Heldigvis

Då spanskesjuka herja landet for hundre år sidan, hadde vi ikkje mange telefonar i Norge. Heilt fram til midten på 1900-talet var det få som hadde telefon i eige hus, eg hugsar godt at eg måtte bodsende Reidun om eg ville tale med henne sist på 1960-talet.

Men så kom den store endringa der alle fekk fasttelefon og etter kvart også mobiltelefon. No sit dei aller fleste med ein liten datamaskin i handa som også kan nyttast som telefon.

I dag vart min mobiltelefon nytta til ein samtale med Torbjørn Greipsland. Det førte til at eg fekk nokre artiklar han hadde skrive som eg kunne legge ut på Setesdalswiki. Han ventar på at ein artikkel han har sendt til Fædrelandsvennen skal kome på trykk, og no hadde han fått signal  om at han kanskje snart ville kome, og då ville han dele gleda med meg. For når han har stått i avisa, kan han også kome på Setesdalswiki.

Medan eg snakka med han, fekk eg ein telefon frå kunsine Brit Obrestad på Varhaug. Ho kjempar med alt lauvet som fell ned frå trea, ho likar ikkje at det blir liggjande og råtne på hagestiar og i gardsromet. -Det må vere millionar av blad på eit så stort tre, sa ho. Eg kunne ikkje anna enn å vere samd, men heldigvis er trea rundt oss litt langt borte frå plenane, så det er få blad som landar der.

Og no har eg lagt ut den første artikkelen eg fekk frå Torbjørn på Setesdalswiki. den finn du her:

Henrik Wergeland og Adolph Tidemand kjempet sammen for jødenes rettigheter

 

Etter presidentvalet

I sendingane i fjernsynet har det ikkje blitt snakka så mykje om at det også var val på mange andre enn presidenten i USA. Men det vart jo likevel sagt at det tok lang tid å fylle ut stemmeseddelen fordi det var så mange ruter ein skulle krysse i.

Så eg tenkte at eg kunne sjå kven som var medlem av kongressen og då gjekk eg til wikipedia. Nettleksikonet er jo som regel oppdatert på det meste, men når det vart spørsmål om kven som var medlemmer av den amerikanske kongressen, var det ikkje noko å finne på norsk.

Men engelsk wikipedia, som jo er den største av alle og når eg skriv dette har over seks millionar artiklar, hadde jo ei fullstendig liste, der det også var biografiar om dei som no har verva. Den lista var ajour pr. 20. oktober 2020, så dei har nok litt å gjere med å oppdatere lista for perioden som startar i januar 2021.

Av lista kunne vi ikkje finne ut om det var mange som hadde røter frå Norge eller Norden, men på tv var det snakk om ein som hadde lært seg norsk, endåtil, Pete Buttigeg. Men han trekte seg tidleg og ga støtta si til Joe Biden. Men han var ikkje på val til føderale verv, så vidt eg kunne finne ut, og perioden hans som ordførar i South Bend gjekk ut i 2020, så han må vel på jakt etter ny jobb. Kan hende blir han ein av dei 4000 som Joe Biden må rekruttere til jobbar etter valet.

Joe Biden official portrait 2013.jpg

Munnbind

Det har vore fascinerande å sjå på sendinga frå USA etter presidentvalet. I dag kom resultata frå dei siste statane og folk kom ut i gatene for å feire at Joe Biden hadde vunne valet. Alle hadde munnbind, i alle slags fargar og fasongar, frå skjerf til profesjonelle og sikkert ikkje heilt billege.

Her heime har eg brukt munbind ein gong, det var då eg var på sykehuset i Kristiansand for å ta ein blodprøve. Då brukte eg eit munnbind eg fann ved inngangen. Etter at eg var ferdig, det tok nokre få minutt, stappa eg munnbindet i lomma og tok det med heim. Dei seier det er eingongsbruk, men eg har ikkje kasta det enno.

Helge har vore ti dagar i Oslo og reist med kollektivtransport. Då måtte han bruke munnbind. Men her sør er det ikkje mange som brukar det om dei går på butikken. God avstand mellom folk er det likevel.

