Ein heil konsert

Tysdagskvelden fekk vi ein heil orgelkonsert i Postludium. Slike konsertar tek meir enn ein halvtime, denne gongen hadde Siri Johannessen sett av 75 minutt. Konserten var opptak frå Ivar Mæland sin konsert i Valle kyrkje i april 2018. Opptaket var gjort av Kjell-Einar Kana. Her er programmet:

  • Variationer alla Bergen (over Nordahl Bruun/Lullys Bergenssang) ”Jeg tog min nystemte cither i hende” : 1. Den nystemte – koral 2. Oppstigning til Ulriken – faux bourdon 3. Harpeleik 4. Utsikt til regn på Brann stadion – minore 5. Den høystemte – Toccata
  • Tre Folketonestykke: 1. Ein morgonsalme frå Harboøretradisjonen (Danmark) 2. I himmelen, i himmelen (svensk folkemelodi) 3. Herre Gud dit dyre navn og ære, koral og fantasi (Norge)
  • J. Seb. Bach: 3 orgelkoralar frå Clavierübung III over: Allein Gott in der höh (BWV 675, 676, 677)
Duetto G-dur aus Clavierübung III (BWV 804)
  • Just R. Lindeman: Variationer over et thema av Händel
  • Percy A. Grainger: Handel in the Strand (Clog dance)
  • Ivar Mæland: Meditation frå ”Sylvkrossen” (Fra pilgrimskantate til Fana kyrkjes 850 års jubileum)
  • J.S. Bach: Konsert i a-moll etter Vivaldi (BWV 593): Allegro – adagio – allegro

Om tysk advent i Valle Radio

Onsdagskvelden var Susanne Hegenscheidt og dottera Helene i Valle Radio for å fortelje om advent i tysk tradisjon. Det vart ein triveleg time, mell.om anna fordi vi fekk høyre nokre tyske songar. Elles er det jo mest engelsk det går i av utanlandske språk.

I tillegg hadde programmet innsmett av andre gjester som Siri Johannessen snakka med på telefonen. Dermed vart det variert både i stemmer og tema. Ho laga eit oversyn på Setesdalswiki Det passer å ta det med her:

Susanne fortalde og om Setesdal.Shop som ho driv saman med Lynne Sharpe frå Hovden og Setesdal communications.

    • Simone Sommerland, Karsten Glück, Die Kita-Frösche: «Lasst uns froh und munter sein» frå albumet Die 30 besten Weihnachts- und Winterlieder(2011).
    • Lieder für Kinder: «Advent, advent, ein Lichtlein brennt» frå albumet Die grössten Weihnachtslieder aller Zeiten für Weihnachten (2013).
    • Kim Andre Rysstad med London Phil. Orch.: «Stille natt» frå albumet Snøen laver ned (2018).
  • Sigrunn Håland frå Norli på Evje fortel om jolehefter, og andre harde pakkeidear.
    • Oslo gospelkor med Maria Haukaas Mittet: «Deilig er jorden» frå albumet Lys imot mørketida (2011).
    • Die kleinen Weihnachts-Sänger: «In der Weihnachtsbäckerei» frå albumet Deutsche Weihnachten (Beühmte Weihnachtslieder in Deutschland)(2014).
  • Karl S. Fredriksen frå Bjørnevatn løypelag fortalde om laget sine aktivitetar og ynskje for framtida, og han takka og Torleiv Løyland for all innsatsen og vona at han kunne vere med endå ein sesong.
    • Wenche Myhre: «Vinter og sne» frå albumet 1966–2004 (2015).
    • Richard Benson: «Schlittenfahrt» frå albumet Deutsche Weihnachten (Beühmte Weihnachtslieder in Deutschland) (2014).
  • Olav T. Åkre frå Setesdal Husflid med advents- og joleidear frå Setesdal Husflid og litt nytt frå Vallemal.no.

God blanding

Setesdalswiki har fått ei god blanding av nye artiklar til no i desember. Ikkje alle artiklane er lange, somme er kan hende svært korte, men truleg vil du finne noko du ikkje visste frå før i mange av dei om du går inn på dei og les. Dei seks første dagane i desember har det vore eit snitt på 462 besøk kvar dag og mest 2000 unike gjester.

Vi har fått fleire nye artiklar om utgjevingar av bøker, aviser og hefte:

Så er det kome fleire artiklar om folk. Dei politiske listene til kommunevalet 2019 har begynt å kome, og målet er å få på plass artiklar om dei som står på listene. Men også andre namn dukkar opp, til dømes som gjester eller komponistar eller forfattarar i Valle Radio eller omtalt i Setesdølen.

Datoartiklane er viktige i Setesdalswiki, dei fungerer som markering av hendingar.

