Wikipedia 20 år

I dag feira Wikipedia 20 år. Då er det grunn til å gratulerer, for utan wikipedia hadde heller ikkje Setesdalswiki vore til. Inspirert av leksikonet for heile verda starta eg Setesdalswiki for å kunne skrive om lokale tilhøve i regionen der eg jobba i 25 år før eg vart pensjonist i 2016. Den nettsida passerte nyleg 93000 artiklar. Wikiepedia har nesten 550000 artiklar.

Wikipedia hadde endåtil innslag på NRK i dag tidleg, det er blitt leksikonet som alle brukar, også dei som redigerer i Store Norske Leksikon. Wikipedia er spesielt gode på sport og musikk, mellom anna, var det sagt. Store Norske har artiklar av fagfolk, wikipedia har artiklar av kven som helst, men så visst ikkje bare amatørar. Og så har dei kjelder der ein kan finne meir stoff. Det er jo blitt svært viktig i vår tid, der konspirasjonsteoriar fort kan vinne terreng. Med rett  bruk av wikipedia, der ein også vurderer kjeldene, er leksikonet svært truverdig.

Setesdalswiki godtek ikkje bare skriftlege kjelder, men også munnlege, ja til o g med skribenten kan vere kjelde. Det kan vi gjere fordi vi er meir lokale og har kortare veg mellom skribent og lesar. Setesdalswiki har i alle år nytt godt av å kunne bruke Setesdølen som kjelde. Svært mykje stoff er jo basert på avisa, så gjer dei feil, kan feilen bli ført vidare til Setesdalswiki, men det blir nok ganske få feil i eit så lokalt miljø.

Wiipedia vil nok halde på i 20 år til, kor lenge Setesdalwiki held ut, er det nok vanskelegare å spå om.

 

Politikarstev

Inspirert av gårsdagens sending i Valle Radio der eg utfordra ordførar Steinar Kyrvestad til å kvede eit stev, ei utfordring han ikkje tok, kom det ein ide om å utfordre politikarane i dei tre øverste kommunane i Setesdal til å lage seg sitt politikarstev.

Bakgrunnen er at kommunane er på kartet til UNESCO for å ta vare på immateriell kulturarv. Men det er ikkje bare snakk om å ta vare på, men også å bruke den, gjerne på nye måtar.

I stevsamlingane vi finn på nett, til dømes på sida til folkemusikkarkivet, ere det jo flest naturstev. Det er også stev om kjærleik, men ikkje så mange stev om namngjevne folk. Håvard Heddi fekk si vise, men det er i ein annan sjanger.

Ideen er at kvar politikar i dei tre kommunane kan sjølv eller ved hjelp av andre lage seg eit stev. Ørnulf Hasla vil ta ideen vidare og tenkjer at steva kan kvedast i Valle Radio, Om politikarane ikkje vil dikte sjølv, kan dei få hjelp av ein god hjelpar. Eg vil gjerne vere ein av desse gode hjelparane.

Her er eit stev om Valle:

Du vene Valle med fjødda håge,
der hev eg tura med guta kåte.
Du vene Valle med fjødd i kring
der hev eg sulla med guten min.

Sending frå Mandal

Det er ikkje heilt enkelt å få til sending i Valle Radio frå Mandal, i alle fall ikkje om ein har ambisjonar om at eg skal sjå teknikaren min. Dette klarte vi ikkje denne gongen heller, så eg og Liv Gunn Viki måtte famle litt i blinde når det gjaldt kva tid ho hadde klar neste gjest på telefonen. Men i det store og heile klarte vi det bra, i alle fall slik eg vurderer det.

Det starta med at Torleif Harstad hadde Tankar frå Bibelen. I kveld las han ei bøn frå ei gamal postill som mormor hans hadde brukt. Diverre fekk eg ikkje med meg namnet på boka.

Så var det Kommunen informerer med Steinar Kyrvestad i studio. Også han fekk spørsmål om året som gjekk, slik dei andre skulle få, og han var spesielt glad over veksten i hyttebygging i kommunen. Hyttefolket genererer inntekter gjennom handel og er med på å få hjula til å svive i kommunen, og i år, der folk ikkje fekk kome frå andre land, var inntekter frå hyttefolk og norske turistar svært velkomne. Og så berømma han Valle Radio for innsatsen vi ytte 17. mai då radioen var sterkt medverkande til arrangementet.

