriet, så knirkar det fort.

Dessverre er media stort sett opptekne av å finne konflikter og strid, dei meiner at det er verd å trekke fram. Men gode forteljingar om folk som hjelper kvarandre, anten det no er i katastrofer eller i det daglege, det er også godt å lese.

Så lat oss starte eit nytt år med framsnakking av kvarandre.