Eg fann fleire stev på stevbasen og tenkte at eg kunne dele eitt til med dykk i kveld. Sjølv om det klakar og frys, kan ein kjenne varme ein vinterkveld:
På vegjen heim i ein sving ho bia,
ha han barre havt mot ti fria.
Dei ha nog hug ti kvarandre lagt,
det ha bå augo å fakte sagt.
Men få det ti va så vondt å vande,
han sto der fingla mæ klokkebandet.
Ho spente i snjoren mæ hæl å tå,
å bljugleg glytt atte då å då.
Men rå for urå ho hev nog visst det,
ho tok seg snjor på ein furekviste.
Ho la ti drengjen på munn å nos,
å det sette frieriet plent på los.
Før var det vanleg å sende postkort, dei var til og med litt billegare enn vanlege brev. No er det vel bare som jolekort ein sender postkort. Før kunne gjerne motivet vere frå staden ein var på besøk, sjøv kjøpte eg for mange år sidan postkort som eg ikkje sendte, men som eg sette i album. Dei var jo finare enn bileta eg tok sjølv.
Eg har ikkje tenkt på det før, men denne veka laga eg ein kategori på Setesdalswiki som eg kalla Postkort. For plutseleg gjekk det opp for meg at desse bileta godt kunne vere grunnlag for små artiklar i nettleksikonet. Det var biletet Ingebjørg ved Landeeika som gav meg ideen.
Så gjekk eg på jakt i dei historiske gruppene for å sjå om eg fann postkort der, og då dukka eit kort av Evje stasjon opp. Men det var det visst ikkje råd å laste ned til eigen maskin, så for å få tak i det, måtte eg gå ein del omvegar. Artikkelen har eg ikkje laga enno, men den kjem nok etter kvart.
Om du les dette og har eit postkort frå Indre Agder du vil dele på Setesdalswiki, vil eg vere glad for å få det tilsendt. Du kan sjølvsagt laste det opp sjølv, då vil eg bli endå gladare. Det hadde jo vore fint om vi kunne få ei stor samling med postkort på nettstaden.
I går nådde Setesdalswiki 89000 artiklar. Det skjedde med artikkel om ein stad som til vanleg ligg under vatn. Glømstre. På Setesdalswiki kan ein skrive om stort og smått, det som er over og det som er under vatn.
Av og til kjem det mange artiklar på ein dag, i går kom det visst 14, andre dagar er det mindre produksjon. Men smått om senn aukar talet på nye artiklar. Eg lurer på om vi kan nå 90.000 til vi fyller 10 år neste år. Vi burde jo hatt 100.000 til då, men vi er for få som skriv til at det ser ut til å kunne lukkast.
Sjølv om vi ikkje er så mange som skriv, er det mange som les. I dag har vi hatt over 700 besøk og dei har sett på over 6000 sider, så vi skal ikkje klage. Tvert imot, det er grunn til å gle seg over at 700 besøk har funne nyttig stoff i leksikonet ein vanleg torsdag i mars.
I kveld hadde Bjørgulv T. Berg ansvaret for Valle Radio. Han er ikkje lenger fast med i radiogjengen, men steppa inn i kveld som vikar for Siri Johannessen, som var på reisefot.
Kvelden starta med andakt av Torfinn Brokke, men så kom Bjørgulv inn til samtale med Kjersti Torbjørnsen. Bibliotekaren gledde seg til nytt bibliotek i Valle og lova mykje aktivitet når nybygget står ferdig, sjølv om det fører til at filialen på Rysstad blir lagt ned.
I Bjørgulvs time snakka han først med Bjørn Ropstad, som får 30 nye innbyggjarar til Evje og Hornnes når Hovlandsdalen blir flytta frå Birkenes til hans kommune. Det var etter ønske frå dei sjølve og einaste endring i Aust-Agdere i samband med kommunesamanslåingar i denne runden. Praten gjekk lett mellom dei om presset distrikta opplever når det gjeld sentralisering og korleis arbeidsplassar i distrikta er viktig, men likevel opplever å slite; folk vil bu i sentrale strok, verkar det som.
