Variert veke i radioen

Denne veka blir svært variert i Valle Radio. Slik ser programmet ut:

Tysdag 21. april

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Andakt fra Norea
18.30 Sangtimen med tekster av Svein Ellingsen og litt til
19.30 Bygland og misjon med Erik Kjebekk
20.00 Ordførerne har ordet: Sigbjørn Åge Fossdal fra Bygland og Jon Rolf Næss fra Bykle
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 22. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Aud Sunniva Fuhr
20.00 Folka og landskapet. Ellen Svalheim fortel om ny bok
20.30 Familieveiviseren. Torun Rundhovde Mørenskog om sårbare barn
21.00 Opi sending ved Harald
Torsdag 23. april
10 – 12 Sangstund med Anna Slaby Driel og Siri Johannessen
13 – 14 Valle barnekor inviterer til øving med Anna Slaby
Følg sendingane på valleradio.com

Det skulle vore lett

Det skulle vore så lett å lage eit program for sendinga onsdag, men det var det ikkje. Eg hadde mange namn på blokka og tenkte at sendinga var alt i boks.

Men så minna reidun meg på at eg måtte jo få gjort avtale med dei namna eg hadde. Så tok eg til å ringe i kveld. Men det ser ut til at i desse koronatider er enten batteriet på mobilen utlada, eller så har folk gått på tur utan å ta mobilen med seg. For anten var det ikkje svar, eller så fann eg ikkje rett nummer. I alle fall, det vart slett ikkje så lett som eg hadde tenkt.

Då klokka passerte 21, tenkte eg at det var for seint å ringe i kveld, så eg får nok bare prøve å få gjort avtalane i dagane framover. Dermed blir det sikkert ein annonse i avisa som ikkje er så veldig detaljert i morgon. Men eg har tenkt på å kalle det som eg ofte har kalla Atuell time for Haralds time denne gongen, for når eg ser på TV, så er visst det einaste aktuelle KORONA, og eg har kanskje tenkt å halde det litt koronafritt, om det då er råd. Eg får no sjå i morgon, kva det blir til.

Og når det gjeld Setesdalswiki, vart det bare ein ny artikkel i dag. Den kom like etter at klokka slo midnatt i går. Men vi kom då til halvhundre, så no har vi bare 50 att før vi når eit nytt tusental. Om vi klarar det i komande veke, er eg litt usikker på, for då må vi helst ha ti kvar dag, og det er det ikkje sikkert vi klarar. Men vi får sjå.

Vi får i alle fall artiklar om sendingane i Valle radio og nye aviser, så får vi ta det derifrå.

Oppgradering

Av og til må serveren som driftar Setesdalswiki og bloggen oppgraderast, og det har skjedd no. Eg vart noko forstøkt då eg skulle skrive bloggen og så sa maskinen ingen nett-tilkobling. Men det var visst ikkje bare serveren som måtte oppgradere, eg måtte også restarte maskinen min slik at dei nødvendige oppgraderingane kunne bli gjort.

Heldigvis oppdaga eg det så tidleg at eg likevel rakk å skrive litt på bloggen. I desse koronatider er det jo ikkje så mykje som skjer om ein tek unna det digitale. I dag var det ein ganske god dag for skriving, det vart nokre nye artiklar og så fekk eg lagt til Frans-Arne Stylegar sin artikkel om Sosteli som lenke til artikkelen om Sosteli Jernaldergard. Der fekk eg også lagt inn kart.

Det vart desse nye artiklane i dag:

Det gjekk bra

I kveld var eg redd at eg ikkje skulle få skrive nokon blogg, for Setesdalswiki var nede ei stund. Men heldigvis retta det seg, så her kjem nokre ord likevel.

Men eg har vore litt lat i dag, så det vart ikkje så mange artiklar som eg har hatt mål om. Målet har jo vore fem artiklar, men i dag vart det bare tre frå min datamaskin.

Etter kvar har vi vel snart fått nok informasjon om koronakrisa. I alle fall har eg skrudd av i lange periodar. Men etter det eg skjønar er det god nytte i smitteverntiltaka som er sette i verk. Difor vil regjeringa opne opp litt etter litt og først ut er barnehagane og deretter småskulen. Det er ikkje unaturleg, for barn blir ikkje alvorleg sjuke av denne pandemien.

