Julegaver

Når vi er komne så langt i desember, det er bare knappe to veker til jul, så er det jo tid å begynne å tenke på julegaver. Helge hadde ein tur til Mandal i dag for å sjå kva det var å finne, og det var sikkert nok å velje mellom. Men når det gjeld julegaver, skal ein vel vere litt forsiktig med å dele for mykje, for det er jo moro med overrasking både hos vaksne og hos ungar.

I år blir vi bare vaksne her i huset. Sjølv ordnar eg nok noko til kona, men resten er det ho som må ta seg av, i så måte er det for meg som for ein som vart intervjua i radioen i dag.

Overraska, ja. FOr nokre år sidan fekk eg ei bok av den snookerspelaren eg likar å fylgje med på, Ronnie O’Sullivan. Men den handla ikkje særleg om snooker, boka heitte Running og handla om at han sprang og sprang for å halde seg i form til kampane sine. Det kan ein jo sjå på han også, han er muk og sprek når han strekkjer seg langt innover bordet for å slå ein ball.

Like før eg starta å skrive dette, slo han ut den kinesiske spelaren Ding, som også etter det eg kan sjå, truleg har begynt å springe, for han er blitt mykje tynnare der han held god fart rundt bordet.

I morgon er det semifinale. Det spørst nok om det blir julegavehandel ein slik dag. Regnar gjer det også.

Folketonar

Organisten i Valle, Henrik West, er på leiting etter folketonar. Vi må hjelpe han i detektivarbeidet. Han skriv i eit innlegg på Facebook:

Er det noen som kan hjelpe med informasjon om disse salmene?
Jeg skal gi ut en samling av religiøse folketoner fra Setesdal, og i den forbindelse er det enkelte salmer der jeg sliter veldig med å finne pålitelig informasjon om tekst og/eller melodi. Jeg håper at noen av dere kan hjelpe med supplerende opplysninger.
På forhånd takk for alle bidrag til detektivarbeidet!
nr. 30 Eg om Jesus vil syngja til harpa ein song
Jeg har ingen informasjoner om hverken tekst eller melodi.
Bildet kan inneholde: tekst som sier '30. Eg om Jesus vil syngja Eg om Je sus vil syng ja til har pa ein song, det gjev hjar-tamitgle-daog da og ta mitt gle troyst. Nar om han eg kan'
nr. 36 Eg er framand, eg er ein pilgrim
Teksten er godt dokumentert, men jeg usikker på melodiens opphav. Det dreier seg kanskje om en folkelig omsynging av den svenske melodien fra 1859 (den bærer ofte Ahnfeldts navn, men det er ikke ham som har skrevet den). Kirsten Bråten Berg synger denne salmen, men er melodien brukt andre plasser i landet før hun har gjort den kjent?
Bildet kan inneholde: tekst som sier '36. Eg er framand, eg er ein pilgrim Eg er fra-mand,eg er ein pil-grim, berr' ei kveldsstund, berr' ei kvelds-stund er eg her. Stengik-kjeve-genforegvilfyl-gja Stengik-kje fyl-gja Guds folk til strid o ver'
nr. 43 Snart eg høyrer heimlandsklokkor
Jeg har ingen informasjoner om hverken tekst eller melodi. Teksten finnes på både bokmål og nynorsk. Melodien finnes i både dur- og moll-varianter.
Bildet kan inneholde: tekst som sier '43. Snart eg hoyrer heimlandsklokkor Snart da eg hoy- skal eg rer heim i him lands- klok-kor lens sal fa rin gjermeg lov a mo til kvi ta Je la sus inn, min. A kvagjer det da om eg er troytt og'
nr. 48 No soli bakom blåe fjell
Teksten er godt dokumentert, men jeg har ikke funnet noen mulige kilder til melodien.
Bildet kan inneholde: tekst som sier '48. No soli bakom blae fjell No og bak -om om mor-kero ver bla e fjell hei-men fell, sitt ljo seand let goy goy- mer, og jor diligg og droy mer. Gud, dita syn ly-saned,'

Rebusmakar

I dag var eg rebusmakar for Valle Radio. Eg fekk ei melding frå Ørnulf om eg kunne lage 12 rebusar til i kveld med tema jul. Så spurde eg Helge om kva ord han tenkte på i ein slik samanheng, og då kom nøkkelorda som perler på ei snor. Med nøkkelorda på plass var det ikkje så vanskeleg å lage rebusane.

Eg lurte jo itt på kvifor han trong 12 rebusar, men då han og Kristin var i studio, starta ho med å lese nøkkelordet i staden for å lese rebusen, så dei måtte hoppe over den første. Godt å ha nokre i reserve, tenkte eg då.

Men pc-en min har litt problem med bokstaven l, og ettersom eg ikkje las så nøye korrektur, stussa dei nok litt då bokstaven manga eit par plassar.