Og samlingar vert avlyste, ikkje minst ryk mange julemesser. Eg snakka med søster mi, Solvor, i dag, og deira julemesse på Varhaug var avlyst. Heldigvis kjøper folk lodd likevel, så inntektene stoppar ikkje heilt opp. Men den nasjonale dugnaden må nok halde fram til sommaren.

Så eg burde vel spørje Reidun om ho ikkje kunne kjøpe ei øskje med munnbind neste gong ho er i byen.

 

Held ut

Vi som fylgjer med på valet i USA held ut sjølv om det no er mange dagar og netter sidan folk gjekk til stemmeurnene i landet der alt er så stort.

Eg har ikkje slektningar over there, men Reidun har. Vi har ikkje snakka med dei om valet, og i dag kom det melding om at dei i ein av famiiane har mista mater familia på nærare 90 år, så dei er nok sikkert ikkje så opptekne som vi er av valet i desse dagane. Her er hennar melding, omsett av Google:

Moren til Scott, Pauline Mainellis, døde i går kveld, den 4 november, fra komplikasjoner relatert til Parkinsons sykdom. Pauline var 89 år gammel og levde et unikt og fantastisk liv.
Født på en gård i Orient, Iowa, under depresjonen, hun var en av seks barn og hadde en hissig, til og med ondsinnede strek den gangen, og gjennom hele livet, samt en sterk, uavhengig ånd. Hun flyttet bort, i en alder av 18 år, til storbyen Omaha og deretter videre til Chicago, hvor hun arbeidet og bodde selvstendig i årevis før hun giftet seg med Dick og fikk Scott. Hun var en fantastisk mor for Scott. Jeg vet det, for jeg traff henne da Scott og jeg begynte å date, på videregående.
Alle elsket Pauline, inkludert meg, som om hun var min egen mor.
Pauline fikk venner uansett hvor hun gikk. Hun var en gave til alle som var privilegerte som kjente henne, med sin varme medfølelse, nåde og innbydende fornedrelse. Hun hadde en utrolig tålmodighet, dyp vennlighet og en utrolig sterk følelse av besluttsomhet, som hun bruker i hverdagen og i de mest utfordrende omstendighetene. Hun gjorde det beste ut av enhver situasjon som ble kastet på henne i løpet av sitt lange liv, og i så fall påvirket positivt livene til utallige andre mennesker, vitne, mest uten ord, til hennes utrolige tro på Gud.
Pauline elsket å hjelpe oss på alle måter hun kunne (som var mange), og hun beundret absolutt barnebarnet Erik og Jack, som var lyset i livet hennes. Hennes aktive involvering i familien vår har påvirket dypt og endret livene våre til det bedre. Vi takker Gud for den utrolige velsignelsen av å ha denne fantastiske kvinnen i våre liv. Vi savner henne så mye allerede, men vi vet at hun er glad for å endelig være ′′ hjemme,” slik hun beskrev det.

Men vi har tv på frå vi vaknar til vi legg oss, med få unntak når det kjem eit repriseinnslag eller når vi skal få oss litt mat. I dag snakka eg litt med Torbjørn Greipsland. Han sende meg eit innlegg han hadde på Verdidebatt om valordninga. Så vart eg litt klokare. Og held ut.

Akkurat som rosa under

Bildet kan inneholde: blomst, plante, utendørs og natur

 

 

 

Studio Mandal 2

Eg lova å skrive meir frå Studio Mandal i kveld, så her kjem andre meldinga.

Eg hadde gjort avtale med Geir Daasvatn om å snakke om den boka han har laga, Bare ein vanleg kvardag, for ei gåve. Tanken var å ha det som andre innslaget i den aktuelle timen. Så etter at Tallak Hoslemo hadde fortald om jolemessa, ringte Liv Gunn til Geir. Men ho fekk ikkje svar. Då tok eg ein telefon til Rita Flottorp, kona hans, og det synte seg at han hadde vore på eit møte tidlegare på dagen og difor hadde sett telefonen på lydlaus. Men etter det fekk vi ein samtale om boka, som han bare hadde få eksemplar att av. Men han vurderte om han skulle få eit nytt opplag. Det var ei fotobok med nokre av tekstane han har skrive på Facebook.

