Typleband

Denne veka har Kjell Einar Kana i Kreativ Videoproduksjon vore på Setesdalsmuseet for å filme prosessen det er å lage typleband. Onsdagskvelden hadde Siri Johannessen fått dei han og Randi Myrum med i studio for å fortelje om prosjektet. I tillegg hadde dei med eit lite opptak som Leonhard Jansen hadde laga med May-Lis Flateland, som er den som står for vevinga i filmen.

Dette gjorde at eg vart inspirert til å skrive ein liten artikkel om typleband på Setesdalswiki også. Den finn du om du trykker på lenka.

Foto: Kjell Einar Kana

Gamle svisker og småprat

Foto: Britta Lise Homme

Kveldens sending i Valle Radio vart avslutta med Jim Reeves: Adios amigo etter duettintroduksjon av Ørnulf Hasla og Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for programmet. Då hadde dei stått for vel to timar med rebusar laga av Harald Haugland og småprat innimellom musikk frå 1960-talet og telefonar frå lyttarar frå Frogner i aust til Vanse i vest, frå Bykle i nord til Kristiansand i sør.

Vinnarane av rebusane var det Kjell Einar Kana som stod for:

Jubileums-caps: Laila Rysstad
Flaxlodd: Birgit Rike Lund
Gavekort frå Joker: Birgit Rike Lund

Han stod også for ein filmsnutt der han sendte direkte frå studio. I skrivande stund er den sett nesten 400 gonger. Du finn den på facebooksida Settesdalsnytt.

Teknikar og ansvarleg i kveld var Siri Johannessen og som telefonvakter hadde ho med seg Solveig Rysstad og Jorunn Helle.

I den opne sendinga var også Sondre Rua Dokken innom og fortalde litt om markering av Turistforeninga sin nasjonale turdag 21. januar. Den skal markerast både i Kristiansand, på Evje og Hovden.

I løpet av sendinga kom det fram at ordet rennedrev er temmeleg ukjent i Setesdal, men Laila Rysstad hadde slått opp og funne det i nynorskordboka. Ørnulf hadde ikkje høyrt det før, men Bjørgulv kjente ordet. Her er dei andre rebusane folk fekk bryne seg på i kveld:

Tema: Vintervær – uvær

1. Nr. 2 + felle eller miste håret + egg = brøytekant
2. Nyvasket + ikkje opp + Mikkel = rennedrev
3. Nedbør + ikkje liten + meter = snøstorm
4. Glatt veg + ikkje etter + nr. 5 = hålkeføre 
5. Drysse + megabyte + ujevn + dags dato = strømbrudd
6. Glatt tøy + lede = silkeføre
7. Dritt + steinrøys = skitur
8. Kuldegrader + blomster = frostroser
9. Norge + terge + jafs = neglebitt
10. Ikkje mørk + snakket usant + omvendt plate = lysløype
Birgit Rike Lund kvo eit stev og sa i praten med programleiarane at når ein fyrst har begynt å høyre på, så kan ein ikkje gjere noko anna.
Gyro Kopperud song fyrste verset av Valle min heimstad, skrive av læraren henna, Torjus Åkre.
Ein rikhaldig kveld med litt av kvart å få med seg!

 

Snøkaos

Hylestad kyrkje i vinterdrakt 16. januar 2018 Foto: Kjell Einar Kana

Når eg skriv dette, har det kome snø også her i Mandal. Vi trudde det bare var indre bygder og lenger aust at dei fekk snø i denne runden, men til slutt kom det også hit.

I Setesdal var dei meir prega av snøfallet. Vi mista Internett-breidband i går klokka 18 og fekk det att i dag klokka 14, men Bygland og Evje mista både straum og nett, etter det eg har forstått. Også i Valle var det problem, men der fekk dei ordna det tidleg i dag, sjølv om Leite var straumlaust.

Likevel vart det inga sending i Valle Radio i kveld. Torsdag i sist veke var det planleggingsmøte for våren, og då kom det fram at det er på gang ei stor endring når det gjeld studio, det er visst på tale å få digitalt miksebord og skifte ut mykje av teknikken. Truleg er det på høg tid.