Men eg tenkjer nok at dei som no har hatt heimekontor i fire veker, lengtar tilbake til småprat rundt lunsjbordet i kantina eller ved kaffimaskinen, anten dei drikk kaffi eller bare skal ha eit glass vatn i ein av dei mange pausane som det trass alt er i ein arbeidsdag.

Å vere lærar med heimekontor kan ikkje vere så heilt enkelt, det gjeld anten det er små eller store elevar, eller for den del, vaksne elevar, som dei eg hadde på Valle  Vaksenopplæring i mange år. Sjølv om ein får digital kompetanse, er det mykje anna som ikkje fungerer like godt. Så difor sender ein honnør til dei som står i striden i denne tida og minner om at dett kjem ein dag då vi kan sjå tilbake på våren 2020 og seie at Det gjekk bra.

Lesedag

Ein kan ikkje bare skrive, av og til må ein lese litt også. I dag var det lesedag for meg.  Eg hadde laga artikkel om Erik Kjebekk si bok Han falt på slagmarken, og då tenkte eg at eg burde lese boka, ikkje bare bla i henne.

Erik Kjebekk har skrive fleire bøker om kinamisjonærar, ikkje så unaturleg, han har vore tilsett som arkivar og mangt anna i organisasjonen og hatt tilgang til kjelder av mange slag. Boka kom ut i 2009 og er på 138 sider, så ho er ikkje så lang, men innhalde et jo ganske omfattande.

Vi får eit oversyn over arbeidet i Kina i den første tida Misjonssambandet hadde misjonærar der og om korleis dei ønska å ha lege både for eigne misjonærar og for kinesarar, og det var stort behov for medisinsk hjelp.

Men det var ei uroleg tid. Tønnes Frøyland kom til Kina i 1909. Mange røvarar streifa rundt, og etter bare fem år vart han skoten av ein slik røvar då han var ute for å skaffe medisin til ein annan røvar som han hadde stelt sår på. Sidan gav statet skadeerstatning for drapet, men tenesta som han skulle stått i heile livet, vart jo svært kort.

Radiodag

I dag vart det ein radiodag. Først var det overføring av møte i Setesdal regionråd frå 14 til 15 og så var det ordinær onsdagssending frå 19 og utover.

Eg laga ei eiga side på Setesdalswiki om Regionrådet sitt møte. Der var det naturleg nok ikkje plass til orienteringar i desse koronatidene når alt går digitalt. Men politikarane er blitt flinke til å ha digitale møter. Regionrådet hadde ikkje mange debattar i dag, men det vart litt usemje på siste saka, der Sigbjørn Åge Fossdal hadde eit anna framlegg enn det som kom frå dagleg leiar. Alle unntatt leiar Steinar Kyrvestad støtta Sigbjørn. Eg prøvde å få vedtaket slik at eg kunne ha det med på bloggen, men det gjekk kunne eg ikkje få før protokollen var ferdig. Så det får eg truleg i morgon og kan då legge ut på Setesdalswiki.

Klokka 19 var det Torleif Harstad sin tur til å ha andakt på telefonen. Det var uvant, men han klarte det svært godt. Teksten var frå påske og refleksjonane var prega av både lidingssoga og oppstoda før han bad Fadervår og lyste velsigning over lyttarane.

I bolken med Kommunen informerer var det ordførar Steinar Kyrvestad som igjen var på telefonen. Han var oppteken av at ein i Valle fylgjer nasjonale retningsliner og opnar litt etter litt: Barnehagane 20. april, småskulen og SFO 27. april, hytteforbodet 20. april, vidaregåande skule og frisør 27. april og kultur og idrett 15. juni.

Så ville han gi honnør til Joker Valle som kjører ut varer til folk, om ikkje dei hadde gjort det, ville truleg kommunen hatt større oppgåver med slike oppdrag. Han opplyste også at ombygginga for å få Joker Valle i kjellaren på Valle kommunehus gjekk sin gang.

