Nytt år i Valle Radio

Martin Skjekkeland. Foto: UiA

Det nye året startar  med tysdagssending i Valle Radio. Den følgjer same opplegg som før, med aktuell time klokka 19.30. Denne gongen byr sendinga på eit opptak frå Valle mållag sitt møte i romjola, der professor Martin Skjekkeland snakka om dialektane på Agder og spesielt om dialektane i Valle og Hylestad. Det var 40 frammøtte i Oveinang grendehus fredag 29. desember, dei kan få reprise om dei har på radioen i morgon kveld.

Tarald Rike skreiv referat frå møtet, det stod i Setesdølen nr. 1, 2018, altså torsdagsavisa. Der fortel han at foredraget også hadde eit opptak der Torleiv Åkre fortalde om korleis det hadde gått med ein deildegast som hadde flytta grensesteinar mellom Åkre og Viki i gamal tid.

Torleiv Åkre var mannen som sende inn stoff til Agder Tidend og som difor er aktuell som kjelde for Olav Holen sine bøker i haust, så i radioen kan ein få høyre han og få dialektdåmen til å lese bøkene.

Her er programmet:

Tysdag 9. januar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel frå Norea
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time med m.a. Martin Skjekkelands kåseri “Dialektlandet Noreg, med sideblikk til Setesdal”
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com 

Nettradio er bare aktiv når det er sending.

Overvåket

Å bestille pizza pr. telefon er ikke som det var, kan det se ut til. Jeg kom over denne samtalen:

Hei, jeg skulle ha tak i Gunnars Pizza?
• Hei, dette er Googles pizza.
-Oi, ok, beklager da har jeg ringt feil.
• Neida, Google har bare kjøpt opp bedriften.
-Å ja, kan jeg bestille hos deg da?
• Det kan du, vil du ha det vanlige?
Det vanlige?! Har dere en profil på meg?
• I følge telefonnummeret ditt har du bestilt pepperonipizza med
ekstra ost, ekstra pepperoni og tykk bunn de siste 12 gangene.
-Okay… det høres riktig…
• Kan jeg foreslå en vegetarpizza denne gangen?
-Nei takk, …jeg hater grønnsaker.
• Men du har høyt kolesterol.
-Hvordan vet du det?
• Gjennom søkene dine de siste 5 årene.
-Eh, javel… men jeg vil ikke ha vegetarpizza, jeg tar medisin for kolesterolet.
• Du har ikke tatt medisinen din regelmessig. For 4 måneder siden
kjøpte du bare en eske med 30 tabletter via apoteket.
-Hæ? Ja, men jeg har kjøpt over disk også.
• Det vises ikke på kontoutskriften din.
-Jeg betalte kontant.
• Men du har ikke tatt ut penger i følge utskriften.
-Ikke at du har noe med det, men jeg har andre kilder for kontanter.
• Det vises ikke på selvangivelsen din. Så hvor kommer denne inntekten fra, som ikke er oppgitt til staten.
-HVA I ….. ? NÅ er det nok. Jeg er lei av Google, Facebook, Twitter
og WhatsApp! Jeg skal flytte til en øy, uten internett, der ingen skal
spionere på meg!!!!
• Det forstår jeg, men da må du fornye passet ditt, det gikk ut for 6
uker siden……

Om du tenkte at overvåkning ikke gjelder deg, du har ingenting å skjule, må du kanskje tenke en gang til. Jeg har tenkt at det neppe er så mye å finne ut om meg, men det er klart at om google følger mine elektroniske spor og leser alle bloggene mine, vil man nok kunne danne seg et detaljert bilde.

 

Beredskap i distrikta

Foto: Agder Energi

I dagens Setesdølen hadde Sigurd Haugsgjerd ein prat med Svein Are Folgerø, sjefen i Agder Energi Nett om beredskap i distrikta. Bakgrunnen var at eit linjeryddingsfirma i Åmli meinte at beredskapen i distrikta blir mindre når selskapet ikkje lenger rydder linjer på same måte som før.

Folgerø kunne då fortelje at dei no har fotografert heile linjenettet med helikopter og dermed har betre oversyn over kor det er skog som kan falle over linjene og at det difor ikkje er naudsynt med linjerydding på same måte som før.

Før jul var det ein reportasje på tv om korleis ein tek i bruk droner for å finne feil på linjene, dronene flyg over linjene og den som styrer systemet kan då sjå om det er feil. Dermed blir det mindre klatring for mannskapa. Sjølve arbeidet blir utført av Otera og Oneco, ikkje av Agder Energi Nett.

Folgerø ville difor ikkje gå med på at beredskapen i distrikta blir dårlegare når dei gamle avtalane går ut og ein skal inngå nye avtalar om linjerydding og vedlikehald på straumnettet. Med digitale kart over heile linjenettet vil ein etter hans meining tvert imot få ei betre og meir målretta teneste for beredskapen i distrikta så vel som i tettbygde strok.