Det som vi brukar no står på ein datamaskin som kan hende er 20 år gammal, og programmet for køyring er like gammalt og kan visst ikkje oppgraderast, men må ha ein så gammal maskin for å fungere. Når så denne ikkje spelar på lag, må det lagast naudløysingar. Med alt snøkaos som ramma Setesdal IKT, skulle det mykje til at vår tekniske sjef Jørund Georg kunne rekke å fikse også det som ikkje var galt i radioen, så snøkaoset forplanta seg til kveldens sending.

Då er det bare å håpe på at det blir orden i kaos til i morgon.

Kaos var det vel meir av austpå i dag, eg såg eit glimt på tv av folk som gjekk på ski til jobb i Oslo. Vårt barnebarn Håkon Lyckander var 16 år i dag og han hadde aldri sett så mykje snø på Krutverket i Nittedal der dei bur, første timen i dag var han utan lærar, for læraren bur i Oslo og sat fast i trafikken. Det ordna seg vel etter kvart, andre stader måtte dei stenge skule og barnehage då det ikkje var straum. I morgon må dei visst det i Bygland, så heilt slutt er det visst ikkje.

Så er det full rulle igjen

Så er det full rulle igjen med program både tysdag og onsdag i Valle Radio. Gled dykk.

Tysdag 16. januar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
1800 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein frå Norea
1815 Over ein open bibel med  Ole Audun Os frå Norea
1830 Sangtimen – På sangens vinger
1930 Siris time med eit gløtt til mållaget sitt jolemøte
2030 Postludium
2100 Kyrkjebakken

Onsdag 17. januar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakter:Jorunn Helle og Solveig Rysstad
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Ch. Nyberg
20.00 Timen med m.a. Vidar Frøysnes, som presenterer plata Hallvardson gjer Kristofferson, og Kjell Einar Kana og Randi Myrum frå Setesdalsmuseet
21.00 Opi sending med BrittaLise Homme og Ørnulf Hasla

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Lus og løye

Foto: Harald Haugland

Gama med lus og løye 
16-18 Februar vert det strikkesymposium i helgeformat på Revsnes hotell.
På www.lusogloye.com kan dykk lese meir om dette arrangementet og om dei ulike kursa og føredraga.

Bygland husflidslag arrangerer strikkehelg i samarbeid med Revsnes hotell, og med Annemor Sundbø i spissen! Bli med på ei helg med boblande humør og strikkepinner. Det blir kurs og instruksjonar, føredrag og ikkje minst rescueteam og orakeltenester. Her er vil vi ha alt frå nybegynneropplæring til perfeksjonering i Setesdalskofta, og ikkje minst “løysaum” – broderi til kofter og votter.

Fredag
16:00 Registrering – innlosjering osv
18:00 Middag
19:00 Fellessamling med Velkomen – presentasjon
Føredrag:
Lusekofta frå Setesdal – Annemor Sundbø
Spelsau frå Setesdal – Sigrid Bjørgum
Kursinndeling –info
Fellesaktivitet. Høve til kjøp av materialer og utstyr

Meld deg på. Dette blir gama, det er eg sikker på.

Jeg vil heller ha Jesus

Dette var en sang på plata Et liv i tonenes verden som Siri spilte fra på tirsdagens sending i Valle Radio. Sangen er skrevet av Rhea I. Miller i 1933 og George Beverly Shea laget melodien. Wikipedia forteller:

I sin bok How Sweet the Sound forteller Shea historien om sin rolle i «I’d Rather Have Jesus»:

«I en alder av 23 bodde jeg hjemme med mine foreldre, fortsatte å arbeide på Mutual Life Insurance og studerte sang. Gikk til pianoet en søndag morgen. Jeg fant et dikt som ventet på meg der. Jeg gjenkjente min mors håndskrift. Hun hadde kopiert ordene til et dikt av Mrs. Rhea A. Miller, vitende om at jeg ville lese det vakre budskapet, som talte om valg. Mens jeg leste disse dyrebare ordene
I’d rather have Jesus than men’s applause
I’d rather be faithful to His great clause

Jeg fant meg selv synge ordene i en melodi som uttrykte følelsene til mitt hjerte».

