Luthers salmer

Etter reformasjonsgudstenesta i Nidarosdomen 31. oktober, der kong Harald og dei fleste biskopane var til stades i ei fullsett kyrkje, var det nokon som sa at det var rart at ein ikkje song fleire av salmene til reformatoren Martin Luther. Bare Vår Gud han er så fast en borg var å høyre i kyrkja denne kvelden. Til gjengjeld var det ei flott framføring av den, det meste som fellessang, men også vers som eit forsterka domkor song.

Dei andre salmene denne kvelden synte nok heller eit økumenisk perspektiv, henta frå ulike forfattarar rundt om i verda etter det eg hugsar.

Det fekk meg til å slå opp i Kristen sang og musikk for å sjå kva dei skreiv om Luthers salmer. I artikkelen om Luther, som er svært lang, står det i spalte 307 ei liste over Luthers salmer på norsk. Den tek eg med her i dag:

Av dypest nød jeg rope må

Den Herre Krist i dødens bånd
Du vere lova Jesus Krist
Fra himlen høyt jeg kommer her
Gud hold oss oppe ved ditt ord
Kom Hellige Ånd, Herre Gud
Me trur på Gud, vår Fader god
Med fred og glede far jeg hen
Midt i livet møter vi
No møte ålment kristenfolk
Nu beder vi den Hellig Ånd
Nu kjære menige kristenhet
O Fader vår i himmelen
Oppstandelsen og livet visst
Var Gud ei med oss denne tid
Vi tror og trøster på en Gud
Vår Gud han er så fast en borg
Vår Herre Krist i dødens bånd
Av desse salmene er det mest bare den dei brukte i Nidarosdomen som er mykje kjent no lenger. Så det var sikkert naturleg at det bare var den som vart brukt.

Endringsvillig

 

I kveld var det Ronny Stavsholt som hadde ansvaret i Valle Radio. I programmet i avisa stod det at Håvard Viki skulle ha Tankar frå Bibelen klokka 19, med der kom Torleif Harstad.

Så kom rådmann Aud Sunniva Fuhr på besøk i Kommunen informerer, så der var det inga endring.

Heller ikkje i Ronnys time var det endring, for der sa programmet at det skulle vere eit opptak frå Scooterens dag på Rysstad. Ørnulf Hasla hadde vore rundt med mikrofonen og snakka med  Jon Atle HelleGunnar A. HelleBjørgulv BjørgumSteinar KyrvestadSpisekroken Evje asStein Føreland Straume og 9.klasse ved Valle skule. I tillegg hadde Ronny eit tema om at storbankane vil fjerne kontantar. Han var svært engasjert då eg var innom på nettet og høyrde litt av slutten av programmet.

Men dei som trudde at Ronny skulle ha opi sending klokka 21, fekk oppleve endring ved at Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike dukka opp på lufta. Kven som vann, fekk eg ikkje med meg, men etter det eg skjøna var det få innringarar og dermed god sjanse til å bli med på lufta for dei som prøvde seg. På facebooksida kom det ein respons om at det var gama å høyre på, og det er nok mange som synest det. Men ei opi sending blir jo ikkje betre enn dei som ringer inn gjer henne til, og når få ringer inn, er det nok nokre av programleiarane som lurer på om vi ikkje burde vere endringsvillige og heller prøve andre programopplegg den siste timen. Sist onsdag hadde Johs. Bjørkeli eit interessant musikkprogram, til dømes, kanskje kunne vi få fleire slike.

Staben i Valle Radio er etter mi meining endringsvillig, men samstundes har det vore vanskeleg å finne noko som fungerer betre enn opi sending, sjølv om vi drøymer tilbake til glansdagane då det var hundre innringarar og telefonen kimte i eitt. Så får vi sjå korleis det blir framover.

Om kall i Valle Radio

I våre dagar er det ikkje ofte ein høyrer om kall til ei teneste når folk snakkar om jobb. Men i kveld var dette tema i begge samtalane Siri Johannessen hadde med folk i den timen som kunne kallast Nytt frå kyrkje og kristenliv, men som Siri kalla Siris time i annonsen denne gongen.

