Jernbanekveld

Torsdag etter kveldsnytt er det jernbanekveld på NRK1. Chris Tarrant tek oss med på dei mest utrulege togreiser, og det er greitt å sleppe å reise sjøl, men heller oppleve natur og folkeliv rundt om i verda gjennom fjernsyn.

Slik har eg vore på tur i Afrika og Japan, i England og Russland. I kveld er han i Aserbadjan og Georgia. Difor blir det bare ei kort melding i kveld.

Jernbane er ein fascinerande transport. Helge nyttar helst tog når han kjem frå Oslo på ferie til Mandal. Då kan han lese, bruke PC og ha ei komfortabel reise. For meg er det lenge sidan eg har reist med jernbane, så eg burde sikkert snart unne meg ein tur. Men det blir nok bare i Norge. Ein tur i Russland fristar ikkje særleg, heller ikkje til Georgia, sjølv om eg kunne kome ein tur på Stalin-museet der. Eg reiser ikkje langt for å møte dyrkinga av ein diktator.

Store endringar

Om eg forsto Torleif Homme rett, blir det store endringar i vegtrase når strekningen Besteland-Helle skal byggjast ut om eit år eller to. Han var med i Valle Radio i kveld og fortalde at det i går var møte i planutvalet i Valle, og då vart hovudkorridoren vedteken.

For folk på Besteland blir det bra, for der blir vegen lagt vest for noverande veg, bak husa som no ligg der. Kan hende må ei hytte løysast inn, men elles blir det ikkje særleg endring for Niklos og naboane.

Men på Helle blir det annleis, der vil både Herberget og Norheim kafe gå med, der skal vegen senkast fleire meter og om eg skjøna han rett, blir det store endringar i avkjøringa til Straume også.

Norheim kafe har vore eit landemerke på Helle, så når det forsvinn, vil det nok merkast. Etter det eg skjøner, tenkjer vegvesenet å få mest mogleg av traseen med 80 km fartsgrense. Om det slår til, vil det bli 80 km frå Rysstad til Frøysnes. Ørnulf og Torleif mimra litt om endringa i vegstandard dei siste 30 år, no kan ein setje cruise control på 80 eller litt over, -men det må vi ikkje snakke høgt om- og så går det unna anten ein skal oppover eller nedover dalen.

 

På avstand

Etter å ha vore engasjert i Valle Radio i 20 år, fylgjer eg no aktiviteten på avstand. Det er ikkje like enkelt å henge med når ein bur i Mandal og ikkje lenger går opp trappene i radiohuset, sjølv om ein kan kople seg på via internett og få med seg sendingane når det høver slik.

I dag fekk eg med meg slutten av samtalen Siri Johannessen hadde med organisten Ivar Mæland, som skal ha konsert i Valle kyrkje i morgon kveld klokka 19.30. Her fekk vi høyre eit vakkert samspel med hardingfele og orgel i stykket Den ny tid. Det var fascinerande musikk.

Etter prat med organisten kom ein prat med presten Kristine Borgen, vikarprest i Bygland for tida. Ho hadde ei spesiell livsreise bak seg før ho vart prest, interessant møte var det. Så flytta Siri seg til Bykle og vi fekk høyre om eit musikkprosjekt på skulen på Hovden før bibliotekaren i Bykle fortalde om lesesirklar og anne bibliotekrelevant stoff.

Denne kvelden var det Siri som hadde funne musikk til Postludium. Frescobaldi var eit kjent namn, men Henri du Mont hadde eg ikkje høyrt noko av før, og hans motettar var fine, særleg Laudate dominum og Alleluja 

I morgon blir det meir musikk i Valle Radio, for då har Ørnulf Hasla fått med seg Kim André Rysstad, nyutnemnd Setesdalsambassadør. Han blei overraska då den utmerkinga kom på Setesdalskonferansen sist veke.