Sangen er oversatt til norsk av Trygve Bjerkrheim i 1951 og kom med i Sangboken. Den ble ofte benyttet under møteseriene til den amerikanske vekkelsesforkynneren Billy Graham.

På salmebloggen.no skriver Leif Haugen:

Under et statsbesøk i USA ble det holdt en middag for Kong George VI og hans hustru i Washington. En mann med navn Chief Whitefeather, begynte programmet med å synge den britiske nasjonalsangen. Så etter alles overraskelse fortsatte han med en hymne som begynner med ordene: «I’d rather have Jesus than silver or gold!» Senere på kvelden satt Chief ved siden av kongen og dronningen. På en stillferdig måte spurte han dronningen: “Tror De på Jesus? Dronning svarte ham vennlig: “Det er Han som eier mitt hjerte, og også min manns! Kongen smilte og la til: ”I’d rather have Jesus than silver or gold!”

Music Without Borders

Tirsdag hadde Siri ein prat med Bjørn Ole Rasch om Music Without Borders. Dette er eit prosjekt på Universitetet i Agder som sender folkemusikk frå Setesdal ut i verda. Så har ei rekke folkemusikarar frå andre land gitt respons på den og responsen er kobla saman med den originale musikken. Det har blitt til plata Ferd, som har 12 spor der den originale musikken frå Setesdal er blitt verdsmusikk.

1 Nystev 3:01
2 Fanten 4:13
3 Håvår Heddi 3:46
4 Neri Neset 2:12
5 Bånsullar 7:29
6 Nordafjells / Liti Kjersti 7:18
7 Gamlestev 3:19
8 Sordølen 3:34
9 Guds Godhet 10:41
10 Skuldalsbruri 2:54
11 Den 4. Gorrlausen 2:52
12 Nils, Jens And Geidaug 4:46

Plata vart meld av Bjarne Tveiten i Setesdølen, siste nr. i 2017. Den meldinga kan du lese på Setesdalswiki: Tradisjonsmusikk i utradisjonell innpakning (Ferd)

Rune Slyngstad melde plata i Fædrelandsvennen 5. januar 2018 og ga henne terningkast 5. Han skreiv blant anna: Det høres smektende og flott ut når musikere fra Indonesia, fra India og Iran, Kina og Mongolia, fra Palestina og Romania, leverer sine tilskudd til denne urnorske folkemusikken. Musikk har ingen grenser, og det var det Bjørn Ole Rasch, Annbjørg Lien, Hallvard T. Bjørgum og Kirsten Bråten Berg ville utforske da de satte i gang med denne usedvanlige reisen og dette spesielle samarbeidet.
Mye skjer; det er mye å fordøye. Den heftige versjonen av «Fanten» framstår som et høydepunkt med sin heftige rytmikk. «Bånsullar» har en spennende utvikling fra begynnelse til slutt.

Valle Radio er aktuell på mange lokale saker. Det vil radioen nok vere i året som kjem også.

Elefanten i rommet

I kveld vil eg klappe for Jonas Gahr Støre som på Debatten sa at no er det slutt med at partiet betalar alkohol på arrangement dei står for, som landsstyremiddagar og slikt.

Det meiner eg var på høg tid, for i desse metoo-tidene har det vore ein elefant i rommet som stort sett har blitt omtalt indirekte med uttrykk som fyllerør, han var full og tilsvarande omgrep. Alle veit at det er alkohol som er årsak til fyll, men det har vore svært vanskeleg å kome til erkjenning av at det kan vere lurt å overlate alkohol til eigen pengepung og slutte å betale for den. Organisasjonen treng å spare pengar, sa Støre, mange vil tene på å følgje eit slikt prinsipp.

Sjølv har eg vore totalist i praksis heile livet, men prinsippielt vart eg det etter å ha plukka opp fulle unge frå grøftekanten ei vinternatt. Då sa eg at eg vil ikkje støtte noko som kan ta livet av unge som ikkje klarar å stoppe før dei er stupfulle.