I Bykle var vinterferien og påska elendig, kunne Jon Rolf Næss fortelje. Då tenkte folk at det kom til å bli eit elendig år. Men så kom pinsa og etter det gjekk det glimrande, så godt at nokre bedrifter hadde sitt beste år i år og ingen hadde gått konkurs så langt. I 2020 hadde Konsesjonskraftfondet også hatt utfordringar. Ei stund var kraftprisen nede på null i periodar, men også der hadde det retta seg og enda opp positivt, Det kostar 11 øre å produsere ein kilowatt, så dei må ha inntekt over det for at det skal løne seg, og det har ofte vore oppe i 50 øre. No var det 20 øre og han såg lysare på framtida der også.

Sniknedlegging?

I kveld var Anna Rysstad i Valle Radio for å fortelje om initiativet som er teke i Hylestad for å hindre det dei ser på som ei sniknedlegging av Hylestad kyrkje. Til no har 110 personar skrive under på eit opprop mot å stenge kyrkja, og Anna fortalde at dei ikkje hadde nådd rundt til alle, men at det var viktig å få lagt fram saka før soknerådet sitt neste møte.

Her er brevet:

LESARBREV Publisert: 11.01.2021 16:45Sist oppdatert: 16:45

Me skriv dette innlegget som ei direkte oppmoding til prost Gunnar Ellingsen, sokneprest Kristine Borgen, og til Valle og Hylestad sokneråd. Me ynskjer ei klargjering og forklaring med tanke på kva vurderingar som ligg bak bruk og ikkje bruk av kyrkjene i Valle og Hylestad. Vårt utgangspunkt er at begge kyrkjene er like viktige – og at det er like viktig med kyrkjeleg aktivitet både i Valle og Hylestad.

Så har me sett at etter korona-utbrotet har Hylestad kyrkje blitt ”nedgradert” og i stor grad ikkje vore i bruk. Kven har mynde til å avgjere at det skal vere slik? Har hylstringar – som soknar til kyrkja, vore tekne med i råd? Kvifor er smittevern i Valle kyrkje enklare enn i Hylestad kyrkje? Me ynskjer ei forklaring frå prost, prest og sokneråd – og ber om respekt for at kyrkja i Hylestad er like viktig for hylstringar som kyrkja i Valle er for valldøler.

Me har full forståing av at det har vo-re og er nødvendig med smittevern. Likevel meiner me ein må kunne ta opp om det kan vere forsvarleg å også opne opp Hylestad kyrkje i same grad som Valle kyrkje for dåp, bryllup, konfirmasjonar, gravferder og vanlege messer.

Sniknedlegging?

I media har det kome fram at spesielt to personar har måtta tole både kritikk og konsekvensar fordi dei har tala Hylestad kyrkje si sak. Bygdefolket i Hylestad set stor pris på at dei har våga å seie frå – sjølv om det altså har fått konsekvensar for dei begge. Hylstringar har tilhøyrigheit til kyrkja si – det ber me om respekt for! No ser dette bare ut som ei sniknedlegging av Hylestad kyrkje.

Me ber presten, prosten og soknerådet om å sjå til at kyrkja i Valle og Hylestad sokn….

1. har eit kunnskapsbasert smittevern slik at ein kan halde kyrkjene opne mest muleg.

2. aldri tvinger kyrkjelege handlinger vekk frå Hylestad kyrkje (eller Valle kyrkje) med grunnlag i smittevern.

3. har dialog med konfirmantforeldre, slik at konfirmasjonane kan vere i heimkyrkja.

4. set opp annakvar messe i Hylestad og Valle kyrkje slik at ein ikkje endrar på dette midt i ein pandemi.

5. behandlar dei to kyrkjene i soknet sin ressursbruk på ein likeverdig måte slik som før.

6. ikkje straffar dei som varslar om at Hylestad kyrkje (eller Valle kyrkje) blir urettmessig handtert.

7. arrangerer eit kyrkjelydsmøte snarast for at smittevernreglane vert diskuterte.

PS. På grunn av jol, nyttår og smittevern har vi dessverre ikkje klara å nå alle i soknet ennå og ber om forståing for at dette vil ta noko tid.

Takk.

På vegne av mange i kyrkjelyden,

Anna Rysstad,

tlf 90534425

Variert og aktuelt

I tysdagssendinga denne veka vil du få eit variert og aktuelt program. Først har vi programinformasjon, men så kjem Oddvar Høgevoll med andakt. Med den nyvunne statusen innan verdsarv for folkemusikk er det ikkje unaturleg å få med Astri Rysstad til å presentere denne musikken, ho var jo i Bogota og opplevde den hendinga.