Neste gjest i programmet var Anne Liv Lidtveit i Valle IL, ho snakka både om Sesilåmi og om årsmøtet idrettslaget skal ha i morgon. Alle valg var klare, folk kunne kome til Sølvgarden utan å risikere valg, meinte ho, som også var svært nøgd med årets utgåve av Sesilåmi: Mykje folk og fint ver.
Eg skulle tru at det ville kome eit halvt hundre fleire til astroshow i Hovden grendehus i morgon klokka 19 etter å ha høyrt Knut Jørgen Røed Ødegård og kona Anne Mette Sandnes sprudlande fortelje om heis ut i verdsrommet og andre science fiction-liknande løysingar som kjem nærare og nærare.
Så vart Bjørgulvs time avslutta i prat med Kristen Bråten Berg om initiativet som no er teke for å ta vare på sangskatten vår og om det at folk ikkje syng lenger. Det vil vere ille om denne trenden held fram.
Kvelden heldt fram med opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike i studio. Dei sprudla også slik dei pleier til countrymusikk og rebusar. Vinnarane i kveld vart Kristian Thaule, som fekk gåvekort på 500 kr. frå Joker Valle, Gunveig Viki, som fekk radiokrus og Gyro Kopperud og Signe Rysstad, som fekk flax-lodd.
Valle Radio sine tysdagssendingar har i lang tid hatt sangkveld på programmet. Her har vi fått høyre stort sett kristen sang i bedehustradisjonen, noko som eg trur mange fleire enn eg set pris på å høyre.
I den tida eg hadde ansvaret for sendingane, kunne eg endåtil spele ei heil plate med same utøvar, noko som sikkert var kjedeleg for lyttarane, sjølv om det var lettvint for meg. Eg tenkte at det ofte er slik at ein set på ei plate på grammofonen (CD-spelaren i nyare tid) og let den gå til ho er slutt og så bytter ein til ei ny.
Siri har lagt meir arbeid i desse programma og har ofte sett saman fine og tematiske program som har vore gode å høyre på. I kveld fekk ho hjelp av Erling Drøsdal sitt program Klangohalvtimen.
Klango var eit kristent plateselskap knytt til pinserørsla. Det vart etablert i 1959 og ga ut om lag 440 plater før det ga seg i 1991. Han har difor nok å ta av når han lagar program, Erling Drøsdal. Og det er mange kjente folk å høyre der også, Kjell og Odd, Evie, Einar Egberg og mange andre. Trykk på lenka øvst i avsnittet og les meir på Wikipedia.
I morgon kveld, tysdag, kan du i sendinga frå Valle Radio høyre eit program der Kari Hilde Hodne French fortel. Det er i serien Møteplassen, som radioen får frå Norea Mediemisjon. Kari Hilde Hodne French er mor til Joshua French og er blitt godt kjent i heile landet for sin kamp for å få sonen ut frå fengselet i Kongo. Ho var generalsekretær i For livsrett og menneskeverd tidlegare. Og ho er dotter til santalmisjonæren Olav Hodne, så det kan nok bli ein interessant halvtime å høyre henne fortelje.
Tysdag 13. mars
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel frå Norea med Gunnar Hamnøy
18.30 Sangtimen med m.a. Klangohalvtimen
19.30 Møteplassen frå Norea med Kari Hilde French
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag blir det Bjørgulv T. Berg som sit i studio. Han er ikkje lenger med i radiogjengen, men det blir hyggeleg å høyre han att denne kvelden.