I den aktuelle timen var Torunn Charlotte Nyberg som alltid vennleg og informativ då ho presenterte innslag frå UKM på Hovden tidlegare i vinter. Det vart ikkje noko av fylkesmønstringa som skulle vore i Arendal og landstreffet som skulle vore på Hove, men deltakarane i Bykle og Valle fekk mange gode ord for innsatsen sin.

Deretter hadde Siri Johannessen ein prat med Linda Dale som har etablert Dale bunadsylv etter mange år som sylvsmed hos Trygve Rysstad. Ho hadde mykje å gjere og såg lyst på å arbeide i eige firma med både smykke og sylv til Seteesdalsbunad, Telemarksbunad og Agderbunad. Ho er også lærar på gullsmedutdanninga på Valle vidaregåande skule og har 12 elever der som ho underviser digitalt i koronatida. Det er ikkje optimalt, men det fungerer.

Etter ein kort prat med brannsjef Mikael Kristensen om brannvern og forbod mot å gjere opp eld frå 15. april, overtok Johs. Bjørkeli studio med musikk. Og så var sendinga slutt.

Sjangrar

I skriving er det ulike sjangrar. Bloggen min er vel helst eit lite kåseri, mynta på folk som er interesserte i Setesdalswiki og Valle Radio med små avstikkarar til ting av meir personleg interesse for meg.

Når eg skriv på Setesdalswiki, må eg gå over til leksikonsjanger. Den har eg vel helst lært meg gjennom å skrive på Wikipedia til å begynne med, og så sidan følgje det opp på Setesdalswiki. Dei artiklane skal helst vere objektive og baserte på fakta og vise til kjelder som artikkelen er basert på.

Det er ikkje så ofte eg skriv reportasjar og intervju lenger. Men då eg var redaktør av Fiskerens Venn frå 1972 til 1976, måtte eg nytta dei sjangrane også. I dag fekk eg eit spørsmål frå Brit Obrestad, mitt søskenbarn, om eg kunne hjelpe henne med ein artikkel til Varhaugbuen, eit lokalt informasjonsblad som ho er med i redaktsjonen av. Dermed var eg tilbake mest 50 år i tid, til den gongen eg skreiv intervju. Det var i grunnen hyggeleg å oppleve den sjangeren att og tenkje på kor ulikt det var det som eg for det meste skriv no for tida.

Ein sjanger eg er dårleg på, er å skrive brev. Personlege brev til vener og kjente er det mest blitt heilt slutt på. Fleire gonger har eg tenkt at eg i det minste skulle skrive julebrev, men så stoppar det opp. Det verkar som om eg ikkje har meir å fortelje enn det som eg skriv på bloggen.

Dei siste dagane har eg arbeidd mykje med ein heilt annan sjanger i det Attersyn som Kjetil Jore skreiv. Då har eg tenkt at fleire burde skrive slike tekstar. Om det er nokon som har slike attersyn liggjande i ei skuff og som kunne tenke å dele dei med meg, ville eg blitt glad. Det minner meg på at eg truleg også sjølv burde skrive eit Attersyn, eg har jo vore med på litt av kvart når eg tenkjer etter.

I morgon er det tid for Valle radio igjen. Det er Siri som har ansvar for kvelden. Programmet finn du her. 

 

Englene forkynner fred

I dag hadd,e eg ein fin samtale med min gode ven Øystein Berg. Han er koronafast i Berg i Hylestad, noko som sikkert ikkje er så lett for han. Då han var liten, hadde han lopper i blodet, og han er ikkje sikker på om dei er borte enno.

Vi kom til å snakke om ein gammal sang, Englene forkynner fred. Den var det lenge sidan eg hadde høyrt eller sunge. Men då samtalen var ferdig, tenkte eg at eg skulle sjå om eg fann han. Det vart ei litt interessant leiting, men Sondre Bratland song den inn på ei plate for 35 år sidan etter det eg fann ut.

Du kan sjå spor etter kva det førte til på Setesdalswiki i dag. Først måtte eg legge inn diskografien i artikkelen om Sondre Bratland. Den fann eg på Wikipedia, så det var jo greitt. Så måtte eg skrive om plata. Eg fann ei liste over spora på Platekompaniet si nettside, der dei opplyste at eg kunne kjøpe plata for 179 kroner, trur eg det var.