Så får vi sanghalvtime og ein svært aktuell halvtime med

før Dag Skagestad, konstituert kommuneoverlege i Bykle og Valle kjem inn med nytt om koronasituasjonen mellom anna.

Siste timen i sendinga er ved Bernard Emmelkamp, organist i Valle fra 1999 til 2005, nå kantor i Vennesla. Han presenterer orgelmusikk der noko ikkje har vore på radio før, men også litt orkestermusikk.

Så det er bare å finne kaffikoppen og logge seg inn på nettradio om ein ikkje bur slik at ein kan få inn sendinga over FM-bandet.

Velvilje

I dag tok eg kontakt med ordførarane i Setesdal for å få dei med i sendinga onsdagskvelden. Eg vil gjerne høyre kva dei meiner om året som gjekk og kva tankar dei har om 2021.

Det var stor velvilje, alle kunne vere med, så timen mellom 20 og 21 blir vigd til ein samtale om dette. Det er jo ingen tvil om at året har vore spesielt, og det har det sikkert også vore for politikarane og for politisk arbeid.

Det politiske arbeidet er jo avhengig av at folk møtest og finn løysingar. Men i året som ligg bak oss, var det ikkje så lett å ha fysiske møte. Mange har kommentert at det ikkje er så lett å diskutere saker digitalt, det går betre når folk er i same rom.

Etter kvart fann dei likevel ut av det og kunne ha fysiske møte med god avstand mellom folk. Dette får vi høyre meir om onsdagskvelden.

Ny sesong

Så er det klart for ny sesong i Valle Radio. Som vanleg har redaktør og radiosjef Ørnulf Hasla gjort ein stor jobb med å pusle saman eit oppsett som vi må rette oss etter. Vi kan bytte innbyrdes om det er ein dato som ikkje passar, men dei fleste noterer seg i kalenderen kva dagar dei er sette opp, og så legg vi planar ut frå det.

Sjølv er eg sett opp med ei sending i månaden her frå Studio Mandal, og det ser ut til at eg blir første mann ut ettersom eg har overteke ein kveld frå Siri. Eg har fått Liv Gunn som teknikar, og ho har erfaring med å kople meg opp, så det vil nok gå greitt.

Oversikta la eg ut på Setesdalswiki i kveld, slik at alle kan finne den og sjå korleis oppsettet er.

Valle Radio program våren 2021

Iskaldt

Mange dagar med kulde og barfrost er ikkje godt for vatnet i røyr. Eg tok ein telefon til Øystein Berg i dag tidleg for å høyre kva han tykte om situasjonen i USA, han er jo svært glad i gospel og musikken frå Nashville.

Men vi hadde knapt fått begynt på samtalen då han vart alarmert av Marit om at vassleiinga hadde sprunge lekk. Eg tenkte om det gjald kyrne dei har på Furestøyl, men nei, det var huset i Berg som hadde merka kulden. Her i sør er det minus 3 akkurat no og det har vel ikkje vore tosifra, men i Hylestad har dei fått merke at det er iskaldt.

Så vi måtte avslutte og han måtte ut og sjå om han kunne fikse før det vart alt for store skader.

Vi har ikkje brunnvatn, då hadde vi nok fått problem, men vi har låvebygning med innlagt vatn og til vanleg tappar vi ut vatnet av røyra om vinteren for å unngå at dei blir sprengde. Det er svigersonen vår som pleier å gjere det, så vi tok ein telefon til han, og han trudde det var gjort, men var ikkje heilt sikker.

Difor tok Reidun seg ein tur for å sjå, og ho kunne stenge vatnet i hovudhuset og opne krana i uthuset slik at vatnet kunne renne ut, noko det også gjorde, så eg trur vi klarte oss utan skade.

Men bilen i garasjen hadde flatt batteri då Reidun ville på butikken i dag. Så då måtte vi låne batterilader hos naboen. Heldigvis har vi to bilar, så i kveldinga tok ho og Helge turen på butikken og fekk handle det som trengst for dagane fram mot helga.

Då skal det bli mildare, og så er spørsmålet om det kjem snø.

Minneverdig kveld

Denne kvelden var minneverdig for alle som såg på TV. Heile kvelden har vi fått bilder frå Washington DC der folk etter å ha gått i demonstrasjonstog mot Capitol Hill til støtte for Trump enda opp framfor Kongressen, Så utarta situasjonen seg med samanstøyt mellom demonstrantar og politi, Etter kvart måtte dei som skulle skrive under i seremonien som markerte valresultatet der Joe Biden vann, gje opp og forlate bygningen.