Bedrifter og foreningar må vi også ha artiklar om::

Framleis er det mykje geografi som ikkje har fått artiklar enno, men her er dei som kom siste veka:

Av og til skriv eg om komponistar og sangar:

Setesdalswiki prøver også å dokumentere program i Valle Radio. Her er noko av det som kom desse første dagane av desember:

Eg er rimeleg sikker på at du i denne lista finn noko du ikkje visste før du fann det på Setesdalswiki. Og det er bare produksjonen av nye artiklar ei lita veke. I tillegg er gamle artiklar oppdaterte og utvida. Bli gjerne med i dugnaden og skriv på Setesdalswiki, du også. Det er ikkje så veldig vanskeleg, og er det noko du lurer på, kan du ta ein telefon til meg og spørje, så skal eg prøve å forklare så godt eg kan.

Glatt

-Det blir glatt i innlandet i morgon, sa Jon Gelius på lokalsendinga i kveld

Han kunne like godt sagt at det er glatt ved kysten i kveld.

Like før Dagsrevyen høyrde vi at det bråka utanfor huset.

-Skyt dei? spurde eg Reidun

Vi skulle akkurat setje oss til bords for å ete andre lutefiskmåltidet i år.

-Det er visst ein bil utanfor, sa ho og gjekk i døra for å sjå.

Det synte seg at ein bil hadde kome ned bakken dei kallar Eskelandskleiva, mista festet og sklidd utfor vegen helt borte ved kjerreskjulet vårt, dansa vidare over plenen nede ved plommetrea og kirsebærtreet, med naud kome seg opp på innkjørsla til naboane våre, så vidt unngått postkassestativet vårt, sklidd vidare på plenen og treft søppelboksen vår som står mellom garasjen og min bil. Så vidt vore borti min bil på høgre sida (at det var plass til ein bil der, er det knapt råd å skjøne).

Reidun måtte hente nøklane til min bil og bakke den bort, så den andre kunne kome ut att. Den hadde punktert på høgre framhjul, så han måtte fram med reservehjulet og skifte i lyset frå utelampa vår Delar låg strødde på plenen etter turen på glattisen.

Ein halv time seinare sat vi og åt lutefisk på kjøkkenet. Då kom ein bil ned bakken, den mista også festet, hamna nede ved kirsebærtreet, men hoppa opp på vegen att og heldt fram utan å stoppe.

Mildveret i morgon blir bra ved kysten, men det er grunn til å minne alle som skal til Hovden på at det er lite som skal til før ein misser kontrollen på glattisen.

 

 

Den store kongen

I kveldens sending i Valle Radio fekk eg vere med og velje adventsmusikk. Eg valde då å spele julekantaten Den store kongen av Trygve Bjerkrheim og Mons Leidvin Takle. Innspelinga frå 1975 var ved eit felleskor med Ganddal pikekors aspirantkor I og II, skulekor på Austrått, Bryne, Figgjo, Frøyland, Ganddal, Hana, Hommersåk, Høle, Lura, Malmheim, Sandved, Stangeland og Sviland. I tillegg var Sandnes guttekor med. Audun Vagle dirigerte, Lisbeth Thorsen var solist, Arne Grimstad deklamerte, Arne Saunes og Stig Andersen spelte gitar og Oddbjørn Thorsen trompet.

Mange hundre, for ikkje å seie tusen barn og unge har sunge denne i førjulstida og opplevd sangglede og fellesskap så vel som utfordring og mestring. Eg lurer på om noko kor har den på repertoaret denne adventstida.

For meg er det snart 40 år sidan eg sist spelte plata, likevel sat både tekstar og melodiar i minnet, dei har eg gått og nynna på for meg sjølv i dag og i går, etter at eg kom over den då eg skulle finne adventsmusikk.

Korsang står og fell med korleis songarane klarar å få fram teksten når dei syng, og eg er imponert over arbeidet som må vere lagt ned for å få til god uttale, for et opplevde det lett å få med meg teksten. Og så var det godt med fin deklamasjon for å bryte opp mellom songane.

Du finn ein liten artikkel om sangen på Setesdalswiki, sjå Den store kongen 

Songane kan du høyre på spotify. om du vil høyre dei om att.

Advent

Så har adventstida starta. Medan fleire og fleire finn fram juledekorasjonar og pyntar heimar og butikkar med, held vi oss til adventspynting. Det vil seie adventsstake, stjerne i vinduet, sju lys-stake også i vinduet. Reidun var på ein basar og vann noko som liknar på eit juletre eller ein julebusk med lyslenke på, den har vi på eit bord på terrassen. I stova har det kome lilla dukar på borda, noko som visstnok ikkje var vanleg før etter det eg las ein stad og som eg knapt hugsar frå min barndom, men det kan nok ha vore der,  eg trur ikkje eg ville merka det, eg var lite oppteken av slikt i barndommen.

