Om å legge seg flat

Kveldens replikk i Valle Radio kom frå fylkesordførar Arne Thomassen i samband med det han hadde sagt om kor UNESCO-kontoret skulle plasserast: Kona sa til meg før eg drog i kveld at du har lagt deg flat fire gonger denne veka, skal du no gjere det igjen?

Og det skulle han. Men han hadde hastverk, for han skulle dele ut fylkeskulturprisen, så han kunne bare vere med på Teams, med ordførarkjede rundt halsen. Resten av sendinga var det fylkeskultursjef Anne Tone Hageland som måtte forsikre om at stillinga skulle vere i Setesdal. Fristen for å søke var 24. november, og ho lova å undersøke om utlysinga kunne oppdaterast slik at ein fjerna byen frå tekstn.

I tur og orden stod dei fram og peika på at det ikkje i det heile tatt hadde vore tenkt å legge stillinga til byen. Den måtte vere der tradisjonen lever, den som skal ha ein så særmerkt stilling må leve i miljøet og ikkje bare svinge innom av og til.

Valle Radio hadde kalla inn til møtet og Ørnulf Hasla var programleiar. Det vart peika på at statusen innan UNESCO varte i fem år, så måtte den fornyast. Inspirasjonen til at det heile kom i gang, kom frå Latvia, trur eg det var. Dei hadde fått slik status for ein kulturtradisjon innan korsang.

No får vi sjå om det vert fleire stillingar. Fylket vart sterkt oppmoda om å Ta heile Agder i bruk av ordførar Steinar Kyrvestad, som siterte frå formuleringa i ein plan fylket har laga for 2020-2030. -Det var dumt å tråkke feil ved første test, men ein får lære av feila og gå vidare, sa han.

Og så kunne dei som var svoltne etter debaten få brus, pizza og ein prat når mikrofonane var slått av.

Kunstgalleri

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi mellom mykje anna høyre om eit kunstgalleri som er etablert på Hovet i Hylestad. Det er ein låve som er gjort om til eit stort og høglofta rom som høver for å stille ut både store maleri, små akvarellar og endåtil skulpturar.

Den første utstillaren er Michael Rieu, og han vil vere til stades når utstillinga opnar laurdag. Til sommaren vil han stille ut også utanfor låven, då blir det ein skulpturpark, og skulpturane han lagar er i granitt frå mange stader i verda.

Andre delen av den aktuell timen var ein prat med redaktør Ørnulf Hasla om ekstrasendinga som skal vere i morgon, der har radioen slått på stortromma og invitert folk frå alle kantar til å snakke om UNESCO-kontoret som skal etablerast. Den sendinga vert frå Sølvgarden klokka 19. Her er invitasjonen:

Vi vil ha debatt om siste utvikling av Unesco saka.
Desse vil vere med:

Fylkesordførar Arne Thomassen, opposisjonsleiar i AP Gro Bråthen, Fylkesvaraordførar Bjørn Ropstad, Fylkeskultursjef Anne Tone Hageland, Hallvard T. Bjørgum, Gunnar Stubseid, Gunnar D. Ose, Olav Hovet.
Fylkespolitikarar Margit Dale og Torunn Ch. Nyberg.
Ordførarane i Bygland, Valle og Bykle,
Sigbjørn Fossdal, Steinar Kyrvestad og Jon Rolf Næss.
Valle radio serverer gratis pizza, brus og kaffi.
Oppmodar publikum til å møte fram, det er plass til 50 i
høve til Corona reglar.
Vel møtt til ein interessant debatt kveld.

Biletet syner Jørund Georg Jore som gjer klart til sendinga i morgon. Torfinn Rysstad på Sølvgarden fylgjer med. Foto: Britta Lise Homme.

Bildet kan inneholde: 1 person, innendørs

Oppvask

Søster mi har oppvaskmaskin på kjøkkenet, men vaskar opp for hand. Vår oppvaskmaskin går ein gong til dagen no som vi er tre i huset, kan hende gjekk han bare annankvar dag den tida vi var to.