Med sporlista på plass i artikkelen om plata kunne eg så gå til sangen. Den fann eg i KYRKJE OG HEIMBYGD Utgjeve av Luster kyrkjelege fellesråd. No ligg den altså også på Setesdalswiki.

Om du går inn på artiklane og trykkjer på lenker hit i venstremargen, vil du sjå kvifor eg laga artiklane. Då vil du finne ut at fleire kom som følgje av artikkelen om Kjetil Jore. Den har no fått anetavle også, takk til Helge Haugland som laga den.

Her er lista over dagens artiklar:

Stille påske

Det vart ein stille påske i Norge i år. Her i huset heldt vi oss inne, sjølv om det var sol, var det ein kald vind og det frista ikkje til uteliv.

Men inne hadde vi det godt. Etter ein god frokost kunne vi vere med i påskegudsteneste på svensk TV2 frå Nederluleå kyrka. Det har vore fleire overføringar frå denne kyrkja, men i dag markerte dei på skjermen at programmet var teke opp på førehand, elles hadde vel folk fått hakeslepp i desse koronatider. For den gudstenesta gjekk slik gudstenester gjorde før koronaviruset lukka landa. Vakker musik, gode kor, endåtil nattverd vart gjennomført på den timen som sendinga varte.

Deretter kunne vi skife kanal og dra til Tromsø domkirke. Midt i byen står den, normalt full av folk, i dag bare med ein glimrande organist, ein fiolinist og fem songarar på galleriet. biskop Olav Øygard og to andre prestar og ein samisk tekstlesar. Likevel makta dei å skape høgtidsgudsteneste for alle som fylgde sendinga. Vi kunne syngje med her, akkurat som i Sverige. Og musikken var framifrå på alle måtar.

På NRk1 gjekk koronadagen sin gang. Vi maktar ikkje å sitje klistra til den sendinga, men får likevel med oss at det i Norge er lite smitte når ein ser bort frå Oslo-området. Det gjev grunn til optimisme. Vi vonar vi snart kan kome tilbake til normalt liv att.

Eg har halde meg unna tastaturet i dag, i alle fall til i kveld. Så det vart fem nye artiklar på Setesdalswiki i dag også. Geir stod no for fire av dei. Sjølv har eg også lese gjennom artikkelen om Kjetil Jore. Det trur eg er den lengste artikkelen eg har skrive på Setesdalswiki.

Bare to artiklar

I dag vart det bare to nye artiklar på Setesdalswiki. Etter at eg undra meg på om nokon hadde informasjon om Kjetil Jore på Facebook, fekk eg frå Gunnar Jore ei lenke til ei side der han hadde skrive minne han hadde frå livet. Den har eg prøvd å studere og få lage ein biografi på Setesdalswiki.

Når eg lagar ein biografi, likar eg å ha ei kronologisk linje. Ettersom stoffet eg fekk på sett og vis var tre artiklar med mykje av det same, var det eit lite puslespel å få til eit kronologisk oversyn. Eg måtte også innom bygdeboka for Valle, bind 4 for å sjå kva som stod der. Så måtte eg tenkje ein del, grunne litt på korleis eg skulle organisere stoffet.

Til slutt vart det ei form som eg neppe har hatt på nokon artikkel eg har skrive tidlegare, Eg er ikkje ferdig enno, men så langt har eg kunna nytta meg av mange sitat frå det han skreiv sjølv.

Eg budde i huset til Kjetil Jore nokre år, det var i 2005 eg flytta inn der. Då var det framleis mykje som før med skåp og kvile. Etter det eg skjøner, har det blitt teke vare på det gamle også etter at Lars Tarald Myrum flytta inn etter ei større omvøling seinare.

Men om eg budde i huset, var eg slett ikkje klar over livssoga til mannen som budde der i så mange år før meg, så difor har det vore ekstra interessant å lage denne artikkelen. I heftet var det også eit fint bilde av Kjetil. Kven som tok det, veit eg ikkje, men eg tek det med på bloggen likevel.

Kjetil Jore.jpg