Normalt har folk ikkje adgang til salane og kontora, men her tok demonstrantane over heile bygningen, vi såg bilete av ein som sette seg i Nancy Peolsi sin stol og folk gjekk rundt mellom stolane der representantane skulle hatt plass. Dei folkevalde måtte evakuere bygningen, det vart løyst skot inne i huset og det vart sagt at ei kvinne hadde blitt skoten i brystet.

Det minneverdige var altså ikkje med positivt fortegn, heller tvert imot. Republikanarane, som jo gjerne blir kalla Lov og orden-partiet, var på ingen måte noko slikt i kveld, og Trump sin eitt minutts tale der han ba folk oppføre seg fint og gå heim, hadde ein undertone av at han eigentleg støtta dette sprøe opplegget.

Slik sett var det også minneverdig sjølv om eg ikkje eigentleg trur dette var USA sitt sanne ansikt. USA er digert, og har sikkert alle slags folk og ansikt. Men denne gongen kom det sanne ansiktet ikkje fram. I staden fekk vi sjå kva som skjer når vi ikkje klarer å styre dei sidene av samfunnet som lov og orden skal styre.

Det var minneverdig.

Bildet kan inneholde: folk som spiller musikkinstrumenter, hav, sykkel, natt, drikk, blomst, skjerm, himmel, strand, vann, utendørs og mat

Eit forsøk

Av  og til har eg lurt på om det er råd å lage ein blogg av overskriftene i Setesdølen. I kveld vil eg gjere eit forsøk med den nest siste avisa som kom i fjor. Den kom jolaftan. Overskriftene ligg på Setesdalswiki, men her på bloggen vil eg prøve på ein litt annan måte.

Oppslaget på framsida handla om at Farsund-rådmannen Ståle Kongsvik skulle bli rådmann i Åseral. Det viste seg at han ikkje tok jobben, så no har Kåre Einar Larsen fått tilbodet. Han har vore assisterande rådmann i Bygland, no blir han kommunalsjef i Åseral, alle rådmenn skal jo få nye og kjønnsnøytrale titlar.

Ein annan tittel på framsida viste til artikkel inne i avisa om Anders Tingvatne Aastveit som har starta med taxikjøring på Hovden,

Kjell Steinbru er trugen som andaktskrivar i Setesdølen. I nummeret på julaftan knyttar han naturleg nok nokre tankar til juleevangeliet. Avisa har også funne plass til det kjende julestevet om Den glade joli. Vi får også vite at det er gjort vedtak om å verne meir skog i Evje og Vegusdal.

Heile side 3 har artiklar der Ole Birger Lien har intervjua Birgit Rike Lund. Ho er 95 år, men har ikkje sett seg i gyngestolen. Tvert om er ho framleis aktiv med kveding og undervisning i denne gamle tradisjonen som ho er så glimrande ein berar av.

I denne avisa deler Gunnar Hillestad, Vilborg Viki og Knut Gakkestad joleminne med lesaran. VI får også vite at Bjelland ungdomslag fekk 710.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen og at Valle kommunestyre på grunn av koronasituasjonen avslutta med bløtkake i år i staden for suppe, som dei pleier å ha.

Per Emanuelsen er ein trufast bidragsytar i Setesdølen. I denne utgåva har han kalla den lille andakten sin for Indianeren og Johan Falkberget. Organisasjonen Av og til minner om at vi må ta omsyn til borna i jola og ikkje la alkoholbruken gå over styr. Kommunelege Åsulv Horverak orienterer om vaksinesituasjonen i  distriktet han har ansvar for.

På midtsidene fortel Sigurd Haugsgjerd om situasjoen til ein familie på Røyknes som har fått hjelp av Andreas Skjærli og sanneleg får vi det som eg vil kalle jolehefteartikkel også i ein tekst frå Ivar Aasens dagbok om då han besøkte Setesdal i begynnelsen av desember 1844.

Historisk stoff og aktuelt stoff står side om side i avisa, som melder om at det er funne fugleinfluensa hos kvitkinngås i Evje og Hornnes. Mot slutten av avisa får vi vite at koronaen ikkje er god for jolehandelen på Evje, men dei som held seg heime kan jo grunne på gamle ord.

Siste sida er det kunstnarbasen til Anne Elisabeth Nitteberg og Gerlinde Streit på Byglandsfjord som er i fokus.

Og med det var dei 12 sidene endå ein gong omtalt, denne gongen som blogg.