Vaksine

Eg hadde fått time for å ta vaksine mot lungebetennelse på Apotek1 i Mandal i dag. Med Reidun som sjåfør kom eg meg greitt til byen og vart sett av like utanfor. Så kunne eg trekke kølapp og vente på å bli ekspedert, og medan ho parkerte, vart eg lukka inne i eit lite rom med mykje lesestoff om behandling av mange slags sjukdomar og skavankar.

For meg var det i grunnen nok å lese framsida på brosjyrene, romet var blitt sprita ned før eg gjekk inn, og eg måtte få på meg munnbind. Så var det bare å vente medan ein vennleg hjelpar ordna vaksinen. To sprøyter, ei i kvar skulder, og så rapport til Helsedirektoratet. Truleg er eg i talet som assisterande helsedirektør Nakstad legg fram på TV i morgon.

Ettersom eg måtte vente ein halvtime før eg kunne ut og gå att, lurte min vennlege hjelpar på om eg ville ha noko lesestoff. Men eg takka nei, og då tok ho lunsj, ho trong jo ikkje vente om eg måtte.

Sola skein, i dag vart det ein fin dag. Arbeidet med vegbygging går sin gang på Ime, det er rundkjøringar og traktorar kor ein snur seg. Men om eit par år blir det nok betre.

Uansett, eg kom meg heim og unna meg ein velfortent kvil etter ein slik merke dag i livet.  Men dei kunne hatt ein knagg å henge jakka på.

Bildet kan inneholde: innendørs

Naturstridig

Det er litt naturstridig når amaryllisen blømer rundt juletid. Andre blomar spring også ut i den mørkaste vinternatta, så vi kjøper både julestjerner og julegleder og asalea. Mange er nok drivne fram med kunstig lys, men amaryllisen eg ser på når eg skriv dette, er ikkje det. Han har stått her i stova og sakte, men sikkert forvandla seg frå ein løk til det særsynet han er i dag.

Det hev ei rose sprunge, syng vi ved juletid. For diktaren som kjende sin Bibel når han skreiv det verset, visste at Jesus vart kalla Sarons rose og at den skulle renne av Isai sin stubb, altså ein etterkommer av Isai.

Midt i den kalde vinter, ved mørke midnattstid, syng vi vidare, og sjeldan har vinteren vore mørkare enn i år her sør. Då har det vore godt å sjå på video frå Kyrkja i Giske, der svigerdotter mi er organist. Dei har spela inn små videosnuttar til adventstida, oppfinnsamt laga med julekrybber av mange slag. Du finn det om du søker på Kyrkja i Giske på Facebook, og så kan du spele av dei små filmane.

Her er ei av julekrybbene. Stein Haugland tok bildet.

 

 

Bruer

Når Margunn og Stein er på besøk, går samtalen fort om bruer. Dei bur på Sandøya og er avhengige av ferje for å kome heim. Ei bru hadde vore fantastisk, då slapp ein å stille i ferjekø eller tenke på kva tid siste ferja gjekk.

Då vi flytta til Stokmarknes i 1976, var vi avhengige av ferje. Sortlandsbrua hadde kome i 1975, men Hadselbrua kom ikkje før i 1978. Når flyplassen låg på Langøya og vi skulle hente gjester der, var det viktig at flyet ikkje var forsinka, for då nådde vi ikkje ferja og det kunne bli seine natta før vi endeleg kom heim.

Løysinga for Sandøya burde jo vere å byggje bru. Det vert lenger å kjøre for folk som vil til Brevik sentrum, men elles vil nok dei mange fordelane ved å vere uavhengig, oppvege ulempene. Men ei bru kostar meir, og politikarane tenkjer i fire-års-syklusar. Å gå for bru vil også kreve pengar til utbetring av vegar der brua kjem, så då får heller dei 300 innbyggarane der framleis bruke trillebår frå ferjekaia når dei har mykje å bere med seg heim.

Men eg kan skjøne at dei 300 gjerne vil bli landfaste, kven vil ikkje det i våre dagar der så mykje er basert på at ein har bil som kan kjøre fram til huset ein bur i.

Lesarinnlegg

Å få inn eit slikt lesarinnlegg eller ein kronikk i Fævennen, det kan sitje langt inne. Om det det luktar kristenmanns blod eller om det er fordi det ikkje er så aktuelt som EU bestemmer fremdeles over Storbritannia eller Hvordan løse klimasaken?, for å nemne dei to største lesarinnlegga i dagens avis, men handlar om noko historisk, blir det fort vurdert som å ikkje vere aktuelt.