Så kom turen til Reidar Tveito, han har også skrive bok. Den handla om kulturminne og fornminne rundt Byglandsfjord og var akkurat gått i trykken. Tanken var å nå lesarar rundt Byglandsfjord med noko av alt det lokalhistoriske stoffet han har samla gjennom åra. Både Nasjonalbiblioteket og arkiva til Fædrelandsvennen og Agderposten hadde vore gode kjelder.

Reidar kunne også fortelje om ei anna bok han hadde klar saman med Torgeir Moseid. Den handla om Dampsaga, det var opptrykk av eit hefte dei hadde funne og som hadde blitt utvida med meir stoff. Den skulle delast ut gratis på Byglandsfjord, dei håpte på sponsing slik at utgiftene vart dekka og Per Birkeland hadde alt sponsa med 5000 kroner av dei 20.000 som trongst, så no vona han at Bygland kommune også kom på banen.

Siste samtalen var med Berit Junge Henriksen. Ho oppsummerte Kulturveka 2020. Best besøkt og truleg også mest morosamt var innslaget frå Valle bygdekvinnelag der folk gjekk eventyrstien frå Harstad til Tveitetunet og møtte ulike eventurfigurar på vegen. Men også konserten med Øystein Kikut og besøket av Agder Camerat på laurdags føremiddag var fine arrangement som mange hadde fått med seg. Kulturveka er jo laga av lag og organisasjonar som melder inn arrangement til ein komite som så koordinerer og lagar eit felles program. Og Berit hadde ikkje mista motet, det heile starta i 2002, så dei måtte i alle fall halde på til 2022 slik at dei kunne feire jubileum. Kommunen og banken ville sikkert sponse også vidare, meinte ho.

Studio Mandal

I kveld hadde Valle Radio igjen sending frå Studio Mandal. Via Skype vart eg kopla til miksebordet i Valle og så kopla Liv Gunn Viki meg saman med dei som eg hadde på kjøreplanen min.

Liv Gunn fekk opplæring av Jørund Georg Jore, og etter nokre innleiande problem gjekk det heile veldig greitt. Eg ville gjerne ha lyd på når det var reklame og musikk, og slik vart det.

Først fortalde Torunn Charlotte Nyberg litt om Kulturveka 2020, men ikkje så mykje, for Berit Junge Henriksen skulle også snakke om den. Men så snakka vi om UNESCO-statusen for Setesdal. Agder fylke har lyst ut ei stiling som prosjektleiar for arbeidet som må gjerast. Mykje av dette vil skje i Bygland, Valle og Bykle, så det kan godt tenkjast at stillinga blir plassert i Valle. Men ho kan også kom til Kristiansand, for ein del arbeid vil vere i fylkeskommunen.

Så var det ein prat med Tallak Hoslemo om Jollemessa på Rysstad som forsvann i korona, den skulle vore 21. november. No måtte folk kjøpe lodd pr telefon eller vipps. Medan dei i fjor nærma seg ein halv million i inntekt, såg han for seg at lotteriet kunne gje 200.000 kroner i år om alt vart utseld, men så var det gevinstar for 50.000 kroner som og skulle betalast, så resultatet kom til å bli mykje lågare i år. I tillegg mista ein det sosiale fellesskapet som ei slik messe er, og det er jo absolutt eit tap når ein ikkje kan samlast i kafeen og vente på å vinne bløtkake eller marsipankake, normalt skulle 200 slike loddast ut.

I morgon skal eg fortelje meir om kveldens sending.

 

Presidentvalg

I dag er det presidentvalg i USA og det er ikkje lett å unngå å bli engasjert sjølv om det ikkje har så stor betydning for ein pensjonert lærar i Mandal. På Reidun si side har vi slektningar i USA, men vi har ikkje diskutert politikk med dei.

Men NRK si dekning av valget er interessant. Dei har mange folk på plass i USA og vi får glimt av situasjonen på begge sider. Truleg får vi resultat ved to-tida i natt, og dei som legg seg no, vil i alle fall få mykje informasjon i morgon tidleg.

Eg hadde trudd at dette valget bare var eit presidentvalg, men dei skal også velje folk til andre av dei politiske institusjonane i landet. Dette får vi ikkje vite særleg mykje om og det hadde jo vore interessant.

