Tysdag kom ikkje Setesdølen med posten, slik avisa brukar å gjere. Då var dagen litt mindre triveleg. Onsdag kom ho heller ikkje. Det likte eg slett ikkje. Men i dag låg det to aviser i postkassen.
Når Setesdalswiki baserer seg på overskriftene i avisa, er det viktig å få avisa. Normalt kjem ho i tide, og då reagerer ein ikkje. Men når ho uteblir, er det noko som ikkje er som det skal.
Mange seier at det står så lite i avisa at ein kan godt unnvære henne ein gong eller tre, men slik er det jo ikkje. Kvar avis har med seg interessant informasjon som det ikkje er lett å få på annan måte. Ein kan alltid ønske seg meir stoff og anna stoff, men papiravisa er på ingen måte gått ut på dato, etter mi meining.
Mange seier at nettavis kan erstatte papiravisa. Men det gjev ei eiga kjensle å slå opp papiravisa til frukost, det er ikkje det same med pc-basert informasjon, den høver ikkje godt ved frukostbordet.
Øl og hytter stod på menyen i kveldens sending i Valle Radio. Det var Ørnulf Hasla som var ansvarleg, og han hadde først ein prat med Leif Kvinlog om kulturtilbod i Bykle framover mot påske. Det er blitt mange flotte tilbod der dei siste åra, og Leif har stilling som rådgjevar kultur i 50% og kan dermed halde på med det han nok likar aller best: Å arrangere konsertar og andre kulturtiltak i bygda.
På planen framover står eit show med Knut Jørgen Røed Ødegård og kona. Då skjønar vi at det vert rimeleg grenselaust, verdsromet er jo romsleg og showet skulle vere nesten to timar. Etter det eg forstod var bilettprisen 200 kroner, under halvparten av det det vil koste å få med seg Ingebjørg Bratland tysdag i påskeveka. Begge desse arrangementa er på Hovden.
Det har vore ein del snakk om det nye ølet som Bygland Bryggeri skal lansere laurdag. Sveikadd-øl, det blir ikkje laga i Bygland, men i Oslo, men brukar einer-låg frå Bygland. Kveiken er eldgamal frå Voss, gamal kveik frå Setesdal hadde han ikkje funne, men han hadde vore hos Jon K. Rysstad og opplevd lokal bryggekunst.
Og så var det samtale med Arne Eftestøl, mannen som satsar på å sette opp 50 hytter i Kvisletoppen hyttelandsby, hytter til ein pris på 2,3 millionar kroner når dei er nøkkelferdige. Vi fekk også høyre litt om aktivitetar i Brokke alpinanlegg, no i helga skulle det vere Big Jump, etter det eg skjøna. Det er også Sesilåmi med over 900 deltakarar laurdag morgon, så då det blir folksomt i området.
Program onsdag 07.03.18
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Torfinn Brokke
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
19.30 Kommunen informerer med GunnMarith Malla Homme, leiar velkomstsenteret
20.00 Ørnulfs time
– Kva skjer i Bykle med Leif Kvinlog
– «Sveikadden» øl frå Bygland Bryggeri med Torkel Austad
– Kva skjer i Brokke med Merethe Austad
– Kvisletoppen hyttelandsby med Arne Eftestøl
21.00 Countrytime med Johs. Bjørkeli
Overskrifta i dagens Setesdølen (som eg ikkje har fått når eg skriv dette) førte til at Siri Johannessen hadde ein prat med Bjørgulv T. Berg i kveldens sending i Valle Radio.
Han fortalde om aktivitetar på huset, det er ofte møte og ulike arrangement, men kassa var tom, så dei hadde sendt ut bøn om hjelp, anten pengar eller gevinstar til basaren som skal vere over påske. Utleige av huset gjev ikkje særlege inntekter, og skjer ikkje særleg ofte. Men huset er mykje i bruk til det som er føremålet med huset. Styret har bestemt at annonsar må betalast av dei som skal ha møta, ikkje av huset.
Og medan han fortalde dette i Valle Radio, var det bibeltime med sokneprest Tom Martin Berntsen på Nomeland bedehus.