Dei fleste lesarinnlegga i dagens avis er korte, kjapt, trygt og billig, heiter det i ein reklame på tv, men det kunne også høve på lesarinnlegga. Billige er dei i alle fall, dei som skriv fårikkje noko for å skaffe avisa fire sider redaksjonelt stoff. Korte stykke kan også lesast kjapt. Og så lenge det ikkje har særleg brodd mot noko, er det sikkert også trygt, sjølv om 80-åringen som skulle få nytt pass, nok syntest det var i tryggaste laget å bli møtt av væpna politi ved inngangen til passkontoret på politihuset i byen og bli forhøyrd i foajeen.

 

Så vidt

I siste liten fekk eg skrive inn dei to siste avisene, dei som kom denne veka. Reidun pusja på litt og las opp overskriftene for meg, så dermed kom eg i mål. Men så var det bloggen. Den heldt eg på å gløyme i letten over å ha fått skrive inn avisene.

Mange gonger er det så vidt eg klarar å bli ferdig til klokka slår midnatt og ein ny dag tek til. I grunnen er det litt rart, for eg har ikkje så mykje anna å gjere, pensjonist som eg er. Men så er det ei bok eg skal lese og ein kabal eg skal legge, dermed prokastrinerer eg, som Per Emanuelsen skreiv om i avisa på tysdag. eg utset det heile og tenkjer som Stanley Jacobsen: I morgon, i morgon, men ikkje i dag.

Nå veit eg jo at eg må gjere det før midnatt, men det er likevel så lett å utsette ting. Men i kveld rakk eg det så vidt.

I desse koronatider er det mange som tenkjer at ein må vaksinere seg. Men så er ikkje vaksinen klar. Men vaksinen mot lungebetennelse, den kan ein jo ta. Den treng eg ikkje vente på til koronavaksinen kjem. Eg tenkte å utsetje det og ta alle i ein smekk, men på legekontoret sa dei at det ikkje var nokon grunn til å vente, så i morgon må eg av garde og få meg eit stikk på apoteket, tenkjer eg. Legen skulle bestille, så då får eg vel melding i morgong.

Får prøve å kome meg av garde før dei stenger i det minste.

Feler

Dei siste dagane har Geir laga artiklar om hardingfeler. Han har ei bok som Gunnar Stubseid gav ut med 50 legendariske feler. Felene har ofte kvinnenamn, og til no er det 7 artiklar i den kategorien.

Felene er unike og det er ikkje tale om industriell produksjon. Difor er det natuleg å lage artiklar om dei, både om kven som bygde dei og kven som har vore eigarar. Mange feler har ei mangfaldig historie, dei har vore selde og bytta bort, det var ikkje bare Per Spelemann som bytta bort kua, fekk fela igjen.

Å få med gløtt av folkemusikkhistorie på denne måten og gje lesarane høve til å finne meir stoff, det er ei av oppgåvene eit leksikon som Setesdalswiki kan ha.

Ofte må informasjonen leitast fram i kjelder frå bibliotek eller aviser. Så skal det bli ein leksikonartikkel, det er jo ikkje det same som ei fortelling. Men Setesdalswiki har plass også til fortellingar om det kjem høveleg stoff.

Så får vi gledes alle, gledes nu og sjå om vi kan finne meir av same slaget.

Kunst i julegave

I kveldens sending kunne det verke som om det vart slått eit slag for kunst som julegave. Sissel Åkre var med frå Bykle og Valle kunstlag og samtalen gjekk om kunstutstillingar i bygda. Gullsmedelevane hadde utstilling i gamle Valle Handel saman med Ewald Assmann, på Systog Dale kan ein kjøpe kunst av Per Fronth, på Rysstad er kan ein få kunst både i sentrum og i Brokke. Kunst gir velvære, meinte Sissel, som gjerne kom att neste tysdag med heile styret i kunstlaget for å promotere kunst, om eg forstod henne rett.

Før dette hadde Karl Sigurd Fredriksen frå Bjørnevatn løypelag peika på den store nytta ein hadde av å ha ein garasje for løypemaskinen på Bjørnevatn, Det er bare vinter fire månader i året, maskinen treng ein garasje i åtte månader for å hindre hærverk og vanstell, meinte han. Ingen kan vel være usamd i det.

Og etter samtalen om kunst kom Elisabeth Spockeli i studio og snakka om jolehandel i Valle sentrum. Dei har i år som tidlegare år delt ut lodd til kundar, nokre butikkar hadde delt ut over 4000 lodd alt. Det har vore krav om at ein må vere i Valle lisle joleaftan for å få gevinsten, det blei nok litt vanskeleg å halde på det kravet i ei koronatid, for då ville det bli tjåke fullt i sentrum, så i år måtte nok Valle Radio tre til og hjelpe under trekkinga. Men sjølv i eit så vanskeleg år som i år, hadde handelen i butikkane til Valle sentrumsforening vore brukbar, så vidt eg fekk med meg.