I samband med dette måtte eg lese om att artikkelen Coya kom hjem på Setesdalswiki. Den handlar om Coya Knutson. Hennar svigerfar kom frå Bygland, og ho er truleg den norskætta kvinna som har nådd lengst i amerikansk politikk.

Om det blir fleire artiklar på Setesdalswiki om sentrale politikarar som stamma frå Norge, det er usikert. Men at presidentvalget i USA engasjerer, det er ikkje usikkert, Under ser vi Coya ved pianoet. Som Joe Biden var ho sterkt engasjert i kyrkje- og kristenliv.

Basar og bøker

I helga har eg planlagt onsdagssendinga i Valle Radio, og den aktuelle timen kan vel kallast ein time om basar og bøker. Først skal eg snakke med Tallak Hoslemo om Jolemessa på Rysstad 2020, som jo ikkje blir på Rysstad, men som blir digital.

Det blir altså ingen parkeringsproblem, ingen andakt, ingen sang og ingen drøs i kafeen medan ein ventar på åresalet skal trekkjast slik at ein kan få med seg ei bløtkake heim. Stussleg, tenkjer eg, det sosiale fellesskapet slike arrangement skaper er ein viktig del av livet på bygda og kanskje også i byen.

Slik blir det også for jolemessa til Normisjon i Valle, det kunne vi lese i annonsen i avisa sist tysdag. Den fekk eg ettersendt i posten i dag ettersom den ikkje kom på ordinær måte for ei veke sidan.

Men onsdag blir det altså ein prat med Tallak Hoslemo før eg går over til aktuelle julegåver i neste innslag. Då skal eg snakke med Geir Daasvatn om boka han har laga med flotte bilete og små tekstar: Bare ein vanleg kvardag, for ei gåve. Og så har Reidar Tveito laga ei bok om kulturminner og fornminner rundt Byglandsfjord, den får vi også høyre meir om.

Reidar trudde for øvrig at han måtte reise til Valle for å snakke om boka, og det ville han ikkje ein mørk onsdagskveld. Men det lysna mykje då han fekk høyre at eg sat i Mandal og at vi bare skulle snakke på telefonen, då var det bare ei stor glede å kunne snakke om boka, sjølv om han kanskje ikkje trudde det kom til å bli særleg stort sal oppover i dalen, han meinte den nok var altfor lokal. Men ho er å få på Setesdalsmuseet om nokon vil sjå på den.

Til slutt skal Berit Henriksen oppsummere Kulturveka 2020 for oss. Der var det vel korkje basar eller bøker, men kultur er jo alt som vi held på med når vi ikkje strevar for det daglege brød, så eg tenkjer det høver godt likevel.

 

Oppbyggeleg

I dag var det Allehelgenssundag. Det er jo ein dag der mange tek turen til kyrkja. Mange stader les dei opp namna til dei som er gått bort i løpet av året, lys blir tende og tankane går til dei som ikkje lenger er blant oss.

Frå Sverige kunne vi klokka 10 få med oss katolsk messe frå Gävle, der var det mange innvandrarar i kyrkja. Frå Norge var gudstenesta frå Madlamark kirke. Der var det mykje flott sang og musikk og ei fin preike.

Så det vart to oppbyggelege timar for den som likar tradisjonell liturgi og korsang.

Og så har vi ein tradisjon om å snakke med familien i Nittedal på søndagane og denne gongen kunne vi kommentere vårt barnebarn Nikolai sitt kostyme til Haloween. Han hadde satsa sterkt og laga seg eit Svampe-Bob-kostyme av ei stor pappeske. Den hadde han gått rundt i nabolaget med i halvannan time i går, så han var helst stiv i nakken då han kom heim. Men det lønte seg, han hadde fått knask for fleire veker framover, etter det vi fekk vite. Vi fekk ikkje snakke med han, for han var alt reist på fotballtrening.

Då kvelden seig på, det gjer han jo tidlegare og tidlegare no, var det til å planlegge litt for å få innhald til onsdagskvelden i Valle Radio. Det blir bare onsdagssending denne veka, og den er det eg som skal ha. Men programmet er ikkje ferdig enno, så det får vente litt før eg legg det ut på bloggen.