I Valle er det tid for oppvask i UNESCO-saka, og den skjer torsdag 19. november 2020 på Sølvgarden. Spørsmålet om stilinga skal lokaliserast til Setesdal vart brennheitt etter at utlysingsteksten hadde Setesdal/ Kristiansand som arbeidsstad. Det er Agder fylke som finansierer ein treårig prosjektstilling, og dei har truleg ikkje tenkt særleg langt då Kristiansand i det heile tatt var med.

Truleg hardde det vore mindre kontroversielt å ha stillinga i Oslo, der er jo makta sine korridorar og det er eit folkemusikkmiljø der også. Men stillinga skal ikkje bare gå i makta sine korridorar. Den som får stillinga skal framelske sang, spel og dans i Setesdalstradisjonen. Då må det skje der denne tradisjonen lever, noko som etter mi meining til nød kan strekke seg mellom Bygland og Bjåen.

I kveld ville Siri at eg skulle lese kåseriet mitt frå søndag som kåseri i Valle Radio ved starten av dagen. Då eg var ferdig, hadde ho fått meldinga om oppvasken, som eg kallar det.  I kåseriet peika eg på kor mange som hadde sagt si meining om plasseringa. Dei fleste av desse, og mange fleire hadde lesarinnlegg i Setesdølen og/ eller Fædrelandsvennen i dag.

Oppvaskmøtet vert sendt på Valle radio torsdag frå klokka 19. Det er plass til 50 publikum på Sølvgarden, dei får endåtil mat spandert av radioen medan dei fylgjer med på oppvasken og slepp oppvasken etter pizzaen dei får servert. Møt opp!

Lyrikk og musikk

I dag hadde eg ein hyggeleg prat med Olav Mosdøl frå Kviteseid. Han har pensjonert lærar og arbeidde på Kvitsund gymnas då Sigmund Haugland, Torstein Bjørgum og Eivind Austad Hovet gjekk der.

Gjennom åra har eg hatt litt kontakt med han i samband med Valle Radio, for i tillegg til å vere pensjonert lærar er han også lyrikar og har gitt ut mange diktsamlingar. Eg likar godt når folk tek kontakt og vil vere med i Valle Radio, og vi avtalte at han skulle vere med onsdag 2. desember klokka 20 og fortelje om boka og plata og samarbeidet han har med visesongaren og musikaren Hege Bålsrød.

Første diktet på plata Havet av dagar får du her:

Havet av dagar
er stort og djupt,
me ser sjeldan strendan
skodar aldri botnan.
Den solrike dagen
seglar skipet mot vester,
utan at me er slavar
som ror.
Sekund sig bort
døyr i augenblinken
mellom før og no,
i dette sekundet
lever me
er til.
Livet er ikkje dagen i går
og ikkje dagen i morgon,
livet er no
i dette sekundet
som fødest og døyr.
Me fekk eit sekund av æva.
Havet av dagar - YouTube
Musikken får du 2. desember i Valle Radio om du ikkje leitar deg fram på Spotify og høyrer dei to første spora der.

Heilside

Det er ikkje ofte at Setesdal og Valle får ei heilside i Fædrelandsvennen, men i går hadde avisa fanga opp protestane mot at det i annonsen om prosjektleiar for UNESCO var tale om lokalisering til Kristiansand: Protest mot kontor i Kristiansand.

I artikkelen siterer avisa fylkeskultursjef Anne Tone Hageland som sa til Setesdølen at stillinga skulle vere i Kristiansand. Dei har snakka med henne og no seier ho at det er blitt misforstått og kome ut av proporsjonar: Meningen er at prosjektlederen skal ha en pult på fylkeshuset og være mest mulig i Setesdal.

Opposisjonsleiar Gro Bråten  seier til avisa at føresetnaden er at stillinga skal vere i Setesdal. Birkenes-ordførar Gyro Heia er og intervjua og seier det same. Regionrådet har endåtil sendt brev til fylkesrådmann Tine Sundtoft om saka. Margit Dale, som både er fylkespolitikar og lokalpolitikar i Valle, er sjølvsagt for at stillinga skal vere i Setesdal, men fylkesordførar Arne Thomassen surrar denne gongen og meiner vedkomande skal arbeide saman med eit kompetansemiljø i Flekkefjord og Risør og ser for seg at det kan bli einsamt å sitje i Valle utan eit miljø rundt seg.