No brukte dei vel bare sju-åtte av dei tolv. Her er dei, i retta form

1. RUDOLF = Grov + toalett + nr. 12 + nr. 6
2. JULETRE = Høytid + nr. 5 + mellom to og fire
3. GAVEPAPIR = Presang + til å skrive på
4. PEPPERKAKEHUS = Krydder + bakst + bygning
5. RISGRØT = Juling + nissemat
6. GLØGG = Skarp
7. NORDPOLEN = Himmeretning + Lech Waesas land
8. RIBBE = Flå en fugl
9. SKOMAKERGATA = Fottøyprodusent + veien
10. KRUMKAKE = Buet + nr. 11 + renne på kjelke
11. JULETORSK = Nr. 10 + tute + fisk
12. STJERNESTØV = Himmellegeme + rusk
Læraren Lasse Stray peika på at rebus nr. 2 mangla ein bokstav, så eg måtte sette inn Nr. 5 der og så mangla ein l i Lech Walesas and, der stussa dei fælt før dei fann kva dei skulle sende ut.
Ein rebusmakar sine problem er likevel av dei små problema i verda.

Country gospel

Country gospel var nok eit viktig stikkord for sendinga i Valle radio i kveld. Frå Finsland Gaither Music Club kom Jan Kåre Haugland for å presentere vakker musikk. Klubben skreiv sik på Facebook om programmet:

På oppfordring fra Valle radio skal Jan Kåre stille i studio og spille “Julegaither”, en time fra kl 18.30 i morgen 8. desember.
Radioen ber om julemusikk fra Bill og Gloria repertoar , og han har valgt ut sanger som viser at vi feirer jul fordi Jesus ble født, ikke får at flest mulig kroner skal gå gjennom kassaapparatene.
Du vil få høre sanger fra CD ene “Joy to The World”, Christmas in South Afrika, Homecoming Christmas og Christmas – A time for joy” med kjente Gaitherartister.
Søk på Facebook eller valleradio.com, så finner du god musikk til å komme i skikkelig julestemning, uten landeplager som White Christmas og desslike…
Sjølv fekk eg ikkje høyre det flotte programmet, for eg var i senga og prøvde å sove av meg det som eg måtte skrante i denne førjulstida. Men så kom Reidun og vekte meg og sa at eg burde ikkje sove rundt, så eg stod opp og hadde kveldsmat i halvti-tida. Men då var radioen slutt.

 

Programma denne veka

Programma denne veka er prega av advent både tysdag og onsdag. Tysdagskvelden slår Siri Johannessen til med JuleGaither og får med seg leiaren av Finsland Gaither Music Club, Jan Kåre Haugland i studio. Han kjem heile vegen frå Nodeland til Valle for å fortelje om musikken han og mange andre er blitt så glade i, ikkje minst min tidlegare kollega Øystein Berg var svært imponert over den flotte musikken dei gav ut på video. Eg trur han samla seg ei stor samling av desse. Han var imponert både av den flotte country gospel.musikken og av stemmene til dei som var med. Fleire av musikarane har vore i Norge og halde konsertar.

Siri har også fått ein prat med Nils Petter Enstad. Han har også eit sterkt forhold til gospelmusikk, er historikar og offiser i Frelsesarmeen, Og Inger Lise Stulien vil nok minne oss på at det snart er tid for å leite fram julefølelsen når ho kjem på lufta.

Tirsdag 8. desember

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein (Norea)

18.15 Over en åpen bibel med Per Tveten fra Norea
18.30 JuleGaither med Jan Kåre Haugland fra Finsland Gaither Club

19.30 Aktuell time med Nils-Petter Enstad og Inger Lise Stulien

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 9. desember
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Sondre Rua Dokken
Telefonvakt frå 20.30 Torbjørg Hoftuft

19.00 Tankar frå bibelen med Håvard Viki.
19.30 Kommunen informerer med Ragnhild Bjerga.
20.00 Lokaltimen
Bygland Bryggeri med Torkjel og Andres Helle, i intervju med Siri Johanessen.
Jolebakst i Kveste, reprise frå 2010. Med Kristin Nomeland, Valborg Eikholm Tveiten, Martine Egeli og Mona Egeli i samtale med Ørnulf Hasla
21.00 Open sending med Kristin og Ørnulf.

Andre advent

Dagens høgdepunkt kunne vore adventsgudstenesta på svensk tv2 med flott musikk frå Höör kyrka. Men for meg vart det litt meir familienært. Heile familien Haugland på Sunnmøre var involvert i adventsgudsteneste frå kyrkjene i Giske. Filming ved Margaret, lyd ved Sigmund, med i koret Henrik og Camilla.

Vi snakka også med Rønnaug i Nittedal og gratulerte henne med at Håkon hadde fått sertifikat på første forsøk. Eg urte på om han var ute og råna, men det verka ikkje som det var eit alternativ når det gjaldt bruk av bil. Dei hadde vore ute på ein lang tur og kom akkurat inn då vi ringte.

Sjølv har eg ikkje vore ute på nokon lang tur i dag. Eg burde nok det, for det var opphaldsver det meste av dagen sjølv om det ikkje turka opp. Det er truleg 100% luftfuktighet, akkurat som i Milton Keynes i England, der dei spelar finale i snooker. For det har flimra itv-ruta no sist i kveld, og før det var det jo skiskyting og andre idrettar ein kunne få med seg.