Først hadde ho ein prat med Ingvar Nevland i Kristelig Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB). Då han var ung, fekk han ei synshemming som gjorde at han måtte ha lesehjelp på skulen, og både mor Gudrun frå Evje og far Åge las leksene for han slik at han skulle vere klar til prøver og oppgåver. Då lova han Gud at om han blei frisk, skulle han gjere noko for å hjelpe blinde og svaksynte. Dermed var han i den tenesta no.

I samtalen fortalde han mykje om arbeidet som KABB gjer som det eine av to offentleg godkjende bibliotek i sin sjanger. Sjølv om lydbøker er blitt svært populært for alle, er det bare folk med diagnose som får låne hos desse. At dei kanskje misser 700.000 kroner, 25 prosent av tilskotet til drifta neste år, var ei kjelde til uro, men dei vona at pengane kom på plass når partia hadde forhandla ferdig.

Den andre gjesten i kveld var Hilde Skaar Vollebæk frå Stefanusalliansen. Hennar veg inn i organisasjonen var nok meir som ein jobb, men etter kvart utvikla den seg til eit kall, og ho hadde gått gradene til ho no var konstituert leiar etter at Hans Aage Gravaas slutta i 2015. I samtalen med henne var også Astrid Nomeland med og fortalde om basaren til inntekt for kyrkjelydens misjonsprosjekt for å hjelpe Mamma Maggie i Egypt i hennar arbeid. Men ho ville ikkje seie kor mykje pengar som kom inn, det skulle kyrkjesjef Sissa Ringstad få gleda av å formidle til generalsekretæren.

Deretter snakka dei saman om kor mange kykjelydar som hadde misjonsprosjekt for organisasjonen, det var visst om lag 80, dei snakka også om ulike andre oppgåver organisasjonen har for dei som er forfyglde for trua si, om solidaritet med dei, om fakkeltog som Stefanusalliansen nyleg har organisert, der Kjell Ingolf Ropstad hadde hatt appell i samband med toget i Oslo.

I godt lag går tida fort, og denne timen gjekk svært fort i god samtale med tankevekkande tema. Kanskje skulle vi pusse støv av talen om kall att i reformasjonsjubileumsåret og minne kvarandre på at eit kall kan vere ei sterk drivkraft og motivasjon for ei teneste, også når den er vanskeleg og krevande.

Lokal og nasjonal

I morgon skal Siri snakke med Ingvar Nevland, han er generalsekretær i KABB, Kristent arbeid blant blinde og svaksynte. Dei held til i Askim, Ingvar bur på Gressvik.

I forbifarten sa ho til meg at han hadde familie i Setesdal, og då var det ikkje så vanskeleg å knytte nokre linjer. Mor hans er Gudrun Lund Nevland frå Evje. Dermed måtte eg ta meg på tak å skrive artiklar på Setesdalswiki om både faren, som eg har kjent i svært mange år, Åge Nevland, mora og sonen.

Åge Nevland var leiar av Norea Radio i svært mange år, det var til og med før Valle Radio vart etablert og sidan i Kristelig Kringkastingslag. For svært lenge sidan var eg representant for DISM i KKL, og eg kan nok seie at noko av interessa mi for radio skuldast arbeidet som Åge Nevland gjorde.

Her er programmet for i morgon, tysdag 7. november 2017:

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Harald Avtjern (Norea)
18.30 Sangtimen
19.30 Siris time med Ingvar Nevland frå KABB, Hilde Skaar Vollebæk frå Stefanusalliansen og Astrid Nomeland
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken.  -Askeladden friteater kjem til biblioteket på Bygland fredag 10. november, ein kort prat med Bjørn Helge Warud

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Å ta seg på tak

I kveld tok eg meg på tak og skreiv ein artikkel om Henning Homme på Setesdalswiki. Eg reknar med at forfattaren som lanserte boka Vi fikk tårer på kinnene, likar å få artikkel på Setesdalswiki. På Wikipedia ville han ikkje fått kome gjennom nålauga enno, for dei vil ikkje ha artiklar om folk som gjev ut bøker på eige forlag. Homme forlag driv han jo sjølv.