Eg har vore i mange samanhengar der det er servert alkohol og takka nei etter det. Mitt nei har ikkje vore noka hindring for å ha det hyggeleg.

Epiphania

I gårsdagens Postludium hadde Niklos K. Besteland funne fram vakker musikk til Epiphania, Openberringstida i kyrkjeåret.

Michael Praetorius (1571-1621): Wie schöhn leuchtet der Morgenstern. Koralkonsert. Hassler Consort, dirigent Franz Raml

Johann Sebastian Bach (1685-1750): Wie schöhn leuchtet der Morgenstern. Orgelkoral. Organist Edgar Krapp på orgelet i Passauer Dom

Johann Ludwig Krebs (1713-1780): Es ist das Heil uns kommen her. Orgelkoral spelt av Münsterorganist Konrad Philipp Schuba i Konstanz

Johannes Brahms (1835-1897): Es ist das Heil uns kommen her.  RIAS Kammerkor, dirigent Marcus Creed

Johan Kvandal (1919-1999): Jeg er kommet som et lys til verden. Motett. Bergen domkantori, dirigent Magnar Mangersnes

Niklos formidlar klassisk musikk av høg kvalitet til lyttarane. Så også denne kvelden.

Som en trast uti furuskogen

Sangtimen i Valle Radio i kveld starta med Som en trast uti furuskogen. Den sangen ga meg meg mange minner. Først og fremst om et grønt notehefte med noter som jeg aldri klarte å beherske. De var hjemme, hvordan de kom til oss vet jeg ikke.

Men Øivind Tønnesen, som sang sangen, var jevngammel med mine foreldre. Jeg møtte ham på Bibelskolen i Staffeldtsgate der han var musikklærer og sto for Bibelskolens sangkor da jeg kom dit i 1966. Dessverre døde han allerede i 1967, bare 50 år gammel. Men hans sanger satte dype spor etter ham, ikke minst Det er makt i de foldede hender, teksten av Trygve Bjerkrheim som han laget melodi til og som ble den mest spilte sangen i Ønskekonserten i sin tid. Han laget også flere andre melodier som vi synger den dag i dag.

I innledningen til sangen om trasten fortalte han at den var blitt som en kjenningsmelodi for ham når han var ute på møter og sang. og han er vel den eneste jeg har hørt synge denne svenske sangen.

På plata Et liv i tonenes verden finnes disse sangene der noen av dem ble spilt i kveld:

Jeg vil heller ha Jesus
Der gives en nåde, så sier Guds ord
Stormfull er tiden
Tap ikke motet, du kjære
Å, kjente du alt hva de andre tærer
Som en trast uti furuskogen
Kom nu til meg
Bed til Herren
Vår Gud gjør store under
Hvil ut min sjel, ved kjærlighetens bryst
Eg ville gjerne eiga ei tru så sterk og stor
Tiden kan visst ikke være lang
Du som är trött (sörj ej for dagar som komma)
For Guds folk er hvilen tilbake

Og her er teksten til sangen:

Som en trast uti furuskogen
Jag ville sjunga dagen lång.
Ville sjunga så glad ock trogen,
lindre sorgen med hjärtas song.
Ville sjunga om Jesus kär,
sjunga om huru god han er.
Sedan lyfter jag hvite vingen,
lyfter vingen ock ilar hem.

Som en blomma på ängens tuva,
jag dofta vil til Guds behag.
Viska trøstande ord så djuva,
til de arma på nødens dag.
Gärna vissner jag ock forgår,
blott min Jesus jag tjena får.
Sedan føres jag bort av vinden,
bort av vinden ock ilar hem.

Som en stjerna i vinterkvellen,
jag lysa vil de vilsna hem.
Lysa inn i de låga tjellen,
vänligt vinka Guds frid til dem.
Sen jag sluknar i jordens natt,
mange glømmer var stjärnan satt.
Men däruppe i faderhuset,
skal jag stråla i høgre ljus.

Tekst: Eric Mauritz Bergquist

Melodi: Johannes Alfred Hultmann