Fleire spørsmål

I dag var det laurdagsavis og då har Vårt Land svært mange spørsmål, eg trur det er 70, 10 i seks ulike kategoriar og så dei vanlege 10 som står ved sida av kryssordet på tredje siste sida.

Mine spørsmål kan ein finne svar på ved å leite på Setesdalswiki om ein ikkje alt veit svaret.

  1. Kor høgt er Tindefjell i Åseral?
  2. Kor skal Kjell Steinbru ha gudsteneste 21. juni 2020?
  3. Kva heitte far til Hans Olav Lauvstad?
  4. Kor gjekk Knut K. Homme på lærarskule?
  5. Kor gjekk Bergit K. Rike på lærarskule?
  6. I 1980 snakka dei om Brokkelina. Kva var det?
  7. Kven stiller ut bilder på Setesdalsmuseet i sommar?
  8. Kor ligg Ånebjør?
  9. Kven hadde sangtime i Valle Radio tysdagskvelden?
  10. Kva heiter organisasjonen til Hallvard Hasseløy?

 

Svar på spørsmål

I går stilte eg nokre spørsmål på bloggen. Her kjem svara:

  1. Kva heitte far til sangarinna Vera Dalen? Andreas Birkeland
  2. Kva heitte bror hennar? Helge Birkeland
  3. Kor gjekk Hallvard Eldhuset på lærarskulen? Volda
  4. Kva var jentenamnet til Gunda Ropstad? Wiberg
  5. Kva år gifta ho seg? 1980
  6. Kva årstal vart Senterpartiet stifta? 1920
  7. Kven fullfører Gard og ætt i Bygland? Ådne Fardal Klev
  8. Kven driv Joker Valle? Kent Even Andersen
  9. Kor ligg Tveitå? På vestsida av Byglandsfjorden
  10. Kor gammal vart Jon A. Helle? 97 år

Eg kjem ikkje til å legge ut spørsmål kvar dag, om det då ikkje skulle bli eit folkekrav. Men av og til kan det nok hende at eg lagar nokre spørsmål. Dei over kan jo brukast i quiz i heimen, no har det også svara.

I dag dukka det opp bilder av Jon Hornnes på Facebook saman med noko tekstinformasjon, så eg fekk høve til å oppdatere artikkelen. Ta gjerne ein kikk på den og lær noko du kanskje ikke visste. Men i varmen orkar eg ikkje så mykje, eg blir sitjande utan lyst til å skrive, og det er jo ikkje så ofte.

Spørsmål

Vi har avisene Fædrelandsvennen og Vårt Land og kvar dag kjem det nye spørsmål i dei. Så sit vi saman og les spørsmåla høgt for kvarandre og lurer på om vi klarer å få alt rett. Det er sjeldan det sjer. Når vi er ferdig med dei spørsmåla, finn Helge dagens Quiz frå Aftenposten på nettet, og så tek vi også dei.

I kveld tenkte eg at eg kunne jo lage nokre spørsmål frå Setesdalswiki:

  1. Kva heitte far til sangarinna Vera Dalen?
  2. Kva heitte bror hennar?
  3. Kor gjekk Hallvard Eldhuset på lærarskulen?
  4. Kva var jentenamnet til Gunda Ropstad
  5. Kva år gifta ho seg?
  6. Kva årstal vart Senterpartiet stifta?
  7. Kven fullfører Gard og ætt i Bygland?
  8. Kven driv Joker Valle?
  9. Kor ligg Tveitå?
  10. Kor gammal vart Jon A. Helle?

Flytting

Når eg skriv overskrifta flytting, så er det ikkje eg som skal flytta. Eg er takksam for å kunne bu her på Eskeland med mine bøker og gamle nummer av Setesdølen som eg kan hente stoff frå til artiklar på Setesdalswiki. Heller ikkje skal eg kommentere Geir Daasvatn si flytting, han og Rita Flottorp flytter til Farmo, der Geir vaks opp.

