Jordbruksskolenes venner

I posten i dag kom årsmelding for Jordbruksskolenes venner. Det er eit initiativ som bønder på Jæren har teke for å støtte to jordbruksskular på Madagaskar, Tombontsoa, som vart starta i 1965 og Fihaonana, som vart starta i 1983. Tombontsoa har Tomb jordbruksskule i Østfold som vennskapsskule, Fihaonana har Øya vgs i Trøndelag.

Jordbruksskolens venner samla i 2018 inn 592.000 kroner til drifta av dei to skulane som til saman har over 500 elevar på ulike kurs. Ei fyldig årsmelding fortel mykje om arbeidet. Ei slik direkte hjelp til prosjekt i andre land gjev meir informasjon enn ein får om ein støttar misjon generelt. Det eine bør gjerast og det andre bør ikkje vere ugjort.

For det er mykje å ta tak i. Elevane lærer om okse som trekkdyr og har praktisk øving. Plogane er av nylon, jorda klistrar seg til stålet, så det går ikkje. Vi får høyre om svinepest og mjølkeproduksjon, kyllingoppdrett, maisproduksjon og brønngraving.

Vi kan alle vere med i dette prosjektet. Send pengar til 8220.02.85057 og merk gåva med prosjektnummer 723653 eller VIPPS til 513127

Om snøskred og litt til

I gårsdagens sending var politibetjent Dag Hovden med for å oppdatere oss på skred og sikring når ein er ute på scooter eller skitur. Han fortalde at det viktigaste ein kan ha med seg, er ein radiosendar som kan hjelpe folk til å finne ein som er tatt av skred. I verste fall har ein kan hende bare eit kvarter før kompakt snø har gjort at lufta er brukt opp, om ein ikkje er blant halvparten som får store fysiske skader og døyr av desse.

I Valle har Valle Sport hatt slikt utstyr til salgs, han meinte at ein slik pakke kom opp i fire-fem tusen, det kan høyrast mykje ut, men når ulukka er ute, er det billeg livsforsikring, trass alt.

Politiet samarbeider med brann og redningsetaten i kommunen om det skulle gå skred. Og så har ein hundeførar som kan vere til god hjelp i tillegg til frivillige. Før var det vanleg med søkestenger, men då må det vere svært mange folk om jobben skal bli god.

Fare for skred varierer frå dag til dag, nokre gonger frå time til time, så det er viktig å vere føre var. Grunnen til det er at snøen dannar ulike skikt når det er temperatursvingningar, og det er det jo gjennom heile vinteren. Når det så kjem tyngde på snøen, som ein scooter, så kan dei ulike skikta sleppe taket, og så får vi flakskred, slik som i den tragiske ulukka i Åseral siste helga.

I tillegg til han snakka eg med eigedomsmegleren hos Sørmegleren på Evje, Jan Terje Halvorsen, Evjegutt med Risørdialekt som no har kome tilbake til Evje. Han har heile Setesdal som område og hjelper med råd og rettleiing om ein skal selje eller kjøpe eigedom.

Takk for i kveld

Mi februarsending er over og eg er rimeleg godt nøgd. Eg hadde med meg Dagfinn Tharaldsen i Kommunen informerer, og han var eit nytt namn for meg, akkurat som eg var for han. Teknisk sjef, men også næringssjef i Valle kommune, han vekependlar frå Horten til Valle og har gjort det i eit halvt år no, han starta i september i jobben sin.

Vi snakka jo ein del om han, han hadde arbeidd mest heile livet i offentleg sektor, både for fylke og kommunar, så det området kjente han godt. Men etter eit halvt år i Valle var det jo framleis mykje å sette seg inn i og folketalsutviklinga heng jo saman med at folk kan få jobb, Kommunen kan legge til rette for areal til næring, men gründeren må kome frå privat sektor, og det betyr at nokon må sjå ein marknad og eit potensiale i å starte ei verksemd, streka han under. Landbruksssaker høyrde ikkje inn under hans område, der samarbeider Valle kommune med Evje og Hornnes kommune.

I sommarhalvåret er han ein ivrig fluefiskar, men ikkje for matauk, han fiskar etter aure og set han ut att.

