Brannfarleg

I kveldens sending i Valle Radio var brannfaren i regionen tema. Brannsjef Egil Kvitne var med på telefonen og fortalde at det aldri hadde vore større brannfare i naturen i dei tre øverste kommunane i Setesdal enn no. Difor hadde dei lagt ned forbod mot all bruk av open eld. Dei hadde fått søknader om dispensasjon nok til å fylle ein heil perm, og nokre hadde fått dispensasjon i samband med jobb, men då bare med sterkt utvida brannsikring.

Nokre som skulle på tur hadde spurt om stormkjøkken, men dei hadde fått nei. i samtalen med Siri Johannessen kom det fram at det til no ikkje hadde vore hendingar der Setesdal Brannvesen måtte rykke ut, noko han meinte kunne skuldast at folk nytta sunt folkevett i den aktuelle situasjonen.

I tillegg til å jobbe med brann, er også redning på dagsorden for brannvesenet. Dei har ikkje dykkar, om det er nødvendig, må dei få dykker med luftambulanse frå Arendal. Men overflateredning har dei god kompetanse på. Heldigvis har det heller ikkje vore naudsynt til no.

Eit problem er at utlendingar kan hende ikkje har fått med seg forbod. Men det er sett opp plakatar rundt om på strategiske plassar og Egil Kvitne hadde hatt ein runde i butikkar på Evje og bedt dei ta eingongsgrillar på lageret inntil vidare, det burde butikkane oppover i dalen også gjere, meinte han.

I det heile var det ein svært aktuell samtale i kveldens sending i Valle Radio.

Også skogeigarar advarer om brannfare. Her har Bjørg Brokka Rike hengt opp skilt og teke bilete.

Junisending

I sommarvarmen har Valle Radio framleis sending på tysdagskveldar. Til den første sendinga i juni har Siri Johannessen funne aktuelle og interessante innslag. Sommarles er eit prosjekt som skal inspirere barn i 1. til 7. klasse til å lese også i sommarferien. Biblioteka står for utlån av bøker, men ein kan også lese eigne bøker. Eg hugsar at mitt barnebarn Kristine var med på dette, ho las Harry Potter-bøker ein heil sommar, det vart mange sider. Dei får poeng for kvar side dei les og registrerer dette på ei nettside. Når prosjektet er slutt 31. august, kan dei få premiar både digitalt og på det lokale biblioteket.

I tillegg til samtale med biblioteksjef Mari Rygg i Bygland, vil ho snakke med brannsjef Egil Kvitne. Han vil sikkert forklare kva forbudet om å gjere opp eld utandørs betyr i dette turre veret.

Tysdag 5. juni 
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakt frå Norea
18.30 Sommar og sang(time)
19.30 Valle kommune informerar
20.00 Aktuell halvtime med m.a. biblioteksjef Mari Rygg om Sommarles og  Egil Kvitne frå Setesdal brannvesen.
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Grimstad Misjonsradio

Etter at eg fekk internettradio, brukte eg å høyre på Jæren misjonsradio ei tid, deretter på Sørvest-radioen. Desse held til i Rogaland, og eg ville høyre litt lokal dialekt og tema frå kyrkje- og kristenliv der. Men etter kvart vart det mindre. Jæren misjonsradio hadde mange taleinnslag frå møte, den andre, som bytta namn til iTro og har mykje felles med Gimra i Kristiansand, har meir moderne uttrykk i sangen.

I staden kom eg over Grimstad Misjonsradio. Dei har ein sangstil som passar for meg, ikkje så mange lange talar og noko lokalt stoff, sjølv om det etter mi meining kunne vore meir.

Eg har ikkje funne ein lokalradio som driv særleg mykje journalistikk på spørsmål som gjeld kyrkje- og kristenliv. Der synest eg tysdagsprogrammet i Valle Radio er minst like godt som dei eg har høyrt på over internett til no.

Men kansje du som les bloggen min har tips til ein lokalradio som kunne dekke noko av det stoffet?

 

Takk

I kveld vil eg takke Olav Mosdøl i Kviteseid. Eg sende han ein epost og spurde om å få legge minneordet han skreiv om Gunnar B. Holen i Setesdølen torsdag ut på Setesdalswiki. Etter eit positivt svar, til og med med bilete, la eg det ut. Det ga ein svært mykje betre artikkel om Gunnar, ein mann som har prega elevar i Hylestad gjennom fleire generasjonar.

Sjølv hadde eg gleda av å ha eit år saman med han på Hylestad skule. I tillegg møttest med i ulike kyrkjelege samanhengar heilt frå eg kom til Valle i 1991. Eg er takksam for å ha kjent Gunnar og lyser fred over minnet hans.

Først til Hovden

I morgon er det igjen tid for Corlor Line Setesdal Tour. 1000 syklistar skal ta turen frå Kristiansand til Hovden og dei første startar alt klokka 5. Nytt i år er diskusjonen om det er lov å sykle to i breidda eller på ei lang rekke. Det skal visstnok ikkje vere lov.

Når ein ser på sykkelritt, ser ein store klynger med syklistar, slik som på Tour des Fjords, men det er visst annleis når syklistane deler vegen med bilar.

Uansett: God tur.

Tour des Fjords 2018 forbi huset vårt.