Nei, flyttinga går på at eg i går var for sein til å lagre bloggen på gårsdagens dato, men i kveld flytta Helge den til rett dato, så no måtte eg i gang med ein blogg att i kveld. Eg hadde vel tenkt at når eg skriv ein blogg kvar kveld og så bomma i går, så var det bare å halde opp i kveld for å kome i rute att.

Det har vore triveleg å ta opp kontakten med Torbjørn Greipsland att, og i kveld kom han innom etter at eg hadde ringt han og lurte på om han ville ha vaflar og is hos oss. Praten gjekk om laust og fast, vi har mykje å snakke om og mange felles tema som samtalen kan gå rundt. Han var redaktør av Santalen nokre år, sidan redaktør i Kristielig Pressekontor. Han har skrive mange bøker, nokre av dei har danna grunnlag for artiklar på Setesdalswiki, så kvelden gjekk svært fort.

I morgon skulle han til Erik Kjebekk på Evje, eg ba han ta med helsing og takke for andakten han hadde i Valle radio tysdagskvelden.

Valle Radio hadde sending i ikveld også, det var kommunestyremøte, og det gjekk unna på ein time. Alle vedtaka var samrøystes slik innstillinga i sakene var, og det var stort sett bare spørsmål om dei som skulle vedta sakene var habile. Når dei ikkje var habile, gjekk dei ut medan ordføraren klubba, og så kom dei inn att. Eg laga ei side om det på Setesdalswiki, Der kan ein sjå kva saker det gjaldt.

Variert radiokveld

Kveldens sending i Valle radio var variert. Først hadde Erik Kjebekk andakt, den var på ein halvtime. God klassisk forkynning over Kol. 1,1-3. Eit av dei tema han var innom var at vi måtte ta eksemplet til Paulus og takke Gud for folk, det er vi kanskje ikkje så flinke til.

Misjonsradioen i Arendal har ein ivrig medarbeidar i Olav Lindstølen. Han lagar musikkprogram og vi fekk høyre eit slikt etter andakten. Halv åtte var det ein samtale med Hallvard Hasseløy frå OpenHeart. Han samlar inn klede og pengar for å sende til Ukraina, der organisasjonen har eit stort arbeid for dei fattigaste. I desse koronatidene har det vore ekstra vanskeleg. Han berømma Sigrid Bjørgum og Astrid Nomeland for det store arbeidet dei har gjort for å få hjelp frå Setesdal til prosjektet. Framleis treng OpenHeart pengegåver frå folk for å kunne drive hejlpearbeidet sitt, og kan hende er det ekstra viktig no når han ikkje har kunna halde innsamlingsmøter.

Andre innslaget i den aktuelle timen var Åpne Dører som handla om arbeidet deira i Sentral-Asia. Så kom Niklos K. Besteland med eit noko uvanleg program. I kveld fekk vi høyre orkestermusikk, først Våren av Vivaldi og til slutt sommarpastorale av Arhur Honegger. To svært ulike stykke, men fine å høyre på, kvar på sitt vis.

Orgelmusikken var først eit lite stykke av Beethoven Allegro i C-dur. Bernhard Bartelink spela på orgelet i St. Laurenskerk Rotterdam. 2:00. Vista LP VRS 1908, så kom
Johann Christian Heinrich Rinck (1770-1846): «Freu dich sehr, o meine Seele». Koral og variasjonar. Ewald Kooiman spela på orgelet i St. Catharinakerk Utrecht . 4:13. Motette Ursina CD 13701 CD 2

Til slutt var det noko om det som skjer framover, henta frå Setesdalswiki. Då oppdaga Siri at det der var opplyst at det skulle vere fjellkyrkjestevne på Hallbjørnsekken, men då ho sjekka på heimesida, var det avlyst på grunn av korona. Så då måtte eg rette det.