Eg såg på ein reklame for pinnekjøt i dag, ein kunne få alt fiks ferdig, kokte poteter, kålrotstappe og pinnekjøtet. Mange et så mykje julemat før jul at dei knapt opplever det spesielle med maten i høgtida. Det er juleavslutning og julebord og kan hende ein juletallerken medan ein er ute og handlar julegåver. Eg synest det er heilt greitt å vente, i alle fall med det ein til vanleg har i juledagane. Difor er det bare lutefisken som har vore på vårt middagsbord, den er verd å få med seg. Då eg først kom til Eskeland, åt dei torsk på julaftan, men vår tradisjon har nok helst blitt ribbe.

Men enno er det advent, så vi får bu oss til jula nokre korte veker. Det er flott med alt lyset i denne mørke tida. I går var det gudsteneste på TV frå Åvidaberg i Sverige og der song dei adventsmusikk så fint at eg vart inspirert til å spørje Siri om å få litt tid på Valle Radio og dele adventsmusikk med lyttarane. Så 18.30 i morgon blir det adventsmusikk i radioen. Her er heile programmet:

Tysdag 4. desember
Ansvarleg: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Øyvind Thorsen
18.15 Over en åpen bibel med Per Arne Dahl
18.30 Adventsmusikk med Harald Haugland. Ver og varsel frå Bykle frå 1938 med Svein O. Rygnestad og Sigurd Aamli
19.45 Postludium: opptak av Ivar Mælands konsert i Valle kyrkje 18. april 2018
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. desember
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakter:Jorunn Helle og Solveig Rysstad
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved ordførar Steinar Kyrvestad
20.00 Tysk advent, jul og fjell med Susanne Hegenscheidt (frå Setesdal.Shop) og dottera Helene, Sigrunn Håland frå Norli og Kjell Sigurd Fredriksen frå Bjørnevatn løypelag.
21.00 Opi sending med  Ronny Stavsholt

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Fryd deg eller Gled deg?

I dagens gudstjeneste på STV2 song dei Fryd deg du Kristi brud. Det er ei gammal dansk adventssalme frå før 1611 som blei omsett til nynorsk i 1916 av Bernt Støylen med nytt første ord: Gled deg  du Kristi brud.

Fryd og glede vil eg seie ikkje er synonyme ord. Fryd er ei grad opp, så den norske teksten er litt nedtona om ein skal døme etter første ordet.

I tillegg synest eg at ein skulle ha teke vare på Fryd-forma, ettersom den er i bruk i nabolanda våre, og det burde vere eit mål å ha slikt felles når det er mogleg.

Vi har altså fått den på nynorsk. Den er slik:

Gled deg, du Kristi brud,
og møt din Herre Gud!
No kjem han, rik på nåde,
som deg profeten spådde.
Hosianna! Lov og ære
vår konge evig vere!

Med fryd og glede gå
eit fagert syn å sjå:
Ein hovding høg i heider
som deg til livet leier!
Hosianna! Lov og ære
vår konge evig vere!

Eit esel honom ber
som heimsens Herre er.
Hans skapnad, den er ringe,
men han kan døden tvinge.
Hosianna! Lov og ære
vår konge evig vere!

Han kjem så mild og god,
han gjev dei veike mod,
for han sitt folk vil frelse,
si brud med fagnad helse.
Hosianna! Lov og ære,
vår konge evig vere!

Gjer porten høg og vid,
sjå Kristus til deg rid!
I dag vil han deg gjeste
og til si brud deg feste.
Hosianna! Lov og ære
vår konge evig vere!

Strø greiner der han rid,
brei klede der han skrid!
Guds folk, sving sigerspalmar
og syng no jubelsalmar!
Hosianna! Lov og ære
vår konge evig vere!

Og alle borna små
med song mot han skal gå.
Og alle folkeskarar
dei jublar høgt og svarar:
Hosianna! Lov og ære
vår konge evig vere!

Når ein høyrer tekstane for 1. sundag i advent, skjøner ein at salma hentar mange bilete frå desse tekstane. Slik fungerer ho som ei salme skal gjere: Hjelpe oss til å forstå bodskapen i Bibelen.

 

Statistikk

Ved månadsskiftet tenkte eg at eg skulle ta ein kikk på statisitkken for Setesdalswiki. Enkelte dagar har vi hatt opp til 1000 besøk, kan hende det var slik også i november.

Men der vart eg lang i maska, for etter oppgraderinga av prgramvaren ser det ut til at statistikken har teke pause siste halvdel av november.

Heldigvis ser det ut til at det er registrert noko i dag, då. Nesten 400 besøk har sett på over 2000 siderpå Setesdalswiki i dag.

Eg lurer på kor mange sidevisningar Setesdølen fekk då dei gjekk digitalt i dag. No ligg ikkje bare framsida der, men ei rekke saker frå siste avisa. Dei fekk til og med ein sak om opninga av jolehuset i Dåsnes inn i kveld. Redaktøren trur at Setesdølen vil bli den best besøkte nettstaden i Setesdal innan kort tid.

Og så håper eg at vår statistikk vil fungere att frå no i desember.