Så heilsida hadde innslag frå mange kantar, men det var vel bare Thomassen som ikkje var klokkeklar på at stillinga måtte plasserast i Setesdal. Nå blir det politisk sak av det i fylkesutvalet, ser det ut til.

Joel Halldorf

I dag var siste frist for å få 30 redigeringar på Wikipedia dei siste to månadene, for i morgon er det startdato på val for nye administratorar. Eg er administrator, men er ikkje på val denne gongen, men eg vil jo gjerne kunne stemme.

Så dermed vart det ein innspurt for å klare å oppfylle kravet. Det gjorde eg med nokre redigeringar på artikkelen om Haugenloftet i Åraksbø etter at eg hadde flytta artikkelen frå den gamle tittelen.

Men det var ikkje nok, og i Vårt Land oppdaga eg at det var ein artikkel om ei bok av Joel Halldorf, ein svensk forfattar med bakgrunn i pinserørsla. Svensk wikipedia hadde ein artikkel om han. Den importerte eg til norsk, og så måtte eg omsette den.

Å omsette frå dansk til bokmål er lett, det er ikkje fullt så enkelt frå svensk. Men eg trur eg fekk til det meste, sjølv om det no er blitt så mange slags malar som skal inn i artiklane i tillegg til teksten, at det nok må andre til for å gjere den ferdig.

Artikkelen i Vårt Land var ei bokmelding av ei bok om pinserørsla sin grunnleggar Lewi Pethrus, Den var på engelsk, så eg kjem neppe til å kjøpe den eller bestille den på biblioteket. Men Joel Halldorf har skrive mange bøker og fortener ein plass på Wikipedia på norsk. No har han fått det. Og kjenner eg dei som skriv på Wikipedia rett, kjem noko nokon til å gjere den ferdig og fikse på dei malane som no ikkje fungerer.

 

Ta ein telefon

Ta ein telefon til ein person i denne koronatida og fortel at du set pris på han eller henne. Det kom på klingande Moisund-dialekt frå statsråd Kjell Ingolf Ropstad i Regjeringa sin pressekonferanse i dag.

I våre dagar er det lett å ta ein telefon. Då eg var ung, var det ikkje telefon i kvar heim eingong, no er det telefon i alle lommar eller vesker. Difor burde det vere lett å ta ein telefon og seie at du set pris på nokon eller noko som ein har gjort. Likevel gjer vi det alt for sjeldan.

Du er du, og du duger, song Tore Thomassen tidleg på 1990-talet. Vi treng å minne kvarandre om det både tidt og ofte, ikkje minst når det mørke novembermørket rår og sender deprimerande tankar til alle pessimistar og ein god del optimistar også.

Livet er ikkje alltid ein dans på roser, sjølv om vi prøver å unngå å syne at bak fasaden er det kanskje både økonomiske sørger og anna som kan få oss til å ligge vakne om natta.

Men ein telefon med eit godt ord, det kostar ikkje mykje og alle kan trenge det av og til.

To månader

Vi brukte to månader på det siste hundretalet. Artikkelen om 1. desember 2020 vart artikkel nr. 92 600. Sjølv slit eg med isjias, så det er ikkje mykje eg har skrive i den seinare tida, men heldigvis er Geir og Siri meir aktive og klarar å halde ein viss produksjon av artiklar oppe. Men om vi skal bruke to månader på neste hundretal, då klarar vi ikkje å nå nytt tusental til årsskiftet. Slik er det bare.

Vi klarar heller ikkje å få med alle hendingar i datoartiklane våre. Det har vel heller aldri vore ein ambisjon, men vi har jo prøvd å få med noko dei fleste dagane.  Så lenge vi ikkje er fleire som skriv, klarar vi ikkje å dekke på langt nær alt som hender i regionen.