Om du har lyst til å få med deg ein fin adventsgudsteneste, kan du gå til https://www.facebook.com/giske.kyrkja.no/videos/678296656165262

 

 

Ambisjon

Geir har ein ambisjon om at vi skal klare å nå eit nytt tusental på Setesdalswiki før årsskiftet. Han har rekna ut at vi må klare ti artiklar dagleg om målet skal bli nådd innan nyårsklokkene kimer.

Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut med ti nye artiklar dagleg, men det er heller ikkje så lite. Sjølv har eg vore lite produktiv den siste tida, når ein har ein rygg som ikkje er god, blir heller ikkje skriveevna særleg god. -Når ett lem lider, så lider hele legemet, står det i Bibelen, og det har vel både den eine og den andre av dykk som les bloggen min kunna bekrefta.

Ikkje desto mindre så er det ambisjonen for resten av desember når det gjeld Setesdalswiki. Når det gjeld eigne ambisjonar her eg sit med ein vond rygg, så er det kanskje heller å kome gjennom siste boka i Kingsbridge-serien av Ken Follett.  Den heiter Den evige ilden og er ein murstein, akkurat som dei andre i denne serien. 860 sider denne gongen.

Jol i Setesdal 2020

I den aktuelle timen onsdagskvelden tok eg ein telefon til Tarald Rike. Han er leiar av skriftstyret i Jol i Setesdal, og til vanleg er det tradisjonsrike joleheftet i sal på møtet i Bygland mållag 1. sundag i advent.

Slik vart det ikkje i år, kunne Tarald Rike fortelje. Skriftstyret var blitt forsinka med arbeidet, men etter kvart hadde dei fått nok stoff til eit hefte på 72 sider, meiner eg han sa. Prisen har i mange år vore 100 kroner, men i år måtte dei gå opp til 120 kroner i utsal og dei måtte også auke prisen på annonsane. Han meinte annonsørane hadde støtta Jol i Setesdal som i tidlegare år og vona kjøparane ville gjere det også.

Når det gjaldt innhalde i heftet, ville han sende meg ei innhaldsliste då eg snakka med han før sending. Men eg sa at vi heller kunne snakke om det i programmet, så det var ikkje nødvendig.

I dag angrar eg på det, for då kunne eg avslutta bloggen med den innhaldslista. No må eg bare nemne at han hadde mange fine artiklar, mellom anna ein om støylsliv på Valle Austhei og at Arne Aabø også i år hadde skrive ein fin artikkel som han var svært takksam for å få til heftet.

Personvernforordninga

Personverdforordninga er eit tema som kjem til å bli mykje omtalt framover. Det er langt, så som oftast nyttar ein forkortinga GDPR, og John Horve fortalde om dette i gårsdagens sending i Valle radio.

Grunnen til det var at han skal ha eit digitalt seminar om GDPR for kommunane i Setesdal 15. desember frå klokka 10 til 14. Men ettersom det er digitalt, kan alle melde seg på og bli med, og både næringsliv og organisasjonsfolk vil ha nytte av det. På nettsida til LMT Setesdal, der John Horve jobbar, er det høve til å melde seg på, og ein vil då få meir informasjon.

I 2014 var Ståle Lindblad på Setesdalskonferansen, Sidan den gongen har vi hatt kontakt. Han har starta ein serie no i desember som han kallar En om dagen. Der presenterer han oss for relevante artiklar om emne innan data og teknoogi, og i dag kom det ein artikkel med tittelen Telefonen spionerte på meg. Slik fant jeg overvåkerne. Den handlar om kvifor det er viktig å ha personvernforordninga og er vel verd å lese. Under her finn du lenke til artikkelen, som vart publisert på NRK Beta.

Telefonen spionerte på meg. Slik fant jeg overvåkerne

Heilt svett

Av ein eller annan grunn var eg heilt svett etter kveldens sending i Valle radio. Den gjekk fint, teknikar Liv Gunn Viki gjorde ein god jobb med å kople meg saman med dei eg skulle snakke med.

Først ut var rådmann Aud Sunniva Fuhr i Kommunen informerer. Den halvtimen er fast, og kommunen løyvde på budsjettmøtet no i november også tilskot til radioen på 25.000 kroner for neste år. Det er ei av dei mange driftsutgiftene kommunen har, men dei har også eit investeringsbudsjett på mange millionar kroner som skal brukast på mange gode formål for å gjere livet i Valle betre og kanskje til og med kunne trekke fleire folk til kommunen.

I Haralds time snakka eg først med Olav Mosdøl, lyrikaren som var lærar på Kvitsund gymnas i 34 år og som i år hadde budd 60 år i Kviteseid. Han er frå Kultro i Bykle og var ofte heime på hytta på Byklestøylane.. Til våren kjem han med ei ny diktsamling, korona har utsett lanseringa, den var no sett til 7. mars, men vi fekk høyre første sporet av plata som fylgjer med boka. Han og Hege Bålsrød frå Horten har gått saman om den, så den skal lanserast både i Gvarv og i Horten.

Resten av kvelden vil eg skrive meir om i morgon.