I kveld vart eg for sein til å lagre, for eg vart sitjande å sjå på programmet om Martin Luhher King før Kveldsnytt og deretter var det eit program om ferja til Skjæløy ytterst i Larvik kommune. Det er kjentfolk, Margunn og Stein er venner med folka der. Så dermed gløymde eg å lagre før midnatt, så i juni blir det nok eit hol i kalenderen. Det får våge seg, det går mot sommar og det er vel ikkje sikkert at eg kjem til å skrive kvar dag i denne tida.

 

Konflikt

Eg burde ha lært at eg kjem i konflikt på måndagskveldane om eg ikkje har skrive bloggen før Kveldsnytt. Etter Kveldsnytt er det krim på TV, og det likar eg å sjå på, anten det no er Vera eller Tause vitner eller ein annan serie dei syner.

Så då blir det å sitje og fylgje med på TV med eit halvt auga til eg har fått ferdig bloggen.

I dag hadde eg ein hyggeleg prat med Alf Gunnar Eritsland, som eg skreiv om sist veke. Hans to forelesningar i samband med doktorgraden var blitt avlenka, men han lova å sende dei til meg.

Eg lærer noko kvar dag ved å skrive på Setesdalswiki. I samband med at eg skreiv om Volda lærarskule i går, fann eg ut at det var fleire kristne lærarskular for 100 år sidan, mellom andre Nidaros lærarskule, Notodden lærerskule og Oslo lærerskole.  Eg vil prøve å finne ut meir om dette i dagar som kjem.

 

Sommarvarme

Kveldens nyhetssendingar på TV var opptekne av at det var badetemperatur i vatn og at populære badestrender var tettpakka. Det verka som om folk hadde gløymt at ein skal halde avstand i desse koronatider.

Espen Rostrup Nakstad minna om at vi må vaske hender, halde avstand og vere heime om vi har symptom på luftsveginfeksjon. Eg kom plutseleg til å tenke på at det var nokre timar sidan eg hadde vaska hendene, så eg gjekk på badet like etter og fekk litt betre samvit.

Sjølv har eg halde meg innandørs også i sommarvarmen. Reidun gjekk ut og sette seg i vinden, men etter ei stund kom ho også inn, det vart for mykje sol ute, så ho måtte i det minste finne skugge om ho skulle vere ute.

Men bading, det blir nok ikkje noko av å hoppe i havet for meg, så redningsselskapet vil neppe ha noko å gjere i så måte. Dei har visst nok å gjere likevel.

Etter disputasen

I går fortalde eg at eg høyrde på ein digital disputas. Den handla om lærarutanning og at det var etablert fleire kristne lærarskolar frå 1890 til 1947, som var perioden doktorgradsavhandlinga til Alf Gunnar Eritsland handla om.

I dag sette eg meg til å lese litt meir om dette, eg skumma gjennom avhandlinga, fann fram boka Skolefolk av Gro Hagemann og søkte på Setesdalswiki om det var lærarar her i regionen som hadde gått på Volda lærarskule. Då fann eg to, Sigurd Faret frå Hornnes, som gjekk ut i 1915 og Hallvard Eldhuset frå Bygland ein generasjon seinare. Han gjekk ut i 1941.

Med hjelp av artiklar på Wikipedia laga eg så ein artikkel om Volda lærarskule på Setesdalswiki. Kan hende kjem eg til å lage artiklar om fleire knytta til skulen, som altså var ein privat driven kristen lærarskule frå starten og langt inn på 1900-talet. Likevel var det ikkje noko sterkt kristeleg som prega skulen. I disputasen i går sa Alf Gunnar Eritsland at det først og framst var det faglege som gjorde at så mange søkte seg til skulen. Og på Wikipedia las eg at det i 1920-åra var den største lærarskulen i heile Norden.