Onsdag 18. april

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla
Med nyutnemnd Setesdalsambassadør Kim André Rysstad og presentasjon av plata Hallvardson gjer Kristofferson med Vidar Frøysnes
21.00 Opi sending med Jorunn og Kåre

Ivar Mæland til Valle

Onsdag held organisten Ivar Mæland konsert i Valle kyrkje. Han er no pensjonist, men har ei variert karriere bak seg, og i morgon kveld kan du få vite litt meir før konserten i kyrkja onsdagskvelden. Her er programmet for tysdag 17. april 2018:

Tysdag 17. april
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakt frå Norea radio ved Egil Sjaastad
18.30 Ivar Mæland, en mann og hans musikk
19.30 Siris time med Kristine Borgen, vikarprest i Bygland, Rock ‘n Roll forever på Fjellgardane skule og  Kaja K.G. Tho frå Bykle folkebibliotek.
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Setesdalsambassadør

Ved avslutninga av Setesdalskonferansen på Hovden i dag vart Kim André Rysstad utnemnd til Setesalsambassadør. Då skreiv han på Facebook:

Tusen takk til Setesdal Regionråd for utmerkinga «Setesdalsambassadør»! Eg vart fullstendig overrumpla, men veldig takksam, stolt og rørt! For ei ære! 

NRK Sørlandet sin reporter Svein Sundsdal skreiv dette:

Musikeren Kim. A Rysstad fra Valle ble i formiddag utnevnt til setesdalsambassadør. Fra før er det bare en ambassadør i dalen, campingplasseier Olav Neset fra Byglandsfjord.

Når eg skriv dette, har han fått 524 likerklikk på facebook-meldinga. Kor mange gratulasjonar det er skrive, orkar eg ikkje telje. Men Kim er ein god ambassadør for folkekunst og -musikk frå Setesdal og er slik ein god ambassadør for regionen.

 

Med liv og lyst

I dag gjekk første del av Setesdalskonferansen av stabelen. Eg har vore på alle desse arrangementa sidan 2009, det var jo der ideen om Setesdalswiki vart lansert. Men denne gongen valde eg å vere heime. Når snøen endeleg er borte, siste rest forsvann i hagen vår i går, frista det ikkje å reise til fjells sjølv om dei seier at snøsmeltinga går i rekordfart.

Men i tankane har eg vore på Hovden grendehus det meste av dagen. Difor var det ei glede å høyre Svein Sundsdal på lokalsendinga klokka 18.50 rapportere frå konferansen. Han lova også oppfølging klokka 20.55, og han dukka opp både der og klokka 23. Begge gongene handla det om at Helga Arntzen fekk Setesdalsprisen for 2018.

Mine gratulasjonar går til henne. Ho er 76 år og hadde kan hende tenkt å gje seg litt med satsinga i Setesdal. Men i går fekk ho ein million frå Innovasjon Norge til å bygge ei spa-avdeling på Revsnes. Og så fekk ho Setesdalsprisen i kveld. Då måtte ho bare halde fram. Begge desse hendingane ga energi, og energi får ein ikkje så lett, sa ho, så den må ein ta vare på og bruke positivt.

Eit slikt utsagn høver godt på ein konferanse med motto: Med liv og lyst!

Programmet for konferansen er endra litt i høve til opprinneleg program, i morgon kjem Arthur Buchardt med sitt foredrag, det skulle ha vore i dag. Men å ha det beste til slutt, det er eit godt prinsipp.

Releasekonsert

Ein turne med release-konsertar for ei ny plate av songaren Kristin Minde går av stabelen i desse dagar. Slike turnear brukar å gå til store byar, og turnelista syner at slik var det denne gongen også.

24. mars Notodden – utsolgt

6. april Frekhaug – heimstaden til songaren

11., 12. og 13. april: Oslo, Kristiansand og Hylestad kyrkje

19. april: Bergen

25. april Trondheim

5. mai Sandefjord

Då eg såg programmet for Valle Radio, gledde eg meg over at Siri hadde fått eit intervju med artisten. I gårsdagens Vårt Land var det to sider om henne og den nye plata. Noko av stoffet handla om andre kvinner som kom frå Frekhaug og deira profil som artistar: Solveig Leithaug, Garness.

I samtalen med Kristin Minde utfordra Siri henne til å ta eit stev, ho var så glad i folkemusikk. Det kom på strak arm og truleg kjem det eit stev frå Vestlandet når ho kjem til Hylestad kyrje også.

Samtalen elles handla om songane på plata, kva som hadde inspirert dei og korleis ho jobbar som låtskrivar og komponist. Eg laga artikkel om henne på Setesdalswiki, der er det og lenker til YouTube, slik at ein kan høyre henne. Den er på nynorsk, sjølv syng ho på bokmål, men denne plata er hennar første på norsk, dei to platene ho har gitt ut før, er på engelsk.

Midt mellom alle store byane fann ho altså plass til ein konsert i vesle Hylestad kyrkje, den er jo stappfull om det kjem hundre menneske der. Ho gledde seg til den, det var tydeleg. Eg fekk inntrykk av at ho hadde vore der før og sette pris på kyrkjeromet i Hylestad, utan at eg heilt veit om det er tilfelle.