Kveldens første halvtime gjekk greitt, men då eg skulle på lufta i Aktuell time, fall telefonlinja ut. Det er ikkje så stort problem når Ørnulf Hasla er teknikar, han tok over og snakka med Margit Dale om passkontoret som skal leggjast ned og at ho hadde teke initiativ for å protestere, sjølv om det kom seint, for vedtaket var gjort før jul. I dag fekk ho også med seg Setesdal Regionråd etter initiativ frå Jon Rolf Næss, slik at det gjekk ein felles uttale til justisministeren med kopi til departement og politisjef i saka.

Då eg fekk liv i linja att, kunne eg fullføre samtalen med Margit med å snakke litt om Nordibø Landhandel. Der tek ho sikte på å opne sist i mars, og Lars Rysstad Nordgren er tilsett som dagleg leiar. Så arbeider dei med å finne kokk og målet er å vere i gang til påske.

Resten av kveldens program skal eg kome tilbake til i morgon.

 

Setesdal og setesdølar

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannesen med seg Knut K. Homme i studio og Torgeir Moseid på telefonen. Temaet var tidsskriftet Setesdal og setesdølar, som Setesdal sogelag gjev ut. No er dei i innspurten på nytt nummer av årsskriftet, som skal kome ut til påske.

Men dei har lite stoff frå øvst i dalen, både Bykle og Valle kunne godt ha levert meir stoff. Det er i grunnen litt rart når ein tenkjer på kor mykje det er å skrive om i dei to øverste kommunane i Setesdal. Kan hende er det nokon som trur at det må vere svært vidløftige artiklar for å få plass, men i sendinga i kveld fekk vi høyre at det godt kan vere korte tekstar også. Kan hende har nokon ei sjølvopplevd hending dei vil fortelje om.

-Kva med dikt og forteljingar, slik som dei har i Jol i Setesdal, spurde Siri

-Vi har snakka om det, og vi vil ikkje ta stoff frå Jol i Setesdal, det må vel vere nok stoff til begge, var svaret.

Dermed er altså ikkje dikt så velkomne i årsskriftet til Setesdal sogelag.

Siste heftet hadde mykje bilete, denne gongen vonar ein å få meir tekst att.

5. februar 2019

Denne kvelden er det eit rikhaldig program i Valle Radio. Siri Johannessen startar klokka 18 og programmet følgjer vanleg lest med Kvarteret og Andakt. Så følgjer ein sangtimen med songar i overgangen mellom vinter og vår. Vi som har ein halv meter med snø og ser langt etter snøklokkene, dei har alt kome på Jæren, får glede oss over tonar og ord som spring ut frå kyndelsmess, då er halve vinteren gått.

Denne gongen har Siri også funne plass til ein aktuell time med stoff om tidsskriftet Setesdal og setesdølar, om Fjellreinskulen og ein prat med Per Emanuelsen. Så kjem Niklos K. Besteland med orgelmusikk før det heile vert runda av med Kyrkjebakken, eit program om hendingar i komande veke.

Når du ser oppsettet, ser du at Siri legg mykje arbeid og omtanke ned i programmet ein tysdagskveld. Skru på radioen klokka 18 i morgon og få med deg kvalitetsradio frå lokalradioen vår.

Tysdagssending i Valle Radio 20190205 er siden til programmet i Valle Radio tysdag 5. februar 2019Siri Johannessen var ansvarlig og tekniker. __

Program

18.00 Kvarteret

Programinformasjon og Asbjørn Kvalbeins kåseri om «Guds hånd».

  • Nikolaus Selnecker / Magnus Brostrup Landstad, Trond H.F. Kverno: «I Dine hender» med Nordstrand kirkekor på albumet Noen må våke (1978).

18.15 Andakt

… fra Filadelfia Kristiansand med Oddvar Isachsen: «Jesu møte med Andreas».

18.30 Sangtimen

Med kyndelsmesse bak oss på 2. februar er julen virkelig over og skal vi være over halvveis ferdige med vinteren. Det lysner på mange måter!