Eit hyggeleg avbrekk

Eg tok ein telefon til søster Jorunn i Lyngdal i dag og lurte på om dei kanskje hadde høve til å kome på kaffibesøk. Ho hadde nettopp baka smultringar og brune pinnar, så ho tok med ein smak. Reidun svinga vaffeljernet og fann jordbærsyltetøy i fryseskapet. Dermed var alt klart for eit hyggeleg avbrekk i adventstida.

Praten gjekk om laust og fast, Jorunn vikarierer av og til som organist og skulle ha to tenester i Korshamn, Ole Thorvald er kryssordløysar og høgtlesar når Jorunn finn fram strikkepinnane. Eg tenkte litt på om eg skulle lese ei Ajax-historie, men det vart med tanken.

Medan kvinnen snakka om stikking, fortalde eg om Stormenes tid, og dei andre bøkene av Ken Follett om dei som bygde katedral i Kingsbridge i England på 1000-talet. Det enda med at han tok med seg boka. Han har vakter på gjenbruksbutikken i Lyngdal av og til, og om han ikkje ville lese eller behalde boka, kunne han gi den til dei.

Dermed var ei bok ute av stova, det burde vore mange fleire. Men det er ikkje ett å kvitte seg med bøker, så det vart med den eine denne gongen. Så hadde han med eit par bøker han hadde hatt glede av, så nå får vi sjå om også eg finn dei interessante.

Uansett så var det eit hyggeleg avbrekk i ei mørk førjulstid.

I koronaens tid

Det var på Eides språksjov i går kveld at uttrykket vart lansert: Vi lever i koronaens tid. Dent måtte vere i bestemt form, akkurat som i tjueåra eller under krigen, for dette er ein epoke i livet som kjem til å bli ståande i histoia, meinte professor Gunstein Akselberg.

I koronaens tid har eg stort sett halde meg innandørs. Vi reiste ein tur til Rogaland i sommar, men som dei fleste nordmenn heldt vi oss altså innanlands, ikkje eingong ein tur ove grensa til Sverige tek vi oss råd til no lenger. På tv kan vi sjå at Systembolaget i Strømstad er tomt for folk endåtil i adventstida då det plar vere lange køar der.

I koronaens tid handlar vi på internett heller enn å gå i butikkar. Vi leiter i nettbutikkar etter julegåver og postverket har meir å gjere enn på lenge. Dei har sagt opp mange i faste stillingar, men julestria gjer at dei treng ekstrahjelp.

Men det gjeld å halde seg frisk til vaksinen kjem. Over nyttår kjem dei første dosane til Norge, og prioriterte grupper vil få tilbod om å rykke fram i køen. Eg tenkjer at helsearbeidarane bør prioriterast høgast, Vi som er gamle og held oss inne, og kan halde oss inne, kan nok vike plass.

 

Lesarbrev

Torbjørn Greipsland har skrive ein artikkel om ein predikant frå Åseral og sendt den til Fædrelandsvennen i håp om å få den inn i avisa. Men det er ikkje så lett, så i går hadde vi ein prat der vi mellom anna snakka om det.

Eg rekna opp at det var to kronikkar og til saman seks sider med debattinnlegg og meiningsytringar i avisa i går. Lesarbrev er godt stoff, og mange har mykje på hjarta. Det ser eg i andre aviser også.

Men så er det spørsmål om kva desse lesarbreva handlar om. Eg veit ikkje om det er gjort noko undersøking nyleg, men Torbjørn fortalde at ei undersøking som var gjort medan han var i Kristelig Pressekontor, konkluderte med at stoff frå kyrkje- og kristenliv var godt stoff i avisene, men det var vanskeleg å finne slikt stoff.

Eit paradoks er det ast svært mange norske journalistar og redaktørar har gått på Gimlekollen Mediesenter og fått si journalistiske utdanning der. Dei veit at det er stoff frå kyrkje- og kristenliv, men det blir likevel ikkje brukt, verken på journalistisk vis eller som lesarbre,v.

Meiner folk at slikt stoff bare bør vere i Vårt Land og Dagen. Sjølv held eg Vårt Land, og dei har mykje debattstoff, men lite reportasje frå livet i kyrkjer og bedehus rundt i landet. er det vanskeleg å skrive slikt stoff slik at det blir lesarvennleg?

Ein kan undre seg på mangt ein laurdagskveld.