Då står det bare att å fylle opp kyrkja til fredag, slik at det blir stuve fullt og ei god oppleving for både artist og publikum. Moro å få ein slik samtale i Valle Radio i forkant av konserten!

Wachet auf

I kveld kom Niklos K. Besteland med eitt av dei finaste orgelstykka eg kjenner til Postludium i Valle Radio. Wachet auf, ruft uns die Stimme, Bach Werk Verzeignis 645. Det var festleg å høyre den att, denne gongen spelt på orgelet i Antwerpen Dom av den tidlegare domorganisten der, Stanislaus Deriemaeker, som no er 86 år og som fekk stillinga der i 1962.

Orgelkoralen er basert på 4. sats i kantate nr. 140, Wachet auf. Bach var jo ein meister i gjenbruk, så orkesterkomposisjonar kunne nyttast som grunnlag for orgelkomposisjonar. Den kom med i det som vert kalla Schübler-koralane etter forleggeren som ga ut notene i 1748. Alle desse koralane byggjer på stoff frå kantater.

Med ornamentert musikk i høgre hand og pedal og melodi i venstre hand blir det eit vakkert samspel, og når ein har høyrt det, nynnar ein det vidare i lang tid etterpå.

I kveld fekk vi høyre det på eit Metzler-orgel. Alle tre stykka i kveldens program var på orgel frå denne orgelbyggjaren i Sveits. Det er eit gammalt firma, etablert i 1890 og drive av same familien i fire generasjonar. Dei har levert orgelt til kyrkjer rundt om i Europa, i tillegg til Antwerpen Dom som vi høyrde i Wachet Auf, fekk vi også høyre Peterskatedralen i Geneve og Katholishe Stadtpfarrkirche i Frauenfeld i Tyskland.

Postludium har vore på lufta i over 20 år no, like fullt finn Niklos K. Besteland nye vinklingar for å presentere vakker musikk.

Frå Wikipedia commons

 

Forsvarshistorie og mykje anna

Foto: Tormod Christiansen

Programmet i Valle Radio denne veka er så variert og interessant at ein skulle tru det var ein stor redaksjon som laga dei. Men det er det jo ikkje, denne veka har Siri Johannessen ansvar for både tysdag og onsdag og ho er også teknikar.

Tysdag 10. april
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein om modenhet
18.15 Andakt frå Norea radio ved Egil Sjaastad
18.30 Country Gospel-timen
19.30 Siris time med militærhistoriker Tormod Christiansen om dei
tyske festningsverka i Bykle, og Sakarias Ingolfsson og Vidar
Kristensen om salmer og sanger (Norrøna radio Molde)
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 11. april
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
19.00 – Andakt ved Torfinn Brokke
19.30 – Kommunen informerer ved leiar for pleie og omsorg Solveig Kyrvestad
20.00 – For swingende! Kong Hane og Bygland hornmusikk, Vegbilete i dalen med Leonhard Jansen, Kristin Minde, som har konsert i Hylestad kyrkje komande fredag
21.00 – Sigrid og Sondre!

NETTRADIO medan sendingane går er via http://www.valleradio.com

Det vårast

Det vårast og blodet bruser kan hende så mykje at du får lyst til å dikte litt. Då kan det vere lurt å kikke innom folkemusikkarkivet. 

Der kan du i det minste hente inspirasjon til eigne lyriske linjer om du ikkje har ei bok du vil så opp i eller ei plate du vil spele. Eit stev har fire linjer i forma AABB og kan i prinippet handle om kva det skal vere. Av og til har eg lurt på om eg skulle lage stev av artiklar i Setesdølen. Til dømes kunne ein lage eit stev om årsmøtet til Aust-Agder Bygdekvinnelag på Setesdalsmuseet nyleg:

På Rysstad samla seg bygdekvinner
studerte drakter og delte minner.
Dei valde styre og helsing fekk
før dei til Sølvgarden svoltne gjekk.

Dette var eit lite resyme av artikkelen i Setesdølen torsdag 5. april 2018 side 8.

Men heller enn å dikte sjølv kan ein hente eit stev frå Stevbasen:

Eg veit ein vår då alt vent det vaknar,
eg vinn den ven som so sårt eg saknar.
Eg kjenner barmen min ro ei fær,
før eg fær vere der venen er.