Den blomstertid

Den blomstertid nå kommer med lyst og glede stor,
den kjære, lyse sommer da gress og grøde gror.
Nå rører solens armer ved alt som før var dødt,
de blide stråler varmer, og alt på ny blir født.

Denne svenske salma passer godt i desse dagane. Plenen vår er full av scilla, blåstjerne. Ein annan plen har kvitveis, påskeliljer står i bakken mens snøklokker og krokus har gjort sitt. I staden kjem gule bekkeblom på dei våte plassane.

Sjølv med all denne blomsterprakta er det alltid plass til noko nytt, så ein tur på gartneriet er alltid gjevande, sjølv om ein ikkje handlar så mykje. I dag vart spanske margarittar sett ut i ei gammal jerngryte.

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord,
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Konfirmasjonstid

No startar konfirmasjonstida. På Setesdalswiki har vi prøvd å få med konfirmantlistene når dei kjem i avisa. Det har vi gjort i fleire år, og vi har ikkje tenkt å slutte med det.

I morgon og sundag er det konfirmasjon i Hornnes kyrkje. Namna finn du om du nyttar denne lenka: Konfirmantar i Hornnes kyrkje 2018

Utover i mai vil du finne konfirmantane i kategorien Konfirmanter 2018.

Konfirmasjon er ei viktig hending for ungdom. Du kan vere med å gjere høgtida ekstra verdifull ved å gi nokre kroner eller ei lita gåve til dei konfirmantane du kjenner. Dei vil setje pris på din omtanke. Under konfirmasjonen i kyrkja ber ein for den einskilde konfirmant. Å hugse dei unge i bøn kan ein alltid gjere, anten ein kjenner dei eller ikkje.

Den kvite hedderen

Dagens produksjon på Setesdalswiki hadde vore mager om ikkje Knut Olav Uppstad hadde vore innom og gitt oss ein artikkel om Den kvite hedderen. 

Plassen er ein stad under Haugelandsfjødd like vest for Otra Kraft. Der kan vi lese at to personar som flykta frå tyskarane under krigen, fann ly nokre dagar. Knut Olav har lagt ut ei lenke til boka Frihetens flamme av Kristen Taraldsen. Der kan vi lese meir om den soga.

Slik syner Setesdalswiki at nettstaden kan brukast på mange måtar. Knut Olav, som er interessert i kart, har og lagt ut eit kart til Den kvite hedderen. To bilete har han også i artikkelen.

Foreløpig er artikkelen liten, men den kan vekse.

 

God lokalradio

Kveldens sending i Valle Radio var det eg vil kalle god lokalradio. Etter Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki kom Steinar Kyrvestad i studio og hadde informasjon frå Valle kommune. Som oftast er det administrative folk som har denne posten, og Steinar var klar over at hans rolle som ordførar er litt annan enn når dei kjem, men det var ein hyggeleg prat om ulike saker som kommunen er oppteken av.

Så kom den aktuelle timen, og då fekk vi vere med på Setesdalsmuseet og feiringa av 1. mai. I dagens mediekjør har vi høyrt små snuttar av kva talarar har sagt rundt om i landet, kan hende opp til eit halvt minutt. Men her fekk Jon Rolf Næss halde heile talen sin utan at nokon braut han av. Han hadde ein innhaldsrik tale som nok mange i distrikta kunne skrive under på store deler av.

Då han var ferdig, kom Leonhard Jansen på talarstolen. Han hadde vore i gamle protokollar og funne ut at i 1919 tok Arbeiderpartiet alle plassane i kommunestyret og lurte på om det kom til å skje 100 år etterpå. Grunnen var at det ikkje var forholdstalsval, men fleirtalsval. Det var vel einaste gongen det vart halde fleirtalsval på dei hundre åra, trur eg. For oss som bare har høyrt om læraren Tarald Nomeland, var det interessant å høyre meir fyldig om han som politikar også.

At kvinna som vart vald inn etter krigen, bare sat ein periode og ikkje ville sitje ein periode til med stabeisane, var ei av dei morosame anekdotene han trekte fram.

Til slutt var det opi sending med rebusar eg hadde laga. Difor kunne eg ikkje ringe inn i kveld. Vinnarar av gåvekort vart Pål Dale, Signe Rysstad og Jorunn Lund Harstad.

Etter 1. mai

I morgon kveld er det ny sending i Valle Radio. Den vart ikkje kunngjort i avisa i sist veke, og denne veka kjem Setesdølen bare på torsdag, så vi får spreie informasjon om sendinga så godt vi kan, Sendinga er prega av at det var 1. mai i dag, Ørnulf hadde med seg opptakar og var på Setesdalsmuseet der han fekk med seg inntrykk frå feiringa. Her er programmet:

2. mai 2018

Ansvarleg: Ørnulf Hasla, teknikar Liv Gunn Viki, telefonvakter Torbjørg Hoftuft og Ingebjørg Helle Haugen

19.00 Tankar frå bibelen V/ Håvard Viki

19.30 Kommunen infofmerer ved ordførar Steinar Kyrvestad

20.00 Aktuel time ved Ørnulf Hasla

  *Med opptak frå 1. mai-feiring på Setesdalsmuseet.

  *Dagens tale ved Jon Rolf Næss

  *Kåseri ved Leonhard Jansen

21.15 Open sending med Ørnulf