Onsdag 14. mars
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Ingebjorg Løyland
Program
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Aud Kjersti Torbjørnsen
20.00 Bjørgulvs time
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
På vegne av Setesdalswiki har eg ambisjonar. Eg skulle ønske at nettleksikonet nådde 100.000 artiklar før vi blir 10 år i 2019. Det er vel eit år til, og då må produksjonen auke ganske mykje. Så sjølv om ambisjonanen er der, er det nok ikkje realistisk.
Ein meir realistisk ambisjon er nok å klare å ha artiklar om alt som vert lenka frå eit nummer av Setesdølen. Det klarte eg denne gongen. Ikkje alle artiklane er like lange, men det er no blå lenker på alt som er lenka frå Setesdølen nr. 19, 2018, avisa som kom ut på torsdag 8. mars 2018.
Eg trur det er første gongen det har skjedd, og no har vi skrive inn mange årgangar av avisa. Men det er alltid noko som det ikkje er så lett å lage ein liten leksikonartikkel om. Men denne gongen lukkast det, og då nådde eg ein personleg ambisjon.
Så får det våge seg at det haglar eller regner eller noko liknande når eg skriv dette. Det var moro å få det til.
Visste du at den største sommarfuglen som er funnen i Norge, vart funnen i Homme?
Dødningehodesvermer er ein sommarfugl som er vanleg i Afrika og Sør-Europa. Men av og til forvillar ein og annan seg nordover. Dermed er den blitt ein av over 2000 ulike artar som er funnen i Norge.
I dagens Fædrelandsvennen kunne eg lese at det i Kristiansand er registrert 1596 artar, 13 meir enn i Arendal. Kristiansand kan difor kallast sommarfuglbyen. Den som fortalde det til journalisten, var Kai Berggren. Han fekk nyleg Det Kongelig Norske Videnskabers Selskabs minnemedalje i gull med grønt ordensbånd for sin store innsats når det gjeld forskning på sommarfuglar i Norge.
I artikkelen stod det at dødningehodesvermeren var funnen i Valle, så eg sende han ein mail for å få vite kva tid det var, eg ville gjerne få det med i Setesdalswiki. Kort tid etter fekk eg eit hyggeleg brev tilbake der han fortalde at det skjedde 1. september 1999, så no ligg det ein notis på den datoen om hendinga.
I artikkelen som Lars Hollerud skreiv, står det også at det blir drept fleire sommarfuglar av bilkjøring på 1 minutt, som av fangst av forskarar på hundre år. Kai Berggren har samla 100.000 sommarfuglar og sett dei på nål, laga omtale av dei. Han er ein av dei fremste i Norge på feltet og har også vore med på så skrive leksikon om sommarfuglar i Norge.
Og nå har Setesdalswiki fått artikel om den største av alle saman.
I kveld skal vi få besøk. Margunn og Stein skal komme fra Sandøya og besøke oss denne helga. Det har vi gledet oss til.
På turen nedover til oss ville de stikke innom venner i Kristiansand og besøke dem først. De skulle ha felles taco-fredag, det er visst vanlig blant unge rundt om.
Vi hadde pølse med lompe til middag i dag. Med salat og sennep ble det velsmakende og vi ble godt mette. I morgen blir det nok noe mer vanlig på bordet, pølse med lompe har ikke vært særlig mye brukt til middag hos oss.
Så sitter vi her og venter. Etter dagsrevyen ringte Helge, så fikk vi en liten ukeslutt-prat med ham. Det skjedde mens vi så på hopprenn fra Holmenkollen, med lyden av var det nesten like stille som snooker, som vi fikk med oss senere på kvelden. Fortsatt ventet vi. Det ble en kopp kaffe på Reidun og en solbærtoddy på meg mens vi ventet videre.
Så ble det svart skjerm en periode mens vi fortsatte å vente. Men da klokka ble 23.15, var det naturlig å se kveldsnytt mens vi ventet. Så ble skjermen svart igjen, mens vi ventet videre.
Nå må jeg lagre her. Vi venter fremdeles. God natt.
Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.