Norden var forresten eit tema i disputasen også. Opponentane tok opp spørsmålet om kvifor doktoranden ikkje hadde noko sideblikk til korleis situasjonen var i Norden. Han erkjente då at det sikkert hadde vore lurt å ha med noko om det for å sjå om situasjonen var lik eller ulik dei andre nordiske landa. På lokalhistoriewiki fann eg eit bilde av hovudbygget på Volda lærarskole. Johan Magne Nerbøvik tok bildet.

Fil:VLH c1950 FAKf-0330.00069.jpg

 

Disputas

I desse koronatider må også doktorgradsdisputasar bli digitale. I går fekk eg ei melding frå dotter mi Rønnaug om at det skulle vere ein disputas på Universitetet i Oslo om eit emne som kanskje ville interessere meg. Den begynte i dag klokka 10.15, og den vart halden i Teams, så eg lasta ned programmet, installerte det og logga meg på då sendinga starta.

Doktoranden Alf Gunnar Eritsland forsvarte avhandlinga si Med skolen som misjonsmark. Den norske vekkingsrørslas satsing på lærarutdanning 1890 – 1946. Det vart fire interessante timar.

Etter eit innleiingsforedrag innleia første opponenten professor Helje Kringlebotn Sødal, Institutt for religion, filosofi og historie, Universitetet i Agder til ein interessant samtale om kristne lærarskular.

Så var det pause, då kunne publikum stille spørsmål som leiaren ville formidle vidare til doktoranden. Det kom ingen spørsmål, så då dei opna att etter ein pause til klokka 13, var det andre opponenten, professor Vegard Kvam,  Institutt for pedagogikk, Universitetet i Bergen   som fekk ordet. Han gjekk gjennom meir formelle ting i oppgåva, som var på over 300 sider og over 1000 noter.

I pausen ringte eg til Rønnaug og takka for at ho gjorde meg merksam på dette og fortalde kor interessant det var. Ei stund etter at dei hadde starta att, fekk eg melding frå henne om at ho også fylgde med på gjennomganen til Vegard Kvam og då vi snakka saman etterpå, fortalde ho at ho fekk mange tips til sitt eige doktorgradsarbeid, sjølv om det er artikkelbasert, slik dei fleste gjer det som fylgjer eit doktorgradsprogram no. Det betyr at dei må publisere artiklar i vitskaplege tidsskrift, og når dei har publisert fleire slike, så blir dei sette saman og kan prøvast for doktorgraden.

Her er sida til det som skjedde. Der ligg det også lenke slik at ein kan høyre to prøveforelesningar som Alf Gunnar Eritsland heldt før sjølve disputasen.

 

Interessant besøk

Tysdag fekk eg ei melding frå Torbjørn Greipsland. Han skreiv at han var på Sandnes camping og lurte på om vi kunne treffast. 12. februar var han på Senioruniversitetet i Mandal og snakka om Søren Jaabæk. Etter foredraget gjekk vi saman med Ådne Fardal Klev på kafe og prata vidare. Denne gongen inviterte eg han heim, og det vart eit interssant besøk.

Han hadde med seg kopi av ein artikkel han hadde i Klassekampen i går, 10. juni, om Søren Jaabæk, så praten gjekk jo litt om han denne gongen også. Eg har tidlegare fått legge ut artiklar han har skrive på Setesdalswiki, og det fekk eg no også. Søren Jaabæks bøker om blodige hendelser kan du lese om du trykker på lenka.

Med tida vil det nok kome fleire artiklar av Torbjørn Greipsland på Setesdalwiki.

Artiklar om historiske tilhøve på Sørlandet høver godt for Setesdalswiki, så om det er andre som har slike artiklar dei vil publisere, er det bare å ta kontakt. Ved publisering i wiki-format, kan ein lage lenker til artiklar med meir informasjon, slik at det blir ein meirverdi i forhold til kva ein kan få til i ei papiravis, og truleg også ved bare å legge den ut på Internett.

Det er hyggeleg med gode samtalar om interssante emne. Takk for besøket, Torbjørn.