For meg har Setesdalswiki vore ein god måte å samle kunnskap på. I dag fekk eg spørsmål om kven som sit i Valle og Hylestad sokneråd, og det fann eg i artikkelen som du kan lese om du trykkjer på den grøne lenka. Det hadde eg ikkje visst for ein går jo ikkje og hugsar på slikt.

Så Setesdalswiki har ei oppgåve, og vi får halde fram vidare gjenno korona, isjas og andre skavankar og vone på betre tider.

Lokalt og globalt

Kveldens mest lokale tema i Valle Radio handla om innsamling av stadnamn. Det var Leonhard Jansen som fortalde om alt arbeidet som er gjort heilt tilbake til midt på 1990-talet, då han samla inn stadnamn og plotta inn på kart, eit stadnamn utan kartreferanse er ingenting verd, sa han. Sidan kom Jørund Georg Jore, JOhn Melhus og Asbjørn Renberg med i arbeidet der ein hadde med både normal form og dativform. Det var mellom anna samla inn 1000 stadnamn frå Røysland, med koordinatar. Øyvind Jacob hadde og vore engasjert i dette, men no trong dei folk ein dag i veka til å ta opp att arbeidet.

Det andre hovudinnslaget var med Gunnar Stubseid som fortalde om UNESCO-prosjektet. Der fekk kveding, dans og folkemusikk frå Setesdal anerkjenning frå heile verda, men og ei forplikting til å ta vare på det. No er det kome ein rapport som beskriv kva som finst i regionen, og stilling er lyst ut til tre års prosjekt. Den stillingen bør ikkje ha kontorplass i Kristiansand, men på Setesdalsmuseet, i det levande miljøet. Om ein skal reise frå byen til Valle for å gjere noko, blir arbeidsdagen kort.

Kunsten lever bare når han blir utøvd, sa Gunnar Stubseid, som peika på at tradisjonen heile tida er i endring. Den som lærer seg ein slått, legg til si eiga tolking når han framfører den. Før korona samla folkemusikarar seg på Sylvartun kvar tysdag for å spele saman og ta vare på tradisjonen. Men ein må nå vidare ut, det er ikkje nok med Eldbjørg og Vetle som aktive unge utøvarar, så UNESCO-satusen bør føre til meir opplæring og fleire utøvarar.

Hilde og Alf Halvorsen

I kveldens sending i Valle Radio var det Hilde og Alf Halvorsen som dominerte sendeflata. Dei skal ha møte i kyrkjestoga i Valle torsdag klokka 19.30 og på Nomeland bedehus fredag klokka 19.30  og laurdag klokka 17 etter det eg fekk med meg av samtalen.

Du som har høve til å gå dit vil få møte eit par misjonærar som har budd i Mali i 20 år av dei 40 åra dei har vore misjonærar. Heimeopphald i Norge kan ha vore både korte og lange, men Alf meinte at han hadde vore i Mali ein gong i året i alle dei åra han også hadde hatt heimeopphald.

Målgruppa for arbeidet var dei som snakkar malinke, eit av dei 40 språka i landet. Hilde er adjunkt og barnehagelærar, Alf er teolog og jeger, noko som passar godt i landet, etter det eg kunne skjøne. Det er mennene som kan lese og skrive, men Hilde har arbeidd for at også kvinnene skal kunne lese Guds ord på sitt eige språk, og Det nye testamente er blitt omsett til malinke i løpet av den tida dei har vore der.

I Mali er det på langt nær så stressande som i Norge, der tek ting den tida som trengst. Så overgangen mellom dei to landa krev omstilling. Men dei var glade Kristusvitne med misjonskall heilt frå unge år og opplevde å stå i ei meiningsfull oppgåve. Her i Norge er vi ikkje så flinke til å snakke om tru, i Mali hadde dei opplevd at ein mann kom på døra og spurte om korleis han kunne bli frelst. Då visste dei mest ikkje kva dei skulle gjere, men smått om senn fann dei ut av det. Mannen fekk opplæring og vart døypt og vart ein god medarbeidar for evangeliet.

Ta turen og fyll møtelokalet så godt som det kan gjerast i desse koronatider. De får mykje att for kollekten desse kveldane.