  • Jeppe Aakjær, Thorvald Aagaard: «Sneflokke kommer vrimlende» med DR Pigekoret på albumet Det er i dag et vejr (2005).
  • Margrethe Munthe, Mads Berg: «Skivise» med Mari Maurstad og Kari Stokke på albumet I barneværelset med Margrethe Munthe (1995).
  • Jørgen Moe, Sigurd Islandsmoen: «Det lysnet i skogen» med Helge Borglund på albumet Frem fra glemselen – kapittel 10 (1981).
  • Bjørnstjerne Bjørnson, Rikard Nordraak: «Der ligger et land mot den evige sne» med Sandefjord jentekor på albumet Fra Sandefjord til Carnegie Hall (Live (1976).
  • Bjørnstjerne Bjørnson, Rikard Nordraak: «Løft ditt hode» med Herborg Kråkevik på albumet Kråkeviks songbok (2000).
  • Hans Børli, Sinikka Langeland: «Kyndelsmesse» med Sinikka Langeland på albumet Har du lyttet til elvene om natta? (1995).
  • Anders Frostenson, Ivar Skippervold: «Tusen stjerner blinker» med Marianne Borhaug på albumet Våre kjære barnesanger (1998).
  • Peter Hognestad / John Henry Newman, Charles H. Purday: «Leid milde ljos» med Herborg Kråkevik på albumet Kvar ein dag (2009).
  • Laus Deo, Salus Populo, melodi – ukjent: «Lofzang van Simeon» (Simeons lovsang), Christelijk Kamper Mannenkoor «Door Eendracht Verbonden» med ledet av Klaas Jan Mulder på albumet Kerstkoncert vanuit de Bovenkerk te Kampen (2013).
  • Per Lønning / Fred Pratt Green, Francois de la Feillee: «Kristus er verdens lys» med Olav Werner på albumet Diamanter – kom til den hvitmalte kirke (2007). NS13 – 101.
  • Håvard Rem, Hank Williams: «No ser eg ljos» med Bedehusland på albumet Country (Sanger fra Bedehusland 8) (2006). Opprinnelig tekst «I saw the light».
  • Roland Cedermark: «Vårens första blomma» fra albumet Dina glittrande ögon (2011).
  • Eyvind Skeie, Sigvald Tveit: «Visst skal våren komme» med Grex Vocalis og Göran Fristorp på albumet Visst skal våren komme (1984).
  • Herman Hermani: «Kan du se at våren kommer» med Reidar Andresen på albumet En liten blåveis – LirekasCDn nr 6 (2006).
  • Aasmund Olavsson Vinje, Edvard Grieg: «Våren» med Det norske jentekor, dirigent Anne Karin Sundal-Ask på albumet Folketoner (2017).

19.30 Aktuell time

20.30 Postludium

Niklos K. Besteland var ansvarlig.

21.00 Kyrkjebakken

Hva skjer i dalen frem til neste tirsdagssending?

  • Oslo Gospel Choir: «Velsignelsen» frå albumet Gloria.

6. februar 2019

Som eg skreiv i går, så er det min tur til å ha sendinga til onsdag. Ut over å ha fått med meg Margit Dale, så er resten ope, men eg vil bruke dagane i neste veke til å legge ferdig programmet.

Likevel er noko klart:

Onsdagssending i Valle Radio 20190206 er sida til programmet i Valle Radio onsdag 6. februar 2019Harald Haugland var ansvarleg og Ørnulf Hasla var teknikar.

Program

19.00 Tankar frå Bibelen

19.30 Kommunen informerer

20.00 Aktuell time

  • Margit Dale om passkontor i Valle, kommuneval og fylkestingsval

21.00 Musikkprogram

Planlegging

I nokre dagar har eg no tenkt på kva eg skal ha i programmet i Valle Radio til onsdag 6. februar. Det er gjerne slik at ein går og funderer på det, i alle fall når ein har litt tid til å planlegge. Og ein pensjonist har jo litt tid, det kunne nok heller gå litt over stokk og stein når ein skulle lage program midt i ein travel kvardag.

Så valde eg å fylgje opp oppslaget i Setesdølen om at Margit Dale vil kjempe for passkontoret i Valle. Eg tok ein telefon til henne, men fekk ikkje svar. Litt seinare ringte ho, frå toppen av ein nut der ho prøvde å kome opp med scooteren sin.

-Kan du vere med i radioen onsdag klokka 20 og seie litt om passkontoret og ditt engasjement?

-Ja, det vil eg gjerne.

-Kan vi også snakke litt om komande val til fylkesting og kommunestyre?

-Ja, det er greitt.

-Har Senterpartiet hatt nominasjonsmøte i Valle?

-Ja, vi hadde det denne veka.

-Kan du sende meg lista?

-Eg må vente til eg kjem heim att, men skal syte for at du får den.

Å møte ein så vennleg og imøtekomande person når eg ringer for å få folk med til program i Valle Radio, det er bare nydeleg. Dei fleste eg ringjer til stiller opp i den dugnaden som det er å lage radio i Valle. Likevel gjer det meg glad kvar gong eg møter dei. Takk for det!