Vi skriv mars og det er klart for Valle Radio sine første sendingar i vårmånaden. Men dei er nok ikkje særleg prega av vår, til det er det for mykje snø i heile Agder. Så får vi heller finne noko anna å glede oss over i programmet som Siri Johannessen har laga for
Tysdag 6. mars 2018:
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel frå Norea (med Gunnar Hamnøy)
18.30 Sangtimen (med både Anita Hernes og Stein Ove Berg)
19.30 Aktuelt
20.00 Møteplassen (med Olav Mosdøl)
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
I Postludium har Siri funne fram musikk vi ikkje har hatt i serien tidlegare, så vidt eg kan minnast. Denne gongen har ho skrive om utøvarar på Setesdalswiki, så du kan gå inn der og lese meir om dei.
Det ligg nok litt i tradisjonen at eit leksikon blir litt elitistisk. Grunnen til det kan nok mellom anna vere at i den tida ein laga papirleksikon, måtte ein setje grenser for at ikkje bokverket skulle bli for stort.
Ein løyste det med å lage sjangerleksikon. I bokhylla mi står det eit salmeleksikon og eit misjonsleksikon, eit musikkleksikon; Hvem Hva Hvor (som kanskje kan kallast politiske leksikon) så vel som konversasjonsleksikon av ulike typar og storleik.
Med ny teknologi treng ein ikkje tenke slik lenger. Setesdalswiki har ofte sagt at det ein kan skrive om på Setesdalwiki, er alt som er relatert til Setesdal og Indre Agder. Det er bare kapasiteten til å skrive som set grenser.
Alt no er det nok mange tusen røde lenker, det vil seie at det kunne vore laga artiklar om alle desse tema. Men tilgang på kjelder og kapasitet til å skrive er ikkje like stor, så difor tek det si tid å gjere dei blå.
Når vi spelar ei plate i Valle Radio, burde det jo vore ein artikkel på Setesdalswiki som fortalde om både komponistar og musikarar. Det klarer vi ikkje å få til, men om nokon vil skrive om ein musikar med relasjonar til Setesdal og difor har ei rød lenke, men som ikkje har gitt ut plater eller sunge i Operaen, så kan ein gjere det i eit nettbasert leksikon. Vi har ikkje plassmangel, slik papirleksikon hadde.
Snart har vi halde på i ni år, det har teke andre vegar enn vi såg for oss då vi starta, og det vil sikkert finne nye vegar også i framtida. Men elitistiske vil vi ikkje vere.
Det er ikkje ofte det kjem respons på sendingane i Valle Radio. Men når det skjer, er det svært hyggeleg. For ein månad sidan, 6. februar, hadde Niklos K. Besteland eit program til minne om domorganisten Lars Mæland. Han var domorganist i Stavanger, og vi fekk høyre han spele og høyre korsongar han hadde laga.
Ein av dei som høyrde dette, var Jon Lammetun, pensjonert organist på 86 år, tidlegare organist i mellom anna Uranienborg kirke i Oslo, men også lærar på Musikkhøgskolen. Han fortalde om programmet til dotter til Lars Mæland, Synnøve M. Sydnes. Ho tok kontakt med oss og lurte på om ho kunne få kjøpe programmet.
Vi skriv mars i dag, det skulle vore vår, i staden er det minus 10 og kuling på Sørlandet. Då bit kulda. Ein lege på Haukeland meinte det var lurt å halde seg inne om ein kunne, kan hende vart ein då skåna for influensa. Eg har gjort det og har vore skåna så langt.
Eg tenkjer at minus 10 og kuling bit vel så mykje i nasen som minus 20 og stille, slik det kunne vere i Valle av og til. Dei morgonane ein kom ut i ein slik temperatur, var ikkje gode.
Då eg budde i Valle, klarte eg å halde varmen i leiligheten med straum, i dei åra eg budde i Leite brukte eg ikkje vedomn. Men her har vi varmepumpe i tillegg til vedomn og det er imponerande at ho gjev varme i denne kulden. Men vi synest det er godt å kunne legge i omnen i tillegg.
Heller ikkje katten likar kulda. Han vil likevel ut eit par gonger om dagen, men evar seg mykje før han tek turen, mjauar og klorar og vil ut, men gøymer seg når vi opnar døra. Så blir det korte turar ut før han står på vinduet og skrapar og vil inn att.
Det er litt utruleg at under snøen gjer snøklokkene seg likevel klar til å kome, også her hos oss, ikkje bare på Jæren, der biletet er teke.
Foto: Brit Obrestad
Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.