Håpet må vere at det ikkje vert lange straumbrot i framtida. I dagens samfunn er så mykje avhenging av at det er straum på nettet til ei kvar tid, at ulempene blir svært store når straumen blir borte over lengre tid. Difor fortener mannskapa som tek seg ut i mørke og dårleg ver mykje honnør for innsatsen dei gjer for vårt felles beste.

Omlegging hos NRK

Torje Risøen vart lokal kjendis frå Kvinesdal i kveld. Tre gonger på NRKs distriktsending på ein kveld. Foto: Kai Stokkeland, NRK

Distriktsendinga i NRK har blitt lagt om. No sender dei fem minutt før nyhetsendingane klokka 19, 21 og 23.

I samband med omlegginga vart det før jul sagt at det ikkje skulle vere repriser ut over kvelden, men nye saker kvar gong. Då blir spørsmålet om kva dei meinte med reprise. Mi meining er at når hovudinnslaget er det same heile kvelden, då er det reprise, sjølv om det kjem resultatservice frå ein handballkamp som er ferdigspela klokka 23.

I går var starten på hotellbygging i Mandal hovudoppslag og kom igjen fleire gonger. I kveld var det trafikksikkerhet og nedgang i drepte med reportasje frå Kvinesdal i alle sendingane, og også i den som gjekk ut til heile landet.

Reprise tre gonger på same innslaget er altså resultatet av omlegginga. Det meiner eg er for dårleg, ein stor stab av medarbeidarar har nok meir å levere. Difor ventar vi i spenning på kva  tid distriktsendingane skal verte nye kvar gong ut over kvelden.

 

Internettradio

I jula kom nissen med Internettradio. Der er det ei lang liste med stasjonar som sender på Internett som ein kan velje mellom, men Valle Radio fann eg ikkje.

Etter det eg skjøner er Valle Radio blitt med i Lokalradioforbundet no, etter at vi dei første 20 åra ikkje var med der. Om lista i nettradioen blir laga med utgangspunkt i medlemsskap der, kan eg skjøne at Valle Radio ikkje er med der. Men elles burde vi vore på den lista.

Med internettradio kan ein få inn radioar frå heile verda. Dermed kan ein velje etter interesse og musikksmak eller kva det no er ein prioriterer, geografi eller tema. Vi som gjerne vil få inn Valle Radio, må trikse meir enn godt er.

I kveld var det inga sending, og i morgon er det også stille. Men neste veke er det nok sending att, så til då får eg finne andre radioar å høyre på.

 

Nytt år og rekord

Foto: Brit Obrestad

Godt nytt år! Artikkelen om Kommunevåpenet i Bygland kommune vart artikkel nr. 88 700. Vi nådde det nye hundretalet 31. desember 2017. Eg hadde ikkje trudd vi skulle runde fleire hundretal i 2017, men denne gongen brukte vi 18 dagar på å runde eit nytt hundretal. Dette var også fjorårets siste dag, med to artiklar til i boks i går, vart totalt antall ved utgangen av 2017 88 702. Tilveksten i 2017 var på 1790 artiklar, 45 meir enn i 2016.

Om vi ser på besøkstal i 2017, er det stor grunn til å glede seg. 110 262 unike gjester besøkte Setesdalswiki i året som gjekk. Dei hadde 180 804 besøk og såg på 1 861 355 sider. Før rekna vi med om lag 400 besøk kvar dag, i desember var det over 550. Så er det bare å halde fram med å utvikle leksikonet vårt i året som kjem.

Ei slik opptelling gjev fleire tankar. Mellom anna lurer eg på om andre nettstader med tema om Setesdal har nesten 1,9 mill sidevisningar i 2017. Det får eg ikkje vite, men eg trur nok at Setesdalwiki rekk høgt på den statistikken.

No lurer eg på om vi klarar å nå 2000 artiklar i 2018. Truleg må vi få med fleire til å skrive om det skal lukkast.

Det er også ei glede å sjå at folk set pris på det vi skriv. Vi får nesten aldri klage. I 2017 starta vi også med å lage lister over fødselsdagar til avisa Setesdølen. Dermed gir vi noko tilbake til avisa, det kan vere ein takk for alt vi får ved å bruke avisa som grunnlag og kjelde for artiklar. I dei månadene vi har gjort dette, frå mai 2017, har vi hatt tre-fire feil som vi har fått tilbakemeldingar på, det er jo også ein måte å korrekturlese desse data på.

Om eg klarar å ha stoff til bloggen dagleg i det nye året, står det att å sjå. Men om eg koblar stoff frå Setesdalswiki, bør det i alle fall bli noko å skrive også her på bloggen i året som kjem.