Men Setesdalswiki har ei anna linje for kva vi inkluderer. Eg er inklusjonist og ville nok hatt meir romslege kriterier også på Wikipedia, men der er det andre som bestemmer.

Eg har ikkje lese boka, men eg skreiv artikkel om den også. Alt baserte eg på oppslaget i Setesdølen, i tillegg til at eg fann litt stoff på boksida hos haugenbok.no. Det blei ikkje store artiklar, men nok til at folk kan vite litt meir.

Geir har vore flink til å lage små artiklar, så kan vi heller fylle ut meir seinare, seier han. Eg bør nok prøve den taktikken framover.

Engasjement

I gårsdagens sending i Valle radio hadde Siri ein prat med Astrid Nomeland. Ho er leiar i soknerådet, og laurdag inviterer dei til basar i Valle menighetshus. I samtalen gjorde dei eit poeng av at huset ligg bak fontena med kommunevåpenet i Valle, men kommenterte ikkje at det er huset der det før var eit kors på veggen, men at det vart teke ned då kommunen overtok huset. Om ein kjører rett fram, gjennom fontena, hamnar ein i menighetshuset, men det er ikkje tilrådeleg, fann dei ut.

Basaren er til inntekt for kyrkjelydens misjonsprosjekt, som handlar om å støtte arbeidet til Mamma Maggie på søppelberget i Kairo, det som vert kalla Stefanusbarna. Han startar klokka 12 og det er suppe og eplekake, kaker og kaffe å få kjøpt, plent som det skal vere på ein basar i Valle. Så rullar og går det til klokka 16, då er det ein times program før trekning klokka 17. Astrid meinte at primus motor for arrangementet var organist Henrik West, han er aktiv med mykje meir enn musikk i kyrkjelyden.

Tanken er å heidre Sissa Ringstad, kyrkjesjefen i Valle, for 20 års innsats i kyrkjelyden denne dagen. Og det kan ein altså gjere ved å ha med ei velfylt lommebok og kjøpe mange lodd til inntekt for kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.

Husmannsplassar

I kveld snakka Siri Johannessen med Leonhard Jansen om husmannsplassar i Valle. I morgon skal det vere tema på ei samling på Setesdalsmuseet. Dei kallar det sogekafe, folk kjem saman og samtalar om det dei hugsar om eit tema.

Eg visste svært lite om husmannsplassar i Valle, men Leonhard kunne fortelje at det hadde vore 20 husmannsplassar på Rysstad, at folk ikkje hadde arbeidsplikt, men at mange livnærte seg som handverkarar meir enn som bønder på slike plassar. I det heile var det ein interessant samtale, der han også kunne fortelje at staden han bur på, Torvet på Rysstadmo, var husmannsplass i si tid og at folka der livnærte seg av å smi ljåar.

I samtalen kom dei også inn på bygdebøkene for Valle og spørsmålet om dei skulle digitaliserast, slik Heimar og folk i Bykle er blitt. Dei er digitalisert i den forstand at ein kan søkje elektronisk i dei på bokhylla.no, men ikkje med lenker slik ein kan ha i Bykle-bøkene. Han hadde ikkje noko synspunkt på det, noko som vel er naturleg. Etter det eg skjønar, var han aktiv i research, som det heiter, heilt frå 1980-talet, men det er Alfred Ryningen som har skrive bøkene.

Så vi må nok framleis gå vegen om bokhylla.no om vi skal leite digitalt i bøkene, då kan vi ikkje kopiere, men må skrive av, for dei ligg ute som bilete, sjølv om ein altså kan søke i dei.

Det digitale kan vere til stor hjelp, fortalde Leonhard. Det var tale om ei kiste i Hans Henrik Holm-utstillinga på museet, men dei kunne ikkje sjå kven som hadde signert henne. Så tok dei bilete og jobba litt med det i Photoshop, då fann dei initialane til ein mann som vart lokalisert til å vere frå Steinsland i Valle.